Gå til innhold
Arkivverket

Område for Kyrkjebøker Herøy (MR) 1731-66 og Volda 1713-20


Ivar S. Ertesvåg
 Del

Recommended Posts

Dette er eigentleg ikkje eit spørsmål - men meir til opplysninging.  Det høyrer kanskje like mykje til Arkivverket/Arkivportalen som til Digitalarkivet.

 

I informasjonen om kyrkjeboka for Herøy 1731-66  https://digitalarkivet.no/source/15942

heiter det at Hareid sokn og Ulstein sokn er inkludert.  Det stemmer ikkje.

Det som er rett, er at boka omfattar Herøy sokn, Sande sokn og Rovde sokn.

Likeins heiter det om kyrkjeboka for Volda 1713-20 https://digitalarkivet.no/source/15954

at Vanylven, Syvde og Hjørundfjord er med. Det stemmer heller ikkje. Berre Volda og Ørsta er med her.

 

Det vert misvisande å ha med dei sokna som ikkje er med. Det gjer m.a. at om ein søkjer etter kjelder for Ulstein mellom 1731 og 1766, får ein opp

kyrkjeboka for Herøy. Tilsvarande for dei andre sokna.

 

Ulstein og Hareid vart rett nok rekna med til Herøy prestegjeld fram til 1747 - men residerande kapellan førte nok kyrkjebok sjølv (brann i 1832).

 

Vanylven (med Syvde) var underlagt Volda prestegjeld, men vart oppgradert frå residerande kapellani til residerande pastorat alt i 1601; prestegjeld frå 1741

Hjørundfjord hadde residerande kapellan til det vart prestegjeld i 1751. 

Prestane i Vanylven og Hjørundfjord førte nok eigne bøker frå starten av.  Det er ikkje sport etter desse områda i boka for Volda.

 

For ordens skuld... eg har "finlese" (og skrive av) dei to protokollane.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Dette er eigentleg ikkje eit spørsmål - men meir til opplysninging.

 

Og takk for det! Da vi valgte å innføre soknesøk, måtte vi registrere alle sokn på tusenvis av kirkebøker. Vi måtte da i hovedsak forholde oss til de opplysningene som fantes i de gamle mikrofilmkatalogene (også kjent som soknehistorikken), og der ikke annet var opplyst, måtte vi anta at kirkebøkene dekket prestegjeldene i sin helhet. Det har helt sikkert blitt flere feil enn disse to, og vi er glade for alle korreksjoner.

 

Jeg har nettopp rettet i databasen. Søkeindeksene blir oppdaterte i løpet av natta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

det er fint.  Men det er ein ting til: "kommune (1947)" 

https://digitalarkivet.no/source/15942

står framleis Vartdal som eit område dekt av boka.  Det vert også feil.

(Vartdal sokn vart utskilt frå Hareid sokn og Vartdal kommune vart utskilt frå Ulstein kommune (m. Hareid) på 1870-talet).

 

For Volda-boka vart det rett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.