Gå til innhold
Arkivverket

Til Lars Øyane


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Ivar for nye utfordrande innlegg!

 

Når det gjeld soldatane gravlagde i Vinger 1780-1814, har eg nytta denne lista før, og eg har vel identifisert dei soldatane som hadde opphavi sine frå Luster og Hafslo.  Eg er samd med deg, Ivar, i at det er overraskande mange av dei...  Liknande lister BURDE forresten vore publiserte ogso for soldatar gravlagde på same tid i Stavern og likeins under svenskekrigen ulike stadar i Austfold...

 

Når det so gjeld dei etterlyste ervingane i skifti nemnde i innleggi #251, 252 og 253, har eg full kontroll på desse, MEN opplysningane om huslyden til Ole Bjørnson på Voss, nemnd i innlegg #251, er mangelfulle, og denne huslyden har eg difor i dag lagt fram som eige tema.  Kanskje kan nokon hjelpa meg samla dei detaljane som manglar?

 

https://forum.arkivverket.no/topic/225776-erik-nilsson-saue-på-voss-1837-og-kona-torbjørg-olsdotter-bø-1838-1879-huslyden-deira-på-voss-og-i-amerika-manglande-detaljar/

 

Ein ny kjempetakk til ivar for framhenting av slike etterlysingar!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!  Eg er igjen imponert over kva du greier å grava framk i gamle ijelder!

 

For å ta den siste saki først, so var det litt av ein bragd Augund Skjerven kunne «smykka» seg med, 22 bjørnar og ein varg på åtte år!  Det var andre tider det.  I dag hadde han fått ein klekkeleg bot og kanskje meir for same bragd...!

 

Elles var det ei svært spennande soldatliste du kom med i innlegg #255.  Kva var kjelda for denne lista?  Eg hadde nemlig ingen opplysningar over hovudet om lagnadane til:

 

* Torger Larsson Hengesteg, døypt i Luster 25.4.1778 og framleis busett i Luster i 1801

 

* Iver Ingebrigtson Ottum, døypt i Luster 25.6.1784 og framleis busett i Luster i 1801

 

Men den første av dei tre rekruttane:

 

* Hans Drevdal, fødd i Gaupne i 1886, har eg vanskar med å identifisera!  Det var ein Hans Torbjørnson døypt frå Drevdalen 31.5.1786, men om han var i krigen, kom han attende, for han gifte seg i Luster i 1826 med ei enkje og vart gardbrukar i Sandviki.  Han døydde i Luster 19.7.1850.

 

Kven elles kan dette ha vore???  Ei skikkeleg utfordring!

 

Kvar var forresten Torp lasarett der Torger døydde?

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for kjempeflotte og imponerande innlegg!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Elles var det ei svært spennande soldatliste du kom med i innlegg #255.  Kva var kjelda for denne lista?  Eg hadde nemlig ingen opplysningar over hovudet om lagnadane til:

 

 

Hei Lars. Her er en til.

image.png.aeb7e5c1cd03b1a966dcb8a6ecb903f9.png

 

Kilda er

image.png.cc2e24c7e72d7768efc97db176f39038.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Kvar var forresten Torp lasarett der Torger døydde?

Fra samme bok som Ivar hentet opplysningene fra:
 

torp lazareth.jpg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Sven for mange nye utfordrande soldatnamn frå Luster!

 

Då har eg fått rede på Torp lasarett, og det er bra!

 

Elles kan eg kommentera på dei ymse soldatane frå innlegg #260:

 

* Christen Nitter Knutson Lomheim vart døypt i Hafslo 11.9.1785 - han visste eg om, men eg mangla den nøyaktige dødsdatoen hans!

 

* Peder Pederson Lomheim, som 19.7.1808 falt i svensk fangenskap, vart døypt i Hafslo 19.3.1779 - eg visste ikkje kva dato han vartv teen til fange, men har fått opplyst før at han skal vera avliden på Gustavsberg festning sommaren 1809 - kanskje den datoen kan finnast ein eller annan stad?

 

* Lars Larsson Lad vart døypt i Hafslo 11.3.1787 - han var ny for meg - kjempebra!

 

* Knut Sørenson Lad vart døypt i Hafslo 25.12.1783 - han visste eg om, men eg mangla den nøyaktige dødsdatoen hans!

 

So kjem me til innlegg #262:

 

* Østen Johannesson frå Skår i Luster, døypt i Luster 18.7.1784 - var ny for meg som soldat - kjempebra! -  kom heimatt, men døydde alt i 1815!

 

* Anders Arneson frå Berge i Fortum, Luster, fødd i Luster kring 1788, men manglar i kyrkjeboki - var ny for meg som soldat - kom heimatt og døydde i 1852, ugift

 

* Hans Olson Jordanger, vart døypt i Hafslo 1.10.1786 - eg visste han d. før 1810, men han var ny for meg som soldat - kjempebra! - kanskje kan den nøyaktige dødsdatoen hans i Fredrikstad 1809 finnast?

 

* Torger Larsson Hengesteg - sjå innlegg #257

 

* Erik Andersson frå Høyeim vart døypt i Luster 21.4.1780, men var husmann på Runen under Leri i Luster - eg visste han døydde kring 1808, men visste ikkje at han var i krigen - kjempebra!

 

* Ole Andersson frå Høyeim, bror av føregåande, vart døypt i Luster 14.2.1783, vart gravlagd i Luster - eg visste ikkje om at han hadde vore i krigen - kjempebra!

 

* Ole Pederson var fødd på Tandle, men oppvaksen på Veberg under Kroken i Hafslo, vart døypt i Luster 30.8.1778 - han visste eg om, men eg mangla den nøyaktige dødsdatoen hans!

 

* Anders Andersson frå Bakken i Jostedalen vart døypt i Jostedalen 24.8.1783, men var husmann på Espestølen under Espe i Jostedalen - han var ny for meg - kjempebra!

 

So til innlegg #263:

 

Alle dei tre som der er nemnde, kom heimatt til Hafslo.  Den Ivar Lomheim som er omskriven i innlegg #223, og som eg då ikkje greidde å identifisera, må ha vore ein bror av nemnde Jens Olson Lomheim -.båe var for meg nye som soldatar - kjempebra!  Ny for meg var ?og Johannes Artneson Bjørnetun - kjempebra!

 

Då er me komne bra «à jour» med desse soldatane, men framleis står det for meg som ei stor gåte kven han var den Hans Drevdal som eg kommenterte i innlegg #257! 

 

Ein ny kjempetakk for at de hentar fram slike utfordrande lagnader!  Dette er skikkeleg spennande stoff!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag hatt høve til å studera ei bok med titel: «Bergenhusiske Nationale Skarpskytterbataljons Historie 1810-1817», og her var det mykje spennande.  Eg har identifisert nye rekruttar frå Luster og Hadslo, ogso ein par som eg ikkje visste var i krigen, men på side 21 finn eg to som eg har vanskar med å identifisera:

 

Hans Olson Sjøtun, død paa Kongsvinger 29 August 1809.

 

Lasse Lassesen Sjøtun, død paa Kongsvinger 5. Februari 1809.

 

Lasse-namnet finst på Sjøtun i Hafslo, og alle soldatane som er opplista kring desse to, kom frå Hafslo og Årdal/Lærdal - truleg som del av «Lærdalske kompani», men namnekombinasajonen Lasse Lasseson FINST IKKJE på den tidi i Hafslo!

 

Når det gjeld Hans Olson Sjøtun, er det heller ingen personar på Sjøtun som kjem nær denne, men eg lurer på, kan det vera same mann som i føregåande innlegg er kommentert som Hans Olson Jordanger??  Kanskje han høyrde til Sjøtun lægd?  Og om Hans Olson Jordanger veit me jo frå hi lista at han skulle vera avliden på Kongsvinger i 1809, men kjelda mangla ein nøyaktig dato!!  Kanskje har namneendringi bidrege til «forvirringi» hjå kjeldeforfattaren?

 

Dette er verkeleg spennande stoff, men det tek tid å «pløya» seg igjennom!  Tidlegare og sidan avlidne bygdebokskrivar Alfred Espe i Lærdal hadde planar om å skriva ei avhandling om Lærdalskompaniet i svenskekrigen og freista kartleggja kven som var med og kven som miste livet.  Han kom diverre aldri so langt...

 

Ein ny kjempetakk for alle nye innspel om «bortkomne» personar frå Luster, Jostedalen og Hafslo!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg gløymde å nemna i føregåande innlegg:

 

Bokforfattaren Barstad syner til to hovudkjelder for opplysningane som han har om desse indresogningane:

 

** «Leirdølernes Saga»

 

** «Kompagnirulle, dat. Sessionsstedet Leirdalsøren 27 og 28 Juli 1812 i d. n. Rigsark.»

 

Kanskje let det seg gjera finna desse originalkjeldene...?

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven både for siste innlegget og for spennande kjelder du har sendt meg direkte!

 

Eg hadde nesten venta på eit spørsmål om denne soldaten frå Opheimshaugen i Hafslo, men han døydde i 1802:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000386246

 

so han kan utelukkast!

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med desse «bortkomne» personane...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

 

** «Kompagnirulle, dat. Sessionsstedet Leirdalsøren 27 og 28 Juli 1812 i d. n. Rigsark.»

 

 

 

Hordaland, Sogn og Fjordane fylke, Militærrulle nr. 100 (1812-1812), Dokumentside, Side 66
Permanent bilde-ID: ru20111202650066
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20111202650066
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ru20111202650066.jpg
 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.