Gå til innhold
Arkivverket

Kari Østensdotter Holmestad - fødd i Luster 1734 - konfirmert i Luster 1756 - lagnaden hennar - ei kjempeutfordring? - hamna ho kanskje i Lom? - eller i Bergen? - eller i Askvoll?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kari Østensdotter vart døypt «uekte» i Luster 26.12.1734.  Far hennar var Østen Andersson (1706-1755), sidan gardbrukar på Holmestad i Luster, medan mori Anna Pedersdotter (Sage) (1716-1782) sidan gifte seg med husmann Sølfest Ingebrigtson (1716-1763) og busette seg på plassen «ved Sjøen» under Eide i Luster.

 

Faren Østen Andersson vart gift med ei enkje som var faster til Anna Pedersdotter, men dei fekk ikkje born i lag og tok tydeleg tiln seg dotteri hans, Kari Østensdotter, som vart konfirmert frå Holmestad i 1756.

 

Men der sluttar alle spor!  Kari flytte frå Luster, og sidan me veit at foreldri hadde slekt som om lag på same tid flytte til Lom, spekulerer eg på om Kari òg kan ha flytt dit?

 

Eg ser at ei Kari Østensdotter «Elfseter» gifte seg i Lom 3.11.1760 med Ole Johnson Galde: https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001184099

 

og truleg er det den same jenta som med namnet «Galde» gifte seg som enkje i Lom 11.7.1776 med Johannes Olson Gauper: https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001185249

 

Eg ser at ei innerst med namn Kari Østensdotter på 59 år bur på Galde i Lom i 1801, men det står ikkje noko om at ho er gift eller enkje: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058251001544

 

Og truleg er det ho som døydde på Galde i 1823, 83 år gamal: https://digitalarkivet.no/view/267/pg00000001664529

 

Ser me på fødselseegisteri frå Lom, finn me at Østen Elveseter mellom anna hadde to døtrer:

 

* Karen Østensdotter, døypt 2.12.1740: https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000002154431

 

* Kari Østensdotter, døypt 28.7.1743: https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000002155659

 

Eg reknar med at den første av desse to døydde kort etter fødsli...(?)

 

Reint «empirisk» kan det sjå ut som om det var denne Kari Østensdotter fødd 1743 som sidan dukkar på Galde, MEN i so fall var ho berre 17 år då ho i 1760 gifte seg med Ole Johnson Galde, og det var for den tidi ganske so «ung alder» for ekteskap!  Kan det ha vore TO personar med namnet Kari Østensdotter, og at det var Kari frå Luster som stod brur i Lom i 1760?

 

Kva seier bygdeboki for Lom om dette?

 

Elles skal me ikkje gløyma at det frå 1750-åri og utover var ei stor utflytting frå indre Sogn både til Bergen og til ytre Sogn/Sunnfjord, og eg ser ein barnedåp i Domkyrkja i Bergen som vekker interesse:

 

* Anna Lovise, døypt 11.11.1759 av foreldri Johannes Larsson, bordarbeidsmann, og Karen Østensdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=6110&personpostnr=50144&merk=50144#ovre

 

Fadrane seier meg ikkje noko som helst, lg dette er einaste barnet eg kan finna registrert for dette parfolket.  Ikkje heller finn eg noki vigsle for Johannes og Kari/Karen noikon stad i landet!  Førenamnet Anna Lovise KUNNE vera ei oppkalling av Anna Pedersdotter...!?

 

Eg ser forresten ei vigsle i Askvoll 1.7.1765 for Ole Gjertson Roseth(?) og Kari Østensdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8596/92

 

Dette parfolket fekk i alle fall desse borni (kjelde FamilySearch):

 

* Anna Olsdotter, døypt i Askvoll 15.10.1768

 

* Mathis Olson, døypt i Askvoll 7.7.1772

 

* Borni Olsdotter, døypt i Askvoll 20.5.1774

 

* Eli Olsdotter, døypt i Askvoll 3.10.1776

 

* Sara Olsdotter, døypt i Askvoll 20.8.1779

 

Her har me òg Anna-namnet, men «vår» Kari var fødd i 1734, so då vert ho kanskje litt i eldste laget for alle desse borni?

 

Det hadde vore skikkeleg «artig» om me kunne greidd å spora opp Kari Østensdotter frå Holmestad, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne kjempeutfordringi før ho heilt går i «gløymeboki», og eg vil gjerne få supplera med nokre opplysningar:

 

Mor hennar Kari Østensdotter, Anna Pedersdotter (1716-1782) gifte seg i 1732 med husmann Sølfest Ingebrigtson (1716-1763).  Dette parfolket busette seg som husmannsfolk i Eidsbakken under Eide i Luster, den gongen kalla «ved Sjøen» (d.v.s. ved fjorden) i motsetnad til «ved Vatnet» (ved Eidsvatnet ovanfor garden).  Dei fekk åtte born i lag, men fleire av dei døydde som born, og då faren døydde i 1763 levde det visstnok att berre fire som vart «spreidde for alle vinder»:

 

* Nils Sølfestson (1750-1827) vart oppfostra i Solvorn i Hafslo og vart sidan gardbrukar på garden Kjelda der.

 

* Gjert Sølfestson (1758-1820) voks opp på Søvde i Furtun og vart sidan husmann på Øygarden under garden Yttri.

 

Men dei to døtrene etter Sølfest og Anna ser me ikkje noko meir til:

 

** Gjertrud Sølfestsdotter, døypt 22.12.1754

 

** Agatha Sølfestsdotter, døypt 17.5.1761

 

Ingen av desse vart konfirmerte i Luster eller Hafslo, og då er det at tanken sleg i meg at kanskje halvsøsteri Kari Østensdotter kan ha teke dei til seg og fostra dei opp, kvar no enn ho budde??  Kvar i all verdi kan dei elles ha vorte av???

 

Men kanskje det i første omgong vil vera viktig å freista «plassera» Kari Østensdotter som eg tross alt har ein par spennande «kandidatar» for i innlegg #1 over.

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Band 4 av bygdabøkene for Lom, Galde - side 234:

Ola Jonsson f.ca 1722, d.1775. Gift 1760 med Kari Østensdotter f.1743 i Elvesæter gnr 114-1, d.1823.

Det var skifte etter Ola i 1775. Kari gift 2.gong i 1776 med Johannes Olsson f.1734 på Nordgard Gaupar gnr 130-1, d.1797.

 

Elvesæter, s.465:

Marit Martinsdotter f.ca 1721, d.1772. Gift 1738  med Østen Olsson truleg f.ca 1706 i Nordgard Galde gnr 127-3, d.1773.

Born:

2. Kari f.1740, d.1741

3. Kari f.1743. Sjå Nigard Galde gnr 127-3.

 

Helsing Kåre 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for eit avklarande og nyttig innlegg med opplysningar frå bygdeboki for Lom.

 

Då lyt me berre slå fast at «vår» Kari Østensdotter ikkje synest ha flytt til Lom, og me lyt sjå etter ho andre stadar...  Kanskje det likevel er ho som dukka opp i Bergen, eller ho som gifte seg i Askvoll??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til Kari Østensdotter og halvsøstrene hennar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kari ble i alle fall konfirmert i Luster i 1756:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000456807

 

????

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000739321

 

Her er vel vielsen i Mariakirken i 1768:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000624604

 

Men Gyllaas er vel ganske langt fra Holmestad....! Det står også at denne Karen er witve = enke ved giftermålet. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.