Gå til innhold
Arkivverket
Anne Marie Bøtun Øyri

Arnfinn Olson Vigdalen?? fødd i 1743

Recommended Posts

Anne Marie Bøtun Øyri

https://media.digitalarkivet.no/view/11567/158

 

Her er ekteskapet mellom Arnfinn Olson og eit etternamn som er blitt tyda til Vigdalen utan at vi er heilt sikre på om det er rett.

Han gifte seg i 1773 med enkja Gjertrud Tollefsdtr Hov frå Tenningåsen 1732-1817.

Arnfinn døydde i 1795.

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/56

Dei fekk eit barn Kirsti fødd i 1775.

https://media.digitalarkivet.no/view/11567/15

 

 

I Fresvik har vi ein gard Vigdalen men finn ikkje nokon som kan stemma med Arnfinn Olson. Er etternamnet verkeleg Vigdalen?  Kvar kom Arnfinn frå?

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Etter Anfind Olsen står det "Vasdahlen". I 1801-tellinga finner jeg bare en gard i Hordaland og Sogn og Fjordane som kan ligne, og det er Wasdahl i Haus prestegjeld i Hordaland. Kan han ha kommet derfra?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Det er sjølvsagt mogeleg utan at eg kan seie noko til eller frå. Garden Vigdal i vår bygd vart ofte skriven med W og utan en-endinga så difor eg vart litt i stuss om det kunne vera rett.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Heisan, kan det vera eit lokalt plassnamn Anfind Olson har med seg?

 

Då han døydde i 1795, var alderen 52 år, d.v.s. fødd kring 1743.

 

Eg ser at ein Anfind Olson Berdal vart døypt i Leikanger 27.11.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/52

 

Veit du kvar det vart av han?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
13 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Heisan, kan det vera eit lokalt plassnamn Anfind Olson har med seg?

 

Då han døydde i 1795, var alderen 52 år, d.v.s. fødd kring 1743.

 

Eg ser at ein Anfind Olson Berdal vart døypt i Leikanger 27.11.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/52

 

Veit du kvar det vart av han?

Anfind Olsen på Berdahl i 1801

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393001705

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Eg har sett på han men han passar ikkje inn sidan han fortsatt lever i 1801. Han var gift og hadde gard i Feios der han døydde i 1810

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
Skrevet (endret)

Finner en Anfin Olsen født i Gulen i 1743. Far Ole Josephsen

 

Midt på venstre side

 

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Brekke, Bø, Husøy, Lavik i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 11 (1736-1749), Kronologisk liste 1743, Side 42
Permanent bilde-ID: kb20070228330090
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228330090
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228330090.jpg
 

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Kanskje ein meir sannsynleg kandidat enn han frå Hordaland. Men namnet Vasdalen (viss det er rett skrive i kyrkjeboka) burde ha tilknyting til Arnfinn, anten område han kjem frå eller har tent ei tid der.

Og på 1600 talet var det vel langt frå alle som kom med i kyrkjebøkene heller, så ikkje så lett å få gode treff på denne karen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid Kaardal Halleraker
Skrevet (endret)
13 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Og på 1600 talet var det vel langt frå alle som kom med i kyrkjebøkene heller, så ikkje så lett å få gode treff på denne karen.

Muligens kan det gjøres et funn av faren Oles begravelse, etter 1743*. Har du forresten vurdert muligheten for den eldre og den yngre, dvs. brødre.

Endret av Astrid Kaardal Halleraker

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid Kaardal Halleraker
Skrevet (endret)
På 18.3.2018 den 19.24, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Dei fekk eit barn Kirsti fødd i 1775.

Fadderliste ved datterens dåp 1775; min ufullstendige tyding.

 

November Maaned
Torsdagen den 9. ditto in Leganger Døbt
fra Fresviigs Sogn et piigeb. Nom. Christi
Parent. Anfind Olsen Haav, og Giertrud Tollefs Datter

 

Test. Ole Christens. Tretteteigen
Lasse Olsen Haav
Aanund Michelsen ib.
Anna Johannes D. Haav
Helga AndersD. Ottregield

 

---------------------------------------------------------------------

Tretteteigen og Otrehjell er i Fresvik sogn.

Endret av Astrid Kaardal Halleraker

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid Kaardal Halleraker
På 18.3.2018 den 20.28, Terje Tandsether skrev:

Etter Anfind Olsen står det "Vasdahlen".

I et tidligere emne står det nevnt en plass eller en gård med navn Vassdalen i Fjaler, som jo er geografisk i samme distrikt.

image.png.96a5dd12ef588638364c7d524c091520.png

image.png.b34a536c07fd8e735cdd06191549744e.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri
11 timer siden, Astrid Kaardal Halleraker skrev:

Torsdagen den 9. ditto in Leganger Døbt
fra Fresviigs Sogn et piigeb. Nom. Christi
Parent. Anfind Olsen Haav, og Giertrud Tollefs Datter

Eg har før sjekka fadrar men det er som du også fann ut berre lokale folk frå Fresvik, så var ikkje noko å henta der.

Gjertrud var gift før med enkjemannen Mikkel Monsson og hadde 4 eigne born med han. Finn ikkje namnet Kristi hos nokon der, så viss det var oppattkalling kan det komma frå Anfind Olson si side. Evt mor som heitte Kristi?

 

Ang Vasdalen i Fjaler, mogeleg å finna nokon som stemmer med Anfind Olson der rundt 1750?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid Kaardal Halleraker
Skrevet (endret)
1 time siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Ang Vasdalen i Fjaler

Dessverre er det kirkebøker for Fjaler først fra 1755, og det er i det henviste emnet ovenfor med et innlegg av Torbjørn Igelkjøn, en lenke til Sjeleregister fra 1781. Jeg skulle gjerne sett T. Igelkjøn her snart.

 

Disse treffene sier  k a n s k j e  noe om situasjonen. Fordi KB for Fjaler mangler før 1755, så er det flere slektsgranskere som har møtt veggen. Er dette brødre til Anfind, som noen forgjeves har lett etter: Kilde MyHeritage

image.png.06145eb753c14724b0c80c75d588ba62.png

image.png.b330d586f550961df10737e18052631d.png

Endret av Astrid Kaardal Halleraker

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid Kaardal Halleraker
På 20.3.2018 den 9.42, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Ang Vasdalen i Fjaler, mogeleg å finna nokon som stemmer med Anfind Olson der rundt 1750?

Det viser seg å finnes bygdebøker, men de er ikke publisert på nett. Se trefflisten

image.png.4ae9e9f575bb08d9f89f7bd46698b878.png

 

Og et nyere emne har en deltaker som kan gjøre oppslag, se #3

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hei igjen Anne Marie!

 

Eg kan diverre ikkje bidra med noko meir i debatten om Anfind Olson, men eg har eit anna spørsmål til deg som du KANSKJE kan løysa:

 

Mikkel Johnson Borlaug, fødd i Feios 4.1.1832, var son av husmann John Mikkelson og kona Randi Bottolfsdotter, båe frå Aurland.  Mikkel utvandra med første kona si til Amerika i 1853 og døydde i Mt. Horeb, WI 11.2.1908.

 

Kan du fortelja meg kva for ein husmannsplass under Borlaug denne huslyden budde på?

 

På førehand hjerteleg takk for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Skal sjekka litt med folk som er meir kjende enn meg der ute, kjem tilbake viss eg klarer få greie på noko.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Då får eg krossa fingri og vona det beste...

 

Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

No har eg vre i kontakt med Rune Lee som driv og oppdaterer ættesoga for Feios pluss ein eigar på Indre Borlaug men dei har ikkje klart å finna ut kvar denne husmannen hadde plassen sin, så dermed vart det ikkje store hjelpa du fekk. Legg ved det Rune Lee hadde om familien:

66 Jon Mikkelson (1801-1884) frå ga. 43 Dalsbotn 42d i Flåm

g.m. Randi Botolvsdotter (1799-) frå «Torjusgarden» u. ga. 38 Flåm 174d i Aurland, syster til Fedjane 322 (kona)

Born:

  1. Marta (1830-1830)

  2. Mikkel (1832-1908) 1853 g.m. Gjørid Nilsdotter (1832-) frå Håane 108j, b. indre Bårlog 82

  3. Marta (1836-1923) til USA. 1854

  4. Botolv (1842-) til USA. 1854, b. Wanamingo township, Godhue County, Minn. USA.

  5. Gjertrud (1842-1853)

  6. Ola (1845-1845)

Familien flytte frå Flåm til indre Bårlog i 1830. Jon, Randi, Marta og Botolv til USA. mars 1854, b. i 1880 i Springdale township, Dane County, Wis.  Husmann u indre Bårlog, usikkert kva plass.

cleardot.gif

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne Marie for interessant innlegg!

 

Då er med andre ord denne bustaden under Borlaug indre ukjend, men kanskje Rune Lee har interesse av å vita litt meir om lagnaden tul denne huslyden i Amerika?  Eg tek utgongspunkt i tredje kona til Mikkel Johnson, ein emigrant frå garden Ormelid i Luster:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Brit Thomasdotter (Ormelid), f. i Lom 9.9.1844, men dels oppvaksi i Ormelid i Luster.

Betsy Thompson (Lee) utvandra òg til Amerika med foreldri i 1856 og gifte seg i Dane Co., Wis. 3.3.1865 med enkjemannen Mikkel Johnson, opphavleg frå Borlaug indre i Feios, Leikanger, i Amerika kjend som Michael Johnson.  Han var son av husmann John Mikkelson på ein plass under Borlaug indre, opphavleg frå Dalsbotnen i Aurland, og kona Randi Bottolfsdotter frå Torjusgarden under Flåm i Aurland og f. i Leikanger 4.1.1832.  Han gifte seg første gongen i Leikanger 29.3.1853 med Gjøri Nilsdotter frå Hove i Feios, Leikanger.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Tøgerson på Hove og kona Kirsti Gjestsdotter frå Dale og f. i Leikanger 20.2.1832.  Michael og Gjori Johnson utvandra til Amerika i 1853, men Gjori d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – undervegs eller kort etter framkomst til Dane Co., WI? – ingen kjende born)

 

Michael gifte seg so 23.5.1856 att i Dane Co., Wis. med Britha Sams0nsdotter frå Fosse i Leikanger, i Amerika kjend som Betsey Sampson.  Ho var dotter av gardbrukar Samson Larsson på Fosse og kona Randi Lassesdotter frå Torsnes i Balestrand og f. i Leikanger 10.2.1835, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1847.  Michael og Betsy Johnson slo seg ned som farmarar i Springdale township, Dane Co., Wis. der Betsey so d. alt 19.4.1864.  Michael vart buande på farmen i Springdale township, Dane Co., Wis. ogso etter han gifte seg med Betsy Thompson, men ved hundreårsskiftet flytte dei som pensjonistar inn til Mt. Horeb, Dane Co., Wis. der Michael d. 11.2.1908.  Betsey d. same staden 5.7.1918.  Michael Johnson fekk i alt ni born, to frå andre ekteskapet og sju frå det siste med Betsy Thompson:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar igjen for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn
Skrevet (endret)
På 20.3.2018 den 7.05, Astrid Kaardal Halleraker skrev:

I et tidligere emne står det nevnt en plass eller en gård med navn Vassdalen i Fjaler, som jo er geografisk i samme distrikt.

 

Eg har ikkje vore merksam på dette temaet før no.

 

Det er ikkje nokon gard i Fjaler som heiter Vassdalen. Vassdalen er eit dalføre med mange gardar. I innlegget mitt som var sitert ovanfor skreiv eg Hauge (på Vassdalen) for å skilje garden frå Haugen (som ligg rett innanfor Dale) og Hauge ytst i Flekkefjorden (og i Holmedal sokn).

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid Kaardal Halleraker
Skrevet (endret)
På 18.3.2018 den 21.52, Sven Hjortland skrev:

Finner en Anfin Olsen født i Gulen i 1743. Far Ole Josephsen

Bosted Kielby

image.png.c07ef7aad49ab5a3a10e5b9784d4aadf.png

Oppslag Gulen bygdebok Bind I s. 584 Flash 588 under Kjellby https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2010120908106

image.png.188b32dee2f6b4351f195fbb83ff282e.png

Det er ikke flere opplysninger om Anfinn, så muligheten for at det er din mann er åpen.

Endret av Astrid Kaardal Halleraker

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid Kaardal Halleraker
På 20.3.2018 den 9.42, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Eg har før sjekka fadrar men det er som du også fann ut berre lokale folk frå Fresvik, så var ikkje noko å henta der.

Det kan si oss at Anfinn var innflytter uten slekt eller familie i sognet.

 

På 20.3.2018 den 9.42, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Evt mor som heitte Kristi?

Far til Anfinn i Gulen, Ole Josefsen var gift III ganger. Anna, Anna og Synnevø het konene. Mor til Anfinn het Anna.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid Kaardal Halleraker
Skrevet (endret)
På 18.3.2018 den 21.34, Lars E. Øyane skrev:

Heisan, kan det vera eit lokalt plassnamn Anfind Olson har med seg?

 

Då han døydde i 1795, var alderen 52 år, d.v.s. fødd kring 1743.

Det viser seg å være en Anfinn Olsen døpt i Leikanger 1739, altså ca 4 år eldre enn oppgitte 52 år ved begravelsen.

image.png.0aa232516844a58558cb1ac7e7b24428.png

SAB, Leikanger Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1735-1756, s. 29
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070511620387

 

Her er flere i HRD/SFJ

image.png.18677ec2d452fab4f9fc88b30c0190c5.png

Endret av Astrid Kaardal Halleraker

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Marie Bøtun Øyri

Nr 3 er uaktuell, han budde i nabobygda hadde gard og familie der.  Nr 1 blir skrive Anfind Olson Sandvigen så han er vel også lite aktuell.  Då står vi att med nr 2 og 4. Men skulle tru at etternamnet Vasdalen blei brukt viss han var frå ein gard med det namnet?

Einaste dottera til Anfind vart døypt Kristi, så skulle tru at kanskje ei av bestemødrene hadde dette namnet. Kona til Anfind heitte Gjertrud Tollefsdtr Tenningåsen før ho var gift (1732-1817). Eg har prøvd å spora foreldra hennar, men ikkje funne noko. Tenningåsen var vel under Leikanger eller Vik på den tida, no Balestrand.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.