Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Feil transkribering i FT1801 Luster

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg er vorten merksam på ein feil i den transkriberte utgåva av FT1801 for Luster!

 

https://digitalarkivet.no/en/census/person/pf01058398000367

 

Denne huslyden i Vigdalen i Luster er transkribert med mannens namn som KNUD Pedersen

 

Ser ein på originalen:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/58398/5

 

vil ein sjå at mannen heitte HANS Pedersen!

 

Eg vonar at dette vert retta...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Renathe-Johanne Wågenes - DA

Hei

Denne feilen må du melde inn via rapporteringen direkte på personen inne i transkripsjonen. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det skal òpenberrt vera komplisert å rapportera feil...

 

Når eg går inn på personen og seier kva feilen er og so legg inn kjeldereferanse (som over), får eg berre denne meldingi:

 

«The source reference is not in a valid format»

 

Nokon som har greie på dette, får rapportera på mine vegne...!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Espen Tjernshaugen

Jeg la inn en rapport på denne nå, men fikk som Lars ikke lenkefeltet til å fungere, la derfor inn lenke i meldingsfeltet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen
Skrevet (endret)

Det tok ei stund før eg forsto kva som skulle limast inn i den boksen. Eg trudde det var noko av den vanlege lenka som eg får når eg klikkar på kopieringsikonet, men det er det ikkje.  Viss du ser på denne folketellingsoriginalen, så ser du i linja over sjølve bildet -

  1. Hjem   Søk folketellinger    Innhold    ft20090806330044
 Det er denne ft-greia du skal lime inn.
Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Espen og Aase for kommentarar.

 

Eg lyt tilstå eg ikkje vart so veldig klok på dette, eigentleg synd, for når det skal vera so vanskeleg, so kvir ein seg og let heller vera å rapportera!  Kvifor kan ikkje moderatorane i Digitalarkivet ta seg av dette når det oppstår og når det vert meldt so pass, etter mitt syn, oversiktleg som eg gjorde i innlegg #1??

 

Eg har forresten òg fått spørsmål frå Amerika om slike opprettingar, men so var det å omsetja ei so «vanskeleg» forklaring?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen
Skrevet (endret)

Du ser kva lenke eg meiner? Den til høgre for ordet Innhold på folketellings-sida di? (Originalen altså). Denne er det du skal kopiere inn i rettingsboksen. Det står eigentleg godt forklart i rettleiinga også, men det er kanskje litt for mange klikk før ein kjem fram til det. 

 

I ditt tilfelle heiter lenka altså ft20090806330044 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg takkar Aase for tapre freistnadar på å forklara dette «fenomenet», men truleg er det noko gale med intelligensen min, for eg kan ikkje med beste vilje finna denne lenka i nokon av dei lenkereferansane som eg har lagt inn i innlegg #1...  På den originale folketeljingssida (sjå lenke #2) kan eg ikkje finna ordet «innhold» nokon stad...

 

Eg gjev opp og overlet dette til folk med høgre IQ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen
Skrevet (endret)

Pussig. Når eg opnar lenka til folketellinga i det fyrste innlegget ditt, kjem eg inn på ei side med denne blå stripa nesten øverst, under "løven" som er logoen til Arvivverket / Digitalarkivet. Får ikkje du opp det same?  (Eg ser at kopierings-ikonet til høgre for lenka ikkje er blitt med når eg har kopiert, men det står der på den originale sida).

 

  1. Hjem  Søk folketellinger     Innhold   ft20090806330044
  RA, Folketelling 1801 for 1426P Luster prestegjeld, 1801, s. 39b-40a
 
Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hei igjen Aase!

 

Nei, eg får ikkje opp nokon slik blå linje elle nokon løve-logo i det heile!  Lenke #2 syner berre sjølve FT-sida utan noko som helst meir, medan lenke #1 syner ei svart stripe øvst som børjar med DA i store bokstavar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Brukar du pc, eller mobil/nettbrett? Dersom det er slik at denne linja berre er synleg dersom du går inn via visse plattformar, er det noko DA bør ordne på. Sjølvsagt blir det vanskeleg å lime inn denne lenka viss ein ikkje ser henne!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hei igjen, Aase!

 

Eg nyttar ein stasjonær iMac 27" og ein MacBook Pro laptop 17" og har same resultat på båe apparat.  Eg er nok for «gamaldags» til å nytta nettbrett eller mobil til slike ting.  Eg må ha bileti i «King size» format!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anette S. Clausen

Kan det være at du har på fullskjermvisning? Se bildene nedenfor. Det øverste har på fullskjermvisning, det nederste har slått av fullskjermvisningen.

 

Du slår av fullskjermvisningen i knapperaden som ligger like over bildet til høyre. Fjerde knapp fra høyre.

 

fullskjerm.PNG

ikke_fullskjerm.PNG

 

Legg ellers merke til at for rask kopiering av ft.....-koden bruker du det lille ikonet like etter. Det som ser ut som en klipp-tavle. Et klikk på det ikonet og koden er kopiert og du kan så lime den inn i skjemaet for korrektur-rapporten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Der lærte eg noko nytt også! Dei to pilene som peikar mot kvarandre gjev fullskjermvisning altså. Takk :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Annette og Aase for dei siste innleggi!

 

Jau, no fekk eg det til!  Jaggu er det mykje innvikla ein må læra seg i denne «nye» verdi...

 

Men uansett so tykkjer eg det burde vera mogeleg å ta imot rettingane slik eg presenterte mi i innlegg #1...

 

No er eg spent på om eg hugsar dette neste gong eg skal kommentera ei feiltranskribering...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Renathe-Johanne Wågenes - DA
På 16.3.2018 den 23.43, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Annette og Aase for dei siste innleggi!

 

Jau, no fekk eg det til!  Jaggu er det mykje innvikla ein må læra seg i denne «nye» verdi...

 

Men uansett so tykkjer eg det burde vera mogeleg å ta imot rettingane slik eg presenterte mi i innlegg #1...

 

No er eg spent på om eg hugsar dette neste gong eg skal kommentera ei feiltranskribering...

Hei

vi har ikke anledning til å motta meldinger om feil på andre måter enn via rapporteringsknappen. De som sitter og gjør korrigeringene, må få dette inn i systemet sitt. Innlegg med korrigeringer vil fort bli oversett og ikke bli lagt inn i noen korrigeringskø. 

Selv om du skulle sende inn via debattforum, må en av oss på Digitalarkivet likevel legge den inn via rapportering. Det har vi ikke ressurser til. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

No går det vel ikkje så mykje meir ressursar på å leggje inn ei korrekturmelding enn å skrive dette svaret. Men eg forstår jo at det vil bli eit problem om "alle" skulle leggje inn korrekturmeldingar i debattforuma i staden for å leggje dei direkte inn i systemet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Espen Tjernshaugen
On 3/13/2018 at 11:04 PM, Lars E. Øyane said:

Eg er vorten merksam på ein feil i den transkriberte utgåva av FT1801 for Luster!

 

https://digitalarkivet.no/en/census/person/pf01058398000367

 

Denne huslyden i Vigdalen i Luster er transkribert med mannens namn som KNUD Pedersen

 

Ser ein på originalen:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/58398/5

 

vil ein sjå at mannen heitte HANS Pedersen!

 

Eg vonar at dette vert retta...

 

On 3/14/2018 at 1:00 PM, Espen Tjernshaugen said:

Jeg la inn en rapport på denne nå, men fikk som Lars ikke lenkefeltet til å fungere, la derfor inn lenke i meldingsfeltet.

 

... og idag fikk jeg melding om at feilen er rettet.:)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Espen som har sytt for at denne endringi endeleg kom på plass!

 

Men eg må seia, eg vil tenkja meg om minst to gongar før eg legg inn ei retting neste gong...  Me kan ikkje alle vera like perfekte so dei som sit og «komponerer» systemi...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn
Skrevet (endret)

Det vil i så fall vere synd. Eg pleier å leggje inn korrekturmelding kvar gong eg finn feil (eller ting som eg mistenker er feil) i databasane. Etter mi meining er det nesten betre å leggje inn ei korrekturmelding for mykje enn ei for lite. Dette gjer at dataane får betre kvalitet, noko som kjem alle til gode.

 

Det har også hendt at eg har lagt inn korrektur (merknad) sjølv om feilen også er i originaldokumentet. Dette fordi eg har meint at opplysningane vil ha nytteverdi for andre.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hei!

 

Eg har nettopp oppdaga ein feil i ei transkribering av vigde i Slidre i Valdres.  Eg vil gjerne bidra til betre kvalitet på basane våre, men lever (helsemessig) i ein stadig kamp mot klokka og har Ikkje tid til, og orkar heller ikkje, å gå igjennom all slag «formelle prosedyrar» for å melda dette, so eg legg saki inn her, so får dei ansvarlege ta det herifrå, om dei ønskjer det:

 

Sjå denne vigsli frå Slidre dagsett 4.10.1805: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000336001

Sjå den originale innførsli i kyrkjeboki 4.10.1803: https://media.digitalarkivet.no/view/9381/525

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas

Eit hjartesukk i samanhengen: Eg var i kveld inne i folketeljinga 1910 for Rauland herad, teljingskrins 1, Møsstrond (ført som Møsstrand i 1910). Under garden 0009 Kaavesand lever to huslydar, og den eine er innført med etternamn Fornes. Det rette er Førnes, eit velkjent gardsnamn på Møsstrond. Ein ø er tolka som o.

Eg prøvde å sende korrekturmelding på knappen for dette,  men etter 1. juli 2018 blir ikkje lenger endringar i folketeljingane fylgde opp fekk eg å lesa. Altfor mange korrekturmeldingar om feil i transkriberinga har vist seg å ikkje vera feil likevel. Arkivpersonalet har bruka tid på å slå opp i originalen, berre for å fastslå at originalen har same "feilen". Eg anar ikkje om dette står til truande, men det er iallfall grunngjevinga som er å lesa.

Ergerleg! Hadde eg oppdaga denne openberre transkriberingsfeilen for nokre dagar sidan, hadde meldinga mi blitt sjekka. No vil det visst for all framtid bli slik at dei som søkjer etter Førnes på Møsstrond ikkje vil finne huslyden på Kåvesand. Trist er det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn
Skrevet (endret)

 

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Hei!

 

Eg har nettopp oppdaga ein feil i ei transkribering av vigde i Slidre i Valdres.  Eg vil gjerne bidra til betre kvalitet på basane våre, men lever (helsemessig) i ein stadig kamp mot klokka og har Ikkje tid til, og orkar heller ikkje, å gå igjennom all slag «formelle prosedyrar» for å melda dette, so eg legg saki inn her, so får dei ansvarlege ta det herifrå, om dei ønskjer det:

 

Sjå denne vigsli frå Slidre dagsett 4.10.1805: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000336001

Sjå den originale innførsli i kyrkjeboki 4.10.1803: https://media.digitalarkivet.no/view/9381/525

 

Eg har lagt inn korrektur på feilen, samt to tilsvarande feil frå same side i kyrkjeboka.

https://www.digitalarkivet.no/view/325/hv00000000100816

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for hjelpi med å melda inn desse feili!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.