Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lars Larsson Næss - fødd i Luster 1839 - utvandra i 1857 - kvar vart han av? - hamna han i Lac qui parle Co., MN eller hadde han ein namnebror i Masfjorden?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Lars Larsson Næss, son av Lars Erikson (1796-1895) og Johanna Ellefsdotter (1796-1850), plassfolk på Vadplassen under garden Nes i Luster, var fødd i Luster 29.7.1839.

 

Lars utvandra i 1857 til Amerika (#37): https://media.digitalarkivet.no/view/8403/9

 

Let det seg gjera finna lagnaden hans i Amerika?

 

Eg ser berre ein «brukberr» «kandidat» i FT1900, Lewis Larson fødd i Noreg i juli 1839 og utvandra i 1856 - farmar i Mehurin township, Lac qui parle Co., MN:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SS9-K6L?i=3&cc=1325221

 

Her er huslyden i FT1880 i Otranto townbship, Mitchell Co., IA:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBW-SQD?cc=1417683

 

Her er gravstøtta hans med namn Lewis Eric Larsen og fødselsdato 25.7.1839:

 

https://www.findagrave.com/memorial/147832957

 

Gravi til den engelske kona hans:

 

https://www.findagrave.com/memorial/147832190

 

Og dei har til og med ei dotter Johanna, oppkalla etter mor hans?

 

https://www.findagrave.com/memorial/147805910

 

Og eg ser av FT1880 over at dei til og med har ein son Ellef - oppkalling etter morfar i Luster?

 

MEN, og det er eit STORT MEN:  Det er fleire family trees på ancestry.com, og dei påstår hårdnakka at Lars «Lewis» skal vera fødd i BERGEN som son av Lars Mikkelson, d. på Spjutøy i Masfjorden i 1855!

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/36008607/person/20378753398/facts

 

EG TRUR at denne Lewis Larson er eit kjempegodt alternativ til «vår» Lars Larson, men korleis kan me prova det??

 

Kanskje nokon kan finna ein OBITUARY for Lewis i Madison, MN etter 29.8.1906?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
Skrevet (endret)

Finner en Lars Mikkelson Spjotøy i bygdeboka i Masfjorden

5aca3e63e41dd_Lars5.PNG.3fe0b579691d81a2f6f8c6200adaa5d9.PNG

 

NB - Spjotøy er vel i Lindås kommune tror jeg :

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for eit interessant innlegg!

 

Eg lyt seia eg har ein mistanke om at dette er endå eit døme (av mange) på at amerikanarar «mit aller Gewalt» vil finna ein link attende til Noreg, og so «plukkar» dei den «første og beste», sjølv om detaljane ikkje stemmer heilt...  Det er ikkje alle som har heilt sansen for kjeldekritikk...!  Lars Mikkelson på Spjotøy er i alle fall eit «feilspor»!  Eg kjem truleg til å kontakta eit par av dei personane som har skrive family trees med Lars Mikkelson som stamfar!

 

Nei, eg finn so mange detaljar i denne huslyden at eg er NESTEN sikker på at denne Lewis Larson verkeleg var frå Luster, og eg vonar at ein OBITUARY kan skaffa det endelege provet...

 

Ein ny kjemetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Eg har i ettertid sett litt meir på dei opplysningane som er presenterte på ancestry.com og ulike «family trees» og oppdagar at dei inneheld svært mange tilfeldige konklusjonar og feilkoplingar!  Denne huslyden budde i område der det var mange andre emigrantar frå Luster, først i Windsor township, Dane Co., WI, so i Otranto township, Mitchell Co., IA og ikkje minst i Lac qui parle Co.., MN.  Og det er so mange detaljopplysningar som tyder på at dette berre må vera «vår» mann frå Luster, til dømes oppkallingane av Johanna og Ellef samt nesten nøyaktig fødselsdato og utvandringsår, at eg ikkje lenger er i tvil!

 

Difor har eg no førebutt eit manuskript for denne huslyden som verkeleg har fått karakteren av å vera ei kjempeutfordring, so mange namn og ektemakar frå alle kantar...  Fleire av døtrene var gifte fleire gongar, den yngste rekte heile fem ekteskap, medan eit par av dei eldre døtrene «forsvinn» for oss...:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Ein del nye detaljopplysningar er dukka opp siste døgeret, og eg vil erstatta dette manuskriptet med eit nytt i innlegg #5 under.

 

Kanskje kan ein del manglande opplysningar finnast gjennom avisoppslag?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Eg har sidan i går kobba litt meir med denne huislyden og har fionne svar pån eon del utfordrande spørsmål, men framleis står det nokinmange att...

 

Her legg eg ut eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #4 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Larsson {Næs}, f. {i Luster} 29.7.1839,

Lewis Larsen utvandra til Amerika i 1857 og gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? – about 1859?)

 

med Elizabeth Louise Bartlett

 

##### (daughter of George Bartlett and wife Mary Ann – born Frocester, Gloucestershire, England Nov. 1844)

 

Lewis og Elizabeth farma først i Windsor township, Dane Co., Wis., men flytte kring 1874 til ein farm i Otranto township, Mitchell Co., Ia. og derifrå i 1885 til ein farm i Carthage township, Miner Co., S.D.  Kring 1894 flytte dei so inn hjå eldste son deira i Deer Creek township, Worth Co., Ia., for kring 1896 å flytta til ein farm i Mehurin township, Lac qui parle Co., Minn.  Lewis d. i Marietta, Minn. 29.8.1906,

 

##### (death record says Apr. 29!)

 

medan Elizabeth Larsen som enkje flytte inn hjå sonen Abe i Gary, Deuel Co., S.D. der ho d. 31.12.1916.  Lewis og Elizabeth fekk tolv born i lag:

 

##### (only 10 were living 1900/1910!)

 

a. Mary B.

 

     ##### (middle name?)

 

     Larsen, f. i Dane Co., Wis.

 

     ##### (exact date of her birth? – 1860?)

 

     ##### (with parents 1880 – was alive 1910 – later destiny!?)

 

b. William Henry Larson, f. i Dane Co., Wis. 12.12.1861, d. i Northwood, Ia. 5.9.1929.  Han gifte seg i Osage, Ia. 15.2.1886 med Jessie Edith Leedle, f. i Rock Co., Wis. 14.9.1861.  Ho d. i Northwood, Ia. 21.11.1936.  William og Jessie farma nokre år i Deer Creek township, Worth Co., Ia., men flytte i 1904 til Northwood, Worth Co., Ia. der William var hotelleigar («hotel owner»).  Dei fekk to døtrer i lag.

c . Johanna Geralda, kjend som Josie Larsen, f. i Dane Co., Wis. 2.2.1864, d. i Clark, S.D. 4.2.1935.  Ho gifte seg

 

     ##### (place of her marriage? – in SD! – son Clarence born in IA Sep. 1894)

 

     8.2.1888 med Harley Henry Hiltsley, f. i Oswego Co., N.Y. 20.10.1863.  Han d. i Jamestown, N.D. 15.12.1943.  Harley og Josie farma først nokre år i Deer Creek tiownship, Worth Co., Ia., men flytte 1898 til ein farm i Antelope Valley towbnship, Deuel Co., S.D.  Ei tid budde dei òg i Gary, Deuel Co., S.D. der Harley arbeidde som køyrekar («livery man»).  Dei vart skilde i 1914, og Josie vart buande nokre år hjå broren Abe i Clear Lake, Deuel Co., S.D., men flytte so til Clark, Clark Co., S.D. der ho arbeidde som kokke («restaurant cook»).  Harley flytte

 

     ##### (Harlie res. of Kidder Co., ND when he died!)

 

     Dei fekk ein son i lag.

d. Anna

 

     ##### (middle name?)

 

     Larsen, f. i Dane Co., Wis.

 

     ##### (exact date of her birth? – bur. with 1st husband at Carthage, Miner Co., SD)

 

     .5.1866, d. i Sioux Falls, S.D. 29.6.1929.  Ho flytte i 1885 til South Dakota og gifte seg første gongen

 

     ##### (date and place of her 1st marriage? – about 1889!?)

 

     med enkjemannen George Otis Barrows, f. i Bureau Co., Ill. 17.7.1858. 

 

     ##### (or born 1859?)

 

     George var farmar i Carthage township, Miner Co., S.D. der han d. 30.5.1907.  Anna gifte seg att i Sioux Falls, S.D. 2.11.1908 med

 

     ##### (2nd husband’s original Swedish name?)

 

     ##### (wherefrom in Sweden?)

 

     i Amerika kjend som Christ Olson.  Han var son av

 

     ##### (parents?)

 

     ##### (exact date and place of his birth?)

 

     .12.1841, men utvandra til Amerika i 1881. 

 

     ##### (verify?)

 

     Christ var snikkar («carpenter») i Salem, McCook Co., S.D. der han d. alt 6.12.1908.  Anna gifte seg tredje gongen i Sioux Falls, S.D. 24.6.1910 og, etter eit skilsmål i april 1911, på ny i Huron, S.D. 1.6.1911 med enkjemannen

 

     ##### (3rd husband’s original Danish name?)

 

     ##### (wherefrom in Denmark?)

 

     i Amerika kjend som Hans Just.  Han var son av

 

     ##### (parents?)

 

     ##### (exact date and place of his birth?)

 

     .10.1858, men utvandra til Amerika i 1874. 

 

     ##### (verify?)

 

     Hans d. i Sioux Falls, S.D. 15.12.1936.  Hans Just farma med første kona si i T96 R54 i Yankton Co., S.D., men han og Anna vart buande i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. der Anna i mange år var restaurant- og pensjonateigar («restaurant and rooming house owner and operator»), medan Hans var bareigar og sidan arbeidar og butikkmann («saloon keeper, laborer and clerk»).  Anna fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet med George Barrows, men George hadde òg ein son frå første ekteskapet sitt.  Hans Just hadde ingen born etter seg.

e. Abraham Lewis, kjend som Abe L. Larsen, f. i Dane Co., Wis. 26.3.1868, d. i Minneapolis, Minn. 15.4.1943.  Han gifte seg i Deuel Co., S.D. 1.12.1909 med Marie, kjend som Mary A. Gjertvig, f. i Blue Earth Co., Minn. 11.7.1881.  Ho d. i Minneapolis, Minn. 3.8.1959.  Abe Larsen var ei tid hotellvert («hotel manager») i Gary, Deuel Co., S.D., men vart so vald til kommunal skattesjef («County Treasurer») og flytte til Clear Lake, Deuel Co., S.D.  Han gjekk sidan attende til hotellnæringi og var ei tid hotelleigar («hotel proprietor») i Hurley, Turner Co., S.D., i Isanti Co., Minn. og til sist i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der han +og var banksjef («banker»).  Dei fekk to born i lag.

f. Georgine Hazel, kjend som Hazel J Larsen, f. i Dane Co., Wis. 27.9.1870, d. i Sioux City, Ia. 5.2.1912.  Ho gifte seg i Sioux City, Ia. 14.1.1901 med enkjemannen Elisha Jackson Tadlock, f. i Appanoose Co., Ia. 2.10.1859.  Han d. i Sioux City, Ia. 19.4.1929.  Han gifte seg første gongen i Onawa, Ia. 24.12.1886 med Carrie C. Brown, f. i Ida Co., Ia. 6.9.1869.  Ho d. i Sioux City, Ia. 28.3.1894.  Elisha Tadlock voks dels opp i Nebraska og var frå 1897 til 1899 lensmann («sheriff») i Pender, Thurston, Neb., men budde elles i Sioux City, Woodbury Co., Ia. der han var kveghandlar og sidan eigedomsmeklar («stock buyer and realestate dealer») til han kring 1918 flytte til Huron, Beadle Co., S.D. der han heldt fram som eigedomsmeklar («realestate dealer»).  Han fekk tre born, men dei var alle var frå første ekteskapet hans.

 

     ##### (Obituary published in the Pender Republic newspaper, Pender, Thurston Co., NE on Apr. 26, 1929!)

 

g. Atheline

 

     ##### (full name? – also called Athel, Eithel and Ethel!)

 

     Larsen, f. i Dane Co., Wis.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     .7.1871,

 

     ##### (still single with parents 1900 – later destiny!?)

 

h. Ellef Robert, kjend som Robert E. Larsen, f. i Dane Co., Wis.

 

     ##### (date of his birth? – Jan. 1 (WW1 draft) or June 23?)

 

     1873, d. Verdon, Brown Co., S.D. 6.7.1940.  Han gifte seg i Lac qui parle Co., Minn. 28.7.1908 med Anna Florence Aebli, f. i Lac qui parle Co., Minn. 7.6.1889.  Ho d. i Orofino, Idaho 13.1.1967.  Robert og Anna farma i Spring Valley township, Clark Co., S.D. og sidan i Groveland og Condo townships, Spink Co., S.D.  Dei fekk tretten born i lag.

i. Kate

 

     ##### (full name?)

 

     Larsen, f. i Mitchell Co., Ia.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     .9.1874, d.

 

     ##### (date and place of her death? – after 1910!)

 

     Kate gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – 1894?)

 

     med Ephraim Bertie Jones, f. i Fayette Co., Ohio 25.2.1868.  Han d. i Sioux City, Ia. 19.2.1938. 

 

     ##### (occupation and place of their residence? – 1900: RR postal clerk Sioux City, Woodbury Co., IA – 1910: do – she a saleswoman millinery store)

 

     ##### (Ephraim Jones married a 2nd time Sioux City, IA Nov. 3, 1915 to Adah Foster, born Madison Co., IA Mar. 25, 1885, died Sioux City, IA Jan. 1985 – lived about 1921 at Fresno, CA!)

 

     ##### (number of sons and daughters? – only by 1910: Mary E., born IA Jan. 1899)

 

j. Louise

 

     ##### (middle name?)

 

     Larsen, f. i Mitchell Co., Ia.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     1879, d. i Mitchell Co., Ia.

 

     ##### (date of her death? – between 1880 and 1885!)

 

k. Vera M.

 

     ##### (middle name? – birth year 1882? – death record says 1883!)

 

     Larsen, f. Mitchell Co., Ia. 5.4.1883, d. i Redfield, S.D. 13.10.1968.  Vera gifte seg første gongen i Lac qui parle Co., Minn. 26.3.1902 med Will M.

 

     ##### (middle name? – son Raymond John Jacobs born Lac qui parle Co., MN June 21, 1903)

 

     Jacobs, f.

 

     ##### (date and place of his birth? – apparently Iowa!?)

 

     ##### (date and place of his death?)

 

     ##### (occupaton and place of their residence? – 1905 Vera alone on farm with her parents – 1910 census shows one William Jacobs born in IA 1879 – res. with a cousin John C. Snider in Des Moines, Dallas Co., IA – he was divorced! – but his name was William R. Jacobs!!)

 

     Dei vart skilde kring 1906, og Vera gifte seg 25.12.1908 att i Gary, S.D. med Theodore Olie Wilson, f. i Goodhue Co., Minn. 14.3.1881.  Han d. i Day Co., S.D. 27.6.1949.  Theodore var snikkar og sidan kornagent («carpenter and grain buyer»), og dei budde i Crocker, Spring Valley township, Clark Co., S.D., men vart skilde

 

     ##### (year of divorce? – between 1910 and 1918/19?)

 

     og Theodore var sidan eigedomsseljar («realestate salesman») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. og i Marietta, Lac qui parle Co., Minn.  Vera gifte seg tredje gongen

 

     ##### (date and place of their marriage? – after June of 1917/prior to Jan. of 1920!)

 

     med Nick Edward Lambert, f. i Winona Co., Minn. 3.6.1887.  Han d.

 

     ##### (date and place of his death? – lived 1942 Watertown, Codington Co., SD!)

 

     Nick og Vera farma i Spring Valley township, Clark Co., S.D. men vart skilde

 

     ##### (year of divorce? – between 1920 and 1925)

 

     ##### (Nick remarried another Vera and moved to Watertown, Codington Co., SD where he was a laborer!)

 

     Vera gifte seg so fjerde gongen i Huron, S.D. 24.11.1925 med enkjemannen Herman Kragenbrink 

 

     ##### (origin etc.? – had also been married before – born Germany Oct. 4, 1873 – emigrated 1887?)

 

     Han d. i Day Co., S.D.

 

     ##### (exact place of his death?)

 

     27.8.1949.  Herman Kragenbrink farma først i Delhi township, Delaware Co., Ia. og sidan i Jefferson township, Spink Co., S.D., men flytte so til Ashton Spink Co., S.D. der han i mange år dreiv bensinstasjon («filling station manager»).  Han hadde åtte born frå første ekteskapet sitt.  Vera gifte seg so femte gongen i Clark, S.D. 14.2.1956 med enkjemannen Harry LeRoy Myers, f. i Mason Co., Mich. 4.9.1899.  Han d. i Redfield, S.D. 15.11.1965.  Harry farma ei tid i Prosper township, Davison Co., S.D., men flytte i 1940 til Redfield, Spink Co., S.D. der han var vegarbeidar («county highway department worker»).  Han hadde tre born, som alle var frå første ekteskapet hans.  Vera fekk ein einaste son, og han var frå første ekteskapet med Will Jacobs.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og lever vidare i voni...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.