Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anders Torkildson (1830-1901) og Brit Iversdotter (1836-1916) - gardbrukarar på Kyllingteigen og Kyllingplassen i Grytten (Rauma) - lagnadane til borni deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordrande huslyden som har lege i «dvale» i snart eit halvt år, samstundes som eg vil takka Sven for siste innlegget!

 

Av siste innlegget går det fram at Knut Pladsen var gardbrukar på Pladsen då han gifte seg i 1936, so det er vel utifrå dette rimeleg å tru at foreldri Torkild og Marie dreiv garden inntil Knut tok over...  Men truleg treng me kontakt med nolevande etterkomarar for å finna ut av dei endelege lagnadane båder til Torkild og kona, tilo Magnus og kona samt til Andrea som forsvinn og Anton som òg forsvinn i Amerika...

 

Her kjem siste versjon av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Iversdotter {Næs}, f. {i Luster} 18.2.1836,

Brit Iversdotter flytte til Grytten i Romsdalen der ho 28.6.1862 gifte seg med Anders Torkildson frå Kyllingteigen i Grytten.  Han var son av gardbrukar Torkild Erikson på Kyllingteigen, opphavleg frå Kittelstad i Skjåk, og kona Marit Andersdotter frå Hen i Grytten og f. i Grytten 1.4.1830.  Anders og Britha var gardbrukarar på Kyllingteigen i Grytten, men flytte sidan over på Kyllingplassen under garden der Anders d. som kårmann 28.8.1901.  Brit Iversdotter d. som kårenkje same staden 4.4.1916.  Dei fekk sju born i lag:

a. Torkild Andersson Pladsen, f. i Grytten 26.1.1864, d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Øverdal, Rauma)

 

     1.6.1939.  Torkild gifte seg i Grytten 31.5.1891 med Mari Knutsdotter frå Rødstøl i Grytten, f. i Grytten 25.5.1865.  Ho d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Øverdal, Rauma)

 

     23.11.1949. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1910: gardbrukar og snikkar på garden Pladsen (77-2) i Grytten – sidan kva?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Beret, f. Grytten 24.3.1891 – utv. 1910 til Minnesota

            * Gyda, f. Grytten 16.3.1894 – n. 1910 – d. 1987 Grong – gift med Karlot Andersen

            * Anders, f. Grytten 12.3.1896 – n. 1910 – gift Grytten 30.9.1924 med Olga Rødstøl, f. 1905

            * Klara, f. Grytten 8.11.1898 – n. 1910 – d. 6.7.1926 Rauma

            * Mathias, f. Grytten 15.5.1901 – n. 1910 – d. 25.5.1924 Rauma

            * Knut, f. Grytten 2.8.1903 – n. 1910 – d. 29.4.1977 Rauma – gardbrukar på Pladsen i 1936!

            * Gustav Albert, f. Grytten 9.12.1905 – n. 1910 – d. 22.11.1983 Rauma

            * Mathea, f. Grytten 5.1.1909 – n. 1910)

 

b. Andrea Andersdotter, f. i Grytten 8.2.1866,

 

     ##### (levde 1880 – hjå foreldri på Kyllingteigen 1891 – lagnaden hennar?)

 

c. Mathias Andersson, f. i Grytten 22.9.1868, d. ugift på Kyllingteigen 7.11.1891.

d. Andreas Andersson Pladsen, kjend som Andrew Anderson, f. i Grytten 9.11.1870, utvandra til Amerika i 1891 og gifte seg i Minneapolis, Minn. 17.12.1891 med Kirstina Pedersdotter Nora frå Nora i Grytten, i Amerika kjend som Christine Nora.  Ho var dotter av gardbrukar Peder Gunderson på Nora og kona Kirsti Torstensdotter frå

 

     ##### (ein plass, men kva for ein plass?)

 

     under Skiri og f. i Grytten 28.7.1863, men utvandra òg til Amerika i 1891.  Andrew og Christine slo seg ned som farmarar i Maplewood township, Otter tail Co., Minn., men flytte som pensjonistar inn til Fergus Falls, Otter tail Co., Minn. der Andrew d. 18.3.1954.  Christine Anderson d.

 

     ##### (place of her death? – Wright Co., MN!)

 

     19.5.1956.  Dei fekk to born i lag.

e. Gurianne Andersdotter, f. i Grytten 7.6.1873, d. i Grytten 25.3.1874.

f. Magnus Andersson Pladsen, f. i Grytten 22.6.1875, d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Kors, Rauma)

 

     13.5.1956.  Magnus gifte seg i Grytten 18.6.1909 med Olina, kjend som Lina Olsdotter frå Rødstøl i Grytten, f. i Grytten 23.2.1870.  Ho d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Kors, Rauma)

 

     7.7.1939. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1910: gardbrukar og treskjerar Haugen i Grytten – sidan gardbrukar på Alnes!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - - inkl.:

            * Johannes Alnes, f. Grytten 31.1.1910 – n. 1910 – d. 18.11.1983 – Kors, Rauma – g. Kors 2.7.1932 med Olga Brude)

 

g. Anton Andersson Pladsen, f. i Grytten 9.2.1877,

 

     ##### (utvandra som skreddar til Minnesota 1896 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.