Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Christopherson Heltne alias John Hilton(?) - fødd i Luster 1824 - utvandra i 1867 - ei merkeleg og utfordrande ætt - kvar vart det av borni hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Dette er ein huslyd som eg arbeidde ganske so aktivt med då eg i 1979 og 1982 vitja Minnesota i samband med bygdebokarbeidet for Luster, men eg greidde aldri å komma «til botn» med omsyn til lagnaden til denne ætti!  Kanskje er tidi no kommi for å gjera framskritt?

 

Eg vil gjerne først få syna fram eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye funn er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 nedanfor!

 

Yngste dotteri Christine og huslyden hennar er alt drøfta i eit anna emne:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/218226-knut-haaverson-nundalbergum-fødd-i-luster-1864-til-amerika-1874-gift-to-gongar-og-avliden-i-springbrook-wi-1940-lagnaden-og-huslyden-hans-ei-amerikansk-utfordring/

 

Men kva skjedde med dei eldre søskeni Christopher, Anna og Nils, og kva med faren Johannes?

 

Som me ser, vart Christopher kring 1882 gift med ein Maria Halvorsdotter (vigsli deira har eg so langt ikkje greidd å finna!), og dei hadde i alle fall to søner, som var fødde i Goodhue Co., MN, før huslyden forsvinn derifrå.  Det som so er merkeleg, er at eg ikkje greier finna nokon av dei to sønene i FT1900 eller FT1910!  Dei dukkar først opp i WW1 drafti i 1918:

 

* Johan Herman som ungkar i Ft. Smith, AR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYT9-9HVN?i=644&cc=1968530

        her i WW2 draftet frå 1942: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939V-7298-96?i=1201&cc=1861144

 

* Martin Edward som gift i South St. Paul, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-G18H-X2X?i=2527&cc=1968530

        her i WW2 draftet frå 1942 (fødestad oppgjeven som Waseca, MN!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99G2-VZL5?i=367&cc=1861144

 

Ser ein so på FT1920, vil ein oppdaga at Martin med fødestad Wisconsin(!) hadde ei kone frå Colorado og at dei hadde to søner fødde i Oregon i 1912 og 1914:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXQ-SDH?i=15&cc=1488411

 

So er det denne opplysningi frå WW1 draftet til Johan Herman, som verkeleg har fått hjernevinningane mine til å gå på høgt gir:

 

Mori Mary Anderson er oppgjevi å bu nær Amery, Polk Co., WI, men der står eg «bom fast»!  Det er fleire Mary Andersons i Polk Co., WI i perioden 1900 til 1920, men eg greier ikkje å få nokon av dei til å høva!  Dersom utsegni frå 1918 er rett, må Maria Halvorsdotter ha gift seg att med ein Anderson...!?  Men kva for ein??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å komplettera denne utfordrande biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har truleg greidd å finna Martin Edward alias Ed Hilton i FT1910 - ugift laborer i Adams Co., WA (far fødd Ireland og mor fødd Norway!):

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYK-SSDK?i=3&cc=1727033

 

og han kalla seg òg Edward Hilton då han 7.5.1911 gifte seg i Portland, OR med enkja Martha Grill, f. Osburn:

 

https://www.ancestry.com/interactive/61048/44861_620303987_0129-00139?pid=1500430111&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5648&_phstart=successSource

 

Men resten av denne huslyden er det ikkje godt å finna ut av...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
Skrevet (endret)
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

f. Nils, kjend som Nels

 

 

     ##### (Johnson or Heltne/Hilton?)

 

 

     f. på Atlanterhavet 6.5.1867,

 

 

     ##### (with parents 1885 – later destiny?)

 

Little Falls Transcript (Little Falls, Minnesota) 16 Dec 1892, Page 1

Little Falls Transcript (Little Falls, Minnesota)16 Dec 1892, Page 1.jpg

 

Little Falls Transcript (Little Falls, Minnesota) 16 Dec 1892, Page 4

Little Falls Transcript (Little Falls, Minnesota) 16 Dec 1892, Page 4_II.jpg

 

Little Falls Transcript (Little Falls, Minnesota) 16 Dec 1892, Page 4

Little Falls Transcript (Little Falls, Minnesota) 16 Dec 1892, Page 4.jpg

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Elisabeth Haugros

Dette har du sikkert sett men tar det med likevel:

 

Kristofer Johannesen Heltne
Gender: Male
Spouse: Maria Halvorsdtr
Child: Johan Herman Heltne
Church Name: Gol Moland
Church Location: Kenyon, Minnesota

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Egil og Randi Elisabeth for kjempemessige innlegg!

 

Fødsli frå Goodhue Co., MN for Johan Herman er kjend frå før, men kanskje dukkar vigsli deira til foreldri òg opp. ein eller annan stad...?

 

Elles kan me slå fast at Nels Heltne er «plassert», men eg lurer litt på dødsdatoen hans?  Dersom alle desse tre artiklane stod i same avisa fredag 16.12.1892, er det noko som ikkje synest stemma heilt...:  Han døydde tydeleg ein torsdag, men sidan gravferdi var haldi FØR avisa frå fredag 16.12. kom ut, vil eg tru han døydde torsdag 8.12.?

 

Eg hadde alt før sett ei vigsle for ei Annie Heltne i Morrison Co.,. MN, men trudde ikkje det kunne vera «vår» Anna før eg las meldingi frå Egil.  Namnet i vigsli er feilstava Jengs for Tengs, men her er i alle fall vigsli:

 

MORRISON E-48 08/06/1893 JENGS, ANDREW HELTNE, ANNIE

 

Og her er Andrew og Annie i FT1895 for Little Falls, Morrison Co., MN - med son Tomas og far hennar, John Heltne: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-67W4-GK?i=28&cc=1503031

 

Eg har spora denne huslyden vidare til Lane Co., OR og har etter dette kunna setja opp følgjande reviderte manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye fantastiske innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under!

 

No tek dette verkeleg til å sjå bra ut.  Dei største utfordringane no ser ut til å vera:

 

** Lagnaden til Johannes «John» C. Heltne etter 1903?

 

** Lagnadane til Christopher (Johnson) Heltne/Hilton og kona Maria etter 1884?

 

** Det norske opphavet til Andrew Tengs og utvandringi hans?

 

** Og endeleg dødsdatoen til Nels J. Heltne 1892?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
Skrevet (endret)
27 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

e. Anna J. Heltne, f. i Luster 7.3.1864, utvandra òg i 1867 og d. i Eugene, Ore. 16.5.1963.  Ho voks opp i Kengon township, Goodhue Co., Minn., men flytte med broren Nels til MLittle Falls, Morrison Clo., Mnn. Der ho 6.8.1893 gifte seg med

 

     ##### (Andrew Tengs’ norske namn?)

 

     i Amerika kjend som Andrew Tengs.  Han var son av

 

     ##### (foreldri med bustad og opphav?)

 

     og f.

 

     ##### (fødestaden hans?)

 

     23.8.1861, men utvandra til Amerika i 1887. 

 

Anders, f. 23.8.1861 i Egersund. Foreldre Thomas Asbjørnsen Tængs og Berthe Thomasdatter: https://media.digitalarkivet.no/view/8764/50

 

Bosatt på Theings i 1865: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01038201002786

Bosatt på Thengs i 1875: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01052242002966

 

Endret av Lars Waaltorp

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
1 time siden, Lars Waaltorp skrev:

Anders, f. 23.8.1861 i Egersund.

 

The Eugene Guard (Eugene, Oregon) 16 May 1949, Page 5

The Eugene Guard (Eugene, Oregon) 16 May 1949, Page 5.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

e. Anna J. Heltne, f. i Luster 7.3.1864, utvandra òg i 1867 og d. i Eugene, Ore. 16.5.1963.

 

The Eugene Guard (Eugene, Oregon) 16 May 1963, Page 48

The Eugene Guard (Eugene, Oregon) 16 May 1963, Page 48.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
Skrevet (endret)

?

The Willamette Valley, Oregon, Death Records, 1838-2006 - LENKE Ancestry - https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=2468&h=32467&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=XNI42&_phstart=successSource
Name:    Johannes Heltne
Gender:    Male
Birth Date:    21 Mar 1824
Death Age:    82
Death Date:    4 Sep 1906
Burial Date:    1906
Cemetery:    Valley View

 

Find A Grave Index - https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QVGW-NMFC
Name:    Johanes Heltne
Event Type:    Burial
Event Date:    1906
Event Place:    Silverton, Marion, Oregon, United States of America
Photograph Included:    Y
Birth Date:    21 Mar 1824
Death Date:    04 Sep 1906
Affiliate Record Identifier:    113679459
Cemetery:    Valley View Cemetery

 

Lenke Find A Grave - https://www.findagrave.com/memorial/113679459

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Lars W. og Egil for nye fantastiske opplysningar!  Eg er imponert!

 

Eg har sjølv skyldfolk som ligg gravlagde på Valley View cemetery i Silverton, OR og vitja den kyrkjegarden i 1973, utan å vita at Johannes Heltne òg ligg der...  No kan ein sjølvsagt spørja seg om han ikkje budde hjå dotteri Anna etter at han flytte ut til Oregon.  Det er jo ikkje so langt frå Silverton til Eugene, men kan henda er det sonen Christopher som «gøymer» seg i Silverton?  Ein obituary etter Johannes hadde vore kjempe, men den vert sikkert ikkje so lett å finna...

 

Opplysningane om Andrew Tengs er ogso svært velkomne, og eg har no sete med ymse protokollar frå Egersund-området for å få på plass dei siste detaljane.  Eg finn ikkje utvandringi hans, men samtlege folketeljingar frå 1910 til 1930 seier han utvandra i 1887, so me lyt vel tru at det må vera ganske nær...!

 

Eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #5 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under!

 

Etter dette sit me no att med følgjande store utfordringar i denne huslyden:

 

** Lagnadane til Christopher (Johnson) Heltne/Hilton og kona Maria etter 1884? - og kven var Maria?

 

** Og dødsdatoen til Nels J. Heltne 1892?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne biografien som for berre få timar sidan såg ganske so vonlaus ut!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg hadde i ettermiddag ein telefonsamtale med Morrison County, MN og fekk greie på at dødsdatoen til Nels Heltne var innført i protokollen som 9.12.1892.  Soleis er det spørsmålet no løyst, og me sit att med følgjande kjempeutfordring:

 

** Er det mogeleg å finna lagnadane til Christopher (Johnson) Heltne/Hilton og kona Maria Halvorsdotter etter 1884?  Og kven var denne Maria?

 

Siste versjon av manuskriptet til erstatning for manuskriptet i innlegg #11:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Christopherson Heltne, frå Heltne i Mørkridsdalen, var f. 14.3.1824 og gifte seg 24.10.1852 med Margretha Nilsdotter frå Stein under Skagen, f. 5.10.1827.  Johannes og Margretha hadde først truleg ein plass i Leabakken under Heltne til kring 1858 då dei flytte hit til Haugen 2 under Moen.  Denne plassen brukte dei so fram til 1867.

 

John C. og Margaret Heltne utvandra til Amerika i 1867 og farma ei tid i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn, men John vart sidan farmarbeidar («farm laborer»), og parfolket busette seg i Kenyon township, Goodhue Co., Minn. der Margaret d. 21.2.1887.  John Heltne budde sidan hjå borni sine, mellom anna hjå dotteri Anna i Little Falls, Morrison Co., Minn. og hjå dotteri Christine i Bigfork, Itasca Co., Minn., men flytte kring 1904 til Silverton, Marion Co., Ore. der han d. 4.9.1906.  John og Margaret Heltne fekk sju born i lag:

 

a. Christopher

 

 

 

     ##### (skreiv han Johnson eller Heltne/Hilton?)

 

 

 

     f. i Luster 23.6.1853, utvandra med foreldri i 1867 og gifte seg

 

 

 

     ##### (date and place of his marriage? – about 1882!)

 

 

 

     med Maria Halvorsdotter

 

 

 

     ##### (origin?)

 

 

 

     ##### (what became of them? – John Herman’s mother in 1918: Mary Anderson of Amery, Polk Co., WI!)

 

 

 

     ##### (number of sons and daughters? – incl.:

            * Johan Herman Hilton, f. Goodhue Co., MN 8.4.1883 – n. 1885 hjå besteforeldri i Goodhue Co., MN! –  1918: laborer Ft. Smith, AR! – 1930: widowed brick mason

               Tulsa, OK – 1942: Oakland, Alameda Co., CA – John Hilton died Los Angeles, CA Nov. 10, 1962 – soc.sec. issued Iowa!

            * Martin Edward Hilton, f. Goodhue Co., MN 17.8.1884 – married Portland, OR May 7, 1911 Martha E. Grill nee Osburn, born CO 1884– two sons born OR 1912 and

               1914 – 1918/20: So. St. Paul, Dakota Co., MN – 1930/1940 in Oregon – in 1942 in Clackamas Co., OR said born Waseca, MN Aug. 17, 1882! – 1920 census said born

               WI! – he died in Clackamas Co., OR Jan. 22, 1964)

 

 

 

 

b. Britha J. Heltne, f. i Luster 12.2.1857, utvandra òg i 1867, men d. i Goodhue Co., Minn. 16.8.1871.

 

c. Ingeborg J. Heltne (1860 1860), f. og d. i Luster.

 

d. Ingeborg J. Heltne, f. i Luster 7.3.1861, utvandra med foreldri i 1867, men d. i Goodhue Co., Minn. 23.10.1870.

 

e. Anna J. Heltne, f. i Luster 7.3.1864, utvandra òg i 1867 og d. i Eugene, Ore. 16.5.1963.  Ho voks opp i Kenyon township, Goodhue Co., Minn., men flytte med broren Nels til Little Falls, Morrison Co., Minn. der ho 6.8.1893 gifte seg med Anders Thomasson frå Tengs i Egersund, i Amerika kjend som Andrew Tengs.  Han var son av gardbrukar Thomas Asbjørnson på Tengs og kona Bertha Thomasdotter frå Orrestad I Helleland og f. i Egersund 23.8.1861, men utvandra til Amerika i 1887.  Han d. i Eugene, Ore. 16.5.1949.  Andrew Tengs var ei tid arbeidar («laborer») i Little Falls, Morrison Co., Minn., men kring 1899 flytte parfolket til ein farm i Bailey township, Lane Co., Ore. der dei budde til dei kort før 1920 flytte inn til Eugene, Lane Co., Ore.  Dei fekk tre søner i lag.

 

f. Nils, kjend som Nels J. Heltne, f. på Atlanterhavet 6.5.1867, d. i Little Falls, Minn. 9.12.1892.  Nels Heltne var snikkar («carpenter») og budde i Kenyon township, Goodhue Co., Minn. til han i 1889 flytte til Little Falls, Morrison Co., Minn.  Han var ugift.

 

g. Christine J. Heltne (1869-1902), vart gift med husmannssonen Knut Haaverson frå Øveland under Bergheim i Luster (1864-1940).

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Martin Fagerli

Jeg merket meg tittelen på denne tråden

 

"Johannes Christopherson Heltne alias John Hilton".

 

For ordens skyld gjør jeg oppmerksom på at Hilton (som høres engelsk ut) er et norsk slektsnavn fra noen gårder nær tettstedet Kløfta i Akershus. Opprinnelsen til hotellkjeden Hilton skal stamme fra samme sted...

 

Men dette er du vel klar over Lars? Ved en rask gjennomlesning av innleggene kan jeg ikke se at John Hilton opptrer andre steder enn i tråd-tittelen? Hvor har du det fra at han kan ha skiftet etternavn til Hilton?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Hans Martin for kommentar!

 

I utgongspunktet, då dette emnet vart presentert, visste eg ikkje kva for eit ættenamn Johannes kunne ha nytta i Amerika, men eg visste at dei to sønesønene, sønene til sonen Christopher, skriv seg for Hilton og heldt det soleis for godt mogeleg at ogso Johannes kunne ha endra namnet sitt tilsvarande.  Eg hadde den gongen heller ikkje oppspora sonen Nils, som me no veit kalla seg Heltne!  Det er jo elles ulike stavemåter som kjem fram i kjeldene av dette namnet, men etter kvart har me kunna «normalisera» det til Heltne.

 

Det store spørsmålet som likevel står att:  Kvar vart det av Christopher og Maria, og kva namn nytta dei?  Det er vel ikkje so urimeleg å tru dei kan ha skrive Hilton slik sønene deira gjorde...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av dette ættemysteriet!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.