Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt 2018 #6 - Ole Olson Svangstu (1832) og Christenca Olsdotter Hærum (1831) - frå Luster til Amerika i 1862 og sidan heimatt til Luster - so forsvinn mannen på ny! - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Dagens påskenøtt tek oss til Amerika - og attende - for so på ny å «forsvinna»!

 

Det er mange år sidan eg jobba med denne saki, og eg greidde aldri å komma «til botn».  Kanskje tidi no er komi?

 

Eg saksar frå manuskriptet mitt, husmannsplassen Skogane under garden Høyeim i Luster:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Olson Svangstu, opphavleg frå Øyane under Svangstu, var f. i Luster 1.10.1832 og gifte seg

 

 

     ##### (date and place of their marriage? – in the United States!! – about 1862-1865?)

 

 

     med Christenca Olsdotter frå Yttreland under Hæri, f. i Luster 12.11.1831.

Ole og Christenca Olson

 

 

##### (name used in America?)

 

 

utvandra båe til Amerika i 1862, og

 

 

##### (occupation and place of their residence?)

 

 

Kring 1880 flytte Ole og Christenca Svangstu attende til Luster, og det ser ut til at det var dei som på same tidi rydda plassen i Skogane under Høyeim.  Christenca Svangstu d. her som husmannskone 16.11.1889, men Ole dreiv plassen vidare til kring 1892.

Ole Olson Svangstu flytte kring 1892 på ny frå Luster,

 

 

##### (den seinare lagnaden hans?)

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

 

Me kjenner ikkje til born etter Ole og Christenca i Skogane.

 

 

##### (sjekka om dette stemmer? – born i Amerika?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lat meg leggja til at foreldri til Ole Olson heitte Ole Andersson og Mari Ingebrigtsdotter, medan foreldri til Christenca heitte Ole Olson og Ragnhild Torkildsdotter.  Ingen av dei hadde søsken som utvandra til Amerika og som kan tipsa oss om kvar i Amerika Ole og Christenca budde, men eg har finne ei vigsle som ser litt mistenkjeleg ut:

 

~~~~~~~~~~~

 

Name Ole Olson
Event Type Marriage
Event Date 27 Sep 1862
Event Place Cross Plains, Dane, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Norway
Father's Name Andrew Olson
Mother's Name Mary Olson
Spouse's Name Christiana Oleson
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Father's Name Ole Oleson
Spouse's Mother's Name Christiana Oleson

 

~~~~~~~~~~~

 

Det høver godt at dei kan ha gift seg straks dei kom fram til Amerika, men namni på foreldri passar liksom ikkje heilt...

 

Eg står fullstendig «bom fast» med denne utfdordringi og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

God Påske!

 

 

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Sven for eit svært so spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg har nettopp vore inne for å studera FT1891 for Luster, og eg finn dette parfolket då busett på Skogane under Høyeim:

 

Ole Olson Højum, fødd 1832, gift husmand: https://media.digitalarkivet.no/view/53010/2908?indexing=

Anna Olsdotter Højum, fødd 1826, gift: https://media.digitalarkivet.no/view/53010/2909?indexing=

 

Men om ein ser litt nærare på desse innførslene, ser det ut som om dei har vore retta, han frå enkjemann til gift, og ho frå ugift til gift!  Kanskje hadde dei til hensikt å gifta seg, men so skjedde ALDRI.  Anna Olsdotter var nemlig SØSTER til Christenca, fødd i Luster 6.4.1826, og ho d. UGIFT på Fuhr i Luster 2.4.1897!

 

Den OIe Olson Høiem som du Sven fann utvandra som enkjemann til Amerika i 1896, MÅ vera «vår» Ole.  Eg har før trudd det var ein annan Ole Olson Høium som utvandra i 1891 og som i 1896 var heime på vitjing frå Amerika for same året å reisa over på ny, men denne andre Ole Olson var GIFT og fødd so seint som i 1845 i Jostedalen!

 

Her er passasjerlistene for Bergen som syner Ole Olson Høiem og dei andre som reiste over på same tid:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=37361&merk=37361#ovre

 

Eg trur IKKJE det kan vera nokon av dei som du Sven har nemnd i innlegg #2.  Den eine kom fram 14.6.1896, berre to dagar etter «vår» Ole fekk billetten sin i Bergen (og so snøgt gjekk ikkje reisa den gongen!), medan hin Ole Olson reiste i 1898!  Men eg trur det er viktig å freista finna passasjerlista der «vår» Ole er medkomen, for der vil det normalt komma fram KVAR i Amerika han reiste!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av lagnaden til denne huslyden og fortsatt God Påske!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
Skrevet (endret)
11 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

 

Eg trur IKKJE det kan vera nokon av dei som du Sven har nemnd i innlegg #2.  Den eine kom fram 14.6.1896, berre to dagar etter «vår» Ole fekk billetten sin i Bergen (og so snøgt gjekk ikkje reisa den gongen!),

 

Seilingen var FRA Liverpool 4. juni 1896 hvis jeg ikke tolker helt feil....

 

EDIT: men det blir jo feil uansett.... :-)

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget!

 

Eg har no sjølv vore inne på passasjerlistene på ancestry.com og er sikker på, utifrå namni til medpassasjerane, at har finne «vår» Ole Olson på denne lista:

 

https://www.ancestry.com/interactive/8745/MAT843_19-0833?pid=214798&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx6272&_phstart=successSource

 

Denne Ole Olson står skriven som utvandra til Grantsburg, Burnett Co., WI, og det står eitt eller anna med «19 years».  Hadde han kanskje vore i Amerika i 19 år før, d.v.s. til 1881 før han fòr attende til Noreg?

 

Er me eit steg vidare for å finna han att?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.