Gå til innhold
Arkivverket

Ingeborg Andersdotter Raaum (1848) utvandra frå Sogndal i 1901 og gifte seg 1903 med svensken Nils Peter Nordvall (1851) - ho forsvinn sporlaust etter 1920 - kvar i all verdi vart det av ho? - kva med sonen Anders? - ei kjempeutfordring!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg tillet meg i dag å henta fram att denne utfordringi som har lege i «dvale» sidan førre månad.

 

Det er merkeleg korleis Ingeborg Andersdotter Raaum og son hennar berre skal «forsvinna» i «lause lufti» etter at Nils Nordvall døydde i Sebeka, MN i 1924.  Kanske er det nok ein gong eit spørsmål om skrivemåte av namnet?

 

Eg syner til manuskriptutdraget frå innlegg #24 på føregåande side og takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempegåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er denne sjekket?

Mrs Niles Nordval

 in the Minnesota, Death Index, 1908-2002

Name: Mrs Niles Nordval
Death Date: 26 May 1926
Death County: Cass
State File Number: 002207
Certificate Number: 002207
Certificate Year: 1926
Record Number: 458104

 

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg for eit kjempeflott innlegg!

 

eg ser av ein annan post hjå FamilySearch at ho var fødd i 1848, so dette MÅ jo vera «vår» Ingeborg:

 

Name Mrs. Niles Nordval
Gender Female
Death Date 26 May 1926
Death Place Shingobee, Cass, Minnesota
Age 78
Birth Date 1848
Father's Name Unknown
Mother's Name Unknown

 

Då er det eit spørsmål om ein eller annan kan greia å finna ein obituary for ho?  Då finn me kanskje ut kvar det vart av sonen Anders...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg for eit nytt kjempefunn!  Frå dødsmeldingi ovanfor veit me ho døydde i Shingobee, Cass Co., MN, men ho ligg altso gravlagd i Walker, MN.  Dette er eit svært tunt befolka område i Minnesota, men det bør vel likevel vera vom om at ein OBITUARY kan dukka opp?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 30.4.2018 den 2.38, Lars E. Øyane skrev:

Det einaste som no står att på svensk side, er detaljerte opplysningar om Cajsa (Katharina) Sjöström frå Borgsjö...

 

Jeg har prøvd å finne ut litt mer om henne, men ser at det kan være vanskelig fordi kirkebøkene fra før 1844 gikk tapt i en brann i Borgsjø prestegård i 1844:

 

2144894858_Skjermbilde2018-05-10kl_17.20_17.png.125cecc5c986c1213e325fa25243ca61.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for siste avklarande innlegget med omsyn til kjeldene i Borgsjö i Västernorrlands län i Sverige.  Når kyrkjebøkene er borte, er det jo ikkje si lett å gjera noko meir med det, og so livsviktig er det jo heller ikkje for vår soge.

 

Eg har etter dette endra manuskriptet mitt til å lyda slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Andersdotter {Raaum}, f. i Jostedalen 8.1.1848,

Ingeborg Raaum flytte i ung alder til Sogndal og tente mellom anna på Hilleskor i Sogndal, men i 1901 utvandra ho derifrå til Amerika.  Ho gifte seg i Wadena Co., Minn. 11.11.1903 med enkjemannen Nils Petrus Andersson Nordvall, opphavleg frå Östernäset i Borgsjö, Västernorrlands län i Sverige.  Han var son av gardbrukar Anders Ersson på Östernäset og kona Katharina (Cajsa) Sjöström, òg frå Borgsjö, og f. i Borgsjö 21.5.1851.  Nils gifte seg første gongen i Mora i Kopparbergs län i Sverige 14.7.1878 med Kristina Olofsdotter Lund frå Kråkberg i Mora.  Ho var dotter av gardbrukarsonen Olof Olsson (Limström) frå Lima i Leksand, Kopparbergs län, og gardbrukardotteri Kerstin Mattsdotter Lund frå Kråkberg i Mora, men f. i Stockholm 12.4.1848.  Nils og Kristina tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Östernäset i Borgsjö, Västernorrlands län i Sverige, men utvandra til Amerika i 1892.  Under namni Nels og Christena Nordvall finn me dei att som farmarar i Rockwood township nær Sebeka, Wadena Co., Minn. der Christena d. 29.4.1901.  Dei fekk fem born i lag, som alle var fødde i Borgsjö.  Nels og Ingeborg vart buande på farmen i Rockwood township, Wadena Co., Minn. der Nels d. 16.4.1924.  Ingeborg Nordvall flytte kort etter til Shingobee township, Cass Co., Minn. der ho d. 26.5.1926.

Ingeborg fekk ein son, medan ho budde i Luster:

a. Anders Andersson, f. 4.9.1869, skulle vera son av Ingeborg og ein Anders Baardson i Sogndalsfjøra, men faren fekk sagt frå seg farskapen ved dom.  Anders Andersson voks truleg opp hjå besteforeldri sine i Råumsberget og budde her til 1883.

Andrew Anderson/Raaum utvandra til Amerika i lag med bestemori i 1883, men

 

##### (what became of him? – apparently lived for a while in Lac qui parle Co., MN!? – bought land in Section 35 of Norway township, Roberts Co., SD in 1901!)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Som me ser, er det no berre lagnaden til sonen Anders som står òpen, men kanskje, om ein obituary kan lokaliserast for Ingeborg i Walker, MN, eller eventuelt i Sebeka, MN, er det siste sjansen vår til å få svar på denne gåta...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne saki som framleis står utan den endelege løysingi:

 

* Kvar vart det av Anders Andersson Raaum, fødd i Luster 1869 og utvandra i 1883?

 

Etter at dødsfallet til mori Ingeborg, Mrs. Nels Nordvall, vart oppdaga på Shingobee (sanatorium) nær Walker, Cass Co., MN 26.5.1926 hadde eg ei von om at ein OBITUARY kanskje kunne dukka opp.  Kanskje er det den siste sjansen me har til å finna sonen?  Eg vil tru dette dødsfallet må ha vore omskrive anten i Walker, MN eller i Sebeka, MN der Ingeborg hadde butt i so mange år...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 28.4.2018 den 22.13, Lars E. Øyane skrev:

Når det gjeld sonen Anders, so utvandra han med bestemori i 1883.  Bestemori busette seg i Buffalo Co., WI, men der ser eg ikkje noko meir til Anders. 

Hvem var denne bestemora og når døde hun?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne utvandret med Anders Andersen Raaum i 1883 https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000669828

Anders med fødselsår 1872 https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000669827

Moren til Ingeborg Andersdatter het Kirsti Johannesdatter, så jeg vet ikke om det er en skrivefeil i utvandringslista?

 

Name: Ingeborg Andersen
Gender: Female
Birth Date: 08 Jan 1848
Christening Date: 16 Jan 1848
Christening Place: JOSTEDAL,SOGN OG FJORDANE,NORWAY
Father's Name: Anders Ingebrigtsen
Mother's Name: Kirstie Johannesdr
Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Åsbjørg Susort skrev:

Hvem var denne bestemora og når døde hun?

Name: Kjesti Raaum
Death Age: 92
Record Type: Burial
Birth Date: 6 Nov 1817
Birth Place: Norge
Death Date: 25 May 1910
Burial Date: 27 May 1910
Church Name: Lyster Lutheran Church
Church Location: Nelson, Wisconsin
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er denne sjekket ut? https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:X38G-3L8

 

EDIT: Denne heter Anton O Raaum.... (og er ikke aktuell)

 

Andrew Roaum

United States Census, 1930
Name: Andrew Roaum
Event Type: Census
Event Date: 1930
Event Place: Pine Lake, Otter Tail, Minnesota, United States
Gender: Male
Age: 66
Marital Status: Married
Race: White
Race (Original): White
Relationship to Head of Household: Father
Relationship to Head of Household (Original): Father
Birth Year (Estimated): 1864
Birthplace: Norway
Immigration Year: 1882
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Sheet Letter: B
Sheet Number: 3
Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg og Sven for siste innleggi!

 

Frå Gards- og Ættesoga for Luster, band IV (1991) har eg notert at bestemori, mor hennar, var Kirsti Johannesdotter Raaum, fødd i Luster 5.11.1817.  Mannen Anders Ingebrigtson Raaum døydde i Luster 19.10.1881, og Kirsti utvandra altso i 1883 til Amerika i lag med dottersonen Anders.

 

Ho budde 1900 hjå ein Louis Larson i Naples township, Buffalo Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-68D7-95K

 

der ho døydde 25.5.1910.  Av dei seks borni hennar utvandra fem til Amerika, men ingen av dei budde i Buffalo Co., WI!

 

Med omsyn til Andrew Raaum i Pine Lake township, Otter tail Co., MN, heitte han eigentleg Anton Olson Raaum (1865-1948).  Han gifte seg med Anna Andersdotter, ei dotterdotter av den same Kirsti Johannesdotter!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har lufta denne utfordringi kring oppsporingi av Anders Andersson Raaum ogso i Amerika, og der er det ein merksam lesar som mellom anna har sendt meg dette:

 

~~~~~

 

{As to} A A Raaum's demise . . . there is an extensive complete list online of the patent holders, that was transcribed from the Nat Archives records, for the SDGENWEB. If you use the link to the correct page, the fifth name down on the list you will see: "RAAUM ANDREW A HEIRS OF" for his patent dated 12/04/1901. I am assuming that he had met the requirements for the patent, but had died by the time it was awarded. If you read the text at the beginning of the page, there are instructions on how to get a copy of the actual papers vs the limited information from the BLM site. I expect you are used to doing that.

Here is the link: http://files.usgwarchives.net/sd/roberts/land/robt-r.txt

My sense of things IS, that Andrew is probably buried in an unmarked grave in the Bethel Lutheran Cemetery. That cemetery is in Find A Grave, but you can never be sure the listings are complete.
https://old.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=cr&CRid=96811&CScntry=4&CSst=44&CScnty=2412&

 

~~~~~

 

På denne lista til SDGENWEB står det verkeleg «Raaum Andrew A., heirs of». so då må nok Anders vera avliden på den tidi, truleg ein gong mellom 1901 og 1905.  Eg vil freista ein telefon til skifteretten i Roberts Co., SD, kan henda i morgon (som ikkje er helgedag i Amerika); so fær me sjå kva det bringer..

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne kjempeutfordringi!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein telefonsamtale med skifteretten i Roberts Co., SD i dag gav som resultat at skiftet etter Andrew A. RAUM vart òpna alt 4.10.1899, men vart ikkje slutta før i 1903.  Dette kan forklara at Andrew ikkje er å sjå i FT1900.  Siste gongen me ser han nemnd er i den statlege teljingi frå 1885 for Perry township, Lac qui parle Co., MN der han budde hjå ein Erick Morken (1857-1912), ingen slektning, men utvandra frå Hafslo med foreldri sine i 1869.

 

Andrew Raaum fekk ikkje patent på farmen sin før i 1901, men det må då ha vore «post mortem».  Eg trur etter dette at han må ha butt på farmen sin i fleire år før han døydde, men at det tok tid før «patentet» vart utskrive.

 

Skifteretten krev $20 for å henta ut dokument og kopiera desse, men er me heldige, vil dødsdatoen òg komma fram i skøytedokumenti.  Eg held kontakten med landregisteret i Roberts Co., SD!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien, som no etter kvar nærmar seg ei full løysing!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott at dette har løst seg. Desverre har jeg ikke fått noe svar fra Alex Martin (innlegg 23), ser at hun ikke har vært pålogget Ancestry på flere måneder.

Noen data om Ingeborg Raaum kan kanskje være av interesse:

Emigrasjonen fra Norge den 19. sept. 1901

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000699821

 

Immigrasjonen i USA/Canada. Ser ut som hun skulle til Parkam (?), Illinois.

Name: Ingeborg Raum

Gender: Female

Age: 52

Birth Year:abt 1849

Vessel: Corinthian

Date of Arrival: 8 Oct 1901

Port of Arrival:Quebec and Montreal, Quebec, Canada

Port of Departure:Liverpool, England and Londonderry, Ireland

 

Og Ingeborg og Nils P. i census for Wadena, Minnesota i 1905

Name: Engeburg Nordvall

Age: 57

Census Date: Jun 1905

County: Wadena

Locality: Rockwood

Birth Location: Norway

Gender: Male

Estimated Birth Year: abt 1848

Father's Birth Location: Norway

Mother's Birth Location: Norway

 

Ingeborg Raaum 1905.jpg

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg kikket nærmere på side 2 immigrasjonsdokumentet for Ingeborg og ser da at hun skulle til sin bror I. A. Raaum, i Perham, Minnesota. Han hadde også betalt reisen hennes.

 

 

Ingeborg Raaum border crossing 1901.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for dei siste innleggi.  Det overraskar meg ikkje at Ingeborg utvandra til bror sin i Perham, MN.  Denne staden ligg jo heller ikkje so langt frå Sebeka, MN (ein halvtimes reise med dagens transportmiddel) der Ingeborg etter kvart vart gift.  Elles var jo Ingeborg truleg einaste ervingen etter sonen, so kanskje skiftet hans trekte ut i tid i påvente av at mori skulle komma over frå Noreg.

 

Elles fekk eg følgjande kommentar frå Amerika frå ein som kjenner seg ut med regelverket kring landpatent i Midtvesten:

 

«I seem to be deficient in my knowledge of how those land patents worked, but I did look quickly for some information on it recently, and what I remember is, there was a filing fee of something like $1 per acre, and a time period within which they had to live on the property and have actually cleared and be cultivating something like five acres . . . within five years . . . so if the deed was acquirable by 1901 then he would have had to be on the land by 1896.»

 

Her finn me då forklaringi på at Andrew manglar i FT1900 og ogso i 1895 - han har nok alt då vore i SD!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Antar vi at han døde i så ung som i slutten av 20-årene, kan dødsfallet vært en ulykke, og som kanskje ble omtalt i avisene. Jeg søkte litt i aviser fra South Dakota etter 'Raaum' men det var ingen treff. Derimot søk på 'Andrew' ga naturlig nok mange treff. Jeg har ikke klart å slå opp på alle treffene, men her er en lenke (vet ikke om den betinger Ancestry-abb.).

https://chroniclingamerica.loc.gov/search/pages/results/?state=South+Dakota&date1=1886&date2=1902&proxtext=andrew+a&x=18&y=7&dateFilterType=yearRange&rows=20&searchType=basic

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for siste innlegget frå i aftes!

 

Eg ser ikkje bort ifrå at Andrew Raaum kan ha forulukka på eitt eller anna vis, men det er nok meir sannsynleg at det var den tidas «folkepest», tuberkulosen, som tok livet hans.  Det er heilt utruleg kor mange unge vaksne eg har oppdaga døydde av den lidingi!

 

Eg har elles sjekka ut kyrkjebøkene for Bethel Lutheran church der Andrew normalt skal ha vore gravlagd, men bøkene for 1890-talet er svært mangelfulle, og Andrew er ikkje nemnd i det heile!

 

Elles har eg nettopp hatt ein ny telefonsamtale med Roberts County Register of Deeds, og dei kunne fortelja meg at ingeborg Raaum, mor til Andrew, hadde overteke farmen frå dødsbuet, og at ho stod som seljar i 1903 då James Hillestad fekk skøyte.  Denne James Hillestad var frå Hafslo, men han har kort etter selt farmen vidare...

 

So det ser ut til at den einaste måten å få tak i den nøyaktige dødsdatoen til Andrew Raaum på, vil vera å tinga ein utskrift frå skifteretten i Roberts County, SD, og den kostar $20...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.