Lars E. Øyane Posted April 1, 2018 Share Posted April 1, 2018 (edited) Johanna Pedersdotter Høyum var fødd i Luster 11.3.1859 som dotter av Peder Ellefson (1810-1882) og kona Martha Torgersdotter, husmannsfolk på plassen Sva under garden Høyeim i Luster. Johanna utvandra til Amerika i 1882, og einaste gongen me finn ho nemnd i våre kjelder, er i 1924 då eldste søsteri Andrea Pedersdotter (1840-1924) døydde barnlaus på garden Bjørk i Jostedalen. Det vert då sagt at ingen visste noko som helst om lagnaden hennar i Amerika! Ei anna søster Anna Pedersdotter (1841-1900), utvandra til Amerika i 1867 og gifte seg året etter med Gjert Olson frå Målsnes i Vik (1828-1897). Dei farma i Freeman township, Crawford Co., WI og fekk ni born, men då eg hadde kontakt med den huslyden kring 1980, var det ingen av dei heller som visste noko om lagnaden til Johanna! Om ein søkjer FT1900 hjå ancestry.com for Johanna/Hannah fødd i Noreg i mars 1859 pluss/minus 2 år og utvandra 1882 pluss/minus 2 år, får me om lag 10 treff, men ingen av dei «jump out at me»... So no er Brukarforum siste voni mi! Er det nokon som kan greia å løysa denne kjempeutfordringi, ville eg verta svært so glad! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Edited April 1, 2018 by Lars E. Øyane Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/221008-johanna-pedersdotter-h%C3%B8yum-f%C3%B8dd-i-luster-1859-utvandra-i-1882-forsvinn-der-borte-kvar-i-all-verdi-kan-ho-ha-vorti-av-ei-kjempeutfordring/ Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now