Jump to content
Arkivverket

LØYST: Louise Youngberg Falck - fødd i Sverige 1861 - kvar i Sverige kom ho ifrå og kvar er dødsfallet hennar registrert?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Ole E. Falck, fødd i Sogndal 2.7.1856, utvandra til Amerika i 1866 og gifte seg i Cannon Falls, Goodhue Co., MN 23.6.1885 med:

 

Frederikke Louise YOUNGBERG, til dagleg kjend som Louise

 

Ho skal vera fødd i Sverige 9.8.1861, men utvandra til Amerika med foreldri sine kring 1868.

 

Frå Amerika vert foreldri hennar oppgjevne som:

 

Peter B. Youngberg, fødd i Sverige 8.5.1828, og Christine Branfelt, fødd i Sverige 25.4.1834.  Desse skal ha gift seg i Sverige i 1852 og fekk desse borni fødde i Sverige:

 

* Amelia, fødd 26.10.1854

 

* Agnes J., fødd ?.8.1856

 

* Caroline, fødd ?.8.1859

 

* Frederikke Louise, fødd 9.81861

 

* Mathilde, fødd ?.9.1863

 

* Alfred, fødd 1866

 

Til tross for mange family trees på ancestry.com er det INGEN som veit KVAR I SVERIGE denne huslyden kom ifrå, so no spør eg i Brukarforum:

 

** Kan nøyaktig fødestad i Sverige finnast for Frederikke Louise Youngberg, f. 9.8.1861?

 

** Utvandringsåret 1868?

 

** Fulle namn på foreldri Peter og Christine samt yrke, bustad og opphavi til båe?

 

Ei anna utfordring gjeld dødsfallet til Louise Falck.  Mannen Ole Falck døydde i Cannon Falls, MN 31.10.1926.  Denne dødsattesten finn me i MN, men dei påstår, mellom anna på Find-a-Grave, at Louise Falck døydde same staden i 1937: https://www.findagrave.com/memorial/91939344

 

Family trees oppgjev dødsdato 1.3.1937, men denne dødsattesten finn eg IKKJE i Minnesota.

 

** Kvar kan Louise Youngberg Falck vera avlidi?  Kanskje finst det ein obituary for ho?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Frederikke Louise, fødd 9.81861

 

Sverige, namnindexerade födelseuppgifter, 1859-1943
Namn:    Fredrika Lovisa
Kön:    Kvinna
Födelsedatum:    9 aug 1861
Födelseort:    Strövelstorp, Kristianstad, Sverige
Fader:    Peter Ljungberg
Moder:    Kjerstin Petersdotter

 

# 37 - nederst venstre side - https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/A0035548_00069

Edited by Egil Johannessen
Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

** Utvandringsåret 1868?

 

Sverige, förteckning över emigranter, 1783-1991
Namn:    Fredrika Lovisa Persdotter Ljungberg
Kön:    Kvinna
Födelsedatum:    9 aug 1861
Födelseort:    Strövelstorp, Kristianstad
Avresedatum:    24 apr 1868
Avreseort:    Strövelstorp, Kristianstad
Ankomstort:    Amerika
Yrke eller relation:    Dotter
Civilstånd:    Unmarried (Ogift)
Anteckningar:    Travels with family
Sida i husförhörslängd:    79
Hushållsmedlemmar:    
Per Ljungberg
Kjersti Persdotter
Elof Alfred Persson Ljungberg
Emilia Maria Persdotter Ljungberg
Fredrika Lovisa Persdotter Ljungberg
Mathilda Persdotter Ljungberg
Amalia Persdotter Ljungberg
Agneta Persdotter Ljungberg

Link to comment
Share on other sites

Sverige, förteckning över emigranter, 1783-1991
Namn:    Per Ljungberg
Kön:    Man
Födelsedatum:    8 maj 1828
Födelseort:    Björnekulla, Kristianstad
Avresedatum:    24 apr 1868
Avreseort:    Strövelstorp, Kristianstad
Ankomstort:    Amerika
Yrke eller relation:    Hemmansägare fd
Civilstånd:    Married (Gift)
Anteckningar:    Travels with family
Sida i husförhörslängd:    79

Link to comment
Share on other sites

Sverige, förteckning över emigranter, 1783-1991
Namn:    Kjersti Persdotter
Kön:    Kvinna
Födelsedatum:    25 apr 1834
Födelseort:    Strövelstorp, Kristianstad
Avresedatum:    24 apr 1868
Avreseort:    Strövelstorp, Kristianstad
Ankomstort:    Amerika
Yrke eller relation:    Hustru
Civilstånd:    Married (Gift)
Anteckningar:    Travels with family
Sida i husförhörslängd:    79

Link to comment
Share on other sites

Sverige, valda vigseluppgifter, 1630-1920
Namn:    Pehr Liungberg
Kön:    Male (Man)
Ålder:    24
Födelsedatum:    1828
Vigseldatum:    17 sep 1852
Vigselort:    Strövelstorp, Kristianstad, Sweden
Make/maka:    Kersti Pehrsdotter
FHL-Filmnummer:    141194

 

Sverige, valda vigseluppgifter, 1630-1920
Namn:    Kersti Pehrsdotter
Kön:    Female (Kvinna)
Ålder:    18
Födelsedatum:    1834
Vigseldatum:    17 sep 1852
Vigselort:    Strövelstorp, Kristianstad, Sweden
Make/maka:    Pehr Liungberg
FHL-Filmnummer:    141194

Edited by Egil Johannessen
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Ivar og Egil for mange interessante og spennande innlegg!

 

So vidt eg kan sjå, har eg fått svar på det meste, men det er ein par detaljar som eg stusssar litt på:

 

** Pehr Ljungberg er stadig vekk kalla «hemägare», og eg lurer på om ikkje dette tilsvarar ein «sjølveigar» innan jordbruket, d.v.s. ein gardbrukar?

 

** So var det spørsmål om patronymikon for Pehr Ljungberg.  Ivar fann frå dødsattesten at faren skulle heita Jens Olson, men kva seier fødselsregisteret for Björnekulla i Kristianstads län der han var fødd?

 

** Mori Kjersti Pehrsdotter, som i Amerika hadde tilnamnet Branfelt, er ikkje nemnd med dette namnet nokon stad.  Kanskje kjem det fram ved dåpen hennar i Strövelstorp?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Sven for dei siste nye innleggi.

 

Då lyt me tru at Branfelt-namnet er vorte «påhengt» av seinare generasjonar.

 

Eg går ut ifrå at eg har tolka «hemägare» rett over, so då er alle spørsmåli om denne huslyden løyste bortsett ifrå (jmf. innlegg #1):

 

** Kvar døydde Louise Falck i 1937?

 

Er det mogeleg å finna eit svar på det?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Egil for siste imponerande innlegg!  Korleis du fann dette, skjønnar eg ikkje, men i alle fall er det heilt fantastisk kva du greier!

 

Med dette er denne utfordringi heilt løyst, og eg kan berre takka og bukka på ny for framifrå bistand!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.