Gå til innhold
Arkivverket

Maren Andersdtr [Agersborg] (død 1836), Rynes, Vefsn

Knut Skorpen
 Del

Recommended Posts

Maren Andersdtr, fødd omkring 1751, var brukarkone på Rynes i Vefsn. I 1801-teljinga er ho gift med Lars Agersborg: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058469002660

I skiftet er ho kalla Maren Anna Andersdatter Rynæs: https://media.digitalarkivet.no/sk20090225700331

Dersom Maren Anna var døypenamnet, var ho neppe frå Vefsn. Er det nokon som kan hjelpe meg å finne ut kor Lars Agersborg henta kona si frå?

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det eldste barnet var 21 år i 1801. Verken  dåpen til dette barnet eller giftarmålet til Lars og Maren er funne i Vefsn. Det kunne tyde på at dei har gifta seg og fått det første barnet ein annan stad. Men så er det ei lakune i kyrkjebøkene, ved at 1779 manglar. Derfor kan vi ikkje sjå bort frå at dei gifta seg i Vefsn 1779. Men dersom Maren skal vere frå Blåfjellet, må vi sjå bort frå mellomnamnet Anna.
Vanlegvis henta vefsningane ektefelle i heim- eller nabobygda, men familien Agersborg hadde greiner over heile landet, så her vil det ikkje overraske om Maren kjem langvegsfrå.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Maren (Anna) Andersdtr Agersborg på Rynes fekk fire døtre. Tre vaks opp, og av desse vart to gift i Hasselkleiva/Hasselvika i Rissa: Anna Maria f. 1783 og Anna Katrina f. 1794. Kanskje Maren Anna var derifrå?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan legges til at Maren fra Blåfjellet plasseres som brukerkone på Rynes i særbind 7a av Vefsn bygdebok. Mange slektstrær på nettet operer med samme koblingen, men jeg vet ikke hva kildegrunnlaget kan være.

På den andre siden er det ikke første gangen det skjer hvis presten ikke har fått med alle døpenavnene ved innførsel i kirkeboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er kontakt mellom Rynes-folket og Blåfjell-folket, både når det gjeld fadderskap og seinare flytting, og dersom dette hadde vore vanlege Vefsn-bønder, kunne vi sagt det var overvekt av sannsynlegheit for at Maren Anna var identisk med Maren  døypt 1750 (som vi elles ikkje veit kor det blir av). Eg kjenner ikkje noko arveskifte som kan bevise dette, men kanskje er indikasjonane gode nok til at vi kan rekne med at Maren Anna var frå Blåfjellet.

Det som i dette tilfellet gjer meg usikker, er at  svigerfarfar Agersborg kom frå Danmark via Surnadal og Melhus (som prest), og at det innan borgarskapet var vanlegare å gå vidt i geografien for å finne ektefelle.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
På 14.3.2018 den 8.04, Knut Skorpen skrev:

Ble du noen gang noe klokere på denne forbindelsen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
På 22.7.2020 den 22.38, Baard Vidar Pettersen skrev:

Ble du noen gang noe klokere på denne forbindelsen?

JA!

Eg fann prov for at Lars Agersborgs hustru Maren Andersdtr er dotter til Anders Erichsen, Blaafjeld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Knut Skorpen skrev:

JA!

Eg fann prov for at Lars Agersborgs hustru Maren Andersdtr er dotter til Anders Erichsen, Blaafjeld.

Så bra! Kan jeg spørre hva slags prov det var?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.