Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt 2018 #7 - Metta Marie «Maria» Andersdotter Høyum - fødd i Luster 1867 - til Amerika 1893 og 1904 - til Clarkfield, MN - lagnaden hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dagens påskenøtt tek oss til byen Clarkfield, Yellow Medicine Co., MN der denne jenta «forsvinn»:

 

Metta Marie, kjend som Maria Andersdotter Høyum var fødd i Luster 18.11.1867 som dotter av Anders Christopherson og kona Cathrina Dorthea Ellingsdotter, husmannsfolk på plassen Kvasshiller under garden Høyeim i Luster.

 

Maria utvandra første gongen i 1893 og budde 1895 i Clarkfield, Yellow Medicine Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6XTF-LW?i=5&cc=1503031

 

Her er ho i 1900 som tenestejente hjå Christian Orwall i Clarkfield, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LKC-DX9?i=1&cc=1325221

 

So kom ho attende til Bergen der ho ei tid arbeidde som syerske til ho i 1904 på ny utvandra til Clarkfield, Yellow Medicine Co., MN.  Reisemålet var «friend C. J. Orvall i Clarkfield, MN»: https://www.ancestry.com/interactive/8745/MAT843_71-0105?pid=1821432&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx6279&_phstart=successSource

 

Dette er det siste me ser til denne jenta, og no er det store spørsmålet:

 

** Er det mogeleg å finna ut kva som sidan skjedde med Maria Høyum?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer dykk alle ein riktig God Påske!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
Skrevet (endret)

? - yrke "Maid", 1 års opphold i denne staten.

The Minnesota, Territorial and State Censuses, 1849-1905 - Lenke Ancestry
Name:    Mary Houm
Age:    38
Census Date:    12 Jun 1905
County:    Hennepin
Locality:    Minneapolis Ward 3
Birth Location:    Norway
Gender:    Female
Estimated Birth Year:    abt 1867
Race:    White
Father's Birth Location:    Norw
Mother's Birth Location:    Norway
LINE:    3
Roll:    MNSC_122

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Denne Mary Houm ser so absolutt interessant ut, men eg stussar litt på alderen.  Stort sett «ljuger» «vår» Maria seg til ein alder med fødselsår kring 1870, og me har fleire personar i Minnesota med liknande namn og alder...

 

Ikkje godt å seia...

 

Uansett, me lyt ha alle alternativ i tankane og vona at det kanskje kan dukka opp fleire opplysningar om «jenta vår»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien og fortsatt God Påske!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.