Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hermund Olson «Snedker» (1728?-1802) - frå Voss via Vik til Hafslo og Luster - gift to gongar med i alt 15 born - kvar vart det av dei? - ei kjempeutfordring!?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordrande huslyd som eg første gongen jobba med tidleg på 1980-talet, men grunna manglande eller utilgjengelege kjelder var eg ikkje i stand til å finna ut noko om denne snikkarslekti før 1763.  No er mange kjelder komne til, og eg har greidd å setja opp eit revidert manuskript som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hermund Olson «Snedker», opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans? – kvar på Voss!?)

 

     var son av

 

     ##### (foreldri hans?)

 

     og f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1726! – kan han vera døypt frå Kvasdalen på Voss 24.10.1728 som son av Ole og Synneva Herlovsdotter?)

 

     og gifte seg første gongen i Vik 19.6.1751 med Mildrid Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     Ho var dotter av

 

     ##### (foreldri hennar?)

 

     og f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     men d. etter barselseng på Vikøyri i Vik ?.9.1762.  Som enkjemann gifte Hermund seg so att i Luster 6.6.1763 med Martha Christophersdotter frå Rønnei, f. i Luster kring 1740.

Hermund «Snedker» budde både med første kona Mildrid og med andre kona Martha på Vikøyri i Vik fram til kring 1770.

Kring 1770 flytte Hermund og Martha til Hafslo der dei ei tid hadde eit bruk på Joranger nedre.  So flytte dei kring 1785 vidare til Gaupne, men ikkje lenge etter busette dei seg her i Høyeimsviki, truleg på plassen som John Endreson hadde hatt.  Hermund heldt fram som snikkar og vart gravlagd frå Høyeim 19.12.1802.  Enkja Martha vart gravlagd frå Viki 17.9.1812.  Det ser ut til at Hermund «Snedker» i alle fall fekk desse borni:

 1. Anna Hermundsdotter, døypt i Vik 7.8.1749,

 

     ##### (lagnaden hennar? – d. ung?)

 

 2. Ole Hermundson, døypt i Vik 19.11.1752, vart gravlagd frå Vikøyri 10.12.1758.

 3. Anna Hermundsdotter, døypt i Vik 21.7.1755,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

 4. Knut Hermundson, døypt i Vik 11.10.1758,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

 5. NN Hermundsdotter, f. og d. i Vik ?.9.1762.

 6. Inga Hermundsdotter, døypt i Vik 6.12.1763, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – kort etter fødsli i Vik?)

 

 7. Christopher Hermundson (1765-1818), var snikkar og budde på Naustvolden under Bolstad.

 8. Synneva Hermundsdotter, døypt i Vik 16.3.1767, kom til Hafslo og sidan til Luster med foreldri.  Ho tente på Høyeim i 1801 og d. her ugift som legdelem 13.3.1843.

 9. Ole Hermundson, døypt i Vik 30.3.1769,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

10. Ingrid Hermundsdotter (1771-1845), vart gift med husmann John Olson på Reina under Nes (1774-1837).

11. Martha Hermundsdotter (1773-1856), vart gift med strandsitjar Ole Nilsson i Trondviki under Høyeim (1775-1851); dei fekk visstnok plassen her i Trondviki 3 etter foreldri hennar (sjå nedanfor).

12. Henrik Hermundson, døypt i Hafslo 25.2.1776, vart konfirmert frå Loven i 1793.

 

     ##### (lagnaden hans? – må vera flytt frå Luster etter 1793!)

 

13. Iver Hermundson (1778-1803), var soldat, men d. ugift på Bolstad.

14. Hermund Hermundson (1780-1851), vart husmann i Dulsviki under Lingjerde.

15. Nils Hermundson (1784-1784), f. og d. på Joranger i Hafslo.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar det sit lesarar med lokalkunnskap både på Voss og i Vik som kan supplera med detaljar derifrå, og kanskje let seg gjera ogso å finna lagnadane til dei borni som berre «forsvinn»?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Her er det ikkje så mykje UNDER du kan få av meg Lars på ein Fyste Påskedag !  Men litt ...

Mildrid d 19.12.1762 iflg Gamle DA.

Hermund og Mildrid er nevnt på s 218 i Ættabokji frå  Vik, utg 2008, av GB.  3 barn er i live i 1759, skriv GB. Kva slags kjelda han har, veit eg ikkje.

 

Ellers så har eg ongje nr 6:  Inga Hermundsdtr f 1763.  I 1792 har ho navnet Gildhus og vært då gift m/ Hans Lasseson Bø 1767-1827.  Bø frå L-nr 101 Bø, Bøadalen, Vik.

Paret kjem då til L.nr 122 d, Brekkehagen. Ein plass under Brekke i Bøadalen, Vik. Side 67 i Ættabokji. 

 

Inga Hermundsdtr Gildhus

Female 1763 - 1845

 
Personal Information    |    PDF
 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for eit interessant og utfordrande innlegg!

 

Eg vart svært overraska over at Inga Hermundsdotter fødd 1763 skulle vera gift og busett i Vik!  Alderen hennar peikar heilt klart mot eit fødselsår tidleg på 1760-talet, og ho har to døtrer Martha, so oppkallingi skulle òg vera i orden!

 

MEN, eg tillet meg å tvila sterkt på om so er tilfelle!  For om du ser nærare på barneflokken til Hermund «Snedker», so var det berre om lag 14 månadar mellom Inga og neste barnet Christopher, og i 1771 fekk foreldri ei ny dotter Inga (Ingrid) etter dei var flytte inn i fjorden!

 

Den eldste inga er i alle fall ikkje konfirmert i Hafslo, der huslyden budde fram til kring 1785, so om ho verkeleg levde opp, må ho ha vorte att i Vik, medan resten av huslyden flytte innover!  Eg har forresten lese gjennom konfirmantlistene for Vik i perioden 1778 til 1783, men finn ikkje nokon der som høver til «vår» Inga...!  Kan ho vera oppvaksi ein heilt anan stad?

 

Denne saki lyt eg verkeleg tyggja litt meir på...  Kanskje nokon «der ute» sit med andre synspunkt på dette...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Jon for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg fekk ikkje linkane ovanfor til å virka, men her er i all fall den originale dåpen til Inga Hermundssdotter Brekke si dotter Martha frå 17.2.1789:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11756/11

 

Eg ser at ein av fadrane heitte Hermund Nilsson Bøe, og eg finn vidare at Hermund Nilsson Bø og kona Barbro Olsdotter fekk born i Vik på 1770-talet.  Dei gifte seg i Vik i 1769:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=10954&merk=10954#ovre

 

og kan soleis ikkje vera foreldri til Inga...

 

Men eg framleis svært i stuss på om denne Inga verkeleg er dotter av Hermund «Snedker»...

 

Elles kan me vel med nokolunde tryggleik gå ut ifrå at Hermund «Snedker» verkeleg var fødd på Kvasdalen, visstnok siste garden i Myrkdalen før en tek fatt på Vikafjellet.  Foreldri var Ole Knutson frå Grindeland og Synneva Herlaugsdotter frå Bidne på Voss!  Der har me òg Knut-namnet som kjem att på Vikøyri!  Kvasdalen har elles ikkje vore driven som eigen gard sidan midten av 1700-talet!

 

Framleis finst det ikkje noko godt alternativ for kven Inga Hermundsdotter i Vik kan ha vore, so meir «tyggjing» lyt til...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i oppklaringi av denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.