Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt 2018 #4 - Anders Christopherson (1832-1878) og kona Martha Ottesdotter (1830-1874) og ætti deira i Amerika - særleg lagnadane til døtrene (Britha) Christine og (Ellen) Caroline -

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Dagens påskenøtt tek oss på ny til Amerika og ei ætt som eg har jobba mykje med gjennom åri!

 

Anders Christopherson og Martha Ottesdotter utvandra frå Luster i 1862, og medan Martha døydde etter barselseng i 1874, levde ikkje Anders lenger enn til 1878, og då var eldste dotteri berre 23 år - ein «tøff» lagnad for denne huslyden med so mange små born!

 

No vonar eg at nokon kan hjelpa meg leita etter dei detaljane som framleis manglar...

 

Her er manuskriptet mitt pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange imponerande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under!

 

Særleg er eg oppteken av å finna lagnadane til dei to døtrene (Britha) Christine (fødd 1862) og (Ellen) Caroline (fødd 1867).  Den første var gift, men vart enkje alt i 1885.  Ho skal sidan ha butt i Iowa og i St. Louis, MO, men eg finn ho berre ikkje...  Kan henda vart ho attgift??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer alle ein God Påske!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Jeg finner en del avisnotiser om Christina og datteren i avisene i Macon, Missouri:

 

The Macon Times-Democrat (Macon, MO), 1906-12-20:

5abcbdc7b1b35_Skjermbilde2018-03-29kl_12_13_26.png.7f28da36fea09f96f0f47a36d77f2d0e.png

 

The Macon Times-Democrat (Macon, MO), 1908-07-16:

5abcbe0c46d43_Skjermbilde2018-03-29kl_12_16_01.png.eaddfe2dc3c1f72652cba61ca03b6e34.png

 

The Macon Republican (Macon, MO), 1910-12-10:

5abcbe32d9cc2_Skjermbilde2018-03-29kl_12_17_37.png.3371cc8864100711f9d3463a756764af.png

 

The Macon Republican (Macon, MO), 1911-07-22:

5abcbe44176d6_Skjermbilde2018-03-29kl_12_14_37.png.677b46ec8c8378e4a9d5172d6a754282.png

 

The Macon Republican (Macon, MO), 1913-11-29:

5abcbf380af6c_Skjermbilde2018-03-29kl_12_25_34.png.680cd518f0f9433ec97ff7c3de3a65fd.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Og her er Christina og datteren i St. Louis, Missouri i 1910. Det står at Christina er født i Norge, men i originalen står det Atlantic Ocean: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M21T-H2X

 

5abcc27dbc1f7_Skjermbilde2018-03-29kl_12_39_43.png.99d456620e2bd4b637a4bed19bdb0271.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Census 1920 https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M8ZV-RB7

 

Christine Goldstein

United States Census, 1920
Name: Christine Goldstein
Event Type: Census
Event Date: 1920
Event Place: St Louis Ward 28, St Louis (Independent City), Missouri, United States
Gender: Female
Age: 58
Marital Status: Widowed
Race: White
Race (Original): White
Can Read: Yes
Can Write: Yes
Relationship to Head of Household: Mother-in-law
Relationship to Head of Household (Original): Mother-in-law
Birth Year (Estimated): 1862
Birthplace: Wisconsin
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Sheet Letter: B
Sheet Number: 10

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Eg vert stadig meir og meir mållaus kva de greier å finna, og eg som har leitt etter dette i so mange år...!

 

Hjarteleg takk til Lars W. og Sven for fantastiske og imponerande innlegg!

 

Med eitt er heile biografien til Christine GOLDSTEIN komen på plass, og her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Christopherson Leirdal, frå Lunden under Rønnei, var f. 3.3.1832 og gifte seg 11.3.1855 med Martha Ottesdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå Ottebakken, f. 11.7.1830.  Anders og Martha busette seg visstnok i Ottebakken alt i 1855, men tok ikkje over styringi av plassen før kring 1860.  Dei vart så buande her fram til 1862 då plassen vart nedlagd, og jordi gjekk attende til garden.

Andrew og Martha Christopherson utvandra til Amerika i 1862, og dei busette seg i Stoughton, Dane Co., Wis. der Andrew var jarnbanearbeidar («railroad worker»).  Men ingen av dei vart gamle folk; Martha d. i Stoughton, Wis. 20.10.1874 etter barselseng, medan Andrew Christopherson d. same staden 24.7.1878.  Dei fekk ni born i lag:

a. Dorthea A. Christopherson (1855-1934), utvandra til Amerika med foreldri sine i 1862 og vart der borte gift med husmannssonen Hans Andersson Sperle frå Sandvikøyri under Bollingberg (1851-1943) (s.d.).

b. Britha A. Christopherson (1856-1860), f. og d. i Luster.

c. Christopher A. Christopherson (1860-1860), f. og d. i Luster.

d. Britha Christine, kjend som Christine Bertine Christopherson, tvilling, var f. på vegen over Atlanterhavet 22.5.1862 og d. i St. Louis, Mo. 3.2.1929.  Christine gifte seg i Dane Co., Wis. 20.8.1883 med Jens Berger, kjend som James B. Gulsteen, f. i Dane Co., Wis. 29.12.1856.  Han d. i Dane Co., Wis. alt 30.12.1885.  James og Christine farma i Pleasant Springs township, Dane Co., Wis., men som enkje endra Christine ættenamnet til Goldstein og flytte til Macon, Macon Co., Mo. der ho arbeidde som hotellkokke («hotel cook»).  Kring 1909 flytte ho so nvidare til St. Louis, Mo. der ho arbeidde som kontordame («insurance company secretary»).  Christine og James fekk ei dotter i lag.

e. NN Christopherson, likeins tvilling og f. på vegen over Atlanterhavet 22.5.1862, d. kort etter fødsli og vart gravlagd på havet.

f. Peter Olaus Anderson, f. i Dane Co., Wis. 10.10.1864, d. i San Diego, Cal. 27.5.1951.  Han gifte seg i Dodge Co., Neb. 3.7.1888 med Florazelia Joan, kjend som Flora J. Dennis, f. i Linn Co., Ia. 26.11.1867.  Ho d. i Eagle Rock, Los Angeles Co., Cal. 7.2.1943.  Peter var steinbròtsarbeidar («stone quarry man») og sidan jarnbanearbeidar («railroad worker»).  Han og Flora budde først nokre år i Nebraska, men flytte kring 1895 til Ft. Collins, Larimer Co., Colo.  Dei skilde lag kring 1908, og kring 1912 flytte Flora til Los Angeles, Los Angeles Co.,. Cal., medan Peter i 1923 flytte til San Diego, San Diego Co., Cal.  Dei fekk to døtrer i lag.

 

g. Ellen Caroline, kjend som Caroline Christopher, f. i Dane Co., Wis. 10.3.1867,

 

 

     ##### (listed 1870 – died prior to 1905 – unknown!?)

 

 

h. Anna Karen Marie Christopher, f. i Dane Co., Wis. 25.6.1869, d. i Council Bluffs, Ia. 8.10.1945.  Anna gifte seg i Chicago, Ill. 6.5.1896 med Alphonso Hines Gibson, f. i Oakville, Ont. 10.10.1866.  Han d. i Council Bluffs, Ia. 24.2.1944.  Alphonso var maskinarbeidar og sidan fabrikkformann og fabrikkinspektør («machinist, factory foreman and superintendant»), og han og Anna budde nokre år i Chicago, Cook Co., Ill. til dei i 1904 busette seg i Council Bluffs, Pottawattamie Co., Ia.  Dei var barnlause.

i. Martin, sidan kjend som Christopher Anderson, f. i Dane Co., Wis. 9.10.1874, d. i Denver, Colo. 3.12.1937.  Christ gifte seg første gongen i Chippewa Co., Wis. 29.8.1899 med Nevenia

 

 

     ##### (middle name? – parents: Richard (Ire 1836) and Susan (Ire 1845) Connell, 1880 farming in Lafayette township, Chippewa Co., Wis.)

 

 

     Connell, f. i Chippewa Co., Wis.

 

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

 

     .2.1874.  Ho d. i Chippewa Falls, Wis. 14.6.1904, og Christ gifte seg 18.8.1905 att i Minneapolis, Minn. med Laura Augusta Krueger, f. i Chippewa Co., Wis. 3.7.1883.  Ho d. i Ft. Collins, Colo. 9.6.1933.  Christ Anderson var gassverksarbeidar («gas company worker») og budde først i Chippewa Falls, Chippewa Co., Wis., men flytte i 1907 med andre kona Laura til Ft. Collins, Larimer Co., Colo. der dei budde levetidi ut.  Chris fekk i alt fem born, to frå første ekteskapet og tre frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Då sit me att med følgjande «hovudutfordringar» i denne huslyden:

 

** Lagnaden til (Ellen) Caroline, fødd 1867?

 

** Detaljerte opplysningar om første kona til Christopher Anderson, Nevenia Connell (1874-1904)?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Kan dette være Nevenia Connell?

 

Narinia Anderson

 in the Wisconsin, Death Index, 1820-1907

Name: Narinia Anderson
Death Date: 14 Jun 1904
Death Place: Chippewa, Wisconsin, USA
Volume: 02
Page Number: 0028
Sequence Number: 006590

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for det siste spennande innlegget!

 

Det kan ikkje vera mykje tvil om at du har finne den rette Nevenia og dødsfallet hennar!

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #8 tilsvarande!

 

Nok ein kjempetakk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

g. Ellen Caroline, kjend som Caroline Christopher, f. i Dane Co., Wis. 10.3.1867,

 

     ##### (listed 1870 – died prior to 1905 – unknown!?)

 

Ellen Caroline er visst ikke så enkel å finne. Legger for ordens skyld inn lenke til FT1870 hvor hun står oppført som Caroline Christopherson (med feil alder):

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN94-7QL

 

5abd35257360c_Skjermbilde2018-03-29kl_20_48_54.png.54b103f82d73db34eb6c5ef69a7fa9e6.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget!

 

Det var kjekt at du la inn huslyden frå 1870-teljingi, som syner at Ellen Caroline vart kalla Caroline til dagleg.

 

Men diverre kan heller ikkje eg sjå noko meir til denne jenta korkje i FT1880 eller i seinare teljingar for Dane Co., WI eller det kringliggjande område.  Og ein eller anna kjelde, eg hugsar ikkje i farten kva for ei, seier at ho var avlidi før 1905, men ho kan jo sjølvsagt ha vore gift...

 

Me lyt vel sjå på oppsporingi av Caroline som ein rein «bonus», men det er lov å vona, og eg takkar på ny for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

 

Fortsatt God Påske!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.