Jump to content
Nasjonalarkivet

Siri Johnsdotter - fødd i Luster 1732 - konfirmert (som attegløyma?) i 1765 (33 år gamal) - vert so borte frå bygdi! - kvar i all verdi kan ho ha vorti av - kan henda til ytre Sogn eller til Bergen??


Recommended Posts

Dette er ei utfordrande nøtt som eg har hatt liggjande sidan 1980-talet og som eg ikkje veit mi arne råd korleis eg skal «takla».  Kanskje nokon har eit forslag?

 

John Endreson (1706-1778) var husmann på Høyeimsviki i Luster.  Han var gift to gongar, og med første kona Astrid Endresdotter (1690-1750) fekk han mellom anna denne dotteri:

 

* Siri Johnsdotter, døypt i Luster 23.8.1732.  I 1762 (ekstraskatten) tente ho på garden Høyeim i Luster, og i 1765 vart ho konfirmert som busett på nabogarden Uri i Luster, 33 år gamal:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000457037

 

Alle søskeni hennar vart buande i Luster og døydde her; berre Siri «forsvinn»!  No er rett nok gravferdslistene frå Luster ikkje 100% komplette for siste del av 1700-talet, so ho KAN sjølvsagt vera avlidi her, men ho KAN òg ha flytt frå bygdi, kan henda til ytre Sogn eller til Bergen?

 

Det hadde vore kjekt om me kunne finna att ho Siri, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.