Gå til innhold
Arkivverket

Johanna Pedersdotter (Høyum) - fødd i Luster 1859 - utvandra i 1882 - forsvinn der borte - kvar i all verdi kan ho ha vorti av? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johanna Pedersdotter Høyum var fødd i Luster 11.3.1859 som dotter av Peder Ellefson (1810-1882) og kona Martha Torgersdotter, husmannsfolk på plassen Sva under garden Høyeim i Luster.

 

Johanna utvandra til Amerika i 1882, og einaste gongen me finn ho nemnd i våre kjelder, er i 1924 då eldste søsteri Andrea Pedersdotter (1840-1924) døydde barnlaus på garden Bjørk i Jostedalen.  Det vert då sagt at ingen visste noko som helst om lagnaden hennar i Amerika!

 

Ei anna søster Anna Pedersdotter (1841-1900), utvandra til Amerika i 1867 og gifte seg året etter med Gjert Olson frå Målsnes i Vik (1828-1897).  Dei farma i Freeman township, Crawford Co., WI og fekk ni born, men då eg hadde kontakt med den huslyden kring 1980, var det ingen av dei heller som visste noko om lagnaden til Johanna!

 

Om ein søkjer FT1900 hjå ancestry.com for Johanna/Hannah fødd i Noreg i mars 1859 pluss/minus 2 år og utvandra 1882 pluss/minus 2 år, får me om lag 10 treff, men ingen av dei «jump out at me»...

 

So no er Brukarforum siste voni mi!  Er det nokon som kan greia å løysa denne kjempeutfordringi, ville eg verta svært so glad!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.