Gå til innhold
Arkivverket

Til Lars Øyane


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Har du  disse fra reservekompaniet ? Og har det noen intresse ? Det er ingen f.dato/år så de er vel ikke så lett å plassere.

Er det av intresse så er det noen sider til.

I kongens tjeneste 1709 - 1719 - Sognske 2 reservekompani.   - https://www.nb.no/nbsok/nb/ea75debb86cf3b12fafdcdfcc19c3a38?lang=no#0

 

image.png.0cec1af4d1d852d813adbc222a70a4ad.png

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Barn født utenfor ekteskap i Leikanger, med far fra Hafslo. Kanskje kjent fra før?

 

Martha født 17.7.1819, døpt 18.7.1819. Moderen Synneve Iversdr. Fresvig og Faderen angivet: Peder Jensen Kinserdal (?) af Hafslo

Præstegjeld https://media.digitalarkivet.no/view/11569/103?indexing

 

Martha ble konfirmert i 1835: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/266

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Terje for nye interessante innlegg!

 

Når det gjeld rekruttane frå store nordiske krig som er omskrivne av tidlegare statsarkivar i Bergen Egil Øvrebø, so er det eit svært omfattande materiale, som eg ønskjer å arbeida vidare med.  Dei fleste av rekruttane med heimstavn i Luster, Jostedalen og Hafslo er personar som eg kjenner til, og mange av dei er nemnde i bygdebøkene våre, men boki til Øvrebø kom ikkje ut før i 1996, og difor er det mange av rekruttane frå «gamle Luster» og Jostedalen (bøker utgjevne 1984-1994) som hjå meg har ein mangelfull biografi.  Men no er det slik at eg har eit eksemplar av boki til Øvrebø, so det er ikkje naudsynt å kopiera alle sidene som nemner personar frå noverande Luster kommune.

 

For å ta eit par døme frå lista i innlegg #376:

 

* Sølfest Olson Lien - omskriven i Luster bd. II under garden Flikki:

Sølfest Olson Flikki, brorson av føregåande brukar og frå Ormelid, var f. kring 1682 og d., visstnok medan han var ute i «store nordiske» som soldat, kring 1713.  Han fekk alt 25.5.1707 bygsel på bruket hjå Mons Endreson, men gifte seg ikkje før kring 1711 med Ingrid Olsdotter, truleg frå Kolstad.  Ho var f. kring 1678 og vart gravlagd frå Flikki 8.4.1757.  Sølfest dreiv garden til han fall ifrå og etterlét seg enkja og ein son:

 

* Nils Frichson Skjolden - omskriven i Luster bd. I under garden Bolstad:

2. Nils Frikson, f. kring 1688, han vart nemnd som soldat i 1714 og budde heime då. Men so vart Nils Frikson òg heilt borte frå bygdi, og det er mykje truleg han reiste i krigen som soldat og ikkje kom heim att(?).

 

Denne Nils Frikson hadde forresten ein bror Thor Frikson, fødd kring 1685, som eg tippar òg har vore soldat, men han er ikkje nemnd hjå Øvrebø...

 

* Anfind Johannesson Aarstu - omskriven i Luster bd. II under garden Nygard:

 1. Anfind Johannesson, f. kring 1695, vart i 1715 stemnd for han hadde hatt leigarmål med søskenbarnet Agatha Nilsdotter frå Kroken.

Etter denne hendingi vart Anfind borte frå bygdi, som rimeleg kan vera.  Det vart den gongen strengt straffa når so nærskylde hadde hatt leigarmål, men me veit diverre ikkje noko meir om lagnaden hans; kan henda han vart send til koparverket på Røros(?).

 

Her får me altså greie på at han døydde i Pommern 7.4.1716!

 

* Iver Styrkson Kalhagen - omskriven i Luster bd. IV under garden Kalhagen:

 3. Iver Styrkson, f. kring 1677, tente i Kalhagen i 1701 og vart nemnd som reservesoldat her i 1711.  Han var då gift, men kven kona hans var, veit me ikkje no.

Iver Styrkson vart borte frå bygdi kring 1711; kan henda reiste han ut som soldat i «store nordiske» og fall der, men me kan ikkje seia noko sikkert om lagnaden hans.

 

Mistanken var altso rett...

 

* Paul Nilsson Yttri - omskriven i Luster bd. I under garden Yttri:

2. Paul Nilsson, f. kring 1693, budde på Drægni i 1714, elles ukjend.

 

So her er nok av stoff å arbeida med...

 

Når det gjeld sorenskrivarane Hammer og Irgens og stortingsmann Bugge nemnde i innlegg #378, er dei godt dekte av manuskripti mine.

 

Med omsyn til barnefaren frå Leikanger 1819 (innlegg #377), var han ukjend for meg, men han er ikkje so heilt enkel å identifisera.  Me hadde nemligf to «lauskarar» i Kinserdalen på den tidi, d.v.s. ingen av dei budde i sjølve Kinserdalen:

 

* Peder Jensson Aasen (1783-1850) - gifte seg i 1827 og vart husmann i Bakkane under Urnes

 

* Peder Jensson Urnæs (1791-1854) - gifte seg i 1822 og vart gardbrukar på Urnes

 

Garden Åsen ligg rett nok i Kinserdalen, men Peder skriv seg aldri for Kinserdal.  So kven av dei som var på «tur» på Leikanger i 1818, er ikkje so godt å seia...

 

Ein ny kjempetakk for spennande innlegg under dette emnet!  Alltid dukkar det opp nye interessante opplysningar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Matroser fra Luster ?

Noen av disse har vi vært innom før, men alle ?

 

Nr. Førenamn Etternamn Fødd år               Fødestad Bustad Stand Status Innrullert Merknad Reiser Årsak for sletting

image.thumb.png.34944214ac71497938d3589bb8cbc006.png

 

image.thumb.png.f1df3a5dcc7bf70795c08dbbdf272b6e.png

 

                 
595 212 Anfind Endresen 1748 Sogn Bergen u Maadelig 1796 d. 29 Dec. Ej fahret  

Død i Sc. Croix 1797

 

 

image.thumb.png.f41545dd462dddfde54d9fc7c03e55a5.png

 

image.thumb.png.940edb1b73e7ccd48180cbd914002bf5.png

 

image.thumb.png.460e2e714f2b2ed62078aa697cc4b9e2.png

 

 

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg har ein mistanke om at me har vore borti desse folki før...

 

* Johannes Bottolfson er ein del av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/207059-bottolf-jørgensen-1714-1785-og-kona-christi-hermundsdotter-1715-1785-frå-luster-til-bergen-kvar-vart-det-av-alle-borni-deira-ei-skikkeleg-utfordring/?tab=comments#comment-1877284

og avsnittet om Johannes er spesielt utfordrande sidan han og kona samt dotteri forsvinn frå Bergen først på 1780-talet etter at Johannes då fekki fast teneste ved divisjonen:

 

~~~~~~~~

 

11. Johannes Bottolfson {Drægni}, døypt {i Luster} 11.5.1755,

Johannes Bottelsen vart òg med foreldri til Bergen og gifte seg der 9.11.1777 med Hermine Malene Jansdotter Grønning frå Bergen.  Ho var dotter av målarmeister Johan Henrik Hermanson Grønning i Bergen og første kona kona Elisabeth Helene Nilsdotter Bandscher, òg frå Bergen, og f. i Bergen 27.7.1754.  Johannes Bottelsen var matros og fekk i 1781 fast teneste som militærmatros. 

 

##### (yrke og bustad? – forsvinn frå Bergen! – København? – lagnaden deira?)

 

Dei fekk to born i lag:

a. Kirstine Elisabeth Grønning Johannesdotter Bottelsen, f. i Bergen 2.3.1777,

 

     ##### (lagnad?)

 

b. Johan Henrik Johannesson Bottelsen, f. i Bergen 31.3.1778, vart gravlagd i Bergen 22.7.1782.

 

##### (fleire born? – oppl.?)

 

~~~~~~~~

 

* Peder Christenson er ein del av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/223568-christen-andersson-1712-med-kone-maria-pedersdotter-son-peder-christenson-1737-kan-henda-matros-i-bergen-ei-utfordrande-huslyd/?tab=comments#comment-1893124

og avsnittet om Peder står framleis som ei kjempeutfordring:

 

~~~~~~~~

 

b. Peder Christenson, døypt i Luster 25.3.1737,

 

     ##### (lagnaden hans? – kan han vera identisk med Peder Christenson frå Sogn, fødd kring 1735, innrullert

            matros 22.1.1772, tente som artillerist 1778 – reiste til Grønland og sidan til Middelhavet, d. 1780 med

            Herman Sneyder??

            kan henda underconstabel Peder Christenson gift Krosskyrkja 24.1.1768 med Dorthe Kirstine Hansdotter

            - men ved barnedåpane er mori kalla Anna Rasmusdotter:

            * Rasmus, f. KK, Bergen 29.2.1768

            * Rasmus, f. KK, Bergen 27.9.1769

            * Carl, f. KK, Bergen 2.10.1772

            * Christian, f. KK, Bergen 9.4.1775)

 

~~~~~~~~

 

* Ole Hermanson er ein del av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/222100-herman-hermansen-1733-1784-utflytt-1763-frå-fortun-i-luster-til-bergen-lagnadane-til-borni-hans/?tab=comments#comment-1890682

og som avsnittet om Ole syner, ser det ut til at han ikkje har etterkomarar:

 

~~~~~~~~

 

b. Ole Hermansen, døypt i Luster 14.11.1761, drukna som matros på veg til Petterborg (St. Petersburg) i 1789. 

 

     ##### (har eg oppfatta dette rett?)

 

     Ole flytte likeins til Bergen med foreldri kring 1763 og gifte seg i Domkyrkja i Bergen 28.3.1785 med Gjertrud Pedersdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – truleg gravl. 13.8.1788, 34 år gamal!)

 

     Ole vart i 1784 utskriven som matros og siglde i utanriksfart, men han og Gjertrud budde i Bergen.  Dei fekk to born i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Herman Peter, f. DK 13.12.1785 – fadrar Aslak Aslaksen, Rasmus Persen, Bertel Andersen, Ingeborg Olsdotter, Elisabeth Michelsdotter – truleg gravl. 29.7.1786, 6 mnd.

            * Malene Petriche, f. DK 23.9.1787 – trul. gravlagd 24.10.1787, 16 dg.fadrar: Maren Tollevsen, Halvor Samsonson, Mons Tollevsen)

 

~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for interessante innlegg som eg vonar kan bidra til løysing av fleire utfordringar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Krogen i Russisk tjeneste var intressant.  Kjent stoff ??

Fra Ludvig Daa - Nordmenn og dansker i russisk tjeneste.

DET KONGELIGE BIBLIOTEK THE ROYAL LIBRARY København / Copenhagen

image.png.ffbdf0a841cfb003beba150927eccf52.png

 

image.png.8962927f1dfc2f00650b0ac40c9b2c1c.png

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for dei siste innleggi.

 

Det har gjennom åri vore mange militæroffiserar innom Luster kommune, i kortare eller lengre tid, og det er ikkje nokon enkel oppgåve å halda styr på alle desse, særleg i den tidi der me mangar kyrkjebøker (Hafslo før 1717 og Luster (før 1731).  Oberstlieutenant Nils Krag er soleis mellom dei som eg ikkje har noko notert på.  Eg trur heller ikkje han kan ha vore i Hafslo særleg lenge.

 

Sokneprest Conrad Aars (1813-1877) til Hafslo er velkjend og grundig omskriven under Hafslo prestegard.  Særleg spennande her er ar ein av sønene hans, Nils Emil Aars, fødd i Hafslo 1857, var mellom emigrantane som i 1880 reiste frå Drammen til Hawaii der han arbeidde på ein sukkerplantasje.

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for interessante og engasjerande innlegg!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

Jeg har en direkte slektslinje på morsiden som går fra Gulen via Solund til Hafslo og Gaupne. Den stopper, eller rettere sagt starter  med Elisabeth Siursdt. f. i Gaupne i 1768 ? - ?

 

Elisabeth gifter seg 5. sep 1791 med Lars Olsen f. 25. mar 1758 Øvrebø. De får sønnen Ole Larsson i 1791 ?

 

Dette er registreringer gjort i min spede slekstsforsker begynnelse, og jeg ser jeg mangler mange opplysninger, og er heller ikke helt sikker på at de jeg har er riktige.

 

  • Opphavet til Elisabeth Siursdt. Hvor i Gaupne var hun født og når døde Elisabeth og Lars.
  • Hadde de flere barn
  • Fødsel/dåp til sønnen Ole som skal være f. 1791
  • Opphavet til Lars Olsen. (Jeg har registrert Ole Pedersen som far)

 

Håper du har tid til å kikke innom denne familien ved anledning. Ingen hast.

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner disse barna av Lars Olsen og ektefelle Elisabeth i kirkebok for Hafslo:

 

Marit, 1790

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004579123

 

Ole, 1791 - far: Lars Stølen, mor: Elisabeth

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004579404

 

Christen, 1796

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004580206

 

Britta, 1798

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004580761

 

Tosten, 1801

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004581367

 

Peder, 1804

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004582021

 

I 1811 finner jeg dødsfallet til Elisabeth Siursdatter Stølen, fødselsåret er (beregnet) 1768. 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000652854

 

Lars Stølen døde i 1816

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000653087

 

Var Stølen et bruk/en plass under Marheim? 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Ivar!

 

Eg ser du hadde eit tema om denne huslyden i 2016, som eg ikkje la merke til den gongen, men her følgjer i alle fall ein del opplysningar:

 

~~~~~~~~~~

 

Utsnitt gnr. 102, Marheim - husmannsplassen Stølen:

 

 

Lars Olson Stølen, frå Lunden under Rønnei i Luster, var f. i Luster kring 1758 og vart gravlagd som legdelem frå Stølen 19.2.1816.  Han gifte seg i Hafslo 9.5.1791 med Elisabeth Sjursdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen.  Ho var f. kring 1766 og vart gravlagd som husmannskone frå Stølen 10.3.1811.  Lars fekk 3.6.1791 festesetel på plassen hjå eigaren Anders Marum, og han og Elisabeth vart buande på Stølen levetidi ut, men ser ut til å vera komne på legd kring 1809.  Dei fekk sju born i lag:

 1. Martha Larsdotter (1790-1790).

 2. Ole Larsson, døypt 30.12.1791,

Ole Larsson flytte i ung alder til Askvoll der han 8.6.1835 gifte seg med enkja Gjertrud Iversdotter, opphavleg frå Stensøen i Solund.  Ho var dotter av husmann Iver Olson i Stølsviki under Stensøen, opphavleg visstnok frå Øksenberg eller Brendehaug i Fjaler, og kona Gjertrud Bendiksdotter frå Flekke i Fjaler og vart døypt i Fjaler 4.10.1801.  Ho gifte seg første gongen i Askvoll 22.6.1833 med Johannes Andersson frå ein plass, kan henda i Kvernhusdalen, under Leknessund.  Han var son av husmann Anders Rasmusson på ein plass under Leknessund, opphavleg frå Tveranger i Solund, og kona Johanna Mikkelsdotter frå Berge i Hyllestad og vart døypt i Askvoll 10.12.1802.  Johannes og Gjertrud vart plassfolk i Kvernhusdalen under Leknessund, men Johannes d. der alt 16.12.1833.  Ole tok over som husmann i Kvernhusdalen under Leknessund då han gifte seg med enkja, og han og Gjertrud vart buande på plassen levetidi ut.  Ole d. som husmann i Leknessund 27.4.1864, medan Gjertrud d. som kårenkje same staden 20.3.1867.  Ho fekk fem born, som alle var frå andre ekteskapet med Ole Larsson:

a. Elisabeth Johanne Olsdotter (1835-1921), vart gift med husmann og fiskar Jens Nilsson i Kvernhusdalen under Leknessund i Askvoll (1831-1888), ein steson av husmann Nils Paulson på Leknessund (1815-1902), opphavleg ein strandsitjarson frå Solvornstrondi under Elvetun i Hafslo (s.d.).

b. Lars Johan Olson, f. i Askvoll 13.5.1838, d. i Askvoll 27.4.1848.

c. Iver Olson, f. i Askvoll 22.10.1842, d. i Askvoll 7.2.1843.

d. Britha Olsdotter, f. i Askvoll 19.9.1844, d. i Askvoll 5.9.1845.

e. Christian Olson, f. i Askvoll 26.2.1847, var i 1865 tenestedreng i Leknessund, Askvoll, men den seinare lagnaden hans er ukjend.

 3. Sjur Larsson (1793-1878), vart husmann på Kjempeneset under Kvale i Luster.

 4. Christen Larsson (1796-1819), d. ugift i Marifjøra.

 5. Britha Larsdotter (1798-1807).

 6. Torsten Larsson, døypt 13.9.1801,

Torsten Larsson flytte i ung alder til Askvoll der han vart konfirmert i 1816 og gifte seg 8.6.1835 med Guri Johannesdotter frå Krakhella i Solund, Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Johannes Halvorson på Krakhella, opphavleg frå Kverhella, og andre kona Kari Johannesdotter frå Losnegard i Gulen og døypt i Gulen 3.10.1798.  Torsten og Guri slo seg ned som plassfolk i Indrevik under Leknessund i Askvoll, men var periodevis ogso gardbrukarar i Leknessund.  Torsten dreiv òg fiske og sette livet til på sjøen 14.4.1856, medan Guri d. som kårenkje i Leknessund 26.7.1867.  Dei fekk to born i lag:

a. Elisabeth Torstensdotter, f. i Askvoll 14.2.1835, gifte seg i Askvoll 28.6.1859 med Ole Berntson frå Krakhellehamni, f. i Askvoll 24.4.1837.  Elisabeth og Ole tok over som plassfolk på Indrevik under Leknessund, men utvandra til Amerika i 1864.  Dei busette seg først i Iowa, men flytte kring 1871 til ein farm i Stony Run township, Yellow Medicine Co., Minn. der me finn dei att under namni Ole og Elizabeth Benson.  Ole d. i Yellow Medicine Co., Minn. 28.2.1921, medan Elizabeth Benson d. same staden 12.3.1924.  Dei fekk fem born i lag.

b. Johan Torstenson, f. i Solund 9.2.1839, sette livet til på sjøen i lag med far sin 14.4.1856.

 7. Peder Larsson, døypt 9.12.1804,

Peder Larsson må, om han i det heile voks opp, vera faren frå Hafslo i svært ung alder, og lagnaden hans er førebels ukjend.

 

~~~~~~~~~~

 

Utsnitt gnr. 88, Rønnei - husmannsplassen Lunden 1:

 

Ole Christenson Lunden, frå Haugane under Tandla, vart døypt 2.11.1736 og vart gravlagd frå Lunden 19.3.1783.  Han vart trulova (vigselsdatoen vantar) i Hafslo 7.5.1758 med Gjertrud Larsdotter frå Joranger nedre i Hafslo.  Ho var f. i Hafslo kring 1733 og vart gravlagd frå Lunden 14.11.1794.  Ole og Gjertrud flytte inn som husmannsfolk på ein plass i Lunden under Rønnei (bnr. 5) kring 1759, og me trur det var på den plassen som Ole Torbjørnson og sidan Elling Salomonson før hadde hatt på Naustvolden.  Her vart parfolket buande levetidi ut, og 21.10.1776 fekk dei òg formell festesetel på plassen hjå Anders Tøgerson Nitter.  Dei fekk to born i lag:

 1. Lars Olson (1758-1816), vart husmann på Stølen under Mareim i Hafslo.

 2. Siri Olsdotter (1762-    ), vart gift med husmann Elias Aamundson i Kleivi under Leirmo (1767-1822).

 

~~~~~~~~~~

 

Utsnitt gnr. 102, Marheim - husmannsplassen Stølen:

 

Sjur Sjurson Stølen, truleg ein bror av Marie Sjursdotter som var gift med strandsitjar Anders Simonson i Marifjøra under Leirhola, men elles av ukjent opphav, var f. kring 1720 og vart gravlagd frå Stølen 25.3.1797.  Han gifte seg kring 1752 med Britha Monsdotter frå ein plass under Melheim.  Ho vart døypt 25.2.1728 og d. kan henda på Stølen kring 1785.  Sjur og Britha ser ut til å vera komne til Stølen som nye plassfolk kring 1756, og dei skulle komma til å verta buande her levetidi ut.  Me kjenner til fire born etter Sjur og Britha:

 1. Nils Sjurson (1753-1816), vart husmann i Gjelet under Kjørlog.

 2. Torsten Sjurson (1756-1798), vart husmann i Dversdalen under Prestegard i Luster.

 3. Peder Sjurson (1759-1793), vart husmann i Furehaugen under Sviggo.

 4. Elisabeth Sjursdotter (1766-1811), vart gift med husmann Lars Olson på Stølen (1758-1816); dei fekk ta over heimeplassen hennar her på Stølen.

 

~~~~~~~~~~

 

Ivar, om du ser litt nærare på første avsnittet frå Stølen under Maheim, vil du sjå at eg er heilt «blank» på:

 

** Peder Larsson, døypt i Hafslo 9.12.1804, som, dersom han voks opp, må vera faren frå bygdi i heilt ung alder.  Han miste mor si 1811 og faren døydde i 1816, og eg ser ikkje bort ifrå at Peder kan dukka opp i lag brørne sine i Askvoll?

 

** Christian Olson, yngste son av Ole Larsson, var fødd i Askvoll 26.2.1847 og budde i 1865 som tenestedreng på Leknessund j Askvoll, men kvar vart det av han?

 

Vonar dette er til litt hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk for siste innlegg, Ivar!  Denne matrosen ser jo svært so spennande ut! Dette er jo tjukkaste slekti di, so eg reknar med at du vil følgja opp, ved høve...

 

Elles har eg i kveld sett litt på kyrkjebølene i Askvoll.  Me veit jo at dei to brørne Ole og Torsten hamna der.  Ole er sikkert reist først, og sidan har han henta ut Torsten frå Hafslo.  Kvifor ikkje då òg broren Peder, døypt i Hafslo 9.12.1804?

 

Eg ser mellom konfirmantane i Askvoll:

 

** Peder Larsson Strømmen - 15 år - konfirmert 1820: https://media.digitalarkivet.no/view/8597/257

 

Men det spørst vel om dette ikkje er feil mann, for sjå denne dåpen: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006809191

 

Vel, då står eg framleis fast her...

 

Men kanskje andre har meir hell enn eg...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Ivar Moe skrev:

Jeg finner i farten en matros fra Askvold bosatt i Skudeneshavn med navn Christian Olsen f. 1847. Vil tro det er rett mann. Skal se mer på denne saken senere.

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052235001386

 

Finner en fyrbøter i Bergen i 1900, men om det kan være samme mann var ikke lett å finne utav

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335052055

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Ivar!

 

Dette kan sjå ut som enkja etter fyrbøtaren i FT1910 med sonen Edvard Olai - Systad: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708040463

 

Og her er dåpen til Edvard Olai, tvilling: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007626035

 

Og her er vigsli til Christian Olson fødd i Hyllestad i 1848: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1816&gardpostnr=12034&merk=12034#ovre

 

So dette er nok diverre ikkje «vår» Christian Olson...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fint å få det avklart Lars.

 

Trist med disse sjøfolkene som bare forsvinner på havet. Svært dårlig med registreringer i kirkebøkene desverre. Kan godt være at vår Kristian er en av dem.  Er begynt så smått å registrere fra Nederland og England men tiden strekker ikke helt til. Men dette er en ting som opptar meg og som vil bli en prioritet når jeg pensjonerer meg.

Hadde vært fint om vi var flere som ville være med å koordinere dette arbeidet.  Slik jeg ser det så er det ca 20 000 til 30 000 uregistrerte norske sjøfolk. Tragisk.

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kaia Olsen finnes i folketellingen 1875 for Askøy: 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052284002738

 

Kaia og ektemannen har også to sønner:

 

Peter Kristian, 1872 - far: ungkar, kontorist Peter Olai Nilsen, mor: pige Kari Olsdatter, "Fæstemø":

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005458698

 

Olaf August, 1874 - mor er også her skrevet som Kari Olsdatter. 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005461725

 

Giftermålet i Askøy i 1872:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000659056

 

Hordaland fylke, Strusshamn (Askøy) i Askøy, Fjell, Ministerialbok nr. A 9 (1863-1877), Viede 1872, Side 194
https://media.digitalarkivet.no/view/8262/222

 

Hordaland fylke, Strusshamn (Askøy) i Askøy, Fjell, Klokkerbok nr. A 6 (1861-1881), Viede 1872, Side 107
https://media.digitalarkivet.no/view/8266/124

 

Kari er født 15.08.1851, Solvorn, Hafslo, datter av Ole Sølfestsen Solvorn:

Nr. 65:

Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Solvorn, Joranger, Fet, Urnes i Hafslo, Ministerialbok nr. A 5 (1834-1852), Fødte og døpte 1851, Side 153
https://media.digitalarkivet.no/view/11457/156

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Ivar Moe skrev:

 

image.thumb.png.dac2c42e7d5cbb6a0102fe4dd9197eb5.png

 

Anna Klausdatter er min oldemor gift med  Eilert Olai Ingebrigtsen. 

Hennes forelder var Claus Adamsen og Anna Pedersdatter fra Hafslo.

Jeg tror at Lars har kontroll på henne.  😊

Endret av Leif B. Mathiesen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars og ha ei god og fredfull jul.

 

De jeg nevner nå  kan hende jeg har nevnt før , i tlfelle beklager.

 

Alle har dratt til Unaiten.

 

Ingebrigt Fortun        Springdale     ankom 1840-åra

 

Enok E. Sølve              samme

 

Iver Thorson Aase      samme

 

Hendrick Johanneson Skogen    samme

 

Hans J. Kinsedal       fra Hafslo til  Springdale    1850 åra

 

John Teigen                fra Jostedalen til Custer co. Montana

 

Nils Larsen Bolstad       fra Voss til Dane co. Wisconsin

 

B.O.Holo                       indre Sogn    1850-åra

 

 

Hans J.Moe                 fra Hafslo     1850-1860      Seattle-Kings co

 

Henrik Nilsen Talla          fra Lyster    til Goodhue co

 

Tøger Nilsen Talla            samme

 

Har flere fra andre områder iSogn

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar, Grethe, Leif og Odd for nye innlegg under dette emnet.

 

Dei personane som kjem fram denne gongen, er diverre alle «gamle kjende» som dels har vore drøfta i Brukarforum før, som til dømes dei fem sjøfolki i Stavanger, sjå innlegg #243 på side 10: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=10

Ein av de var denne:

https://forum.arkivverket.no/topic/225562-hans-andersson-lunden-dy-fødd-i-luster-1835-matros-i-stavanger-gift-med-maria-halvorsdotter-forsvinn-1866-lagnaden-til-denne-huslyden/?tab=comments#comment-1915384

 

Lista til Odd over emigrantar ser òg kjend ut, kan henda er lista teki frå Martin Ulvestad - i alle høve er det alle folk eg kjenner frå før.  Og det same gjeld personane frå FT1900 for Laksevåg.  Dei har eg kontroll på frå før, mellom anna oldemori til Leif...

 

Jens Samuel Bugge har ei soge som er heller «utypisk» for ein gardbrukarson frå storgarden Urnes, men ogso denne er komplett:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Samuel Jensson Bugge, f. {i Hafslo} 6.5.1883,

Jens Bugge flytte i ung alder som platearbeidar og montør til Rjukan i Tinn og sidan vidare til Ålvik i Kvam, men han gifte seg i Tjølling 9.2.1917 med Asta Karoline Lauritsdotter Frenvik frå Frenvik i Tjølling.  Ho var dotter av gardbrukar Laurits Edvard Kristenson på Frenvik, opphavleg frå Kaupang, og kona Petra Marthilde Olsdotter frå Dreng og f. i Tjølling 30.5.1892.  Jens heldt fram som montør og mekanikar, og han og Asta budde på Rekkevik i Tjølling, men i 1926 utvandra Jens til Amerika.  Han busette seg i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis. og livnærte seg der som sjømann.  Jens vart buande levetidi ut i Milwaukee, Wis. der han d. 20.2.1983.  Asta Bugge livnærte seg sidan som hushaldar og vart buande på Frenvik i Tjølling og sidan på Gon i Tjølling, men ho d. på ein gamleheim i Larvik 10.3.1987.  Jens og Asta fekk ein son i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ei ny kjempetakk for interessante innlegg.  Og lat meg nytta høvet til å ønskja deg Ivar og alle dei gode medhjelparane våre ei riktig God Jul!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.