Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Johnson Sætre og Martha Larsdotter Teigen - vigde i Luster 29.6.1812 - kvar vart det av dette parfolket? - Kan dei ha vore haugianarar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Dette emnet vart første gongen teke opp i det gamle Brukarforum i 2004 som tema #23759, men utan at me kom til noko resultat:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/109454-23759-johannes-johnson-sætre-nok-ein-haugianar-frå-romsdalen-på-brurerov-i-sogn/?tab=comments#comment-895947

 

Johannes Johnson Sætre og Martha Larsdotter Teigen gifte seg i Luster 29.6.1812 med forlovarar Elling Flattun, ein nabo av Martha, og Bottolf Teigen, bror hennar Martha: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/63

 

Eg har før spekulert på om dette kan ha vore haugianarar, men har ikkje greidd å finna noki stadfesting på det.

 

Martha vart døypt i Luster 17.8.1777 som yngst av fem søsken.  Foreldri var Lars Pederson (1737-1791) og Sophia Johannesdotter (1735-1810), plassfolk på Kyrkjeteigen under garden Bollingberg i Luster.

 

Grethe fann i 2006 ein Johannes Johnson Sæter som i 1801 var ugift tenestedreng i Bergen, 35 år gamal: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=58&filnamn=f11301&gardpostnr=773&personpostnr=5418&merk=5418

 

Men om dette er den same Johannes Johnson som gifte seg i Luster i 1812, er usikkert!

 

Elles ser eg at ein Johannes Johnson Sæter vart fødd på Oppdal i 1778 - kanskje haugianarar likevel? https://www.digitalarkivet.no/nn/view/255/pd00000000419755

 

Denne huslyden framstår med andre ord som ei kjempeutfordring, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har vore i kontakt med bygdebokskrivar Arvid Skogseth i Oppdal, og han skriv følgjande om Johannes Johnson Sæter, utdrag av bygdeboki for Oppdal band VII:

 

~~~~~~~~~~~~

 

2) 1782–ca. 1809
John Evensen (1751–1808) g. 1781 m. Marit Eriksdatter Kalvhagen (1749–8/11 1831) fra plassen Kalvhåggån under Kvalsjord (se bd. 6, s. 569).
Barn:
a) Johannes (døpt 1/2 1778–23/4 1861), kanskje han som i 1813 giftet seg med enka Guri Olsdatter Vammer (ca. 1769–17/2 1854) i Nesto Vamran (se bd. 2, s. 600).
b) Jørrend (1779–7/1 1842). Neste bruker. Se nedenfor.
c) Marit (1783–1805) g. 1805 m. Erik Sivertsen Aune (1779–6/11 1866). Ett barn. Bosatt Auna (matr.nr. 846), se der.
d) Guri (døpt 8/1 1786–5/8 1873) g. 1812 m. Esten Paulsen Håker (1782–25/4 1817). Bosatt Ustigard Håkkåran (se der).
e) Even (1789–).
f) Marit (ca. 1791–28/5 1858) g. 1812 m. Ingebrigt Rasmussen Grinden (1778–30/5 1846). To barn. Bosatt Plassen/Ratplassen under Sæter (se nedenfor).
g) Mari (1796–2/1 1849) g. 1817 m. Ingebrigt Knutsen Stensem (1792–16/12 1838) fra Utesto Stensem (se der). Ni barn. Bosatt Maurhaugen Nordpå Skogen (gnr. 314/1).
 

~~~~~~~~~~~~


So har han føyd til følgjande: «Johannes vart nemnd Vammer ved vigsla, så det er slett ikkje sikkert han var frå Sæter».

 

~~~~~~~~~~~~

 

So sjølv om Arvid KAN ha identifisert Johannes, er han ikkje overtydd, so kanskje me skal sjå litt nærare på denne Johannes som ein mogeleg «kandidat» for brudgommen i Luster i 1812?  Kanskje var dei likevel haugianarar som busette seg ein eller annan stad i området Nord-Austerdalen/Nord-Gudbrandsdalen/Møre og Romsdal/Trøndelag?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huislyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.