Gå til innhold
Arkivverket

Joseph Ansgar Andersen, fødd i Tromsø 1861 - sjømann rømt i Liverpool i 1878 - kvar kan han ha vorte av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi kjem som ein del av følgjande tema,m som kanskje har  vore oversett:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/219784-martha-eriksdotter-høgi-fødd-i-hafslo-1831-gift-med-zacharias-andersson-frå-røst-værøy-ho-levde-då-far-hennar-døydde-i-bergen-1881-men-kvar-vart-det-av-dei-troms-eller-amerika/

 

Martha Eriksdotter frå Hafslo og Zakarias Andersen frå Røst, busette i Tromsø, fekk ein son i lag:

 

* Joseph Ansgar Andersen, fødd 13.3.1861: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013216273

 

Både FT1865 og FT1875 refererer til guten under namnet Ansgar Joseph, so kanskje han nytta Ansgar til dagleg?

 

Joseph Ansgar Andersen er registrert i sjømannsrullane i Tromsø der det kjem fram følgjande opplysningar, attgjevne i innlegg #43 i ovannemnde tema:

 

«Joseph Ansgar Andersen, Tromsø, fødd 13.3.1861 i Tromsø, konfirmert i Katolske kirken:

 

** 19.7.1877 påmønstra Marie frå Tromsø til Arkangelsk, avmønstra eller avgått 10.12.1877 i Stavanger

** 13.8.1878 påmønstra Candace frå Arendal til Drammen og Irland, avmønstra eller avgått 15.10.1878 «Rømt i Liverpool Patentet hidsent

 

meldt rulleføraren 17.10.1882»

 

So då er det eit godt spørsmål kvar me skal leita vidare etter Joseph Ansgar!  Ser me på FT1881 for England, finn me i Liverpool ein:

 

Joseph Anderson, 21 years, sailor, born «Bergan, Norway», men fødestaden er skriven med gjentakingsteikn etter den føregåande Isic Hulborson, 19 years, sailor, so kanskje me ikkje skal ta dette med «Bergan» so høgtideleg...!?

 

https://www.ancestry.com/interactive/7572/LANRG11_3615_3619-0095?pid=8752848&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D7572%26h%3D8752848%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx5445%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5445&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=LANRG11_3615_3619-0096

 

Lenger kjem eg ikkje med denne saki, men eg vonar at kanskje ein eller annan i Brukarforum har høve til å sjå meir på denne utfordringi, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.