Gå til innhold
Arkivverket

John Thomasson Raaum (1854) og Anna Bottolfsdotter (1848) - til Amerika frå Hafslo i 1885, men kvar gjorde dei av seg der borte?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri har greidd å komma nokon veg med.  I kveld er eg endeleg komen eit stykke på veg!

 

Eg attgjev eit oppdatert manuskript for husmannsplassen Moseng under garden Josvanger i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #3 under!

 

Her ser me John Roum etter ankomsten til Pope Co., MN i 1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DWPS-1L9

 

Her er John «single» i 1910 på eit «insane asylum» i Orofino precinct, Nez Perce Co., ID: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RKS-24V

 

Her er Anna Roum som enkje i 1940 i Spokane, WA med mellom anna dotter Margaret Christie: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-Q84R

 

Og gravi til Anna Raaum (1848-1944) i Spokane, WA: https://billiongraves.com/grave/person/4000841

 

Og her er dødsfallet til dotteri Margaret Christie i Spokane, WA:

 

Age 97
Given Name Margaret
Surname Christie
Birth Date 21 Nov 1872
State Washington
Last Place of Residence Spokane, Washington
Previous Residence Postal Code 99203
Event Date 15 Jul 1969

 

Margaret og Thomas Christie i Troy, ID 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DYW9-KP1

 

Margaret og Thomas Christie i Troy, ID 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRV7-LYY

 

Margaret og Thomas Christie i Troy, ID 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6W-SD

 

Margaret og Thomas Christie i Spokane, WA 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRZB-K67

 

Første gongen Anna dukker opp er i FT1920 då ho som enkje budde hjå dotteri i Troy, ID.

 

Men den store utfordringi her er heilt klart å finna att John og Anna fram til 1920!

 

** Kvar var dei i 1900?

 

** Kvar var Anna i 1910?

 

** Kvar vart det av John etter 1910?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

med Torvald Halvorson frå Auten austre i Trøgstad, i Amerika kjend som Thomas H. Christie.  Han var son av husmann Halvor Christianson på Fossen under Auten austre, opphavleg frå Auten austre, og kona Maria Gulbrandsdotter frå Hethul, Elgetun i Eidsberg og f. i Trøgstad 6.3.1863, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1869. 

Thorvald i Trøgstad i 1865 med foreldre og søsken:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037991002755

 

Østfold fylke, Trøgstad, Båstad i Trøgstad, Ministerialbok nr. I 9 (1865-1877), Inn- og utflyttede 1869, Side 357 - høyre side, nr. 28-33:

https://media.digitalarkivet.no/view/3060/333

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit nyttig og utfyllande innlegg!

 

Eg har i dag jobba ganske so «aktivt» med denne huslyden og har greidd å finna svar på det meste.  Berre dei to barneborni hennar Anna er no heller «mangelfulle».

 

Utsegni om at Anna skulle vera «a severe woman» kan me kanskje tolka gjennom dødsattesten til John Roum frå 1928.  Der står det nemlig at han i 32 år hadde vore pasient på dette sanatoriet på grunn av at han var «paranoid»...

 

Her følgjer eit manuskript til oppdatering av manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

John Thomasson Raaum, frå Samgrandane under Bolling­berg i Luster, var f. i Jostedalen 19.5.1854 og gifte seg i Hafslo 2.2.1882 med Anna Bottolfsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå Mosengi.  Ho var f. i Hafslo 7.9.1848.  John og Anna tok visstnok over heimeplassen hennar på Mosengi kring 1882 og vart buande her fram til 1885.

Men i 1885 utvandra John og Anna Raaum til Amerika, John om våren og Anna om hausten.  John kom same året fram til broren Albert i Walden township, Pope Co., Minn., men han og Anna flytte snart etter til ein farm i eller nær Genesee precinct, Latah Co., Idaho.  Men John vart sjuk og flytte kring 1896 inn på ein sjukeheim i Orofino, Clearwater Co., Idaho der han d. 30.11.1928.  Anna Raaum busette seg då i Troy, Latah Co., Idaho, men flytte sidan med dotter si til Spokane, Spokane Co., Wash. der ho d. 31.3.1944.

John og Anna fekk ikkje born i lag, men Anna hadde ei dotter frå før:

 1. Margretha Olsdotter, dotter av Anna og målar og husmann Ole Hermundson i Nedreengi under Talle i Luster (1849-1942), var f. i Hafslo 21.11.1872.

Margaret Raaum utvandra til Amerika i lag med mori hausten 1885 og gifte seg i Latah Co., Idaho 15.1.1894 med med Torvald Halvorson frå Auten austre i Trøgstad, i Amerika kjend som Thomas H. Christie.  Han var son av husmann Halvor Christianson på Fossen under Auten austre, opphavleg frå Auten austre, og kona Maria Gulbrandsdotter frå Hethul, Elgetun i Eidsberg og f. i Trøgstad 6.3.1863, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1869.  Thomas Christie var landhandlar («general merchant») i Troy, Latah Co., Idaho, men han og Margaret flytte på 1920-talet som pensjonistar til Spokane, Spokane Co., Wash.  Thomas d. i Pt. Townsend, Wash. 5.9.1938, medan Margaret Christie d. i Spokane, Wash. 15.7.1969.  Dei fekk to døtrer i lag:

a. Mildred A.

 

     ##### (middle name?)

 

     Christie, f. i Latah Co., Idaho 29.10.l1894, d. i

 

     ##### (place of her death? – King Co., WA! )

 

     13.7.1984.  Mildred gifte seg i Troy, Idaho 28.10.1924 med Ernest Gustav Anderson, f. i Latah Co., Idaho

 

     ##### (says so in WW2 draft 1942, but census records insist he was born in WA!)

 

     25.7.1890.  Han d.

 

     ##### (date and place of his death?)

 

     Ernest Anderson var apotekar («druggist»), og han og Mildred budde i Spokane, Spokane Co.,. Wash. 

 

     ##### (number of sons and daughters? – two childen by 1940!)

 

b. Edna

 

     ##### (middle name?)

 

     Christie, f.

 

     ##### (exact date and place of her birth? – ID 1900/1901

 

     ##### (biography?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av biografien til denne huslyden som i utgongspunktet såg so vanskeleg ut!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.