Gå til innhold
Arkivverket
Ivar Moe

Til Lars Øyane

Recommended Posts

Ivar Moe

Har du  disse fra reservekompaniet ? Og har det noen intresse ? Det er ingen f.dato/år så de er vel ikke så lett å plassere.

Er det av intresse så er det noen sider til.

I kongens tjeneste 1709 - 1719 - Sognske 2 reservekompani.   - https://www.nb.no/nbsok/nb/ea75debb86cf3b12fafdcdfcc19c3a38?lang=no#0

 

image.png.0cec1af4d1d852d813adbc222a70a4ad.png

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Barn født utenfor ekteskap i Leikanger, med far fra Hafslo. Kanskje kjent fra før?

 

Martha født 17.7.1819, døpt 18.7.1819. Moderen Synneve Iversdr. Fresvig og Faderen angivet: Peder Jensen Kinserdal (?) af Hafslo

Præstegjeld https://media.digitalarkivet.no/view/11569/103?indexing

 

Martha ble konfirmert i 1835: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/266

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar og Terje for nye interessante innlegg!

 

Når det gjeld rekruttane frå store nordiske krig som er omskrivne av tidlegare statsarkivar i Bergen Egil Øvrebø, so er det eit svært omfattande materiale, som eg ønskjer å arbeida vidare med.  Dei fleste av rekruttane med heimstavn i Luster, Jostedalen og Hafslo er personar som eg kjenner til, og mange av dei er nemnde i bygdebøkene våre, men boki til Øvrebø kom ikkje ut før i 1996, og difor er det mange av rekruttane frå «gamle Luster» og Jostedalen (bøker utgjevne 1984-1994) som hjå meg har ein mangelfull biografi.  Men no er det slik at eg har eit eksemplar av boki til Øvrebø, so det er ikkje naudsynt å kopiera alle sidene som nemner personar frå noverande Luster kommune.

 

For å ta eit par døme frå lista i innlegg #376:

 

* Sølfest Olson Lien - omskriven i Luster bd. II under garden Flikki:

Sølfest Olson Flikki, brorson av føregåande brukar og frå Ormelid, var f. kring 1682 og d., visstnok medan han var ute i «store nordiske» som soldat, kring 1713.  Han fekk alt 25.5.1707 bygsel på bruket hjå Mons Endreson, men gifte seg ikkje før kring 1711 med Ingrid Olsdotter, truleg frå Kolstad.  Ho var f. kring 1678 og vart gravlagd frå Flikki 8.4.1757.  Sølfest dreiv garden til han fall ifrå og etterlét seg enkja og ein son:

 

* Nils Frichson Skjolden - omskriven i Luster bd. I under garden Bolstad:

2. Nils Frikson, f. kring 1688, han vart nemnd som soldat i 1714 og budde heime då. Men so vart Nils Frikson òg heilt borte frå bygdi, og det er mykje truleg han reiste i krigen som soldat og ikkje kom heim att(?).

 

Denne Nils Frikson hadde forresten ein bror Thor Frikson, fødd kring 1685, som eg tippar òg har vore soldat, men han er ikkje nemnd hjå Øvrebø...

 

* Anfind Johannesson Aarstu - omskriven i Luster bd. II under garden Nygard:

 1. Anfind Johannesson, f. kring 1695, vart i 1715 stemnd for han hadde hatt leigarmål med søskenbarnet Agatha Nilsdotter frå Kroken.

Etter denne hendingi vart Anfind borte frå bygdi, som rimeleg kan vera.  Det vart den gongen strengt straffa når so nærskylde hadde hatt leigarmål, men me veit diverre ikkje noko meir om lagnaden hans; kan henda han vart send til koparverket på Røros(?).

 

Her får me altså greie på at han døydde i Pommern 7.4.1716!

 

* Iver Styrkson Kalhagen - omskriven i Luster bd. IV under garden Kalhagen:

 3. Iver Styrkson, f. kring 1677, tente i Kalhagen i 1701 og vart nemnd som reservesoldat her i 1711.  Han var då gift, men kven kona hans var, veit me ikkje no.

Iver Styrkson vart borte frå bygdi kring 1711; kan henda reiste han ut som soldat i «store nordiske» og fall der, men me kan ikkje seia noko sikkert om lagnaden hans.

 

Mistanken var altso rett...

 

* Paul Nilsson Yttri - omskriven i Luster bd. I under garden Yttri:

2. Paul Nilsson, f. kring 1693, budde på Drægni i 1714, elles ukjend.

 

So her er nok av stoff å arbeida med...

 

Når det gjeld sorenskrivarane Hammer og Irgens og stortingsmann Bugge nemnde i innlegg #378, er dei godt dekte av manuskripti mine.

 

Med omsyn til barnefaren frå Leikanger 1819 (innlegg #377), var han ukjend for meg, men han er ikkje so heilt enkel å identifisera.  Me hadde nemligf to «lauskarar» i Kinserdalen på den tidi, d.v.s. ingen av dei budde i sjølve Kinserdalen:

 

* Peder Jensson Aasen (1783-1850) - gifte seg i 1827 og vart husmann i Bakkane under Urnes

 

* Peder Jensson Urnæs (1791-1854) - gifte seg i 1822 og vart gardbrukar på Urnes

 

Garden Åsen ligg rett nok i Kinserdalen, men Peder skriv seg aldri for Kinserdal.  So kven av dei som var på «tur» på Leikanger i 1818, er ikkje so godt å seia...

 

Ein ny kjempetakk for spennande innlegg under dette emnet!  Alltid dukkar det opp nye interessante opplysningar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Matroser fra Luster ?

Noen av disse har vi vært innom før, men alle ?

 

Nr. Førenamn Etternamn Fødd år               Fødestad Bustad Stand Status Innrullert Merknad Reiser Årsak for sletting

image.thumb.png.34944214ac71497938d3589bb8cbc006.png

 

image.thumb.png.f1df3a5dcc7bf70795c08dbbdf272b6e.png

 

                 
595 212 Anfind Endresen 1748 Sogn Bergen u Maadelig 1796 d. 29 Dec. Ej fahret  

Død i Sc. Croix 1797

 

 

image.thumb.png.f41545dd462dddfde54d9fc7c03e55a5.png

 

image.thumb.png.940edb1b73e7ccd48180cbd914002bf5.png

 

image.thumb.png.460e2e714f2b2ed62078aa697cc4b9e2.png

 

 

 

 

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg har ein mistanke om at me har vore borti desse folki før...

 

* Johannes Bottolfson er ein del av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/207059-bottolf-jørgensen-1714-1785-og-kona-christi-hermundsdotter-1715-1785-frå-luster-til-bergen-kvar-vart-det-av-alle-borni-deira-ei-skikkeleg-utfordring/?tab=comments#comment-1877284

og avsnittet om Johannes er spesielt utfordrande sidan han og kona samt dotteri forsvinn frå Bergen først på 1780-talet etter at Johannes då fekki fast teneste ved divisjonen:

 

~~~~~~~~

 

11. Johannes Bottolfson {Drægni}, døypt {i Luster} 11.5.1755,

Johannes Bottelsen vart òg med foreldri til Bergen og gifte seg der 9.11.1777 med Hermine Malene Jansdotter Grønning frå Bergen.  Ho var dotter av målarmeister Johan Henrik Hermanson Grønning i Bergen og første kona kona Elisabeth Helene Nilsdotter Bandscher, òg frå Bergen, og f. i Bergen 27.7.1754.  Johannes Bottelsen var matros og fekk i 1781 fast teneste som militærmatros. 

 

##### (yrke og bustad? – forsvinn frå Bergen! – København? – lagnaden deira?)

 

Dei fekk to born i lag:

a. Kirstine Elisabeth Grønning Johannesdotter Bottelsen, f. i Bergen 2.3.1777,

 

     ##### (lagnad?)

 

b. Johan Henrik Johannesson Bottelsen, f. i Bergen 31.3.1778, vart gravlagd i Bergen 22.7.1782.

 

##### (fleire born? – oppl.?)

 

~~~~~~~~

 

* Peder Christenson er ein del av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/223568-christen-andersson-1712-med-kone-maria-pedersdotter-son-peder-christenson-1737-kan-henda-matros-i-bergen-ei-utfordrande-huslyd/?tab=comments#comment-1893124

og avsnittet om Peder står framleis som ei kjempeutfordring:

 

~~~~~~~~

 

b. Peder Christenson, døypt i Luster 25.3.1737,

 

     ##### (lagnaden hans? – kan han vera identisk med Peder Christenson frå Sogn, fødd kring 1735, innrullert

            matros 22.1.1772, tente som artillerist 1778 – reiste til Grønland og sidan til Middelhavet, d. 1780 med

            Herman Sneyder??

            kan henda underconstabel Peder Christenson gift Krosskyrkja 24.1.1768 med Dorthe Kirstine Hansdotter

            - men ved barnedåpane er mori kalla Anna Rasmusdotter:

            * Rasmus, f. KK, Bergen 29.2.1768

            * Rasmus, f. KK, Bergen 27.9.1769

            * Carl, f. KK, Bergen 2.10.1772

            * Christian, f. KK, Bergen 9.4.1775)

 

~~~~~~~~

 

* Ole Hermanson er ein del av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/222100-herman-hermansen-1733-1784-utflytt-1763-frå-fortun-i-luster-til-bergen-lagnadane-til-borni-hans/?tab=comments#comment-1890682

og som avsnittet om Ole syner, ser det ut til at han ikkje har etterkomarar:

 

~~~~~~~~

 

b. Ole Hermansen, døypt i Luster 14.11.1761, drukna som matros på veg til Petterborg (St. Petersburg) i 1789. 

 

     ##### (har eg oppfatta dette rett?)

 

     Ole flytte likeins til Bergen med foreldri kring 1763 og gifte seg i Domkyrkja i Bergen 28.3.1785 med Gjertrud Pedersdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – truleg gravl. 13.8.1788, 34 år gamal!)

 

     Ole vart i 1784 utskriven som matros og siglde i utanriksfart, men han og Gjertrud budde i Bergen.  Dei fekk to born i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Herman Peter, f. DK 13.12.1785 – fadrar Aslak Aslaksen, Rasmus Persen, Bertel Andersen, Ingeborg Olsdotter, Elisabeth Michelsdotter – truleg gravl. 29.7.1786, 6 mnd.

            * Malene Petriche, f. DK 23.9.1787 – trul. gravlagd 24.10.1787, 16 dg.fadrar: Maren Tollevsen, Halvor Samsonson, Mons Tollevsen)

 

~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for interessante innlegg som eg vonar kan bidra til løysing av fleire utfordringar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Denne Krogen i Russisk tjeneste var intressant.  Kjent stoff ??

Fra Ludvig Daa - Nordmenn og dansker i russisk tjeneste.

DET KONGELIGE BIBLIOTEK THE ROYAL LIBRARY København / Copenhagen

image.png.ffbdf0a841cfb003beba150927eccf52.png

 

image.png.8962927f1dfc2f00650b0ac40c9b2c1c.png

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.