Gå til innhold
Arkivverket

Nils Olson Eide (1825-1911) frå Luster - murar i Alvøen - huslyden hans med spreiing tril Bergen, Stavanger og Amerika - ei utfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

På 17.3.2018 den 0.25, Lars E. Øyane skrev:

e. Andreas Olai Nilsson Eide, f. i Strusshamn, Askøy 20.9.1863, d. i Stavanger 13.5.1940.  Han gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 21.8.1889 med Ellen Caroline Carlsdotter Sjøthun frå Bergen, ei sonedotter av postførar Hermund Bottolfson, kjend som Herman B. Sjøthun i Bergen (1806-1878), opphavleg frå Øygarden under Sjøtun i Hafslo (sjå under Øygarden).  Ellen var f. i Bergen 13.11.187o og d. i Stavanger 14.5.1961.  Andreas var dykkar, og han og Ellen budde ei tid i Bergen og likeins i Haugesund, men flytte kring hundreårsskiftet til Stavanger der dei vart buande levetidi ut. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

 

Jeg ser forresten at antall barn står notert i fødselsregisteret ved Ruth Maries fødsel. Der står det at de hadde 20 (!) barn fra før, hvorav 8 var i live.

 

https://media.digitalarkivet.no/view/1798/9

 

5ab52d378febd_Skjermbilde2018-03-23kl_17_36_53.png.455cea7303be05b9cca1e4514456c796.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Lars W. og Jon for dei siste innleggi i dette emnet frå i fjor, som eg ser er vorte liggjande utan merksemd frå mi side.

 

No har eg oppdatert manuskriptet so langt som det let seg gjera, men eg ser me framleis manglar fleire born av dykkaren.  Det er konflikt mellom fleire av fødselsdatoane, men gudskjelov går eg ikkje i detalj på alle desse borni....

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Olson {Eide}, f. {i Luster} 30.4.1825,

Nils O. Eide flytte i ung alder til Bergen der han 29.6.1855 gifte seg i Domkyrkja med Britha, kjend som Berte Marie Rognaldsdotter frå Tuftedal i Balestrand.  Ho var dotter av bordarbeidsmann (snikkar) Rognald Pederson i Bergen, opphavleg frå Tuftedal i Balestrand, og jenta Synneva Anfindsdotter frå Tue og f. i Balestrand 16.9.1825.  Nils var murar og steinarbeidar, og han og Berte busette seg på Alvøen i Loddefjord, Askøy der Berte d. 2.5.1909.  Nils Eide d. som enkjemann same staden 13.2.1911.  Dei fekk seks born i lag:

a. Rasmus Olai Nilsson Eide, f. i Strusshamn, Askøy 10.12.1852,

 

     ##### (vaksinert 1856 – ikkje nemnd 1865!! – lagnaden hans?)

 

b. Sivert Andreas Nilsson Eide, f. i Bergen 23.12.1854,

 

     ##### (vaksinert 1856 – n. 1865 – konfirmert i 1869 – må vera sonen som ifølgje dødsmeldingi etter Nils 1911 var busett i Amerika! – lagnaden hans?)

 

c. Nilsine Bertine Nilsdotter Eide, f.  Strusshamn, Askøy 3.4.1857, d. på gamleheimen på Laksevåg 1.3.1939.  Nilsine gifte seg i Strusshamn, Askøy 17.10.1899 med enkjemannen Mons Samsonson, opphavleg frå Hjelmen på Fitjar, i Bergen kjend som Mons Prestbø.  Han var f. på Fitjar 7.1.1852 og d. på Laksevåg 17.4.1929.  Han gifte seg første gongen på Fitjar 18.4.1881 med Synneva Andersdotter frå Fitje på Fitjar, f. på Fitjar 1.2.1827.  Men Synneva d. som fiskarkone på Skålevik på Fitjar 12.12.1898.  Mons var i mange år fiskar og budde med første kona si på Skålevik på Fitjar, men vart sidan mekanisk verksarbeidar, og han og Nilsine budde på Laksevåg.  Mons fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

d. Ole Andreas Nilsson Eide, f. i Strusshamn, Askøy 18.2.1859, d. i Strusshamn 6.12.1859.

e. Andreas Olai Nilsson Eide, f. i Strusshamn, Askøy 20.9.1863, d. i Stavanger 13.5.1940.  Han gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 21.8.1889 med Ellen Caroline Carlsdotter Sjøthun frå Bergen, ei sonedotter av postførar Hermund Bottolfson, kjend som Herman B. Sjøthun i Bergen (1806-1878), opphavleg frå Øygarden under Sjøtun i Hafslo (sjå under Øygarden).  Ellen var f. i Bergen 13.11.187o og d. i Stavanger 14.5.1961.  Andreas var dykkar, og han og Ellen budde ei tid i Bergen og likeins i Haugesund, men flytte kring hundreårsskiftet til Stavanger der dei vart buande levetidi ut. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – 1915: 21de barn - 9de i live:

            * Agnes Elvine Eide, f. Bergen 20.10.1889 – n. 1910/1961: Agnes Lone

            * Ragnvald Nikolai Eide, f. Bergen 27.12.1890 - d. Bergen 1.10.1891

            * Karl Ingbart Sjøthun Eide, f. Bergen 18.4.1892 - d. Bergen 4.11.1892

            * Ragna Nilsen Eide, f. Haugesund 3.6.1893 - d. Bergen 7.5.1901

            * Berthold Marius Eide, f. Haugesund 29.5.1894 – n. 1910

            * Karl Ingbart Eide, f. Bergen 2.12.1895 - d. Bergen 24.12.1900

            * Nils Olai Eide, f. Bergen 26.2.1896 – n. 1910/1961 med kone Gerda i USA (Brooklyn)

            * Ellen Karoline Eide, f. Bergen 24.2.1898 - d. Bergen 7.7.1901

            * Marie Eide, f. Bergen 18.11.1899 - d. Bergen 17.1.1900

            * Andrea Ovidia Eide, f. Bergen 24.2.1901

            * Dagmar Elena Eide, f. Stavanger 25.4.1902 – n. 1910/1961 med mann Bjarne Ellingsen

            * Andreas Olai Eide, f. Stavanger 29.9.1903 – n. 1910/1961

            * Erling Eide, f. Stavanger 25.3.1905 – n. 1910/1961 med kone Ruth

            * Einar Eide, f. Stavanger 23.1.1906 – n. 1910

            * Ellen Karoline Eide, f. Stavanger 26.5.1910 – n. 1910

            * Ruth Marie Eide, f. Stavanger 25.11.1915 – n. 1961 med mann Nordal Olsen)

 

f. Hans Christian Nilsson Eide, f. i Strusshamn, Askøy 23.5.1867, d. på gamleheimen på Laksevåg 19.3.1951.  Hans gifte seg i Strusshamn, Askøy 10.9.1889 med Anna Bolette Knutsdotter frå Alvøen, f. på Tysnes 20.9.1868.  Ho d. på Laksevåg 4.8.1942.  Hans var røyrleggjar, og han og Anna budde ei tid i Bergen, men flytte sidan til Laksevåg. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Haakon August Eide, f. DK, Bergen 20.11.1891 – n. 1900/1910

            * Nils M. Eide, f. Bergen 13.7.1894 – n. 1900/1910

            * Laura Birgitte Eide, f. DK, Bergen 25.7.1896 – n. 1900/1910

            * Marie Karoline Eide, f. DK, Bergen 2.3.1899 – n. 1900/1910

            * Alvilda Eide, f. Bergen 15.9.1901 – n. 1910

            * Olaf Johan Eide, f. DK, Bergen 31.3.1904 – n. 1910

            * Karl Eide, f. Bergen 13.3.1907 – n. 1910

            * Borghild Eide, f. Bergen 30.3.1909 – n. 1910

            * Alfred Martin Eide, f. KK, Bergen 24.5.1911)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetak for framifrå bistand i frestnadane på å komplettera denne biografien.  Kan henda dukkar det opp fleire detaljar om dei to eldste sønene, Rasmus Olai og Sivert Andreas?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.