Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

(Andre utgåve av) Slekt i Gloppen / Breim (Nordfjord) - Sogn og Fjordane

Recommended Posts

Harald L. Bakke
Skrevet (endret)
30 minutter siden, Thore Senneset skrev:

 

Enn han her, då:

 

Ole Sæbjørnsen Berrestad (https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000014479)

 

Rett nok er fødestaden i "Undersøkelseskommisjonens rulle over sjømannskap i Bergen 1804-1805" oppgiven å vere Gloppens Comp: 96 Lægd

 Det er jo Berrestad (Ikkje Barrextad) som står i kyrkjeboka. Så det er nok han og då er han nok truleg fødd på Berstad i Davik prgj. (Kjølsdalen).

Eg har sett andre eksempel på at Claus Finde har skrive feil prestegjeld når det gjeld folk utanfrå Kinn.

Endret av Harald L. Bakke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Thore Senneset
6 minutes ago, Harald L. Bakke said:

 Det er jo Berrestad (Ikkje Barextad) som står i kyrkjeboka. Så det er nok han og då er han nok truleg fødd på Berstad i Davik prgj. (Kjølsdalen).

Eg har sett andre eksempel på at Claus Finde har skrive feil prestegjeld når det gjeld folk utanfrå Kinn.

 

Ved nærare ettersyn så har du nok rett i det, men notisen om Gloppen er der like fullt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for at det klarar opp dette for meg 🙂

 

Gloppenske kompani omfatta ikkje berre glopparar, det har eg sett andre døme på og.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Thore Senneset

Hei, Aase!

 

Eg antar at du har Kristoffer Jensson Skjerdal (f. 1716) i basen din, uansett er dåpen hans her:

 

SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1712-1735, s. 70-71
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228290484

 

Har du notert fadderane hans også? I så fall: Er fadder nr 1 og 2, Nils og Ole Jonsøner brødre og har du klart å tyde namnet på fadder nr 3?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sol Høydalsvik Ulvestad

Fadderane; Nils Jonson (ser ut til å stå Egenes/Eikenes) Ole Jonson Eikenes, Peder Rasmusson Lote, Mari Jakobsdtr Hyenes, Mari Axelsdtr Skjerdal

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ikkje HEILT enig med Sol - fadderane er Nils Jonson Hyenes, Ole Jonson Eikenes, Peder Bruseson Lote, Mari Jakobsdtr Hyenes og Mari Akselsdtr Skjerdal.

 

Nei, Nils og Ola er ikkje brør - eg kan kome tilbake til kven dei er. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Thore Senneset
Skrevet (endret)

Takk til både Sol og Aase for raske svar!

 

Aase: Har eg rett når eg plasserer Nils som (seinare) svigerfar til Kristoffer?

Endret av Thore Senneset

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen
Skrevet (endret)

Kristoffer sitt fyrste ekteskap er med Nils Jonson Hyenes si dotter ja.  Ola Jonson Eikenes ( (fødd Henden) er ste-far til Jens Kristofferson.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Elles hadde det vore kjekt å vite kva som er innfallsvinkelen til spørsmålet ditt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Thore Senneset
3 minutes ago, Aase R Sæther - Gloppen said:

Elles hadde det vore kjekt å vite kva som er innfallsvinkelen til spørsmålet ditt!

 

Hvis eg har fått dette rett er han 4x tippoldefaren min

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Hei Aase.

Det hender eg blar i gamle notat frå dengong ein del av slektsforskinga var å låne bygdebøker å skrive av det som ein meinte var interessant på papir, nokre hamna i ein perm og nokre som lausark......

Idag kom eg over eit notat (på lausark) frå den gong,  truleg  henta frå Hadsel bygdebok (?)

Lars Jacobsen Kapperstad frå Breim.  Gift i Hadsel 18.07.1840 mrd Ingeborg Anna Larsdtr.  f. 1819 på  Brotøen i Hadsel.

Busett på Bervig (Bærvigen) i Hadsel. -  Lars Jacobsen d. 13.05.1891  -  Ingeborg Anna d. etter 1900.

Dei hadde 7 barn. Om du er interessert i namn, f. dato og kvar dei busette seg har eg det og.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg takkar så mykje for dette, sjølv om eg har funne karen sjølv før. Betre eit tips for mykje enn eit for lite 😉

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Hei Aase.

 

Jeg tillater meg et lite spørsmål.

Som du så var jeg innom Lars Øyrane sitt tema om familien Schnell, hvor jeg hadde et innlegg om Hans Christian(son) Schnell som ble gift i Gloppen 1761 med Lisbeth Ingebrigtsdtr. Tonning.

Jeg ser flere slektstrær på nettet har blandet henne sammen med Lisbeth Ingebrigtsdtr. Aske, men det er feil. Hun ble først gift i 1731 med Guldbrand Larsson Aske som døde i 1746. Som enke giftet hun seg på nytt i 1747 med Thor Børgeson Eide som døde i 1782. På det tidspunktet var den Lisbeth Ingebrigtsdtr. fortsatt i live.

 

Dermed må Lisbeth Ingebrigtsdtr. Tonning være en annen kvinne med sammenfallende navn. At hun skrives til Tonning, tyder vel på at vi skal til Stryn. Har du noen ide om hvem som kan være hennes foreldre?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen
Skrevet (endret)

Ja, det ergrar meg at folk skal vere så kjappe å slå saman folk! Dersom dette er same dama, må vi fengsle henne for bigami 😁 På det tidspunktet Snell-ekteskapet blir inngått, er ho på Aske godt etablert i ekteskap med Tor Byrgeson f.Eide.

 

"Det kan umuleg vere to med så spesielle namn i Gloppen samtidig" - jau, så avgjort, det er det, ikkje berre denne gongen, men ofte.

 

Eg har ikkje greidd å plassere fru Snell. Eg har eit notat i programmet mitt om at ho er ført som Lisbet Ingebrigtsdtr Bø i 1760, men eg har ikkje notert kjelda! Eg vil i så fall tru vi snakkar om Bø i Stryn. Eg veit ikkje bakgrunnen til Lisbet Aske heller, men no blei eg inspirert til å ta ein runde til på begge to.

 

Eg ser forresten på Geni at ein person kallar henne KRISTI Ingebrigtsdtr, og plasserer fødselsåret hennar til 1744.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Jo, det er nok Bøe i Stryn vi snakker om. Det er skifte etter fullsøster Cecilie Ingebrigtsdtr. i sept 1810, og her nevnes helsøskene Lisbeth Ingebrigtsdtr. gift med Hans Christiansen Thoreim død, etterlatt sønn Ingebrigt Hansen, død som igjen hadde etter latt en sønn Christoffer.

Dessuten helsøskene Christian Ingebrigtsen død m/arvinger og Peder Ingebrigtsen død m/arvinger.

Skiftet finner du i protokoll 21b folio 1349 1808-1813.

I 1701 tellingen på Tonning finnes en tjener, Ingebrigt Peersen. Om det er faren vet jeg ikke, men i så fall kan det forklare båndene mellom Tonning og Bøe.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Dette var interessant - her er litt å studere på.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.