Gå til innhold
Arkivverket

Annanias Nilsson, fødd i Bergen 1817 - oppvaksen i Luster - utflytt til Nordland i 1847 - kvar kan han ha vorte av? - kan henda til Øksnes der ei halvsøster sidan flytte???


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Annanias Nilsson var fødd i Bergen 23.2.1817.  Mori var Anna Haaversdotter frå Fortun i Luster, medan far vert oppgjeven vera «bortreist matros Nils Wangen»: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007547840

 

Annanias vart konfirmert i Luster i 1832 (farsnamnet ikkje so lett å tyda...): https://media.digitalarkivet.no/view/11592/81

 

Annanias fekk i 1847 utflyttingsattest for å dra til «Nordlandene»; https://media.digitalarkivet.no/view/8400/166

 

Etter denne tid er Annanias ikkje å sjå nokon stad!  Mori gifte seg to gongar i Bergen og fekk i alt seks born, men då det vart skift etter ho i 1873, er Annanias IKKJE nemnd, so kanskje var han alt avliden?

 

Det er no komme for ein dag at eine halvsøsteri til Annanias:

 

* Berthe Tobine Holgersdotter Holm, fødd i Bergen 29.1.1829, vart enkje i Bergen i 1855, og ho flytte med einaste dotteri si, Berthe Tobine (Jr) til ØKSNES i Nordland.  Mori gifte seg 18.11.1863 att i Øksnes med Casper Olson frå Austrheim på Lindås.  Desse flytte alt i 1868 attende til Bergen i lag og døydde der.

 

Ingen andre i denne huslyden var, so vidt eg veit, nokon gong busette i Nord.Noreg, og eg ville gissa; det er vel ikkje so urimeleg å tenkja seg at Annanias kan ha butt nettopp i Øksnes og at det var grunnen til at Berthe Tobine flytte nettopp dit!?

 

Huslyden til mori Anna Haaversdotter vert drøfta i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/220996-øyanes-påskenøtt-2018-9-anna-haaversdotter-1793-1873-frå-luster-til-bergen-med-forgreiningar-til-amerika-ei-kjempeutfordring/

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Annanias Nilsson og vonar på «gullkanta» innlegg!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skudd i blinde:

 

Nr. 2/1853

Nordland fylke, Vågan, Gimsøy i Vågan, Klokkerbok nr. 874C01 (1843-1859), Fødte og døpte 1853, Side 103-104
https://media.digitalarkivet.no/view/2631/56

 

Men så ser jeg at en av fadderne er Carl Nilsen Slottholm, og det er antakelig en bror av barnefaren. Dermed er nok ikke denne kandidaten Annanias aktuell. 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for ein interessant freistnad på å finna att Annanias Nilsson.

 

Men eg er nok samd med deg i tanken kring brorskapen med Carl Nilsson.  Eg ser forresten det er fleire stadar i Nordland som heiter Slotholm eller Slotholmen, mellom anna i Bø, i Saltdal og i Lurøy.  Ingen av desse stadane finn me nokon Annanias Nilsson døypt, men namnet kan jo ha eit heilt anna opphav...

 

Eg sendte forresten eit spørsmål til Johan Borgos, bokskrivaren for mellom anna Øksnes, om denne Annanias, og han svarte slik: «Ananias er ikke registrert i noen av Vesteråls-kommunene, så langt jeg kan se.»

 

So me lyt vel halda auge og øyre òpne, so kanskje kjem det ein gong ei oppklaring...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 6.4.2018 den 18.30, Lars E. Øyane skrev:

* Berthe Tobine Holgersdotter Holm, fødd i Bergen 29.1.1829, vart enkje i Bergen i 1855, og ho flytte med einaste dotteri si, Berthe Tobine (Jr) til ØKSNES i Nordland.  Mori gifte seg 18.11.1863 att i Øksnes med Casper Olson frå Austrheim på Lindås.  Desse flytte alt i 1868 attende til Bergen i lag og døydde der.

 

Er dette andre kona til den svenske skreddersvennen Christian Larsen, som døde i Bergen i 1855? - jf.  tråden nedenfor.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!  Eg hadde alt observert denne heimstavnssaki om Caspar, og sidan eg ikkje fekk opp sida, la eg inn eit spørsmål om dette i forum for skanna materiale:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/221190-korleis-får-ein-fram-den-originale-sida-i-heimstavnsregisteret/?tab=comments#comment-1869252

 

men vart ikkje riktig «klok» på svaret...

 

Elles har eg òpna fleire tema som handlar om delar av denne huslyden som «globalt» vert drøfta under følgjande store utfordrande tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/220996-øyanes-påskenøtt-2018-9-anna-haaversdotter-1793-1873-frå-luster-til-bergen-med-forgreiningar-til-amerika-ei-kjempeutfordring/

 

Ogso lagnaden til Annanias Nilsson er nemnd der, men utan at spørsmålet har vore debattert av nokon...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til «oppklaring» av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Charlotte Caspara, 1867

Nordland fylke, Øksnes i Øksnes, Klokkerbok nr. 893C03 (1867-1877), Fødte og døpte 1867, Side 4
https://media.digitalarkivet.no/view/16735/5

 

Nordland fylke, Øksnes i Øksnes, Klokkerbok nr. 893C03 (1867-1877), Døde og begravede 1867, Side 179
https://media.digitalarkivet.no/view/16735/113

 

Hanna Caspara, 1869

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007450402

 

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. B 4 (1859-1871), Fødte og døpte 1869, Side 371
https://media.digitalarkivet.no/view/8327/372

 

Er dette Casper i bytellingen 1885 med ny familie?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053295012397

 

Nytt ekteskap i 1877?

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000849307

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innleggi om huslyden til Berte Tobine.

 

Eg legg for ordens skuld inn avsnittet om Berthe Tobine Holgersdotter Holm saksa frå huslyden til Anna Haaversdotter (Forthun):

 

~~~~~~~~~~~~

 

d. Berthe Tobine Holgersdotter Holm, f. i Bergen 29.1.1829, d. i Bergen 12.5.1875.  Berthe gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 29.12.1850 med enkjemannen Christian Larsson frå Åmål i Värmland, Sverige, i Bergen kjend som Christian Larsen. 

 

     ##### (f. Åmål, Sverige 1818 – far skipsbyggjar Lars Dünder!)

 

     Han d. som skreddarsvein i Bergen 19.6.1855.  Christian gifte seg første gongen i Krosskyrkja i Bergen 3.9.1848 med Bertha Cathrine Petersdotter Kållström

 

     ##### (f. Viby, Örebro, Sverige 1817 – far smed Peter Kållström)

 

     Ho d. på sjukehuset i Bergen 1.5.1850.  Christian var skreddarsvein, og han og Berthe budde i Bergen.  Berthe flytte som enkje til Øksnes der ho 18.11.1863 gifte seg att med Casper Olson frå ein plass under Østreim i Austrheim, Lindås, sidan kjend som Casper Olsen.  Han var f. i Austrheim 30.4.1838 og d. som murar i Bergen 12.4.1897.  Som enkjemann gifte Casper seg 21.10.1877 att i Domkyrkja i Bergen med Nicoline Andrea Torbjørnsdotter Svendsen frå Bergen, f. i Bergen 11.6.1849.  Ho d. som murmeistararkone(!) i Bergen 20.4.1891.  Casper Olsen var ei tid fiskar, og han og Berthe budde på Sørsand i Øksnes, men kring 1868 flytte dei til Bergen der Casper sidan livnærte seg som gråsteinsmurar.  Berthe fekk i alt fem born, to frå første ekteskapet og tre frå det andre, men Christian Larsson hadde tre born frå første ekteskapet sitt, medan Casper Olsen fekk fire born i andre ekteskapet sitt.

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – Berthe Tobine etterlet 1875 berre eit umyndig barn – må vera Bjurgvald!:

            * Christine Charlotte Larsen, f. DK, Bergen 22.11.1844 – gift DK, Bergen 25.9.1870 med blekkslagarsvein Jakob Ritfelt Olsen, f. NK, Bergen 1844 – mange born – ho utvandra til Utah i 1904!

            * Josephine Brittiva Larsen, f. KK, Bergen 14.3.1847 – n. Bergen 1865 – gift Vor Frue, København 22.12.1872 med mursvein Jørgen Hansen, f. 1847

            * Lars Alfrit Larsen, f. DK, Bergen 21.2.1850 – n. Bergen 1865

            * Christian Petrus Larsen, f. DK, Bergen 22.9.1851 – d. DK, Bergen 25.10.1851

            * Berte Tobine Larsen, f. DK, Bergen 23.10.1853 – n. 1865 Øksnes – må vera d. før 1875!?

            * Bjurgvald Bigvai Olsen, f. Øksnes 23.5.1864 – n. 1865 Øksnes – n. 1875 Bergen – mursvein gift DK, Bergen 11.7.1886 med Ragnhild Katarina Olsen, f. NK, Bergen 5.10.1864 – 1922: Ragnhild attgift med T. Huseby, Bg.

            * Charlotte Caspara Olsen, f. Øksnes 18.6.1867 – d. Øksnes 20.8.1867

            * Hanna Caspara Olsen, f. DK, Bergen 14.8.1869 – må vera d. før 1875!?

            * Hjalmar Lithon Olsen, f. DK, Bergen 2.6.1878 – n. 1885/1891 – d. som sjømann i Philadelphia, PA 7.1.1901

            * Berthe Caspara Olsen, f. KK, Bergen 4.3.1880 – n. 1885/1891 – n. 1901 Kaspara – gift KK, Bergen 18.12.1907 med matros Oskar Vilhelm Alfred Carlsen, f. København 1877

            * Leonora Josephine el. Arantine Olsen, f. NK, Bergen 29.3.1882 – n. 1885/1891 – 1910: kokkepike Christiania

            * Nicolai Olsen, f. NK, Bergen 3.7.1885 – d. før 1891!?)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ganske so «fargerik» huslyd...

 

Kanskje Annanias Nilsson var like «fargerik» der han hamna??

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg om ein som i alle fall må vera «vår» Annanias Nilsson.  Men dette skjedde vel i god tid FØR han flytte til Nordland, so i spørsmålet om lagnaden hans er me diverre «like langt»...

 

Eller tek eg feil?  Lista i innlegg #11 skal jo normalt dekka perioden frå 1850 og utover...?

 

Uansett, alle detaljar er interessante, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.