Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

(Andre utgåve av) Slekt i Gloppen / Breim (Nordfjord) - Sogn og Fjordane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hei Aase!

 

Eg har oppdaga eit interessant samband mellom Marifjøra og Holmen i Brermanger - sjå tema:

https://forum.arkivverket.no/topic/211324-arent-henrikson-storch-fødd-1720-prokurator-og-gjestgjevar-i-marifjøra-i-hafslo-1764-1775-kvar-vart-det-av-han-kva-med-stedotteri-anna-margrethe-thomasdotter-rein-fødd-1752/

 

Ole Rasmusson Bruland, landhandlar og gjestgjevar på Holmen i Bremanger, truleg fødd kring 1742 i Utvik, hadde mellom anna ei søster Agnetha Rasmusdotter, fødd kring 1745, som var gift til Myklebust i Gimmestad sokn i Breim, Gloppen.

 

Foreldri deira skal ha vore gardbrukar og sersjant Rasmus Olson Bruland på Bruland i Utvik samt første kona Siri (Sigrid) Larsdotter som i ymse kjelder er kalla Mardal, og som i so fall må ha vore frå Gloppen?

 

Kjenner du til denne ætti?  Kan du stadfesta opphavet til Siri/Sigrid Larsdotter?  Kan Rasmus òg ha vore frå Gloppen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Rasmus sine foreldre er Ola Olsson Bruland, fødd på Bruland, og Agnete Rasmusdtr som eg ikkje kjenner opphavet til. Det er skifte etter henne på Bruland i 1734 http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24224/438.

 

Sigrid har eg så langt ikkje noko opphav på. 

 

Elles ligg ikkje Myklebust i Gimmestad sokn - det ligg i Breim sokn.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

I den gamle bygdeboka for Nordfjord som omhandler Innvik- Stryn kan man lese dette vedr gården Bruland.

https://www.nb.no/items/f2ded7a89d71425a218d5da8a4fbe950?page=231&searchText=Nordfjord fraa gam

 

Der står det bl.a at Ola og Agnethes sønner Lars og Ola var utenlands i 1734 og 1740 årene.

Andre kona til Rasmus Olsson Bruland hadde fått arv fra Mardal, Ingeborg Christensdtr. Wittrop

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Interessant. Dette må eg sjå nærare på.

Redigert: Det står vel ikkje at det var FYRSTE kona som hadde arva? Kone nr 2 er frå Mardal.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen
6 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Interessant. Dette må eg sjå nærare på.

Redigert: Det står vel ikkje at det var FYRSTE kona som hadde arva? Kone nr 2 er frå Mardal.

Gamle folk skal helst unngå å ha to tanker i hodet samtidig 🙂 . Det er selvsagt andre kona som hadde tilknytning til Mardal. Det er rettet.

Vet vi noe om hvem som var Ingeborgs foreldre?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, Kristen Didrikson og Brite Aslaksdtr. Men eg er litt usikker på om fyrste kona til Rasmus faktisk heitte Sigrid Larsdtr.

 

Grunnen er at Rasmus Erikson Bruland, som er noko eldre enn Rasmus Olsson, beviseleg har ei kone som heiter Sigrid Larsdtr.

Du bør holde ope for ei forveksling.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase og Rune for interessante kommentarar!

 

For det første vil eg no stryka Siri Larsdotter som mor til landhandlar og gjestgjevar Ole Rasmusson på Holmen.  Men eg ser av skiftet frå 1734 at Ole Olson og Agnetha Rasmusdotter på Bruland hadde TO søner med namn Rasmus Olson.  Ole 0lson var fødd kring 1712, og sidan den yngste Rasmus er opplista som fullmyndig like foran, må han følgjeleg vera fødd seinast i 1709.  Mellom denne og den eldre Rasmus hadde me òg Lars, som i 1734 var utanlands, og båe døtrene i denne huslyden var alt gifte før 1734 og truleg òg fødde før 1712.  Eg vil soleis tru at den eldste Rasmus må vera fødd kring hundreårsskiftet eller sogar litt før!?

 

Dei var ikkje busette på Bruland i 1701:

 

8803 Olle Larsen 62 o   Bruland Udvigs Indvig
8804 Arne Olsen* 26 s hieme Bruland Udvigs Indvig
8805 Lars Olsen* 20 s hieme Bruland Udvigs Indvig
8806 Rasmus Olsen 25 o   Bruland Udvigs Indvig
8807 Anders Jonsen 8 t fød i fogder. Bruland Udvigs Indvig
8808 Lars Michelsen 58 o   Bruland Udvigs Indvig

 

men på Bergset i Utvik finn eg denne namnekombinasjonen, som ser «mistenkeleg» ut:

 

8920 Olle Olsen 30 o   Bersetter Udvigs Indvig
8921 Rasmus Olsen* 1 s   Bersetter Udvigs Indvig

 

Kan dette vera «vår» Rasmus Olson Bruland?  I so fall har han vore innpå 90 år då han døydde i 1789, og dette synest høva bra med kyrkjeboki:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000462871

 

Dotteri Agnetha nemnd i skiftet frå 1789 skal ifølgje FT1801 vera fødd kring 1745, men sidan foreldri var gifte før 1734, kan brørne hennar, Lars og Ole godt ha vore vesentleg eldre.  Lars var eldst, som kan tyda på at mori var ei Larsdotter (men altso ikkje Siri...).  Kan Ole vera fødd sist på 1730-talet?  Einaste måten å finna det ut på, synest vera å sjekka ut militærlister frå 1750- og 1760-talet for å sjå kor gamal han var då han vart utkommandert til livgarden i København...!

 

Kanskje nokon har fleire kommentarar på dette?  Hjarteleg takk for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Jeg har vel ikke så mye å tilføye her. Men Agnethe Rasmusdtr. Bruland var 56 år i følge 1801 tellingen.

 

Hun giftet seg første gang i Stryn 02.07.1767 med Ingebrigt Rasmussen Møklebust (Gloppen?) Det er skifte etter han i 1778.

Så giftet Agnethe seg for andre gang i Gloppen 21.06.1779 med Gabriel Larsson Sandal.

Etter hva jeg forstår av skiftet etter Rasmus Olsson i 1789 var vel barna fra første ekteskap?

 

Her er hva som står i den gamle  Nordfjord boka om Berset.

 

https://www.nb.no/items/f2ded7a89d71425a218d5da8a4fbe950?page=363&searchText=Nordfjord i gamle

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Ikke mye nytt her heller

 

image.png.26e5ac6708b3765a2b221f840a184800.png

 

Får ikke lastet opp hele artikkelen men ikke noe spennende utelatt så vidt jeg kunne se

 

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ivar Moe, framgår det kva årstal Rasmus Olsson Bruland vil "avskrive" sonen Lars?

 

Det er litt pussig at der er skifte etter Rasmus og Ingeborg både i 1768 (levande live) og 1789, men det har vel samanheng med den bortkomne Lars og at Rasmus måtte drive garden vidare likevel.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:


Kan dette vera «vår» Rasmus Olson Bruland?  I so fall har han vore innpå 90 år då han døydde i 1789, og dette synest høva bra med kyrkjeboki:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000462871

Eg trur vi kan gå ut frå at alderen er overdriven her også, som han ofte er. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

For det første vil eg no stryka Siri Larsdotter som mor til landhandlar og gjestgjevar Ole Rasmusson på Holmen. 

Eg tykkjer ikkje du skal stryke henne - eg har berre opna for at det KAN vere forviklingar. Bruland på 1700-talet er eit salig kaos, namnemessig, og eg har slett ikkje oversikta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Måtte tømme utklippsbksen, den var full

 

Her er forhåpentligvis resten av avertissementet vedrørende den forsvunne sønn Lars. I hverfall er det tidfestet til 1785 men disse etterlysningene kan gå flere mnd på rad

image.png.d6c0dd576b5550679365cf2417100eae.png

 

Litt forvirret over  at Rune sier at Ole og Lars har vært bortreist siden 1734 respektiv 1740 ref bygdebok  ?  #78

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men eg ser av skiftet frå 1734 at Ole Olson og Agnetha Rasmusdotter på Bruland hadde TO søner med namn Rasmus Olson. 

Berre for ikkje å ha for mange lause trådar hengande i lufta: Den yngste Rasmus Olsson døydde ca 1741 - det framgår at dette skifte-ekstraktet.

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0008: Skifteprotokollar, 1733-1744, s. 83
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128620662
Her er ikkje alle arvingane nemnde, berre dei som skal ha formyndar/kurator - og dei som er nemnde, er to fråverande brør: Lars Olsson og Ola Olsson. Rasmus d.y blir omtala som "enkjemann" - men eg veit ikkje kven han har vore gift med.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ivar, merk at Rasmus Olsson Bruland har to brør Lars og Ola og to søner Lars og Ola.

 

Broren Lars er i følgje ein ikkje utlagt formyndarprotokoll død før 1749, og broren Ola veit eg ikkje meir om etter dette skifte-ekstraktet i 1741. 

Sonen Lars er den som blir etterlyst, og sonen Ola er han som hamnar på Holmen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Retting til påstanden for eit par innlegg sidan om at eg ikkje visste kven Rasmus Olsson d.1741 har vore gift med - det er feil; han har vore gift med Brite Andersdtr Eide i Gloppen og døydde der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
17 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Ivar, merk at Rasmus Olsson Bruland har to brør Lars og Ola og to søner Lars og Ola.

 

Broren Lars er i følgje ein ikkje utlagt formyndarprotokoll død før 1749, og broren Ola veit eg ikkje meir om etter dette skifte-ekstraktet i 1741. 

Sonen Lars er den som blir etterlyst, og sonen Ola er han som hamnar på Holmen.

 

Har som  sagt bare "skummet" gjennom  alle innlegg. Derfor litt usikker på om det jeg legger ut, og spørsmål jeg kommer med, allerede er diskutert og kjent.

Ser det er bedre å holde seg unna inntil jeg  har tid nok til å  gjennomgå alt.

 

Mvh

Ivar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen
1 minutt siden, Ivar Moe skrev:

Ser det er bedre å holde seg unna inntil jeg  har tid nok til å  gjennomgå alt.

 

Mvh

Ivar

Eigentleg ikkje enig 🙂   Spørsmåla dine har fått meg til å grave litt ekstra, og dermed har eg fått knytt i hop nokre lause trådar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen
4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

på Bergset i Utvik finn eg denne namnekombinasjonen, som ser «mistenkeleg» ut:

 

8920 Olle Olsen 30 o   Bersetter Udvigs Indvig
8921 Rasmus Olsen* 1 s   Bersetter Udvigs Indvig

 

Kan dette vera «vår» Rasmus Olson Bruland?  

Eg ser ikkje bort frå at du har rett, og leitar rundtom i diverse kjelder for å få beviset. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
56 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Eigentleg ikkje enig 🙂   Spørsmåla dine har fått meg til å grave litt ekstra, og dermed har eg fått knytt i hop nokre lause trådar!

 

Takk for det Aase.

Da har jeg en liten Quiz vedrørende en driftig Glopping, eller en som hvertfall bruker Gloppen som etternavn

 

De til Forsendelse med Posten allene privilegerede Kiøbenhavnske Tidender - 31. oktober 1785

image.png.5337d489fe929116c3dde1285f982cd1.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Godt forsøk 😄 Men ingen her i bygda heiter Gloppen til etternamn, så her skal ein nok til eit anna område 😉

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
8 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Godt forsøk 😄 Men ingen her i bygda heiter Gloppen til etternamn, så her skal ein nok til eit anna område 😉

 

Haha 🙂 Ok da.

Siste krampetrekning i kveld

image.png.d87d73353d48711b2a0033255601dc9f.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.