Gå til innhold
Arkivverket

Øyanes påskenøtt 2018 #11 - Jacob Larsson «Blankesvad» - fødd i Luster 1762 - budde framleis i 1789 - so vert han sporlaust borte - kvar i all verdi kan han ha vorte av? - kanskje til Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dagens neste påskenøtt handlar om eit forsvinningsnummer av dei merkelege!

 

Jacob Larsson «Blankesvad» vart døypt i Luster 23.1.1762 - einaste barnet til husmann Lars Jacobson (1723-1785) og første kona Lucris Olsdotter (1730-1763), husmannsfolk på Blankesva under garden Høyeim i Luster.  Jacob gifte seg att med enkja Anna Pedersdotter, men fekk ikkje fleire born!

 

Jacob Larsson vart konfirmert i Luster i 1779: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000457683

 

og me har ei fråsegn frå 1789, kjelda kan eg ikkje finna att i farten, at Jacob då framleis levde og budde i Luster, men kort etter ser han ut til å forsvinna herifrå!

 

Det finst mange Jacob Larsson i FT1801 rundt i Noreg som kan høva, og mellom dei avlidne i Bergen finn me to om lag på same alder:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000453661

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001039205

 

Men me har òg to Jacob Larsson i Bergen i 1804/1805 (Undersøkjingskommisjonen):

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=1981&merk=1981#ovre

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=2087&merk=2087#ovre

 

Eg står «bom fast» når det gjeld lagnaden til denne karen, men kanskje er det nokon som dreg kjensel på mannen og kan hjelpa meg vidare?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer fortsatt ein God Påske!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I samband med eit anna emne kom eg over denne interessante innførsli frå Stavern, ein soldat Jacob Larsen av 3.divisjon som vart gravlagd 16.7.1789, 30 år gamal:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8255/35

 

Alderen er ikkje so langt unna...; kan det vera «vår» Jacob?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og ønskjer ein fortsatt God Påskeavslutning!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.