Gå til innhold
Arkivverket

Til Lars Øyane


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Her var det endel folk fra Luster, sikkert kjente men legger nå inn link...  Drag i Tysfjord

https://www.tysfjord.kommune.no/getfile.php/1430335.1172.csdbbtrbcq/60.+DRAG.pdf

 

Også en som det kun står Sogn som fødested

 

6) Enkemann Anders Kristensen f. 1825, fra Sogn, var bosatt sammen med sine fire sønner; Albert f. 1863, Adelsten f. 1864, Jakob f. 1866 og Ole f. 1868, på lnr. 232b Laplæger på Drag i 1875. Her livnærte familien seg av tømmer- og favnvedhugst.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

I det komplette kaoset av Tangens papirer fant jeg en av mine eller min sønns anerekker.

 

Hukommelsen min er nærmere pari , håper jeg ikke har nevnt dette før...

 

Disse 2 suspekte Ingebrektsson

 

Ole I.                     fra Sogn

 

gm.Ingegjær Iversdtr

 

og

 

Johannes I.        1732-1793              Hafslo. fra Kaupanger

 

gm. Agatha Gulbrandsdtr.     1738-1804

 

De 2 Ingebrektsson er nevnt etter hverandre . Brør ?

 

Deres etterkommere må selvfølgelig ha komme nordover

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar, Ann-Mary og Odd for nye innlegg!

 

Først av alt, Ivar, so lyt du ta ein titt på emnet om Malena Olsdotter Lie.  Det synte seg at både farsnamnet og gardsnamnet var feilskrivne, og den tragiske lagnaden til Malena er no komen for ein dag!  Ogso har eg identifisert den «rette» Ingeborg Rasmusdotter!

 

Med omsyn til Anders Kristensen på Drag i Tysfjord, so har den huslyden vore drøfta i «det vide og det breie» i Brukarforum før.  Berre få detaljar manglar før den huslyden er ganske so komplett, og eg syner til innlegg #60 i følgjande tema for den siste oppdaterte manuskriptversjonen:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/203028-jordskjelvoffer-i-san-francisco-ca-1906-via-new-zealand-og-alaska-brørne-ole-christian-ingemann-andersen-1868-og-jacob-sophus-andersen-1866/?page=3&tab=comments#comment-1864370

 

Kan du bidra med noko der, ville eg verta svært so lukkeleg!

 

Når det gjeld huslyden til Johannes Ingebrigtson Holten, Kaupanger (1732-1793), so har den òg vore drøfta før, og eg har vel dei opplysningane eg treng der.  Joihannes og Agatha budde ei tid i Hafslo, og difor er dei medtekne hjå meg!  Om Ole bror hans har eg ingen opplysningar, men han budde heller aldri i Hafslo...

 

Eg takkar på ny for engasjerande og interessante innlegg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!

 

Ivar Nesbø, kvaksalvaren på Sørvestlandet, var ikkje frå Luster.  Nesbø-namnet finst derimot i Aurland, og det er vel eit spørsmål om ikkje det var denne karen som dukka opp i artikkelen din, Ivar:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000000362820

 

Når det gjeld Ole Eriksen Lad, eller Ole E. Ladd (1838-1911), er han vel kjend for meg.  Her er kva eg har skrive om han i band IX i Gards- og Ætesogeserien for Luster under gnr. 144, La:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ole Erikson, f. {i Hafslo} 12.11.1838,

Ole E. Ladd utvandra med foreldri sine til Amerika i 1852 og fór i 1857 til Kansas City, Mo. der han eit par år arbeidde som diligensekøyrar (”stage driver”).  Han gifte seg i Kansas City, Ks. 13.3.1860 med Cecilia Eriksdotter frå Åberge i Sogndal, i Amerika kjend som Cecelia Erickson.  Ho var dotter av gardbrukar Erik Aamundson på Åberge og kona Gjertrud Gjestsdotter frå Kvåle i Sogndal og f. i Sogndal 28.7.1836, men utvandra til Amerika i 1856.  Ole og Cecelia Ladd farma visstnok ei kort tid i Chelsea township, Butler Co., Ks., men flytte snart til ein farm i Salem township, Greenwood Co., Ks.  Ole var på vitjing til Noreg i 1894, men fór attende same året og d. i Eureka, Ks. 8.9.1911.  Cecelia Ladd d. i Greenwood Co., Ks. 5.3.1916.  Dei skal ha hatt tolv born i lag, men ei dotter d. kort etter fødselen utan at me kjenner korkje namn eller datoar; dei andre elleve borni var:

a. Gertrude Ladd, f. i Greenwood Co., Ks. 27.10.1860, d. i Greenwood Co., Ks. 10.11.1860.

b. Karen Christine Ladd, f. i Greenwood Co., Ks. 19.12.1861, d. i Eureka, Ks. 15.1.1941.  Karen gifte seg i Greenwood Co., Ks. 20.12.1882 med Gilbert Bitler, f. i Auglaize Co., Ohio 26.4.1860.  Han d. i Eureka. Ks. 19.10.1919.  Gilbert og Karen farma først i South Salem township, Greenwood Co., Ks., men flytte i 1896 inn til Eureka, Greenwood Co., Ks. der Gilbert var kveghandlar og bankfunksjonær (“stockman and banker”).  Dei fekk fire born i lag.

c. Elena Margrethe, kjend som Eleanor M. Ladd, f. i Greenwood Co., Ks. 3.11.1863, d. i Chicago, Ill. 25.2.1942.  Ho gifte seg i Greenwood Co., Ks. 12.5.1889 med enkjemannen Sherman B. Dray, f. i Washington Co., Ia. ?.4.1842.  Han d. i Peoria, Ill. 11.12.1923.  Sherman gifte seg første gongen i Bader, Schuyler Co., Ill. 3.5.1863 med Nancy Harriet Venters, f. i Schuyler Co., Ill. 18.9.1842.  Ho d. i Browning, Ill. 4.4.1883.  Sherman var i mange år handelsmann (”merchant”) og budde med første kona Nancy i Browning, Schuyler Co., Ill., men flytte med Elena til Peoria, Peoria Co., Ill. der dei dreiv pensjonat (“boarding house owners and operators”).  Som enkje budde Eleanor Dray i Chicago, Ill.  Sherman fekk i alt elleve born; av dei var to frå andre ekteskapet med Elena Ladd.

d. Louise Johanna Ladd, f. i Greenwood Co., Ks. 30.3.1866, d. i Butler Co., Ks. 25.9.1903.  Ho gifte seg i Greenwood Co., Ks. 7.6.1893 med enkjemannen James Wesley Teter.  Han var f. i Upshur Co., W.Va. 5.12.1849 og d. i El Dorado, Ks. 29.9.1929.  James gifte seg første gongen i Butler Co., Ks. 18.9.1874 med Mary Ellen Marshall.  Ho var f. i Fountain Co., Ind. 28.8.1858, men d. i Butler Co., Ks. 19.11.1891.  Som enkjemann etter Louise gifte James seg so tredje gongen i Oklahoma 28.6.1903 med ei Sadie Miller.  Ho var visstnok f. i Illinois 6.5.1877 og d. i El Dorado, Ks. 24.7.1943.  James Teter var farmar og kvegoppdrettar ("farmer and stockman") og budde i Prospect og El Dorado townships, Butler Co., Ks.  Han fekk i alt tolv born, sju frå første, to frå andre og tre frå siste ekteskapet.

e. Edwin Nelson Ladd, f. i Greenwood Co., Ks. 27.7.1868, d. i Eureka, Ks. 1.8.1945.  Edwin gifte seg i Greenwood Co., Ks. 5.2.1896 med Della M. Wooley, f. i Greenwood Co., Ks. 17.2.1879.  Ho d. i Eureka, Ks. 10.1.1973.  Edwin og Della Ladd farma visstnok i Fall River township, Greenwood Co., Ks., men dei budde i Eureka, Greenwood Co., Ks. der Edwin dessutan var lokal lensmann ("County Sheriff").  Dei var barnlause.

f. Charles Christian Ladd, f. i Greenwood Co., Ks. 7.9.1871, d. i Eureka, Ks. 5.11.1918.  Han gifte seg i Eureka, Ks. 10.3.1895 med Flora A. Sample.  Ho var f. i Scott Co., Ind. 5.6.1874 og d. i Eureka, Ks. 12.4.1960.  Charles Ladd var handelsmann og farmar ("merchant and farmer"), og han og Flora budde i Eureka, Greenwood Co., Ks.  Dei fekk fem born i lag.

g. Louis Alfred Ladd, f. i Greenwood Co., Ks. 9.5.1874, d. i Greenwood Co., Ks. 11.3.1876.

h. Louis Albert, kjend som Bert Ladd, f. i Greenwood Co., Ks. 25.11.1876, d. i Eureka, Ks. 8.10.1952.  Bert gifte seg i Greenwood Co., Ks. 9.12.1906 med Caroline Bertha, kjend som Carrie Nystol.  Ho var f. i Greenwood Co., Ks. 19.10.1874 og d. i Eureka, Ks. 13.7.1960.  Bert og Carrie Ladd farma i Salem township, Greenwood Co., Ks. og fekk to born i lag.

i. Suvena S. Ladd, f. i Greenwood Co., Ks. 22.3.1879, d. i Greenwood Co., Ks. 26.3.1880.

j. Sadie Olivetta, kjend som Saidee O. Ladd, f. i Greenwood Co., Ks. 10.3.1882, d. i Eureka, Ks. 16.4.1961.  Saidee gifte seg i Greenwood Co., Ks. 20.12.1911 med George Parker Culver.  Han var f. i Lake Co., Ind. 18.8.1877 og d. i Eureka, Ks. 6.7.1957.  Sadie og George farma i South Salem township, Greenwood Co., Ks., og budde i fleire år som pensjonistar i San Diego, San Diego Co., Cal., men flytte 1955 attende til Greenwood Co., Ks.  Dei var barnlause.

k. Marie Adele, kjend som Maidee A. Ladd, f. i Greenwood Co., Ks. 4.5.1884, d. i Eureka, Ks. 9.10.1973.  Maidee gifte seg i Greenwood Co., Ks. 10.3.1915 med Bert David Breneman, f. i Edgar Co., Ill. 19.6.1887.  Han d. i Eureka, Ks. 25.5.1972.  Bert var elektrikar (”electrician”), og han og Maidee budde i Eureka, Greenwood Co., Ks.  Ingen born.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg set pris på at du alltid er vaken, Ivar, for opplysningar som desse.  Me har jo ofte nok opplevd at du er komen fram i skikkelege «godbeter»!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye innlegg om Ole Ladd!

 

Greenwood Co., KS ar eit svært akrtivt historielag, og ein av dei leiande kreftene er etterkomar etter Ole Ladd.  Han sendte meg i si tid det meste av dei opplysningane som eg har om denne huslyden, og eg har no lagt til i innlegg #207 dei opplysningane som eg har om dei elleve kjende borni.  Som ein ser, manglar eg ei dotter som døydde i barndomen...

 

Eg ville sjølvsagt setja stor pris på opplysningar om dette tolvte barnet, men kvar kan det finnast??

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!

 

Eg har forsovidt full kontrol over båe desse huslydane.  Anders Hansson Grov (1793-1860) var mellom dei første emigrantane frå Hafslo då han i 1845 utvandra med huslyden sin.  Broren Torsten Hansson Grov (1807-1904) følgde med huslyden sin i 1852.  Båe har stor etterslekt i Amerika som er omskrivi i band XI av Gards- og Ættesoga for Luster.

 

Ogso slektnngane til Ole Olson og Johanna Ellefsdotter, plassfolk på Skjolden under Bolstad i Luster, har eg bra oversyn over, men eg oppdaga no i kveld at eg manglar ein del detaljar om den nemnde brorsonen Mons Ellefson i Bergen, so denne ætti har eg no teke opp som eige tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/225322-mons-ellefson-bolstad-1830-1908-frå-luster-til-bergen-detaljar-om-huslyden-hans-i-bergen/

 

Ein ny kjempetakk til ivar for å henta fram spennande saker!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!

 

Eg meiner å ha bra oversyn over dei «driftige» folki i Luster frå 1814, men vil ta vare på denne artikkelen for å sjekka nærare...

 

Madame Elisabeth sal. Tosches frå indre Sogn trur eg ikkje kan ha vore frå Luster eller Hafslo, men kjeldene er mangelfulle på den tidi, so heilt sikker kan ein aldri vera...

 

Elles har eg bra oversyn over huslyden til Trond Aamundson på Holsete som døydde i 1784.  Berre lagnaden til søstersonen Jacob Jacobson har skapt litt vanskar for meg.  Huslyden hans er drøfta i dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/176328-jacob-jacobson-svingel-1742-og-kona-lucie-frå-lærdal-til-vågan/

 

Når det gjeld ervingane etter Adam Tøgerson Nitter på Rønnei i Luster, so har ogso den huslyden vore drøfta i Brukarforum.  Lagnaden til Tøger Olson i København er framleis ei «kjempegåte»:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/219716-sophia-tøgersdotter-nitter-på-lægreid-i-årdal-1708-1748-og-lagnadane-til-borni-hennar-tøger-i-københavn-og-malena-i-nordlandene-nærøy-i-nord-trøndelag/?tab=comments#comment-1856070

 

Alle gode tips om denne huslyden er sjølvsagt òg svært velkomne...

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for framhenting av spennande saker!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye interessante innlegg som er komne, medan eg har «putla» meg heim att etter ein fin tur til Middelhavet!

 

Med omsyn til innlegg #219 ser eg ingen spørsmål som eg kan gjera noko meir med.  Anna Salomonsdotter døydde i 1853 som enkje, og slekti hennar har eg bra oversyn over.

 

Derimot har innlegg #220 gjeve meg eit påskòt til å henta fram att denne etterlysingi som eg la ut i Brukarforum i fjor, og som førebels ikkje har fått ei løysing:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/209393-øyanes-påskenøtt-2017-3-peder-pederson-haugsøren-fødd-i-luster-1807-flytte-i-ung-alder-til-nordland-budde-1840-i-øksnes-1853-ukjend-adresse-lagnaden-hans/?tab=comments#comment-1760913

 

Det hadde vore kjempeflott om denne Peder Pederson kunne finnast att!  Dei andre etterlyste ervingane har eg bra kontroll over...

 

Når det gjeld rekruttane frå innlegg #221, har eg sjekka ut dei namni som kjem fram der.  Tre av dei (Anders, Niels og Lars) døydde kort etter fødsli i 1833, medan dei to andre flytte ut, ein til ytre Sogn (Ole) og ein til Nordland (Iver).  Om hæren henta dei attende, veit eg ikkje...  Slike rekruttetterlysingar kan vera svært interessante for å komma på spor etter sakna personar!  Dei tek eg gjerne imot fleire av...!

 

Elles er artikkelen om Thomas Svalheim frå Årdal òg interessant lesing!  Men «medsoldaten» Ivar Lomheim frå Hafslo har eg vanskar med å identifisera.  Kanskje skulle det vera Peder Lomheim i staden?

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for interessante innlegg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars, husker du i farten fra hvilken gård denne karen kom fra ?

 

Peder Ludvigsen f. ca 1816. Bosetter seg i Ørsvaag, Svolvær gift med Erikka Hansdatter f. ca 1817 i Trondheim.

Jeg finner ingen Peder med Ludvig til far født i Hafslo eller Luster i tidsrommet 1815 - 1818

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038381001527

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052437000755

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.