Jump to content
Arkivverket

Feil transkribering i FT1801 Luster


Lars E. Øyane

Recommended Posts

11 timer siden, Anfinn Bernaas skrev:

Altfor mange korrekturmeldingar om feil i transkriberinga har vist seg å ikkje vera feil likevel. Arkivpersonalet har bruka tid på å slå opp i originalen, berre for å fastslå at originalen har same "feilen". Eg anar ikkje om dette står til truande, men det er iallfall grunngjevinga som er å lesa.

Ergerleg! Hadde eg oppdaga denne openberre transkriberingsfeilen for nokre dagar sidan, hadde meldinga mi blitt sjekka. No vil det visst for all framtid bli slik at dei som søkjer etter Førnes på Møsstrond ikkje vil finne huslyden på Kåvesand. Trist er det.

 

Eg må tilstå at eg er heilt enig med Arkivverket si vurdering her. 1910-tellinga er den fyrste med fødselsdato på "alle", og det i ei tid der fødselsdatoen ikkje hadde same identifiseringsverdien som i dag - pluss at det ofte er husfaren som har gitt informasjonen, og (unnskyld karar) kor mange husfedre i dag kan oppgje fødselsdatoen på borna sine korrekt? 

 

Dermed vil det hagle inn med feilmeldingar på dato, pluss alle som vil kome til å sende feilmelding på namn, fordi oldefar heitte Olav, ikkje Olaf, eller at oldemor ikkje heitte Teoline, men Anna Teoline, og dessutan var det med h - Theoline.

 

Dette vil vere ein håplaus ressursbruk for eit overarbeidd arkivverk. Dei som skal leite etter Førnes, bør ha såpass fantasi at dei ser føre seg at ø-en kan bli til o ein del stader; det er nok at skrivaren ikkje dyppar djupt nok i blekkhuset før han skriv streken over ø-en - og skreiv han Fornes, skal også kjelda ha Fornes.

  • Like 1
  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Aase R Sæther oppsummer er i grunnen greit hvorfor vi har stoppet muligheten til å legge inn korrekturmeldinger i 1910-tellingen. Det er faktisk vi som har jobbet med korrekturmeldinger som har foreslått å sperre denne for nye meldinger, rett og slett fordi det blir feil ressursbruk.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Sjølv om eg ikkje likar det, så ser eg poenget.

 

Men kvifor er det også stengt for å leggje inn merknader som ikkje er korrekturmeldingar?

Link to comment
Share on other sites

Vi har vurdert muligheten til å bare stenge for korrekturmeldinger, men vi erfaring at mange ikke helt oppfatter forskjellen på en merknad og en korrekturmelding. Vi har vurdert at det for ofte fører til at korrekturmeldingene blir ført som merknader i stedet, og da er vi i grunnen like langt. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Er ein eigentleg det? Er det så gale om korrekturmeldingane blir ført som merknader? Merknadane vil jo kunne vere til nytte for andre brukarar, uavhengig av om det er feil i avskrifta eller ikkje, og uavhengig av om det er snakk om folketeljinga frå 1910 eller andre kjelder.

 

Om mange ikkje ser skilnaden på korrektur og merknad kan dette løysast med ein plakat som tydeleggjer dette, og som seier klart frå om at det ikkje er mogeleg å leggje inn korrektur til FT1910 (på grunn av det som er nemnt ovanfor), men at det likevel er mogeleg å leggje inn ein merknad til nytte for andre brukarar, men som altså ikkje blir gjort noko meir med.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

So vil eg i dag gjerne få melda ifrå om ein annan feil eg nettopp er vorten merksam på:

 

Ser me på lista over gravferder i Hafslo prestegjeld for 1802: https://www.digitalarkivet.no/search/79/1992?forenamn=&etternamn=&kjonn=&rolle=&stilling_stand=&bustad=&fodestad=&fodselsdato=&fodselsaar=&dodsaar=&dodsdato=&aarsak=&aar=1802&grdato=&jfdato=&sokn_kyrkje=&merknader=&laekjar=&meldt=&meldar=

 

vil ein oppdaga at ingen gravferder er innmelde mellom 4.7.1802 og 3.10.1802.  Eg har finne 22 gravferder som skjedde i nemnde tidsrom, og dei er innførde i kyrkjeboki på ein «snodig» måte, sjå spalte #3 på venstre side på denne kyrkjeboksida: https://media.digitalarkivet.no/view/1992/154

 

Eg vonar rettingi vert gjort av «rette vedkommande»...

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.