Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Jørgenson (1827) og brorborni Peder Pederson (1851), Britha Pedersdotter (1856) og Bertha Pedersdotter (1861) - frå Joranger i Hafslo til Amerika, men kvar vart det av Johannes, Peder og Bertha?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg først vart merksam på for om lag 25 år sidan, men som eg den gongen ikkje greidde å gjera noko med.  Kanskje er det mogeleg i dag?

 

Johannes Jørgenson, fødd på Joranger i Hafslo 5.8.1827, son av gardbrukar Jørgen Pederson (1790-1866) og kona Britha Johannesdotter (1797-1874), flytte i 1855 til Buksnes i Lofoten, men utvandra derifrå til Amerika i 1860: https://media.digitalarkivet.no/view/2637/475

 

Johannes hadde ei søster Kari Jørgensdotter (1832-1910), som i 1857 utvandra med mannen Peder Erikson Bathen «Barton» (1817-1882) og busette seg i Freeman township, Crawford Co., WI, men der kan eg ikkje sjå noko til Johannes...

 

Johannes og Kari hadde ein bror Peder Jørgenson (1825-1904) som tok over heimebruket på Joranger i Hafslo.  Han gifte seg med Malena Johannesdotter (1828-1917), og dei fekk i alt ni born.  Tre av dei eldste utvandra i lag til Amerika i 1880:

 

* Peder Pederson, fødd i Hafslo 24.2.1851: https://digitalarkivet.no/view/8/pe00000000661904

 

* Britha Pedersdotter, fødd i Hafslo 23.1.1856: https://digitalarkivet.no/view/8/pe00000000661905

 

* Bertha Pedersdotter, fødd i Hafslo 25.2.1861: https://digitalarkivet.no/view/8/pe00000000661906

 

Her ser me at dei to eldste, Peder og Britha Jordanger, alt i juni 1880 var framkomne til søskenparet Christopher og Britha Opheim. tidlegare utvandra frå nabogarden i Hafslo til Amerika, og dei budde i Viroqua, Vernon Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-92Z8?i=8&cc=1417683

 

Christopher Opheim flytte snart etter til Chicago, IL der han 20.1.1883 gifte seg med Britha Jordanger, men han døydde i Chicago, IL alt i 1885, og i 1897 reiste Britha Opheim med einaste dotter si attende til Bergen der ho døydde 12.6.1920.

 

Utfordringane her er følgjande:

 

** Kvar vart det av Johannes Jørgenson?

 

** Kvar vart det av Peder Pederson?

 

** Kvar vart det av Bertha Pedersdotter?

 

Når ein ser på FT1880, er det underleg at Bertha ikkje er nemnd i Viroqua, WI i lag med søskeni, og dette får meg til å tru ho kan vera avlidi undervegs over Atlanterhavet?  Men kan dette eventuelt dokumenterast?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til oppklaring av desse amerikanske utfordringane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit skikkeleg spennande innlegg!

 

På ancestry.com ser eg at denne vigsli fann stad i Dunn Co., WI, og fødselsregisteret for Dunn Co., WI syner

 

Johannes Jorgenson og Karoline Nielson som foreldre til:

 

* Nils H., fødd Elk Mound, Dunn Co., WI 27.12.1882

 

* Kristine, fødd Elk Mound, Dunn Co., WI 4.9.1884

 

Elles ser eg i grunnen berre EIN EINASTE «kandidat» for Karoline:

 

* Caroline Jensdotter, fødd i Målselv 11.4.1852 som dotter av gardbrukar Jens Nilsson og Hanna Carstensdotter på Udrapet: https://media.digitalarkivet.no/view/2902/38

 

Her er vigsli til foreldri i Lenvik 1850: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000982660

 

Dei får born i Målselv fram til hausten 1861, men er ikkje å sjå i Målselv i FT1865!

 

Eg TRUR dette må vera rett Johannes og Karoline, men kvar var dei i 1880?  Og kvar vart det av dei??

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til å kartleggja lagnadane til desse sogningane i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

At dette må vera rett foreldre til Karoline synest vera stadfest her:

 

Søsteri Martha Jensdotter, fødd i Målselv 23.8.1857, gifte seg i Dunn Co., WI 25.12.1880 med Lars Martin Benson:

 

Name Lars Martin Benson
Event Type Marriage
Event Date 25 Dec 1880
Event Place , , Wisconsin, United States
Gender Male
Father's Name Ever
Mother's Name Greth
Spouse's Name Marthe Nilson
Spouse's Gender Female
Spouse's Father's Name Jens Nilson
Spouse's Mother's Name Hanna

 

Men heller ikkje Martha finn eg i FT1880 for Dunn Co., WI!

 

Men dette parfolket får òg born i Elk Mound, Dunn Co., WI:

 

* Edvin Ben, fødd Elk Mound, Dunn Co., WI 21.7.1885

 

* Julie Helene, fødd Elk Mound, Dunn Co., WI 20.4.1887

 

Men i FT1900 finn eg denne huslyden att i Cook Co., IL:

 

Her er forresten endå ei søster av Karoline: Oleanna Kristine, fødd i Målselv 6.8.1859:

 

Name Christian Ludvigson
Spouse's Name Olena Nelson
Event Date 26 May 1878
Event Place Dunn, Wisconsin, United States
Father's Name Hans Ludvigson
Mother's Name Hellen
Spouse's Father's Name Jens Nelson
Spouse's Mother's Name Hannah

 

Desse er i Elk Mound i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB6-R12?i=1&cc=1417683

 

og framleis i Elk Mound i 1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SZS-WQW?i=9&cc=1443899

 

So då må jo ogso Johannes Jørgenson og Karoline dukka opp ein eller annan stad...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sete ganske so lenge i dag for å freista finna ut litt meir om huslyden til Johannes Jørgenson i Amerika, og endeleg fann eg dei i FT1880.  Dei farma i Wheaton township, Chippewa Co., WI som grensar opp mot Elk Mound i Dunn Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBK-JLP

 

Alderen hans er ikkje heilt rett, men prov fekk eg gjennom kyrkjeboki for Big Elk Creek Lutheran church der:

 

* Sonen Johan Peder er skriven fødd 20.10.1878

 

* Dotteri Betsy Marie er skriven konfirmert i 1893, 16 år gamal

 

Farmen deira finn eg so i ei kartbok for Wheaton township frå 1888: E½ NW¼ S18 T28 R10

 

Eg ser ikkje noko meir til dei etter konfirmasjonen hennar Betsy i 1893, so det kan sjå ut til at dei er bortflytte, men KVAR?  Rett nok er ein John Jorgenson nemnd avliden i Chippewa Co., WI 8.7.1906, men om det er «vår» John, tja kven veit...?

 

Etter dette har eg sett opp eit manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Jørgenson {Jordanger}, f. {i Hafslo} 5.8.1827,

Johannes Jørgenson flytte i 1855 til Buksnes i Nordland, men utvandra derifrå til Amerika i 1860.  Under namnet John Jorgenson finn me att då han 29.5.1876 gifte seg i Dunn Co., Wis. med Caroline Jensdotter frå Utrapet i Målselv, i Amerika kjend som Caroline Nelson.  Ho var dotter av gardbrukar Jens Nilsson på Utrapet, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans i Sverige? – f. 1820? - far Nils Jensson)

 

og kona Hanna Carstensdotter frå Sørstraumen i Sørreisa og f. i Målselv 11.4.1852.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine

 

##### (utvandringsåret 1863-1865?)

 

John og Caroline slo seg ned som farmarar i Wheaton township, Chippewa Co., Wis. der

 

##### (1888 plat map shows: E½ NW¼ S18 T28 R10 – later destiny?)

 

##### (their deaths? – one John Jorgenson died in Chippewa Co., WI July 8, 1906 – can he be the one?)

 

Born:

a. Betsy Marie Jorgenson, f. i Chippewa Co., Wis.

 

     ##### (exact date of her birth? – 1877? – listed 1880 – confirmed 1893! – destiny?)

 

b. Johan Peder, kjend som John P. Jorgenson, f. i Chippewa Co., Wis. 20.10.1878,

 

     ##### (listed 1880 – destiny?)

 

c. Nils H.

 

     ##### (middle name?)

 

     Jorgenson, f. i Chippewa Co., Wis. 27.12.1882,

 

     ##### (destiny?)

 

d. Christine Jorgenson, f. i Chippewa Co., Wis. 4.9.1884,

 

     ##### (destiny?)

 

##### (more children? – info?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore skikkeleg gildt om nokon greier finna ut litt meir om denne huslyden, og eg takkar på ny for framifrå bistand til løysing av denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld hatt ein samtale med kontaktar i Chippewa Co., WI og fekk bragt på det reine at den John Jorgenson som døydde der i 1906, rett nok var fødd i Noreg, men alderen hans var berre 39 år gamal, so det var tydeleg «feil» person.

 

MEN, eg oppdaga ein John Jorgenson som var fødd 20.10.1878 og som døydde i Seattle, WA 28.11.1966.  Det må tydeleg vera John «junior», men diverre ligg han i ei større «felleslot» i Mt. Pleasant cemetery i Seattle, WA, so det ser ikkje ut til å vera so heilt enkelt å komma vidare der...

 

Det skal visst ikkje vera so heilt enkelt å komma vidare med denne ætti, men leitingi held fram...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag studert meir på denne huslyden og har greidd å identifisera huslyden til John Jr. i Seattle, WA.  Det syner seg han hadde òg ein bror med namn Carl.  Sjølvsagt var det to søskenpar med namni John og Carl Jorgenson i Washington på same tid, men hitt paret var frå Portage Co., WI olg buddehelst i Snohomish Co., WA, medan «vårt» søskenpar var i Seattle, WA!

 

Her følgjer eit manuskript til oppdatering av manuskriptet i innlegg #5 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at eg siste døgeret har greidd å finna nokre fleire detaljar om denne huslyden, har eg oppdatert manuskriptet i innlegg #8 nedanfor!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!  Og kanskje greier nokon finna att Peder Pederson og søsteri Bertha òg?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har siste døgeret, mellom anna gjennom telefonar til Amerika, finne nokre nye detaljar om denne huslyden, og her kjem ein oppdatert versjon:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Jørgenson {Jordanger}, f. {i Hafslo} 5.8.1827,

Johannes Jørgenson flytte i 1855 til Buksnes i Nordland, men utvandra derifrå til Amerika i 1860.  Under namnet John Jorgenson finn me att då han 29.5.1876 gifte seg i Dunn Co., Wis. med Caroline Jensdotter frå Utrapet i Målselv, i Amerika kjend som Caroline Nelson.  Ho var dotter av gardbrukar Jens Nilsson på Utrapet og kona Hanna Carstensdotter frå Sørstraumen i Sørreisa og f. i Målselv 11.4.1852.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine

 

##### (utvandringsåret 1863-1865?)

 

John og Caroline slo seg ned som farmarar i Wheaton township, Chippewa Co., Wis. der

 

##### (1888 plat map shows: E½ NW¼ S18 T28 R10 – later destiny?)

 

##### (their deaths?)

 

Dei fekk fem born i lag:

 

##### (sjekka at eg har fått med meg alle?)

 

a. Betsy Marie Jorgenson, f. i Chippewa Co., Wis.

 

     ##### (exact date of her birth? – 1877? – listed 1880 – confirmed 1893! – destiny?)

 

b. Johan Peder, kjend som John J. Jorgenson, f. i Chippewa Co., Wis. 20.10.1878, d. i Seattle, Wash. 28.11.1966.  John gifte seg i Moxee, Yakima Co., Wash. 2.4.1913 med Anna M.

 

     ##### (middle name? – children Alfred 1915 and Margaret L. 1926 – 1940 Seattle, WA census shows Alfred (cement finisher) married to Helen (1920) with son Alfred S (1939) and sister Margaret – Margaret born Seattle, WA Aug. 17, 1925 - died as Margaret A, Whitsett in Seattle, WA Dec. 8, 2003 – Alfred Jorgenson, born June 17, 1914, died Seattle, WA July 2, 1948 – leaving wife Helen Doucett and three children!)

 

     Schmitz, f. i Yakima Co., Wash. 19.1.1895.  Ho d. i Seattle, Wash. 28.1.1937.  John var saueskjerar («sheep shearer»), og han og Anna budde levetidi ut i Seattle, King Co., Wash.  Dei fekk to born i lag.

 

     ##### (1913: «of Lewiston, ID» – bur. Mt. Pleasant, Seattle, WA – near him in a public lot is one Carl Jorgenson who was buried early Nov. 1962 – probably his brother Carl!!)

 

c. Carl Jorgenson, f. i Chippewa Co., Wis. 25.6.1880,

 

     ##### (dåpen hans i Our Saviors Lutheran i Eau Claire, WI. syner fødselsdato 25.5.1882, men dette trur eg er ei feilskriving(?) – WW1 draft syner 25.6.1880!)

 

     ##### (date and place of his death? – probably Seattle, WA November 1962 – buried near John!?)

 

     Carl var òg saueskjerar («sheep shearer») og budde i mange år hjå broren John i Seattle, King Co., Wash., ugift.

d. Nils H.

 

     ##### (middle name?)

 

     Jorgenson, f. i Chippewa Co., Wis. 27.12.1882,

 

     ##### (destiny?)

 

e. Christine Jorgenson, f. i Chippewa Co., Wis. 4.9.1884,

 

     ##### (destiny?)

 

##### (more children? – info?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld motteke dokument frå gravferdsbyrået som stod for gravferdene til John og Carl Jorgenson i Seattle, WA.  Dei seier diverre ikkje stort, men me får vita at Carl Jorgenson døydde i Seattle, WA 18.11.1962 etter å ha levd 50 år i Washington!

 

Næraste pårørande til både Carl log John var dotteri til John, Margaret Whitsett, som døydde i Sedro Wolley, WA 8.12.2003, og ifølgje ei kort dødsmelding for John, som eg òg har motteke i ettermiddag, må ho ha hatt fire born.  Hadde me endå greidd å finna eitt av dei...??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

? Margaret Jorgenson var først gift med Robert Allan Lennstrom 26. januar 1942

https://digitalarchives.wa.gov/DigitalObject/Download/c51185ce-75e8-48d7-ab6d-2f7dfcebc79f

Han døde alt 27. juni 1950 https://digitalarchives.wa.gov/Record/View/5467567986BB3045C20641169C2FA9D

 

(Ifølge Census 1930 var hun forøvrig adoptert av John og Anna Jorgenson)

 

Ifølge Familysearch skal hun ha blitt gift i september 1973 med Floyd A. Whitsett. https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QLHP-H8D6

MEN: Så finner jeg en vielse i 1960 mellom Floyd A. Whitsett og Margaret Anna CROSSEN. https://digitalarchives.wa.gov/DigitalObject/Download/56012304-f2e5-4ce8-bbeb-deb467212e39

 

Ser ut som de hadde en kortvarig skilsmisse i januar 1973 før de giftet seg på nytt . https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QLCW-4MTT

(hvis da Margaret Crossen er identisk med Margaret Jorgenson...)

 

Så en obituary for Floyd A. Whitsett i 2006 som oppgir navn på barna til Margaret Crossen https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QKRS-8F7G

Diana, Gary, Ron og Robert, og en datter Sharon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit interessant innlegg!

 

Med alle dei namni bør det vera mogeleg å finna ein som har telefon og som eg kan kontakta.  Men eg lyt venta til i morgon eller lenger, for eg har pådrege meg ei aldri so liti forkjøling og sit nesten stemmelaus framfor PC'en min i kveld...

 

Men i mellomtidi har eg leitt litt meir etter Betsy Jorgenson i FT1900 - søkt etter Betsy fødd WI 1876/1877 av norske foreldre, og eg finn berre eitt alternativ som kan høva (fleire andre har eg sjekka ut som uaktuelle...):

 

* Betsy Enger i Polk Co., WI 1900 er fødd i januar 1877 og gift kring 1892 med George Enger: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q83-8XB

 

Eg finn dei òg same stad i FT1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q73-W7B

 

men so vert dei borte vekk!  Eg finn heller ikkje vigsli deira, so Betsy KAN jo godt ha vore ei Jorgenson...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg får ikkje heilt roen på meg med denne «merkelege» huslyden.  Eg har no søkt lite vetta i dei vestlege statane etter mogelege Johns fødd i Wisconsin kring 1878 med norske foreldre, og det dukkar opp ein SAUESKJERAR på rett alder i FT1910 for Carbon Co., WY, men han heiter John ERICKSON:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBX-QP

 

Eg har vore borti andre personar før som av ukjende òrsaker har endra namni sine til det «umogelege», og yrket SAUESKJERAR er vel so pass spesielt at det neppe kan vera heilt tilfeldig?  Eg finn i alle fall ingen John Erickson frå Wisconsin med norske foreldre som høver med denne i alder, bortsett ifrå ein John B. Erickson frå Dunn Co., WI, men han var byggmeistar!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no i fleire dagar freista kontakta den eine Crossen-personen som bur i Sedro Woolley, WA og som må vera son hennar Margaret, men han tek aldri telefonen...  Frustrerande...

 

Difor har eg no følgt opp broren Alfred Jorgenson (1914-1948).  Enkja Helen gifte seg att med Neil Koselke, og obituarien hennar frå 2011 har eg finne i same kjelda som Lars J. nemner over i innlegg #10:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QK4K-QLJK

 

Men det ser ut til at dei fleste borni hennar var frå ekteskapet med Koselke, so om det hjelper følgja opp denne huslyden, er usikkert...

 

Eg har ei kjensle av å stå lite vetta «på staden kvil», men gjev ikkje opp og takkar på ny for framifrå bistand til oppsporing av denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no omsider fått tak i telefonnummer til fleire barneborn etter John og Anna Jorgenson i Washington or Oregon, men strever framleis med å finna dei heime.  Kanskje dagen i dag kan bidra med svar i alle fall frå ein av dei...

 

Elles har eg hatt nærare kontakt med styresmaktene i Chippewa Co., WI, og det kjem fram at John og Caroline Jorgenson i desember 1889 vart skulda for mislighald av eit lån frå 1880 og manglande betaling av skatt.  Farmen vart i 1894 seld på tvangsauksjon til ein George Dahl som same året selde vidare til Christian og Sina Johnson.  Dei vart buande der...

 

Det kan sjå ut som om John og Caroline budde på farmen heilt fram til 1894, noko som høver bra med at eldste dotteri vart konfirmert i Elk Mound i 1893.  So er det store spørsmålet kvar det då vart av dei...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finst eit «summarisk» manntal for vaksne personar i Wisconsin for 1895, og ser me på dette, finn me:

 

* Chippewa Falls, Chippewa Co., WI: John Jorgenson, male, Scandinavian - only adult in family

 

* Eau Claire, Eau Claire Co., WI: John Jorgenson, male, Scandinavian - with a wife (name not given), Scandinavian - two adults in family

 

Ein av desse MÅ vera «vår» John Jorgenson, men båe er borte i 1900, so kvar dei flytte, er og vert ei gåte...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppklaring av denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det dukkar stadig opp nye «element» i denne huslyden.  Her er Carl Jorgenson's application for social security frå 1936 som syner fødestad «near Altmont, Wisconsin»:

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60901&h=11592818&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx7858&_phstart=successSource

 

Noko Altmont, WI finst ikkje, men me har:

 

* Almond i Portage Co., WI

 

* Altamont nær Mason i Bayfield Co., WI

 

Det var pussig nok ein Carl Jorgenson fødd i Portage Co., WI 12.3.1882, men han hadde heilt andre foreldre (Rasmus og Karen Jorgenson) som var utvandra frå Danmark!

 

Noko nærare kjem me ikkje i denne omgongen, men kanskje eitt eller anna vil dukka opp...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frå «Register of Deeds» i Chippewa Co., WI har eg i dag motteke ei melding som mellom anna inneheld følgjande:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

«I found several documents.  The land was sold to Southwestern Land Company by means of Tax Deeds.  There were 3 tax deeds to Southwestern Land Co.  for this property, not sure why there were 3 of them.
 
Doc 50758 in vol. 52 of Deeds  dated 12/30/1889
Doc 57605 in vol. 52 of Deeds dated 11/21/1892
Doc 57606 in vol. 52 of Deeds dated 11/1/1892
 
There was a Lis Pendens Filed In the Circuit Court dated 1/23/1893.  It has Southwestern Land Company as the Plaintiff and John Gjorgenson as defendant.  It lists all 3 of the tax deeds and the legal of the property owned by John in Section 18 Township 28 north & Range 10 West.
 
Southwestern Land Co sold the land to George Dahl in a Warranty Deed, document 61676, recorded in vol. 62 of Deeds Page 637 and dated July 7, 1894.»

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg sit med ei kjensle av at Johannes Jørgenson verkeleg «kjempa» for å halda på farmen sin, men at han laut gje opp kampen i 1893 eller seinast i 1894.

 

Dette hjelper vel ikkje stort, men kanskje nokon ser noko som eg ikkje har oppdaga?  Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av lagnaden til denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne saki som òg etter kvart synest gå i «gløymeboki».

 

Diverre har kontakt med nolevande etterkomarar etter John Jorgenson Jr. i Amerika ikkje gjeve resultat, men eg forstår ikkje korleis Johannes (John Sr) log Caroline kan gøyma seg so fullstendig etter deimiste farmen og laut flytte derifrå!

 

Eg var for ikkje lenge sidan borti ein annan huslyd der mannen døydde på 1890-talet og kona gifte seg att før 1900 med den følgje at alle borni hennar i FT1900 hadde «teke» ættenamnet til stefaren.  Det var berre heilt tilfeldig at eg greidde å finna dei att!

 

Når me veit at Johannes (John Sr) var so mange år eldre enn Caroline, er vel kanskje dette med eit attgifte ein «opsjon» ein bør ha i tankane?  Her kan me òg ha i minne at ein John Erickson, som i FT1910 er «sheep shearer» i Wyoming, er nøyaktig på same alder, har same fødestad (WI) og norskfødde foreldre som «vår» John Jr....  Men frå han i 1913 dukka opp i Yakima Co., WA og utover heitte han aldri noko anna enn John Jorgenson!

 

Eg syner til manuskriptutdraget i innlegg #8 over og takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

I samband med at Johannes Jørgenson i 1849 vart etterlyst då han ikkje møtte til militær teneste i heimbygdi vil eg i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi.

 

Mange steinar har vore snudde i Amerika, men utan hell.  Hadde me berre greidd å finna dei att nokon av denne huslyden i FT1900?  Ein eller annan stad må dei jo ha vore...  Manuskriptet mitt har diverre ikkje endra seg i høve innlegg #8 over, med mindre Betsy Enger omskrivi i innlegg #11 skulle syna seg å vera «vår» Betsy Jorgenson???

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnad på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil i kveld gjerne få komma attende til denne Enger-huslyden som er omskriven i innlegg #11 over og der kona Betsy ser so lovande ut som dotter av Johannes Jørgenson og kona Caroline:

 

FT1900 Clayton township, Polk Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q83-8XB

 

ENGER, George  Oct. 1861  Nor  Nor  Nor  em 1886 farmer

ENGER , Betsy  Jan. 1877  WI  Nor  Nor - wife - married 8 years - 2 children:

ENGER, Emanual  Dec. 1893  WI  Nor  WI - son

ENGER, Henry  Sep. 1895  WI  Nor  WI  - son

 

FT1905 Clayton township, Polk Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q73-W7B

 

ENGER, George  44  Nor  Nor  Nor  farmer

ENGER, Betsy  38  WI  Nor  Nor  wife

ENGER, Emanuel  12  WI  Nor  WI  son

ENGER, Henry  10  WI  Nor  WI  son

KNUTSON, Mable  8  WI  Nor  WI  niece

KNUTSON, Willie  6  WI  WI  Nor  nephew

 

Går me so attende til FT1900 for Clayton township, Polk Co., WI, finn me huslyden til Mable og Willie: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q73-W7B

 

KNUTSEN, ..........  Sep. 1873  WI  Nor  Nor  farmer

KNUTSEN, Sina(?) July 1872  Nor  Nor  Nor  em 1886 - wife - married 7 years - 2 children:

KNUTSEN, Mable  June 1897  WI  WI  Nor - daughter

KNUTSEN, Willie  May 1899  WI  WI  Nor - son

 

Son finn eg denne vigsli i Polk Co., WI i 1892:

 

Name Geo. Enger
Event Type Marriage
Event Date 06 Jun 1892
Event Place Richardson, Polk, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Norway
Father's Name Hans Nelson Enger
Mother's Name Marie Madsen
Spouse's Name Mary Knudsen
Spouse's Gender Female
Spouse's Birthplace Clayton, Polk Co., Wis.
Spouse's Father's Name Ed. Knudsen
Spouse's Mother's Name Martha Knudsen
Note Marr Date: Date of Certificate;

 

Kona til George heitte rett nok ikkje Mary, men FT1880 for Clayton township, Polk Co., WI syner denne huslyden: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB9-GHJ

og denne Betsy Knutson, son av Ed og Martha er fødd kring 1877 - so dette var nok diverre eit «blindspor»...!

 

Kvar i all verdi vart det so av denne Jorgenson-huslyden etter dei laut gå frå gard og grunn på 1890-talet???

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å løysa denne kjempefloki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.