Gå til innhold
Arkivverket
Ivar Moe

Til Lars Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd, Jon og Ivar for interessante innlegg!

 

Til Odd:   Huslyden til Anders Kristensen på Drag har vore drøfta fleire gongar før.  Av dei ti borni som han fekk frå to ekteskap menglar eg berre opplysningar om lagnaden til EIN:

 

* Sonen Jacob Sofus Andersen, fødd i Tysfjord 25.7.1866, voks opp i Hamarøy, men skal etter segni ha stikke av til Amerika etter at han i 1893 sette barn på ei jente i Vågan.  Han vert i 1919 omskriven som «kontormann avliden i Amerika»!  Mer veit eg ikkje, men kan DU hjelpa med opplysningar om lagnaden hans, so er ikkje noko betre enn det!

 

Til Jon:  Eg har i alle år stevd for å samarbeida med bygdebokskrivarar frå andre bygder både i Sogn og på andre kantar av landet, og slikt samarbeid har bragt mange fruktar.  Eg trur dei fleste kollegaene etter kvart ser nytta av eit slikt samarbeid, MEN Rune Lee har eg aldri drøfta dette med..., til tross for at det er talrike samband mellom Luster og Feios...

 

Til Ivar:  Det er artig å sjå kva svenske aviser har fanga opp av hendingar i «broderlandet».  Og uhendet med David Johnson som forulukka på Jostedalsbreen i 1852, minte meg om at dette er ein huslyd der eg saknar eit par viktige detaljar, mellom anna om ein son som sist er kjend frå Egersund i 1865.  Eg har difor teke denne huslyden opp som eige tema i Brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226346-david-johnson-kronen-forulukka-på-jostedalsbreen-i-1852-to-born-med-utfordrande-lagnadar-nils-1844-til-egersund-og-brithabertha-1849-til-spokane-wa/

 

Ein ny kjempetakk for spennande opplysningar og inspirasjonar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

God morgen Lars

 

Har du noe opplysninger om denne Ivar som dro fra Lom til Luster i 1851 ?

image.png.226ee07342318f853d00d0302817e8f6.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for siste meldingi.

 

Eg har leitt høgt og lågt, men har ikkje registrert nokon slik person i Hafslo, korkje som innflytt eller gift, og han er ikkje her i 1865.

 

Kan det vera denne karen, tru?

https://www.digitalarkivet.no/view/44/pp00000000018754

 

I so fall kan det sjå ut som om han er flytt attende til Gudbrandsdalen...?

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for å presentera mogelege «kandidatar» til betring av bygdebøkene våre!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Ser du har hatt ett emne innen denne slekta. Har du alt du trenger ? Hvis ikke så kan vi sikkert utrede resten.

 

 

Sunnfjord - Hva er dette for en slekt - Fredrich von Storm

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget.  Det var son av ei prestedotter Munthe frå Hafslo som gifte seg med Engel Marie Fredriksdotter von Storm frå Osen i Gaular:

 

d. Nils Andreasson Juel, f. i Fjelberg 22.1.1764, d. på Halsnøy i Fjelberg 14.3.1800.  Nils gifte seg første gongen i Fjelberg 18.7.1795 med søskenbarnet Maria Magnor Ludvigsdotter Munthe frå Årøy i Sogndal, ei dotter av gardbrukar Ludvig Christopherson Munthe på Årøy (1717-1785), opphavleg presteson herifrå Hafslo prestegard.  Ho vart døypt i Sogndal 15.12.1756, men d. på Halsnøy i Fjelberg 1.11.1795.  Nils gifte seg so att i Nykyrkja i Bergen 10.8.1796 med Engel Marie Fredriksdotter von Storm frå Osen i Gaular, f. i Gaular 2.5.1761.  Ho d. på Halsnøy i Fjelberg 19.1.1799.  Nils var godseigar og tok over Halsnøy klostergard i Fjelberg etter foreldri sine.  Han fekk ein son, som var frå første ekteskapet.

 

Her har eg dei opplysningane som eg treng.  Men eg takkar for merksemdi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ivar, for ein par veker sidan hadde du eit innlegg under dette emnet som såg slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Har du denne karen i registeret ditt ?

Innlagt på St. Jørgen i 1819

Narve Larsen Skildomshoug Lyster 13 april Indtagelse paa Sygehuset Stiftamtmannen pk. 2145 St. Jørgen 1819

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Men då eg skulle inn for å kommentera på det, var innlegget ditt borte.  Men eg tykte det var spennande.  Dersom denne Narve verkeleg var spedalsk,., vart han frisk att, og her er kva eg har skrive om han i manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Narve Larsson Fuhr, frå Myrsete under Hengesteg, vart dypt 3.1.1797 og gifte seg 26.1.1824 med Sophia Haagensdotter frå Svangstu lille, døypt 29.7.1798.  Narve og Sophia fekk overta plassen her på Myrane under Fuhr alt i 1824 og vart buande her som husmannsfolk like til 1867.  Då vart plassen nedlagd, og jordi fall attende til garden.

Narve og Sophie Larson utvandra til Amerika i 1867 i lag med sonen Anders; alle dei andre attlevande borni var då farne over tidlegare.  Me lyt tru at Narve og Sophie vart buande i lag med eitt av borni i Dane Co., Wis., men me kan ikkje sjå noko meir til dei der borte, so truleg d. dei båee kring 1870.

Narve og Sophia på Myrane fekk åtte born:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Om nokon greier å finna dødsfalli til Narve og Sophia ville eg setja stor pris på det.  Alle borni deira skreiv seg Narveson i Amerika!

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for å komma fram med spennande tema!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Hei Lars

 

Full utklippsboks så har måtte slette mye. Skal se i morgen om jeg finner igjen Narve. og når jeg sletter i utklippsboks så forsvinner tydeligvis samme utklipp på forumet også.

 

I mellomtiden kan jeg kanske utfordre deg på denne 🙂

 

image.png.b88df2d02bab9138fded39c05e2acd0a.png

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Og en til

 

 

Bergen adresse------- - 21.12 1844

image.thumb.png.b2fe3eb64059462a846cc99566c27761.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Norske klostere i middelalderen (1371)

 

image.thumb.png.5cc1ba9142d7650e4bec47c7f38b73e8.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Christiania Aftenblad - 19 august 1843

 

image.png.80e2cf5d3764473e3b8de5a005c14599.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for nye utfordrande innlegg!

 

Innlegg #310 har å gjera med Mellomalderproblematikk, so den let eg førebels liggja.  Elle ser et det må ha vore konkurranse mellom bøndene i Sogn for sal av eple.  Narve var husmann under Fuhr, og husbonden hans var Ole Sjurson!  Truleg har dei båe dyrka eple av same slaget...

 

Når det gjeld saki mot Gjertrud Christensdoter Mørkrid, har me vore borti denne før.  Det gjekk ikkje so lange stundi før Gjertrud var attende i Luster og gifte seg der!  So truleg vart ho frikjend eller fekk straffi nedsett...

 

Ei ny sak som kom opp var klokkaren Chsten Andersson Berg.  Det er ikkje mykje me veit om denne klokkaren eller huslyden hans, men på bakgrunn av innlegg #307 har eg lagt denne saki ut som eige tema i brukerforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226524-christen-andersson-berg-1702-1796-gift-med-henrikka-nilsdotter-wolle-1698-1776-klokkar-i-luster-frå-1760-kven-var-dei-og-kvar-kom-dei-ifrå/

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for å henta fram interessante og utfordrande huslydar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no i ettermiddag òg lagt ut Narve Larsson Fuhr som ein del at eit nytt tema i brukarforum for å freista fanga opp nokre av dei detaljane som framleis manglar om huslyden hans:

https://forum.arkivverket.no/topic/226532-narve-larsson-fuhr-1797-187-med-kona-sophia-haagensdotter-1798-187-frå-luster-til-amerika-og-sonen-deira-lars-narveson-1824-1881-og-huslyden-hans/

 

Og eg takkar på ny for alle spennande innspel!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.