Gå til innhold
Arkivverket

Til Lars Øyane


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Odd, Jon og Ivar for interessante innlegg!

 

Til Odd:   Huslyden til Anders Kristensen på Drag har vore drøfta fleire gongar før.  Av dei ti borni som han fekk frå to ekteskap menglar eg berre opplysningar om lagnaden til EIN:

 

* Sonen Jacob Sofus Andersen, fødd i Tysfjord 25.7.1866, voks opp i Hamarøy, men skal etter segni ha stikke av til Amerika etter at han i 1893 sette barn på ei jente i Vågan.  Han vert i 1919 omskriven som «kontormann avliden i Amerika»!  Mer veit eg ikkje, men kan DU hjelpa med opplysningar om lagnaden hans, so er ikkje noko betre enn det!

 

Til Jon:  Eg har i alle år stevd for å samarbeida med bygdebokskrivarar frå andre bygder både i Sogn og på andre kantar av landet, og slikt samarbeid har bragt mange fruktar.  Eg trur dei fleste kollegaene etter kvart ser nytta av eit slikt samarbeid, MEN Rune Lee har eg aldri drøfta dette med..., til tross for at det er talrike samband mellom Luster og Feios...

 

Til Ivar:  Det er artig å sjå kva svenske aviser har fanga opp av hendingar i «broderlandet».  Og uhendet med David Johnson som forulukka på Jostedalsbreen i 1852, minte meg om at dette er ein huslyd der eg saknar eit par viktige detaljar, mellom anna om ein son som sist er kjend frå Egersund i 1865.  Eg har difor teke denne huslyden opp som eige tema i Brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226346-david-johnson-kronen-forulukka-på-jostedalsbreen-i-1852-to-born-med-utfordrande-lagnadar-nils-1844-til-egersund-og-brithabertha-1849-til-spokane-wa/

 

Ein ny kjempetakk for spennande opplysningar og inspirasjonar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste meldingi.

 

Eg har leitt høgt og lågt, men har ikkje registrert nokon slik person i Hafslo, korkje som innflytt eller gift, og han er ikkje her i 1865.

 

Kan det vera denne karen, tru?

https://www.digitalarkivet.no/view/44/pp00000000018754

 

I so fall kan det sjå ut som om han er flytt attende til Gudbrandsdalen...?

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for å presentera mogelege «kandidatar» til betring av bygdebøkene våre!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser du har hatt ett emne innen denne slekta. Har du alt du trenger ? Hvis ikke så kan vi sikkert utrede resten.

 

 

Sunnfjord - Hva er dette for en slekt - Fredrich von Storm

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget.  Det var son av ei prestedotter Munthe frå Hafslo som gifte seg med Engel Marie Fredriksdotter von Storm frå Osen i Gaular:

 

d. Nils Andreasson Juel, f. i Fjelberg 22.1.1764, d. på Halsnøy i Fjelberg 14.3.1800.  Nils gifte seg første gongen i Fjelberg 18.7.1795 med søskenbarnet Maria Magnor Ludvigsdotter Munthe frå Årøy i Sogndal, ei dotter av gardbrukar Ludvig Christopherson Munthe på Årøy (1717-1785), opphavleg presteson herifrå Hafslo prestegard.  Ho vart døypt i Sogndal 15.12.1756, men d. på Halsnøy i Fjelberg 1.11.1795.  Nils gifte seg so att i Nykyrkja i Bergen 10.8.1796 med Engel Marie Fredriksdotter von Storm frå Osen i Gaular, f. i Gaular 2.5.1761.  Ho d. på Halsnøy i Fjelberg 19.1.1799.  Nils var godseigar og tok over Halsnøy klostergard i Fjelberg etter foreldri sine.  Han fekk ein son, som var frå første ekteskapet.

 

Her har eg dei opplysningane som eg treng.  Men eg takkar for merksemdi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ivar, for ein par veker sidan hadde du eit innlegg under dette emnet som såg slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Har du denne karen i registeret ditt ?

Innlagt på St. Jørgen i 1819

Narve Larsen Skildomshoug Lyster 13 april Indtagelse paa Sygehuset Stiftamtmannen pk. 2145 St. Jørgen 1819

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Men då eg skulle inn for å kommentera på det, var innlegget ditt borte.  Men eg tykte det var spennande.  Dersom denne Narve verkeleg var spedalsk,., vart han frisk att, og her er kva eg har skrive om han i manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Narve Larsson Fuhr, frå Myrsete under Hengesteg, vart dypt 3.1.1797 og gifte seg 26.1.1824 med Sophia Haagensdotter frå Svangstu lille, døypt 29.7.1798.  Narve og Sophia fekk overta plassen her på Myrane under Fuhr alt i 1824 og vart buande her som husmannsfolk like til 1867.  Då vart plassen nedlagd, og jordi fall attende til garden.

Narve og Sophie Larson utvandra til Amerika i 1867 i lag med sonen Anders; alle dei andre attlevande borni var då farne over tidlegare.  Me lyt tru at Narve og Sophie vart buande i lag med eitt av borni i Dane Co., Wis., men me kan ikkje sjå noko meir til dei der borte, so truleg d. dei båee kring 1870.

Narve og Sophia på Myrane fekk åtte born:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Om nokon greier å finna dødsfalli til Narve og Sophia ville eg setja stor pris på det.  Alle borni deira skreiv seg Narveson i Amerika!

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for å komma fram med spennande tema!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

Full utklippsboks så har måtte slette mye. Skal se i morgen om jeg finner igjen Narve. og når jeg sletter i utklippsboks så forsvinner tydeligvis samme utklipp på forumet også.

 

I mellomtiden kan jeg kanske utfordre deg på denne 🙂

 

image.png.b88df2d02bab9138fded39c05e2acd0a.png

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye utfordrande innlegg!

 

Innlegg #310 har å gjera med Mellomalderproblematikk, so den let eg førebels liggja.  Elle ser et det må ha vore konkurranse mellom bøndene i Sogn for sal av eple.  Narve var husmann under Fuhr, og husbonden hans var Ole Sjurson!  Truleg har dei båe dyrka eple av same slaget...

 

Når det gjeld saki mot Gjertrud Christensdoter Mørkrid, har me vore borti denne før.  Det gjekk ikkje so lange stundi før Gjertrud var attende i Luster og gifte seg der!  So truleg vart ho frikjend eller fekk straffi nedsett...

 

Ei ny sak som kom opp var klokkaren Chsten Andersson Berg.  Det er ikkje mykje me veit om denne klokkaren eller huslyden hans, men på bakgrunn av innlegg #307 har eg lagt denne saki ut som eige tema i brukerforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226524-christen-andersson-berg-1702-1796-gift-med-henrikka-nilsdotter-wolle-1698-1776-klokkar-i-luster-frå-1760-kven-var-dei-og-kvar-kom-dei-ifrå/

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for å henta fram interessante og utfordrande huslydar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no i ettermiddag òg lagt ut Narve Larsson Fuhr som ein del at eit nytt tema i brukarforum for å freista fanga opp nokre av dei detaljane som framleis manglar om huslyden hans:

https://forum.arkivverket.no/topic/226532-narve-larsson-fuhr-1797-187-med-kona-sophia-haagensdotter-1798-187-frå-luster-til-amerika-og-sonen-deira-lars-narveson-1824-1881-og-huslyden-hans/

 

Og eg takkar på ny for alle spennande innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Iver for eit nytt interessant innlegg!

 

Presteætti til Andreas Lind på Hafslo kjenner eg godt til.  Denne har delvis vore drøfta før, men eg har i dag lagt ut eit nytt tema om denne huslyden der eg framleis manglar ein del detaljar, særleg frå Danmark...

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226634-andreas-alexanderson-lind-1733-1791-sokneprest-til-hafslo-huslyden-hans-særleg-sonen-herman-christian-lind-i-danmark/

 

Kanskje er det mogeleg å komma litt lenger med denne ætti?

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for å bringa spennande tema på bane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ei fredags gåte 🙂

Kvamsøy - Hvem var søskendebarnet og arving til Knut Knudsen i Luster ? og hvem var foreldrene til Sophie Knudsdatter ?

 

image.png.1cc97181f3bd35485200689aa4f37b09.png

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til var for ei spennande fredagsgåte.

 

Sophia Knusdotter var ei søster av skulehaldar Hans Knutson som har vore drøfta før i dette emnet og der eg framleis står «bom fast» på fleire detaljar:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/223156-hans-knutson-skulehaldar-fødd-i-luster-1728-til-kyrkjebø-og-sidan-til-foss-i-hyllestad-siste-kjende-adresse-«sulelandet»-kvar-vart-det-eigentleg-av-denne-huslyden/?tab=comments#comment-1888774

 

Søsteri Sophia har eg bra kontoll over!

 

MEN, so var det første delen av innlegget ditt, Ivar, som verkeleg fekk meg til å gå i djupni i dei kjeldene som er tilgjengelege for meg!  Det ser ut til at Endre Johnson kom til Tune fordi mor hans var ei søster av Sigrid Andersdotter!  Om Knut Knutson hadde opphavet sitt frå Luster, er eg førebels usikker på, men det skal me ikkje utelukka.  Eg har difor teke huslyden til Knut under lupa og tek huslyden opp til drøfting i eit nytt tema, som eg vonar at du og andre kan sjå litt på og kanskje hjelpa meg å «klara opp i»:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226708-knut-knutson-leiglending-på-tune-i-kyrkjebø-1696-1765-gift-med-sigrid-andersdotter-dei-merkelege-ervingane-hans-ei-kjempeutfordring/

 

Ein ny kjempetakk til deg, Ivar, for at du kjem på bana med slike kjempeutfordringar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt fra Leikanger kirkebok, som kan gjelde Luster. Du har det kanskje fra før:

 

Halvor Christoffersen Bringe, begravet ved Fjærland 21.8.1757, 33 år https://media.digitalarkivet.no/view/11566/47891/11

 

Anders Hermundsen av Jostedalen, død og er gravfest ved Fjærland eller Rinde 5.3.1758 https://media.digitalarkivet.no/view/11566/47891/17

 

Anna Sjursdatter Sværen (uekte) døpt ved Leikanger 8.4.1757. Foreldrene var Sjur Andersen Sværen og Synneve Rasmusdatter av Marifjæren som hadde åpent skriftemål i juni samme år https://media.digitalarkivet.no/view/11566/47891/10

 

Brita Sylfestsdatter av Farnes (uekte) døpt 16.1.1758. Foreldrene hadde åpent skriftemål ved Tjugum 4.12.1757 og het Marta Gulbrandsdatter Farnes og Sylfest Nilsen av L... (uleselig, kan det være Lyster?, nederst til venstre) https://media.digitalarkivet.no/view/11566/47891/14 Da de giftet seg 26.6.1758 er han kalt Sylfest Nilsen Næs, kanskje fra Nes i Luster? https://media.digitalarkivet.no/view/11566/47891/20

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit skikkeleg spennande og utfordrande innlegg!

 

Her er fleire svært interessante namn:

 

* Halvor Christopherson har eg identifisert som del av denne huslyden som eg tok opp til drøfting i juni i år, men som du ser, var lagnaden til Halvor heiit ukjend:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/223514-trond-1724-halvor-1726-og-peder-1728-christopherssøner-frå-bringe-i-luster-vart-foreldrelause-som-born-og-vaks-opp-hjå-formyndarar-men-forsvinn-so-alle-frå-luster-kvar-i-all-verdi-kan-dei-ha-vorte-av-bergen-ytresogn-kjempeutfordring/

 

* Anders Hermundson av Jostedalen er kva eg ville kalla eit «sjølvmotsigande namn».  Hermund-namnet fanst ikkje i Jostedalen på den tidi.  Me har ein par personar i Luster og minst ein på Hafslo på om lag same tid, men ingen av dei kan ha hamna i Jostedalen eller i Fjærland/Rinde.  So kven som kan gøyma seg attom denne personen er for meg ei kjempegåte!

 

* Synneva Rasmusdotter av Marifjæren er utan tvil denne jenta som vart døypt i Hafslo 10.3.1735.  Ho var «uekte» dotter av Rasmus Torbjørnson frå Marifkøra og som det går fram av tingbøkene ei Susanna Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11455/33

 

Og her har me ei skikkeleg utfordring, for namnet Susanna Olsdotter er ganske so ukjent på Hafslo på den tidi, og eg ser ikkje nokon i Luster heller som høver.  Rasmus vart eit par etter gift med ei søster av min eigen 3xtip-oldefar, Anna Larsdotter frå Leirdalen i Luster, og dei budde fleire stadar før dei hamna som plassfolk på Sagi under Kroken i Hafslo.  Eg veit ikkje kvar Synneva kan ha vakse opp, men sidan barnemori er heilt ukjend, er me nøydde til å omskrva Synneva under huslyden til far hennar, og eg har lagt ut eit eige tema for Synneva og huslyden hennar:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226866-synneva-rasmusdotter-frå-marifjøra-i-hafslo-fødd-1735-fekk-ei-dotter-i-fjærland-i-1757-kvar-vart-det-av-synneva-og-dotteri-ei-kjempeutfordring-synneva-kan-henda-gift-på-leikanger-1765-med-hans-olson-husebø/

 

* Sølfest Nilsson av Lyster er nok eit flott funn, Terje.  Denne karen var eg ikkje merksam på at han i det heile hadde vokse opp, for han vart ikkje konformert før han forlét Luster, men eg er ganske sikker på at eg har identifisert han rett, og eg har lagt ut huslyden hans som eige tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226868-sølfest-nilsson-frå-svad-i-luster-1733-1782-gardbrukar-på-farnes-i-balestrand-huslyden-hans/

 

Dette har vore ei kjempefin økt, og eg takkar Terje på ny for ǻ leggja fram slike utfordringar.  Du må gjerne komma med fleire...

 

Og greier nokon å identifisera Anders Hermundson ville det vore ei kjempebragd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gunnar for siste innlegg og takk for at du hentar fram Mons Hermundson.

 

Ætti hans har vore drøfta i Brukarforum før, og eg syner til følgjande tema der det kjem fram kva eg framleis manglar for eit komplett manuskript:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/201699-mons-hermundson-1836-1864-fiskar-frå-luster-til-meløy-opplysningar-om-enkja-hans-og-lagnaden-hennar/?tab=comments#comment-1704409

 

Kan du hjelpa meg med manglande detaljar, ville eg vera svært takksam for det!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.