Gå til innhold
Arkivverket

Carl Fredrik Lindseth (51) og Gunnhild Larsdotter (52) -kremmarar 1801 på Husøy i Solund - kven var dei og kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Bygdeboki for Solund, bd. I side 125/126 nemner:

 

Karl Lindseth f. 1750 som gesell, gardbrukar og gjestgjevar på Husøy i 1801.  Boki nemner kona Gunnhild Larsdotter og dei tre borni Anna, Nils og Gunnhild samt at dotteri Anna i 1802 vart gift med Jan Peeterzen, fødd på «Eiland Just» i Holland, ein son Peter døypt 1803.  Noko meir om ætti er ikkje å lesa...

 

Her er huslyden i 1801:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391002688

 

001 Carl Frid. Lindseth 01 51 - - Huusfader Gifte 1ste gang Kræmmer, giæstgiver med gaard
002 Gunilde Larsdatter 01 52 - - Dennes hustrue Gifte 1ste gang -
003 Anna Carlsdatter 01 25 - - Fælles børn Ugifte Hiæmme tiæner
004 Niels Carlsen 01 20 - - Fælles børn Ugifte Hiæmme tiæner
005 Gunilde Carlsdatter 01 8 - - Fælles børn Ugifte Hiæmme tiæner

 

Det kan for meg sjå ut som om det dreier seg om denne huslyden:

 

Carl Nilsson Haajem og Gunnhild Larsdotter vigde i Ørskog 1776: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002198583

 

Dette parfolket får først ei dotter i Ørskog:

 

* Anne Marthe, døypt 20.7.1777

 

Og so får Carl Nilsson desse borni i Skodje:

 

* Nils, døypt 1.10.1780

* Gunnhild, døypt 1.1.1794

 

Eg ser INGEN Gunnhild Larsdotter døypt i Møre og Romsdal som kan høva med denne Gunnhild gift i Ørskog i 1776, og kyrkjebøkene er tilgjengelege for Ørskog, so det kan vel heller ikkje vera tale om ei «kjeldelakune»!?

 

Eg mistenkjer Gunnhid Larsdotter for å vera døypt i Luster 16.4.1752 som «uekte» dotter av Inga Pedersdotter frå Haugen under Flahammar (1730-1802) og Lars Jacobson Svad (1723-1785).  Stefaren var vektar Dominicus Christianson Schnell frå Bolstad i Luster (1728-1798), frå kring 1760 busette i Bergen, men Gunnhild ser ikklje ut til å vera flytt til Bergen med mor og stefar, og ho er heller ikkje konfirmert i Luster!  Schnell-ætti er drøfta i dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/194513-sersjant-og-gardbrukar-christian-hansson-schnell-i-luster-1691-1758-huslyden-hans-i-bergen-og-andre-stader/

 

No vonar eg å finna nokon med lokal kunnskap i Solund, eventuelt i Ørskog og Skodje, som kan vita meir om denne huslyden...

 

** Kvar kom dei ifrå?

 

** Kvar vart det av dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

Takk for epost. Dessverre har eg ikkje noko å bidra med for å løyse denne, men skal sjå litt meir på dette litt seinare.

Men veit du kvar i Ørskog / Skodje Carl Nilsson budde, og om navnet på kona er oppgjeven?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det sønnen Nils Carlsen Lindseth som gifter seg i Gulen i 1802?

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000617469

 

Det står skomakersvenn "af Bergen" på brudgommen. Bruden er Dorthe Hansdatter. Seinere er vel samme mannen nevnt som lensmann i Gulen.

 

Carl Fredrik, 1804

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006754198

 

Ingeborg Helene, 1807

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006757363

 

Johan Martinus, 1810

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006757363

https://www.digitalarkivet.no/view/315/pz00000000141732

 

Anne Dorothea, 1813

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006903783

https://www.digitalarkivet.no/view/315/pz00000000143018

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001691132

 

Hans, 1816

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012679466

https://www.digitalarkivet.no/view/315/pz00000000143022

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001691522

 

Gurine - vaksinert - har ikke klart å finne dåpen hennes.... 

https://www.digitalarkivet.no/view/315/pz00000000141732

 

Gulen i gammal og ny tid  3: 

 

Napsøy - 1.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men når jeg ser på dåpsdatoen til lensmann Nils LIndset i Gulen stemmer ikke den overens med dåpsdatoen til din Nils, Lars! Men lensmann Nils får en sønn Karl/Carl Fredrik. 

På 5.4.2018 den 10.33, Lars E. Øyane skrev:

* Nils, døypt 1.10.1780

 

Kan det være to forskjellige personer Carl LIndseth med sønn Nils?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle og Grethe for nye spennande og utfordrande innlegg!

 

No har eg sete og leitt etter born av Carl Fredrik Lindset fødde i Bergen, men eg finn korkje Nils i 1780 eller eventuelt den yngre søsteri Gunnhild kring 1793.  Er eg blind, eller har Ivar Kleiva i Gulen finne ei kjelde som eg ikkje ser?

 

Eg ser at Carl Nilsson er kalla Haajemsvig då sonen Nils vart døypt i Skodje 1.10.1780: https://media.digitalarkivet.no/view/16000/37

 

Ogso ved dåpen til Gunnhild 1.1.1794 er faren kalla Carl Nilsson Haajemsvig: https://media.digitalarkivet.no/view/16000/56

 

Her er forresten eit oversyn over dei som i 1801 budde på Haajemsvig i Skodje, Borgund: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058419004015

 

Det kan då vel ikkje vera heilt tilfeldig at desse søskeni so godt stemmer med søskeni på Husøy i 1801?

 

Kva seier bygdeboki for Skodje om busetnaden på Haajemsvig?

 

Har Carl rett og slett «teke» namnet Lindset då han flytte til Husøy?  Eller har han ein «dobbeltgjengar» i Bergen??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være dåpen til Carl Fredrik i 1744?

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000010632317

 

Erik, 1748

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000010635575

 

Dødsfallet til Nils Eriksen:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001863815

 

Dødsfallet til Marte Andersdatter:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001863816

 

Her er skifte etter Nils Eriksen LIndset:

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000791795

Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre, Skifteprotokoll nr. 12B (1746-1749), Skifteprotokollside, Side 692b-693a
https://media.digitalarkivet.no/view/24557/310

 

Dette er antakelig Carl Nilsens konfirmasjon:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001528507

 

Broren Erich:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001529056

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande og interessante innlegg!

 

Eg ser no at Lindset er eit gardsnamn i Sykkulven sokn i Ørskog, og derifrå har altso Carl Fredrik namnet sitt.

 

Det som no er det store spørsmålet hjå meg, og som ogso er bakgrunnen for at eg tok opp dette emnet;

 

Kven var kona hans, GUNNHILD LARSDOTTER?  Bokskrivaren i Ørskog har tydeleg ikkje greidd å finna svar på dette spørsmålet!?

 

Etter alderen å dømma kan ho godt vera jenta frå Luster som eg saknar, men korleis kan ein finna prov på det?

 

Når det gjeld den yngste dotteri til Carl og Gunnhild, Gunnhild Paulsdotter Lindseth, ser eg at ho gifte seg i Nykyrkja i Bergen 17.12.1820 med Ole Even Salvesen, og dei hadde fleire born i Bergen:

 

* Sivert Johan, fødd i Domkyrkja 10.1.1821: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007388692

 

* Carl Fredrik, fødd i Nykyrkja 5.2.1823: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007550759

   han døydde som skreddarsvein 13.6.1853: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000917752

 

* Adolph Martin, fødd i Domkyrkja 14.6.1825: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007604002

 

* Oline Gurine, fødd i Domkyrkja 21.6.1827: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007605988

 

* Fredrikke Christiane, fødd i Domkyrkja 13.10.1828: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007606879

   ho døydde 30.8.1832: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001040014

 

* Serine Bergitte, fødd i Domkyrkja 20.9.1830: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007608529

 

Kan dette vera dødsfallet i Bergen til mori Gunnhild Larsdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000599661

 

Kvar kan mor og dotter Gunnhild ha butt ved FT1815?  I Gulen eller i Bergen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne Lindseth-huslyden!  Hadde me berre visst kven Gunnhild Larsdotter var...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Kvar kan mor og dotter Gunnhild ha butt ved FT1815?  I Gulen eller i Bergen?

 

Finner disse to damene i Bergen i 1815: 

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079010437

 

Bosted by: Bergen 1815

0640 15-31

Tellingskrets 2 - Domkirkens menighet 

006 Gunele Lindsen

H.nr: 01
Alder/født: 64-79
Fødested:
Bostatus:
Familiestilling:
Sivilstand: e
Yrke:-

007 Gunele Lindsdatter

H.nr: 01
Alder/født: 16-31
Fødested:
Bostatus:
 

 

Merknader:
(En av de to Gunele Linds. er dagleier)
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1801 har  Anna Martha Carlsdatter,  en datter Sara til dåpen i DK i 1801:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009228934

 

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. A 4 (1763-1820), Uekte fødte og døpte 1802, Side 49
https://media.digitalarkivet.no/view/8636/262

 

Carl Friderich Linsat, 1805:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009226829

 

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. A 4 (1763-1820), Fødte og døpte 1805, Side 339-340
https://media.digitalarkivet.no/view/8636/185

 

???

https://digitalarkivet.no/view/267/pg00000000412903

https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000000725021

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Det synest vera heilt klart at Carl Fredrik Nilsson Lindseth sist på 1790-talet flytte til Husøy i Solund som kremmar og gjestgjevar, men alt kring 1803 må han ha flytt vidare til Bergen der han altso vart jekteskippar og der kona og båe døtrene synest ha «slege rot»!

 

Svært mykje talar FOR at Gunnhild Larsdotter verkeleg var fødd i Luster i 1752, og eg har, med forbehald, sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~

 

Gunnhild Larsdotter, døypt i Luster 16.4.1752.

 

Gunnhild Larsdotter må vera fari frå Luster i ung alder, og me trur det var ho som 20.10.1776 gifte seg i Ørskog på Sunnmøre med Carl Fredrik Nilsson frå Lindset i Ørskog, sidan kjend som Carl Lindseth.  Han var son av gardbrukar Nils Erikson på Lindset, opphavleg frå Gausnes, og kona Martha Andersdotter frå Svindset og vart døypt i Ørskog 21.6.1744.  Carl og Gunnhild var mange år gardbrukarar på Håjemsvik i Skodje, Borgund, men flytte sist på 1790-talet til Husøy i Solund der Carl var kremmar og gjestgjevar til han og Gunnhild kring 1803 flytte vidare til Bergen.  Carl Lindseth livnærte seg siste åri som lekteskippar og d. i Bergen 10.11.1811.  Gunnhild d. visstnok på sjukehuset i Bergen 9.2.1822.  Dei fekk tre born i lag:

a. Anna Martha Carlsdotter Lindseth, døypt i Ørskog 20.7.1777, d. i Bergen 11.6.1813.  Anna gifte seg i Gulen 28.8.1802 med Jan Petterson,

 

     ##### (opphav etc. f. kring 1774!? – «fødd på Ejland Juys» - 1804: Johan Pettersen, styrmann, fødd Amland i Holland!)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - Bergen før 1855!?)

 

     ##### (han attgift med Martha Margrethe – f. 1781, ho d. som enkje DK, Bergen 18.12.1855 - finn ikkje vigsli!)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1805: styrmann! – 1807/1816: skipper)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Sara, f. DK, Bergen 3.10.1801 – gift DK, Bergen 31.1.1827 med skipper Johan Fredrik Bryning

            * Carl Fredrik Lindseth, f. DK, Bergen 9.4.1805 – ?d. ugift skomakarsvein DK, Bergen 24.7.1867

            * Cornelius, f. DK, Bergen 15.3.1807 – d. DK, Bergen 14.2.1816 – bustad 12-34

            * Jan, f. DK, Bergen 15.7.1809

            * Peter Carsten, f. DK, Bergen 11.1.1815

            * Caroline, f. DK, Bergen 19.9.1817. d. DK, Bergen 18.7.1820

 

b. Nils Carlson Lindseth, døypt i Skodje, Borgund 1.10.1780, d. som kårmann på Byrknes i Gulen 1.1.1857.  Nils gifte seg i Gulen 18.9.1802 med Dortha Hansdotter frå Mjømma i Gulen, døypt i Gulen 15.2.1772.  Ho d. som lensmannskone på Byrknes 22.2.1838, og Nils gifte seg att i Gulen 25.4.1842 med enkja Rannei Iversdotter, opphavleg frå Kjellevold, men døypt frå Jordal på Vossestrand, Voss 22.9.1781.  Ho d. som kårenkje på Klokkeide i Gulen 14.9.1857.  Nils var ei tid skomakarsvein i Bergen, men tok i 1804 over som lensmann i Gulen etter svigerfar sin.  Han budde først på Tyløy og sidan på Byrknes.  Nils Lindseth fekk i alt seks born, som alle vart frå første ekteskapet, men andre kona Rannei hadde òg seks born frå første ekteskapet sitt.

c. Gunnhild Carlsdotter Lindseth, døypt i Skodje, Borgund 1.1.1794, d. som enkje på dei sjøfarandes fattighus i Bergen 12.5.1873.  Gunnhild Lindseth gifte seg i Nykyrkja i Bergen 17.12.1820 med Ole Evert Salvesen frå

 

     ##### (undersøkjingskommisjonen 1804: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000011934

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – Bergen 1795?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Ole Salvesen var matros, og han og Gunnhild budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~

 

Hadde me endå greidd å finna ut kvar Gunnhild voks opp?  Kvar kan ho ha vorti konfirmert?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med komplettering av denne biografien og vonar at kanskje nokre fleire detaljar kan komma for ein dag?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

36 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Ole Evert Salvesen frå

     ##### (undersøkjingskommisjonen 1804: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000011934

 

Kan dette være faren til Ole Evert (Even?) Salvesen:

https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000011933 (lenken ser ut til å være rett foran Ole) 

 

Fornavn Salve

Etternavn: Olsen
Stilling/stand: Daglønner
Status:-
Alder: 37
Fødselsår:-
Fødested: Birche Sogn ved Stavanger
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg!

 

Det er verkeleg frustrerande å nytta denne undersøkjingskommisjonen utan systemet til det gamle Digitalarkivet, for slik det no er, kan ein ikkje sjå kven som er oppført før og etter...  Uansett, eg finn det underleg at Ole Even Salvesen er sagd vera fødd i Domkyrkjesokni i 1797, men eg finn han ikkje døypt i Bergen og heller ikkje korkje i FT1801 eller i FT1815 for Bergen.  Eller har eg oversett noko?

 

Eg har elles nettopp finne andre vigsli til skipper Jan (Johan) Pettersen med Martha Margrethe Petersen, i Nyborg i Danmark 9.4.1814: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89ZX-3F9D

 

Elles finn eg det merkeleg at eg ikkje greier finna dødsfallet til skipperen i Bergen!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har også problemer med å finne ut av Ole Evert/Ewert/Edvard Salvesen. For å sitere deg: både han og faren synes å være forsvunnet, som dogg for sola. Faren er 37 år og skal være født i "Birche Sogn i Stavanger".  Har sjekket dåp for alle barna til Ole og Gunhild, men ingen av fadderne gir noe spor om nær slekt. 

 

Siwert Johan, døpt 21.1.1821 DK

https://media.digitalarkivet.no/view/8642/11

 

Carl Fredrik, døpt 2.3.1823 NK 

https://media.digitalarkivet.no/view/8726/21

 

Adolph Martin, døpt 26.6.1825, DK

https://media.digitalarkivet.no/view/8643/82

 

Oline Gurine, døpt 8.7.1827 DK

https://media.digitalarkivet.no/view/8643/119

 

Fredrikke Christiana, døpt 26.10.1828 DK 

https://media.digitalarkivet.no/view/8643/151

 

Serine Bergithe, døpt 17.10.1830 DK

https://media.digitalarkivet.no/view/8643/197

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er nokså sikker på at Gunille Larsdtr. gift med Carl Lindseth ikkje er "di" Gunille.

 

Eg meiner dette må vere jenta døypt i Borgund 28.6.1753 som dotter av Lars Erichsen Stenvaag og kona Maren Cathrine Larsdtr. Lindahl: https://media.digitalarkivet.no/kb20070831640701

 

Denne Gunille Larsdtr. hadde ei søster Karen gift med Niels Jonsen Steen busett i Bergen. Ved dåpen til Sara Jansdtr. i 1801, var Karen Steen og sonen Christen båe faddarar: https://media.digitalarkivet.no/kb20070306660072

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Inge for interessante og nyttige innlegg!

 

Eg har sjølvsagt ikkje leitt «overalt» etter mogelege Gunnhild Larsdøtrer, og når du her har oppdaga at søsteri til Gunnhild Larsdotter frå Stenvaag og son hennar opptrer som fadrar for Sara i Bergen i 1801, er det heilt klart prov godt nok på at Gunnhild gift Lindseth kom frå Borgund!

 

Då kan eg stryka denne løysingi som alteranativ, og me er «back to square #one» når det gjeld Gunnhild Larsdotter frå Luster!

 

Eg takkar på ny for avklaringi og set svært stor pris på at slike opplysningar kjem for ein dag.  Eg er overtydd om at Gisle vil gleda seg over at ein av hans «sambygdingar» no er identifisert!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.