Gå til innhold
Arkivverket

Anna Eriksdotter Thune(y) (1858-1941) - til Amerika i 1866 og gift to gongar - tilleggsopplysningar om ektemakane hennar, Henry Johnson og Christen Helgeson?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år slite med å finna ut av biografien til denne jenta, fødd i Sogndal

 

Anna Eriksdotter Thune(y), fødd i Sogndal 27.6.1858, utvandra til Amerika med foreldri sine frå Årdal i 1866 og budde framleis med far og stemor i FT1885 for Riverton township, Clay Co., MN 1885:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6XP9-JRY

 

Mellom 1885 og 1889 må Anna ha gift seg med ein Henry Johnson, fødd i Noreg, men alder ukjend.  Dei budde visstnok først i Minnesota og sidan i North Dakota, kan henda i eller nær Walcott, Richland Co., ND., men Henry døydde før 1900, for då er Anna Johnson som enkje busett hjå enkjemannen Christen Helgeson i Walcott township, Richland Co., ND:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P63-FRP

 

Christen og Anna gifte seg i Fargo, ND 12.3.1901, og FT1910 syner at dei framleis budde på farmen hans i Walcott township, Richland Co., ND:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVY-W14

 

FT1900 syner at Anna skal ha hatt fire born, som alle levde, men i 1910 var ho òg mor til fire born, og tre av dei levde.  Dei tre var dotteri dei hadde i lag: Christine Amelia Helgeson, fødd i Walcott township, Richland Co., ND 31.7.1902, samt desse to Johnson-borni, som båe er nemnde med mori både i 1900 og i 1910:

 

* Henry Albert Johnson - fødd 16.3.1889 - konfirmert Walcott, Richland Co., ND 1905: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314221-00380?pid=4342072&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D4342072%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx7960%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx7960&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314221-00378

 

* Clara Josefine Johnson - fødd 7.6.1895 - konfirmert Walcott, Richland Co., ND 1910: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314221-00380?pid=4342072&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D4342072%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx7960%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx7960&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314221-00380

 

Christen og Anna flytte frå kvarandre mellom 1910 og 1920, for i 1920 budde dei kvar for seg:

 

Christen Helgeson i Freeman township, Richland Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR61-747

 

Anna Helgeson i Walcott township, Richland Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR61-3VT

 

I 1930 var Anna flytt med sonen Henry til Breckenridge, Wilkin Co., MN, og då hadde ho teke att Johnson-namnet:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHN-N2W

 

Dei store utfordringane her er følgjande:

 

*** Kven var Henry Johnson, første mann hennar Anna?

 

*** Kvar budde Henry og Anna Johnson og kvar vart han av?

 

Neste utfordring gjeld Christen Helgeson:  Han var fødd på Bergsrud på Gol 15.2.1857: https://media.digitalarkivet.no/view/7751/108

 

Foreldri Helge Aslakson og Barbro Stengrimsdotter gifte seg på Gol 2.1.1849: https://media.digitalarkivet.no/view/7751/202

 

Og heile huslyden utvandra til Amerika frå Bergsrud(?) i 1865: https://media.digitalarkivet.no/view/1090/288

 

Eg er ikkje lokalkjend på Gol, men kanskje nokon kan hjelpa meg med følgjande detaljar:

 

*** Under kva gard ligg denne plassen Bergsrud der huslyden budde fram til 1865?

 

*** Frå kva plass/gard hadde Helge Aslakspon opphavet sitt?

 

*** Frå kva plass/gard hadde Barbro Stengrimsdotter opphavet sitt?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Konfirmasjonen til Henry Albert

Name:Henry Albert Johnson

Event Type:Confirmation

Birth Date:16 Mar 1889

Birth Place:Walcott

Confirmation Date:20 May 1906

Father:Henry Johnson

Mother:Anna Johnson

Church Name:Walcott Evangelical Lutheran

Church Location:Walcott, North Dakota

 

Name:Henry Albert Aka A. Johnson

Birth Date:16 Mar 1889

Death Date:14 Jun 1957

Death County:Wilkin

Mother's Maiden Name:Thuhey

State File Number:019606

Certificate Number:019606

Certificate Year:1957

Record Number:1338681

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frå bygdebøkene for Gol:

 

*** Den plassen Bergseie som er nevnt 1857 er vel helst Unde-Bakko/Harabakken som var bygselbruk under Berg. Dei ser ut til å ha budd her frå 1852/53. Frå 1860 til dei reiste til i Amerika har dei budd i Glomsrudbråten/Stakebråten som også var  plass under Berg.  Det er fyldig omtale av Helge og Barbo på denne plassen i bygdeboka. (GOL IV s.121-122). Sjå skanning.

 

*** Mor til Helge var Anne Kristensdtr. Eidsvall. Ho vart 1829 gift med enkemann Guttorm Erikson Pytten.  Kven Aslak som var faren hans, klarer eg ikkje å lese verken ved dåpen i 1822 eller konfirmasjonen i 1840 (står heller ikkje i bygdeboka).  Helge vaks nok opp i Gjarterud-Pytten. Mora er død før 1835 og ved konfirmasjonen er Helge skrive Bergseie. (GOL III s.613)

 

*** Barbro var dotter til Steingrim Halvorsen Gampebakken og Kristi Knutsdtr. Viko-Rolvshus. Faren Steingrim var fra Stølsdokken (bygselbruk under søre Hesla). Barbro er skrive for Stølsdokken når ho gifter seg 1849 og ho vokste nok opp her. Foreldra ser ikkje ut til å ha flyttet til Gampebakken før 1857. (GOL VII-A s.383)

gol VII A s 120 - 123.PDF

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Kurt og Knut for dei siste innleggi om denne huslyden.  Det er hektisk for tidi, og eg greier ikkje alltid følgja opp med ein gong...

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt med dei nye opplysningane, men står framleis heilt utan spor når det gjeld Henrik «Henry» Johnson og opphavet hans.  Hadde me berre finne vigsli hans med Anna eller barnedåpen til sonen Henry Albert...

 

Elles er opplysningane frå bygdeboki på Gol meir enn gode nok for å hjelpa meg.  Det einaste eg stussar på no, er følgjande:

 

* Under kva matrikkel-gard på Gol ligg denne «Gjertrud-Pytten» som Helge Aslakson opphavleg skal vera ifrå?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.