Gå til innhold
Arkivverket

Paul Olson fødd ca 1795 i Aurland og Fresvik?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Under garden Simlenes i Fresvik finn eg Ingrid Paulsdtr Skaim frå Aurland (1763-1844) gift med Johannes botolvson Simlenes. Barnlause. I 1815 bur Ola Larson og kona Anna Paulsdtr (fødd ca 1767) og 3 born hos førstnemnde familie. Truleg er Ingrid og Anna systre og døtre av Paul Nilsen Skajem i Aurland.

Dei har ein bror Nils Paulsen Skajem og hos han og kona bur ein pleieson Paul Olsen i 1801, 6 år gammal. I 1815 bur ein Paul Olson hos Ola Larson og Anna Paulsdtr på Simlenes, han er då 20 år gammal.

Eg vil tru at Paul Olson må vera uekte barn til ei av døtrene til Paul Nilsen Skajem i Aurland.

Ingrid var gift i 1792 på Simlenes og er difor uaktuell.

Anna fekk første barnet Marta i 1796 og er truleg heller ikkje aktuell.

Dei andre systrene var:

Sigrid Paulsdtr 1753-1835

Mari Paulsdtr f 1772

Guri Paulsdtr 1774-1816, gift 1814 med  enkjemannen Hans Andersen Osen Loven i Aurland og død før 1817 då han gifte seg oppatt.

 

Er det mogeleg å finna ut meir om Paul Olson og kven som var foreldra?

Kva skjedde med Sigrid og Mari?

Eg finn heller ikkje dødsår på ekteparet Ola Larson og Anna Paulsdtr som budde på Simelenes i 1815. Borna Marta og Metta vart gifte i Fresvik men sonen Lars fødd i 1803 veit me ikkje meir om. Han levde i 1815.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er ein Paul (Povel), det er vel han, uekte, døypt 31. okt. 1794, mora heiter Anna Povelsdtr., Simlenæs, farens namn er ikkje opplyst. Siste på venstre side.:

 

SAB, Leikanger Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 5, 1792-1809, s. 45
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070511630254


 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg 2, eg skreiv: "Her er ein Paul (Povel), det er vel han, uekte, døypt 31. okt. 1794, mora heiter Anna Povelsdtr., Simlenæs, farens namn er ikkje opplyst":

 

Beklager, eg må korrigera meg sjølv: dåpen var 1. november, og barnefaren ER opplyst: "Barnefaderen angivet Ole Larsen Frønningen"

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

1 time siden, Richard Johan Natvig skrev:

Her er ein Paul (Povel), det er vel han, uekte, døypt 31. okt. 1794, mora heiter Anna Povelsdtr., Simlenæs, farens namn er ikkje opplyst. Siste på venstre side.:

 

SAB, Leikanger Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 5, 1792-1809, s. 45

Flott! Eg ser at barnefaren er oppgitt til å vera Ole Larson Frønningen, altså den seinare ektemannen til Anna Paulsdtr. Paul har då budd ei tid hos morbroren i Aurland og deretter har han komme til Simlenes då foreldra flytte dit.

 

Grete, det er han eg meiner men eg skreiv feil då eg sa at Ole Larson og Anna Paulsdtr  også budde på Simlenes i 1815. Eg finn dei ikkje der, men borna bur hos morsystera og mannen som ikkje hadde eigne born. Det skulle vel bety at foreldra kanskje er døde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ola Larson og Anna Paulsdtr budde i Sogndal i 1801 der han var husmann utan jord, dagleigar og fiskar. Dottera Marta vart døypt i Sogndal 6. nov 1796. Så står det i bygdeboka for Leikanger at dei flytte til Simlenes i Fresvik i 1811 frå Sogndalsfjøra.

Kan begge vera død mellom 1811 og 1815 sidan berre borna bur på Simlenes?

Er dei døde før 1811 i Sogndal, og berre borna flytte til morsystera på Simlenes som ikkje hadde eigne barn?

Klarer ikkje finna evt dødsfall i kyrkjeboka for Leikanger.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.