Gå til innhold
Arkivverket

Sophia Olsdotter Eide, fødd i Luster 1841 - sporlaust borte frå alle kjelder - kvar kan ho ha vorti av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Nokre gongar har eg inntrykk av at kjeldene våre held meg «for narr», som i dette tilfellet:

 

Husmannsparet Ole Arneson (1797-1880) og kona Anna Nilsdotter (1796-1873) på plassen Eidsbakken under Eide i Luster fekk fire born i lag.  Yngste dotteri Sophia var fødd 23.9.1841 då mor hennar var 45 år gamal:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8400/7

 

Denne dotteri Sophia ser me ikkje noko meir til:

 

* Ho er ikkje avlidi i Luster (listene er systematisk analyserte for mange år sidan!).

 

* Ho er ikkje vaksinert i Luster 1841-1848.

 

* Ho er ikkje konfirmert i Luster 1855-1863.

 

* Eg finn ho ikkje nokon stad i FT1865!

 

Eg kjenner kyrkjebøkene frå Luster «inn og ut», og i motsetnad til Hafslo, skal dei for Luster vera ganske nær 100% komplette for den perioden me her talar om!

 

Me veit frå våre dagar at risikoen for å få eit funksjonshemma barn stig med alder, og eg kan ikkje anna enn å spekulera på om so kan ha vore tilfelle her, men kva kjelder har me i so fall å halda oss til?  Hamna ho kan henda i so fall på ein sjukeheim i Bergen?  Eller på eitt av sjukehusi som den gongen fanst i Sogn, anten i Sogndal eller i Lærdal?

 

Det hadde vore kjempekjekt om lagnaden til denne jenta kunne finnast, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan hende eg ha funne noko, men det er vel eit sokalla "long shot".

Etter søk i Nasjonalbiblioteket fann eg ei Sofie Olsdatter af Jostedal i Norsk Kundgjørelsestidende 07. april 1884. Etter søk på mannen i samme artikkelen fann eg eit treff i Digitalarkivet på FT1865. Der dukka Sophie Olsdatter frå Lyster Prestegjeld opp: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038262000916

 

Ikkje heilt klaff på alderen til Sophie, men er lov å prøve :) 

Sofie Olsdatter.JPG

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eldar for eit interessant innlegg!

 

Som du seier, det er lov å prøva, men denne Sophia Olsdotter var ei fjern ættling av underteikna (tremenning til oldebesten min).  Ho var fødd under Nes i Luster 30.10.1829, men voks opp hjå ei moster på Bakken i Jostedalen og vart sidan gift til Bjørneheimen under Fåberg øvre!

 

Eg er ganske so overtydd om at svaret på denne utfordringi ikkje ligg i kyrkjebøkene i Luster, men kvar ein skal leita, sjå det er ikkje so godt å seia...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ang. funkjsjonshemmede - bare en tanke... Har du sjekket åndssvakeskoler? Vet ikke om man får "sjekket" skolene akkurat da men. Sjekk konfirmasjonene i de menighetene skolene befinner seg i. Elevene ved åndssvakeskolene fikk vel egen konfirmasjonsundervisning, men ikke karakterer. (Er jeg blitt fortalt) De er likevel ført i kirkeboken. 

Mitt familiemedlem, Karl Johan Peter f. 1882 i Kristiania,  ble funnet igjen ved konf. i Levanger! (Fikk god hjelp her inne) Han hadde blitt med på flyttelasset da Lindern ådssvakeskole ble flyttet dit! Hans handikap var vel at han var meget tunghørt

Endret av Trude Nilsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Trude for eit utfordrande innlegg frå måndag!

 

Eg har gått i fleire dagar og tenkt på denne saki, men jo meir eg tenkjer, so fryktar eg for at det vert vanskeleg å følgja opp på dette viset.  So vidt eg veit, fanst det ikkje nokon spesialskuler for evneveike på den tidi anna enn institusjonane i eller ved dei store byane, og då ville ho ha dukka opp i pasientlister eller folketeljingar der.

 

Det vert nok ikkje so enkelt å finna svar på spørsmålet om lagnaden til denne jenta frå Luster, men det er lov å vona, og eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.