Gå til innhold
Arkivverket

Anders Olson Ongelsnæs (1762-1812?) - driftehandlar i Luster - alle fire borni hans ser ut til å ha hamna i Bø i Vesterålen, men er det mogeleg å finna fleire opplysningar om dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege i «dvale» i tre veker, samstundes som eg vil retta ein forseinka, men like hjarteleg, takk til deg Grethe for siste innlegget ditt!

 

Eg har lagt til detaljopplysningi om Edvard Kristian i manuskriptet mitt.  Elles ser eg at lite har skjedd sidan eg la inn manuskriptet mitt i innlegg #49 på føregåande side.  Spørsmålslista mi frå same innlegg er soleis uendra, men eg vonar på meir lokal hjelp til å fnna svar på nokre av dei utfordringane som framleis står òpne.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
On 4/22/2018 at 10:53 PM, Lars E. Øyane said:

Hjarteleg takk til Grethe, Lars W. og Pål for nye spennande og nyttige innlegg!

 

Flott at du Grethe fann det gamle temaet der opphavet til Hans Christopherson var «behørig» forklart!  Og detaljane tek til å komma på plass ogso for resten av denne utfordrande huslyden!

 

Her følgjer eit nytt manuskript til oppdatering av manuskriptet i innlegg #28 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Olson Ongelsnæs, opphavleg frå Fetberget under Fet i Hafslo, vart døypt i Hafslo 24.10.1762 og d.

 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1812, kan henda ein stad i ytre Sogn?)

 

 

 

     Han gifte seg i Luster 31.1.1799 med Gjørond Johannesdotter frå Salbuneset under Talle, søster av ovannemnde Hans Johannesson.  Ho vart døypt 25.10.1768 og d. på Ottum 5.5.1826.  Anders Olson var driftehandlar.  Han og Gjørond budde først ei tid på Kjempeneset under Kvale, men flytte i 1805 ut hit til Ongelsneset.  Truleg hadde huslyden tilhald hjå bror hennar her (sjå ovanfor), men om dei tok del i plassdrifti, veit me ikkje noko om.  Dei flytte herifrå att alt kring 1808; i 1810 hadde dei tilhald på Talle, og kan henda var det der Anders døydde.  Gjørond budde siste leveåri sine hjå eldste sonen i Hagen under Ottum.  Anders og Gjørond fekk sju born i lag; dessutan hadde Gjørond ein son frå før:

 

 1. Johannes Olson (1792-1875), son av Gjørond og husmann Ole Sjurson på Gjerdet under Ottum (1768-1807), vart altså husmann i Hagen under Ottum.

 

 2. Britha Andersdotter, døypt 3.3.1799,

 

Britha Andersdotter reiste i ung alder til Nordland og gifte seg i Bø i Vesterålen 3.1.1844 med enkjemannen Gunder Ejde Gunderson Frantzen, opphavleg frå Bergen.  Han var son av tømmermann Gunder Ejde Frantzsen i Bergen og kona Martha Malena Monsen, òg frå Bergen, og f. i Bergen 26.12.1798.  Gunder gifte seg første gongen i Nykyrkja i Bergen 26.12.1827 med Ingeborg Karine Abrahamsdotter Ingebrigtsen frå Bergen.  Ho var dotter av bordarbeidsmann Abraham Ingebrigtsen i Bergen og kona Anna Caroline Weis

 

 

 

##### (opphavi deira?)

 

 

 

og vart døypt i Bergen 3.6.1804, men d. i Bergen alt 29.12.1828.  Gunder Frantzen var matros og seglmakarsvein i Bergen, men budde på Snarset i Bø då han i 1844 gifte seg att med Britha Andersdotter.  Gunder heldt fram som seglmakarsvein ogso i Bø, men d. på Stokmarknes i Hadsel 3.4.1865. 

 

 

 

I fall du framleis arbeider med denne huslyden: Eg kan ikkje hjelpe deg med hovudutfordringane dine, men eg har nokre opplysningar om foreldra til Ingeborg Karine Abrahamsdotter (f. 1804). Ho var som du skriver dottera til Abraham Ingebrigtson (f. 1771) og Anna Caroline Wilhelmine Weis (1774). Abraham kom frå Kråkenes lengst nordvest på Vågsøy i dagens Kinn kommune og Anna Caroline var fødd i Bergen. Ho var dottera til Carl Wilhelm Weis som innvandra frå Tyskland i 1742 (ref. "Drengar innflytta til Bergen 1671-1760") og som seinare er omtala som "Høcker" i Bergen Borgerbok (1753).

Endret av Thore Senneset
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Thore Senneset skrev:

nna Caroline var fødd i Bergen. Ho var dottera til Carl Wilhelm Weis

Dåp

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005658791

 

Død

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000599946

 

Vielse Carl Wilhelm Weis og Anna Larsdatter i 1753

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000199164

 

I 1766 ser det ut som Carl er gift med Karen Svendsdtr Kiæmpe, som da må være mor til Anna Caroline

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005652588

 

Finner en Sven Larsen Kiempe som fadder i 1733

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006028285

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.