Lars E. Øyane Posted March 16, 2018 Share Posted March 16, 2018 Denne utfordringi kjem som ein del av følgjande tema,m som kanskje har vore oversett: https://forum.arkivverket.no/topic/219784-martha-eriksdotter-høgi-fødd-i-hafslo-1831-gift-med-zacharias-andersson-frå-røst-værøy-ho-levde-då-far-hennar-døydde-i-bergen-1881-men-kvar-vart-det-av-dei-troms-eller-amerika/ Martha Eriksdotter frå Hafslo og Zakarias Andersen frå Røst, busette i Tromsø, fekk ein son i lag: * Joseph Ansgar Andersen, fødd 13.3.1861: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013216273 Både FT1865 og FT1875 refererer til guten under namnet Ansgar Joseph, so kanskje han nytta Ansgar til dagleg? Joseph Ansgar Andersen er registrert i sjømannsrullane i Tromsø der det kjem fram følgjande opplysningar, attgjevne i innlegg #43 i ovannemnde tema: «Joseph Ansgar Andersen, Tromsø, fødd 13.3.1861 i Tromsø, konfirmert i Katolske kirken: ** 19.7.1877 påmønstra Marie frå Tromsø til Arkangelsk, avmønstra eller avgått 10.12.1877 i Stavanger ** 13.8.1878 påmønstra Candace frå Arendal til Drammen og Irland, avmønstra eller avgått 15.10.1878 «Rømt i Liverpool Patentet hidsent meldt rulleføraren 17.10.1882» So då er det eit godt spørsmål kvar me skal leita vidare etter Joseph Ansgar! Ser me på FT1881 for England, finn me i Liverpool ein: Joseph Anderson, 21 years, sailor, born «Bergan, Norway», men fødestaden er skriven med gjentakingsteikn etter den føregåande Isic Hulborson, 19 years, sailor, so kanskje me ikkje skal ta dette med «Bergan» so høgtideleg...!? https://www.ancestry.com/interactive/7572/LANRG11_3615_3619-0095?pid=8752848&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D7572%26h%3D8752848%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx5445%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5445&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=LANRG11_3615_3619-0096 Lenger kjem eg ikkje med denne saki, men eg vonar at kanskje ein eller annan i Brukarforum har høve til å sjå meir på denne utfordringi, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now