Gå til innhold
Arkivverket

Andreas Christianson Væmhuus - fødd kring 1821 - kom til Luster som husmann under Bollingberg i Gaupne og døydde her i 1851, ugift - kven var denne mannen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Andreas Christianson Væmhuus, fødd kring 1821, fekk 2.6.1846 festesetel på plassen Sandvikøyri under gardern Bollingberg i Luster og var husmann der til han 23.1.1851 sette livet til då han i lag med eit par andre karar drukna i Gaupnefjorden (siste innførsle på denne sida):

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8401/178

 

Eg har ikkje greidd å identifisera denne Andreas eller kvar han kom ifrå.  Kvar er Væmhuus?  Kanskje nokon veit?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innflyttet fra Vestby prestegjeld i 1846

SAB, Luster Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 6, 1840-1848, s. 187
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070305660166

 

Da kan det jo være denne

Andreas Christensen døpt 26/11 1820 foreldre Christian Nielsen og Karen Andersdt Wernhuus

SAO, Vestby prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0005: Ministerialbok nr. I 5, 1814-1827, s. 50-51
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061025060587

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg var inne på om Væmhuus kunne være en feillesing for Vernhuus - for i så fall har vi Vernhus/Wehrnhus/Wærenhus her i Vestby., men jeg syntes flytteavstanden var drøy..

Og så fant du Anne forbindelsen!

 

Gnr 39 i Vestby heter Pytt og Vernhus - Pytt/Pyth er den egentlige gården - Vernhus er plass under denne.

 

Jeg skal sjekke i mine notater om husmannsplasser i Vestby om jeg finner noe mer.

 

Mvh Jarleif Nordheim

Vestby

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Karen Andersdtr Wernhus var nok egentlig fra Pyt, men faren måtte gå fra bruket i 1805 pga drukkenskap og fyll. Skilte da ut et areal omkring den tidligere husmannsplassen Vernhus, og bodde der med familien. Kan leses om dette i Vestby bygdebok bind 1 s 486 og utover. J

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Anne og Jarleif for kjempeflotte og imponerande innlegg!

 

Innflyttingi til Luster frå 1846 hadde eg oversett, og den var det jo som fekk «snøballen til å rulla»...  Elles lyt ein jo vedgå at ei flytting frå Vestby til indre Sogn på 1840-talet vel må sjåast på som høgst uvanleg!

 

Sonen Iver Andreasson utvandra forresten til Amerika og har stor etterslekt der borte!

 

Eg får diverre ikkje opp denne bygdeboki for Vestby, men forstår det slik at Karen Andersdotter var oppvaksi på Vernhus-plassen under Pytt.  Derimot har eg vanskar med å identifisera Christian Nilsson!  Andreas var jo tydeleg ektefødd, men eg finn ikkje vigsli til foreldri, og heller ikkje kan eg sjå at dei hadde andre born enn sonen Andreas!

 

Kanskje du Jarleif eller andre har ei forklaring på dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til idenifikasjon av denne unge husmannen i Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt etter erindring siden jeg her bare har mobiltelefon: Karen ble ofte skrevet som Kari. Ved søk på dette navnet finner en nok flere barn / f.eks via Familysearch. 

Paret bodde på en plass under Toverud (nabolag til Pytt). Vielsen tror har jeg notert trolig skjedde i Ås. Christian var trolig fra Frogn, og kirkemessig lå dette u Ås. Mulig de også bodde en tid i Ås/Frogn og fikk barn der. 

Mener at hennes navn var skrevet Kari ved vielse. 

 

Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det være vielse nummer 15?

 

Akershus fylke, Ås, Nordby, Kroer i Ås, Klokkerbok nr. I 1 (1814-1820), Viede 1817, Side 396-397
Permanent bilde-ID: kb20061026030614
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061026030614
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061026030614.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars: Fint om du er konkret på om du trenger ytterligere informasjon, og eventuelt avgrensning på hva du trenger. Jeg har nok noen notater om familien fra tidligere kartlegging av husmannsplasser.

 

Vennlig hilsen Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarleif og Sven for nye interessante innlegg!

 

Det som eg heilt konkret ønskjer av opplysningar om Andreas Christanson og foreldri hans, er følgjande:

 

** På kva plass under kva gard kan me seia at Andreas voks opp, d.v.s. kvar budde foreldri hans?

 

** Frå kva gard/plass hadde faren Christian Nilsson opphavet sitt (fødd/oppvaksen)?

 

Frå før veit me jo at mori Kari Andersdotter var oppvaksi på Vernhus-plassen under Pytt i Vestby....

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja opphavet til Andreas!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg kommer vel ikke helt i land med dette, men det jeg har er følgende:
 

Om Kari/Karen Andersdotter: Tror du bør skrive: Født 28.10.1792 på garden Pytt i Vestby og oppvaksen på det utskilte småbruket Vernhus (2/20-deler av opphavelege bruk).

 

Christian Nielsen meiner eg var døpt 9.4.1787 med far Niels Christophersen på garden Tomter i Frogn. Men eg veit ikkje status (bonde/brukar/husmann/tenar) for Niels.

Ved folketeljinga 1801 er vår Christian truleg tenar på Hallangen i Frogn.


Paret gifter seg 18.6.1817 – då er begge på Øyerud (no Øirud) i Frogn (nær Pytt i Vestby).

 

Ein son, Caspar er fødd 11.9.1817 På Klommestein i Ås (nær grensa til Frogn og Vestby)
Sonen Andreas er fødd i Vestby (1820)
Sonen Martin er fødd 2.7.1827 på ein plass under Toverud i Vestby, og her budde familien vidare. 

So det er nærliggjande å seie at Andreas vaks opp på plassen under Toverud. 

 

Jarleif
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takkl til Jarleif for siste innlegget!

 

Det høyrest ut som om det ikkje er so heilt enkelt å finna ut av spørsmålet mitt om opphavet til Christian Nilsson.  Ingen andre born av Nils Chrstopherson synest vera fødd i Ås prestegjeld på 1780- og 1790-talet, og berre ein brudgom finn eg på Ås som «høver»:

 

* Nils Christopherson Skoftestad og Karen Christophersdotter gifte 24.6.1783: https://media.digitalarkivet.no/view/7548/236

 

Kan det vera ho som i 1801 er enkje på Rød i Ås: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058214002392

 

Ikkje so lett dette for ein som ikkje er lokalkjend i området, men sikkert er det at ingen Nils Christopherson bur på Ås (med Frogn) i 1801!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke lett å finne ytterligere informasjon her, men da Andreas Christiansen konfirmeres (15.10.36) skrives det at han er født på Wernhus.

(Ved dåpen var ikke sted oppgitt).

 

Når det gjelder hans bestefar Niels Christophersen, er eneste foreldrekandidater i området jeg har funnet disse: Christopher Nielsen Rugaas og Ragnhild Andersdtr  som vies i Kråkstad 23.8.50.

 

Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarleif for siste innlegget.

 

Det skal altso ikkje vera so heilt enkelt å finna ut av denne ætti.  Kan det tenkjast at dette Vestby/Ås området er eit «gjennomtrekksområde» med mykje flytting fram og attende som gjennom kyrkjebøkene er dårleg kartlagd?  Litt av same problemet opplever me jo i ei anna sak som har med Enebakk å gjera, sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/199309-maren-torgersdotter-1788-1850-frå-enebakk-til-hafslo-i-sogn-kven-var-ho/?tab=comments#comment-1684881

 

Korleis ligg desse stadane i høve til kvarandre,

 

* Hallangen i Frogn (der Christian Nilsson kan ha butt i 1801)

 

* Skoftestad i Ås (der brudgomen Nils Christopherson budde i 1783)

 

* Rød i Ås (der Karen Christophersdotter budde som enkje i 1801)

 

Frogn og Ås var vel eitt prestegjeld på den tidi...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med kartleggjingi av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det synes som om Christian Nilsen er av tjenestefolk eller husmannsfamilie - gårdsfamiliene er godt dokumentert i bygdebøkene, mens de andre er  mer tilfeldig omtalt. Og det er som du skriver Lars: Dette var folk i stadig bevegelse og på flytting. Og en tilføyelse: Jeg har tidligere skrevet at CN ble født på Tomter i Frogn - ser nå at det også er en plass Tomter i Ås, men det er markert at dåpen skjedde i Frogn, så jeg holder det som mest sannsynlig at han ble født i Frogn.'

 

Når det gjelder FT 1801 og gården Rød, så er det ut fra beboerne en Rød-gård i Frogn - ikke i Ås - folketellingen gjaldt jo prestegjeldet. Og avstandene mellom Hallangen, Skoftestad og Rød er ganske små - bare noen få km.

 

Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved broren Martin sin begravelse 6.12.1896 er ‘Bergkisten under Toverud’ innført som fødested.  Bergkista er forøvrig også den eneste kjente husmannsplassen under Toverud.  Christian og Kari bodde her resten av livet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fint at du Magne Olav fant dokumentasjon på at familien bodde på Bergkista. Jeg hadde ikke kommet så langt i kirkebøkene.

Men vi hadde jo en plass til under Toverud - Skurva. Og enkelte ganger er Toverudplass nevnt - ut at vi kan vite om det er Bergkista eller Skurva.

 

Vh Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er litt på siden av emnet.  Men en liten replikk til deg, Jarleif.  Bygdeboka nevner at det antagelig var en husmann i Skurva rett før Toverud ble delt i 1764.  Med unntakt av en liten perioden fra 1819 til 1834, hvor igjen gården var samlet, har Toverud bestått av Øvre Toverud (Skurva) og Nedre Toverud.  Hvordan det var før 1764 vet vi ikke, men fra 1817 og fram til 6.10.1895, som var begravelsen til Alvilde Marie Alfredsdatter, var det aldri mer enn èn husmannsfamilie under Toverud på samme tid.  Dette på grunnlag av hva som finnes i kirkebøker om dåp, død, vielser og konfirmasjon.  Faren, Alfred Danielsen, flyttet forøvrig med familien til nabogården Ørbekk som husmann et par år etter datterens død, så Bergkista ble nok nedlagt rundt den tiden.  Konklusjonen, slik jeg ser det, er at det kun var en husmannsplass under Toverud, nemlig Bergkista.

Mvh Magne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg, takk til Jarleif og Magne Olav for dei siste innleggi i denne debatten.  Det har vore ganske so hektisk i det siste med mange «ballar i lufti», og då er det ikkje alltid lett å følgja opp med ein gong, særleg når helsa krev sitt og opplysningane treng stor merksemd...

 

Men opplysnigane som er framkomne, er absolutt av interesse, og eg har no, etter nøyare gjennomgong og vurderingar, tenkt å skriva teksten i manuskriptet mitt på følgjande vis:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Andreas Christianson Værnhuus, frå Toverud i Vestby, var son av husmann Christian Nilsson på Bergkisten under Toverud, opphavleg visstnok frå ein plass under Tomter i Frogn, og kona Karen Andersdotter frå Værnhus under Pytt i Vestby og f. på Værnhus i Vestby 5.11.1820.  Han d. som husmann på Bollingberg då han 23.1.1851 drukna i Gaupnefjorden.  Andreas fekk 2.6.1846 festesetel på Sandvikøyri under Bollingberg og flytte hit på same tidi.  Han dreiv sidan plassen dei få åri han levde.  Andreas var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar dette ser so nokolunde «spiseleg» ut og vil nytta høvet til nok ein gong å takka for framifrå bistand til komplettering av denne biografien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.