Gå til innhold
Arkivverket

Peder Arneson (1730) og Kirsti Arnesdotter (1734) - søsken frå Luster - budde 1763 i Eivindvig (Gulen) - lagnadane deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg vart merksam på alt tidleg på 1980-talet, men som vart liggjande i påvente av «betre tider»!  Kanskje det no er på tide...

 

Eg attgjev frǻ eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Pederson Lovold, frå Fortun (bnr. 5), var f. kring 1698 og vart gravlagd som legdelem frå Fortun 13.5.1764.  Han gifte seg kring 1729 med Anna Paulsdotter frå Legene 1 under Fortun.  Ho var f. kring 1707 og d. truleg på Lovold kring 1740.  Arne og Anna rydda truleg denne plassen på Lovolden kring 1730, og Arne dreiv plassen til han i 1759 kom på legd.  Arne og Anna fekk fire born i lag:

 1. Peder Arneson, f. i Luster kring 1730,

Peder Arneson flytte før konfirmasjonsalderen til

 

 

##### (var i 1763 busett i Eivindvig i Nordhordlens fogderi – lagnaden hans? – born? – fleire alternativ:

       * Hagen gift Gulen 24.6.1749 med Martha Iversdotter Hagen: https://media.digitalarkivet.no/view/11442/75

       * Hagen gift Gulen 24.6.1753 med Mari Larsdotter Krogevaag: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/31

           ** Cornelius, døypt Hagen, Gulen 6.12.1750, gravlagd 6.1.1751

           ** ?Jørgen, døypt T(S?)ogning, Gulen 7.7.1752ørgen, døypt Togning, Gulen 7.7.1752øen 16.1.1758, gravlagd 19.2.175851ne dreiv plassen fram til 1759, då han kom på legd.  Arne

           ** Arne, døypt Hagen, Gulen 28.4.1754

           ** Martha, døypt Hagen, Gulen 3.12.1756

           ** Lars, døypt Hagen, Guløen 16.1.1758, gravlagd 19.2.1758

       * Einen(?) gift Askvoll 17.5.1758 med Abelona Jonasdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8596/60

          ** Jonas, døypt Eynen, Askvoll 31.8.1760

       * Musøen gift Askvoll 31.5.1762 med Magnhild Strømmen: https://media.digitalarkivet.no/view/8596/105

          ** Alis, døypt Musøen, Askvoll 9.11.1762

 

 

 2. Kirsti Arnesdotter, døypt i Luster 2.4.1734,

Kirsti Arnesdotter flytte òg før konfirmasjonsalderen til

 

 

##### (var i 1763 busett i Eivindvig i Nordhordlens fogderi – lagnaden hennar? – born?)

 

 3. Ole Arneson (1736-1737).

 4. Ole Arneson, døypt i Luster ?.12.1737,

 

 

##### (døydde barnlaus før 1763, men flytte truleg òg til Eivindvig og d. der? – lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Kjelda for denne bustaden frå 1763 er skiftet etter David Paulson Øvrebø i Luster, halde våren 1763 der Peder og Kirsti vart sagt å opphalda seg i Eivindvigs prestegjeld i Nordhordlens fogderi: https://media.digitalarkivet.no/view/24139/76?indexing=

 

Sonen Ole er ikkje nemnd i skiftet frå 1763, men kan òg godt ha flytt med søskeni til Eivindvik...?

 

Eg har finne eit par alternativ for Peder Arneson (sjå manuskriptet), men står «bom fast» når det gjeld Kirsti!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege «i dvale» sidan i fjor vår, utan at nokon har kommentert saki.

 

Her har me i alle fall to søsken som me konkret veit flytte frå Luster til Gulen, og heilt sporlaust kan dei vel ikkje forsvinna.

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om desse søskeni!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

On ‎4‎/‎4‎/‎2018 at 7:10 PM, Lars E. Øyane said:

 1. Peder Arneson, f. i Luster kring 1730,

Peder Arneson flytte før konfirmasjonsalderen til

 

 

##### (var i 1763 busett i Eivindvig i Nordhordlens fogderi – lagnaden hans? – born? – fleire alternativ:

       * Hagen gift Gulen 24.6.1749 med Martha Iversdotter Hagen: https://media.digitalarkivet.no/view/11442/75

       * Hagen gift Gulen 24.6.1753 med Mari Larsdotter Krogevaag: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/31

           ** Cornelius, døypt Hagen, Gulen 6.12.1750, gravlagd 6.1.1751

           ** ?Jørgen, døypt T(S?)ogning, Gulen 7.7.1752ørgen, døypt Togning, Gulen 7.7.1752øen 16.1.1758, gravlagd 19.2.175851ne dreiv plassen fram til 1759, då han kom på legd.  Arne

           ** Arne, døypt Hagen, Gulen 28.4.1754

           ** Martha, døypt Hagen, Gulen 3.12.1756

           ** Lars, døypt Hagen, Guløen 16.1.1758, gravlagd 19.2.1758

       * Einen(?) gift Askvoll 17.5.1758 med Abelona Jonasdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8596/60

          ** Jonas, døypt Eynen, Askvoll 31.8.1760

       * Musøen gift Askvoll 31.5.1762 med Magnhild Strømmen: https://media.digitalarkivet.no/view/8596/105

          ** Alis, døypt Musøen, Askvoll 9.11.1762

 

Ifølge BB for Solund og Askvoll så har:
- Peder Arneson under Hagen har ein annan far, ein frå Lekva (Hyllestad?) som busatte seg i Hagen, og

- Peder Arnesen busatt på Musøen under Kjempenes skal ha ein far frå Hellersøy i Askvoll.

BB 2B Askvoll_Musøen u Kjempenes.jpg

BB 2B Askvoll_Hellersøy.jpg

BB 2 Solund_Hagen.jpg

Endret av Gisle Hersvik
legge til bilder fra BB
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for interessant og nyttig innlegg!

 

Etter dette kan me slå fast at Peder Arneson IKKJE kan vera identisk med nokon av dei «kandidatane» som eg har finne i Gulen/Askvoll.

 

Eg ser at ekstraskattmanntalet frå 1762 berre inneheld førenamn på tenarar, so der nyttar det ikkje å leita...

 

So kvar kan dei då ha vorte av?  Flytte Peder og Kirsti kan henda frå Gulen att kort etter 1763?  Kan dei ha hamna på Sunnmøre eller i Bergen?

 

I Digitalarkivet sin base finn eg desse dødsfalli frå Sunnmøre:

 

* Peder Arneson Haue, 50 år, d. i Herøy 1779: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002438047

 

* Peder Arneson Tryset, 45 år, d. i Hjørundfjord 1777: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002572717

 

Båe KAN høva godt i alder...

 

Elles finn eg i Lærdal to vigsler som KAN vera verdt å sjå litt på:

 

* Peder Arneson og Gjertrud Christensdotter - vigde i Hauge sokn 20.11.1760: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000478025

 

Dei har i alle fall to born i Lærdal:

 

** Arne, fødd 24.8.1761: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/153

 

** Christen, fødd 23.11.1762: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/156

 

* Peder Arneson og Anna Gulliksdotter - vigde i Hauge sokn 18.11.1764: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000478123

 

Her finn eg òg to born i Lærdal:

 

** Gullik, fødd 5.12.1765: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/161

 

** Martha, fødd 26.12.1773: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/187

 

Det kan sjå ut som om dette er same Peder Arneson i to ekteskap, men er det rimeleg å tru at «vår» Peder først var i Lærdal og so i Gulen, eller at han først vart i Gulen og so i Lærdal?

 

Når det gjeld Kirsti/Christi Arnesdotter, finn eg ingen brurer korkje i Sogn eller i Hordaland/Bergen som eg tykkje høver, men derimot på Sunnmøre:

 

* Christi Arnesdotter, ugift, og Lars Petterson, enkjemann - vigde i Herøy 2.7.1764: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002730340

 

Eg finn fire born fødde i Herøy:

 

** Ane Lisbeth, døypt 9.11.1764: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013481672

 

** Lars, døypt 20.4.1766: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013482248

 

** Jacob, døypt 6.9.1768: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013760419

 

** Synneva, døypt 24.12.1769: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013761183

 

* Kirsten Arnesdotter og Ole Johnson Brunstad - vigde i Ørskog 10.1.1773: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002232910

 

Særleg spennander tykte eg at me i Herøy på Sunnmøre, der me veit det budde andre utflyttarar frå indre Sogn på den tidi, finn både Peder Arneson og Kirsti Arnesdotter PÅ RETT TID!  Er me kan henda endeleg på spor etter noko stort??  Finst det ei bygdebok for Herøy??

 

Eg takkar på ny for alle gode tankar og tips som kan bringa oss nærare ei løysing!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Med litt meir leiting i Herøy finn eg Peder Arneson alt i 1762 som gardbrukar på Haue med kone Dordi Olsdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/124/pt00000000368817

 

Og dei har fleire born fødde i Herøy frå 1761 og utover.  Kanskje er det i tidlegaste laget for «vår» Peder Arneson, eller kan han og søsteri vera flytte oppover tidlegare utan at folk i Luster visste om det?  Slikt har me sett døme på før...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.