Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans alias Henry Olson Raaum - fødd i Luster 1855 - utvandra 1873 - budde i Minnesota, men kvar hamna han til sist?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hans Olson Raaum, sidan kjend som Henry O. Raaum, var fødd i Luster 3.1.1855 som son av Ole Olson og Britha Jensdotter, gardbrukarar på garden Råum i Luster.

 

Hans/Henry utvandra til Amerika i 1873 og skal først ha busett seg i Willmar, Kandiyohi Co., MN der han var «laborer».  Sidan flytte han som jarnbanearbeidar til Minneapolis, Hennepin Co., MN der me finn han i 1900:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q2W-XG4

 

men kort etter hundreårsskiftet forsvinn han for oss.  Me trur han kan vera faren til Milbank, Grant Co., SD, men han må vera avliden ikkje lenge etter.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om kva lagnad Hans/Henry kan ha hatt i Amerika!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag gjort ein interessant observasjon når det gjeld denne Hans/Henry Raaum:

 

Han budde i 1900 på 1811 South Washington Avenue i Minneapolis, MN, og city directory frå 1901 syner han framleis busett der som «fireman» med namnet:

 

Henry O. Raune: https://www.ancestry.com/interactive/2469/14966806?pid=947792013&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D947792013%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx8016%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx8016&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Eg kan eller leggja til at Henry hadde ei søster Ingrid (1871-1941) som gifte seg med Christopher Erickson og budde nær Albert Lea, MN.  Desse hadde sju born, og då eg i 1979 vitja Albert Lea, MN, trefte eg fleire av desse borni.  Dei var det som då hevda at «uncle Henry» skulle ha flytt til Milbank, SD og døydde der!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Hans/Henry Raaum!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye
Skrevet (endret)

Bør kanskje sjekkes ut ?

State census 1905

Name:Henry O Rauns

Gender:Male

Race:White

Marital Status:Single

Age:50

Birth Date:1855

Birth Place:Norway

Years in State:21

Arrival Year in State (Estimated):1884

Residence Place:South Dakota, United States

Years in United States:32

Arrival Year in the United States (Estimated):1873

Father's Birthplace:Norway

Mother's Birthplace:Norway

FHL Film Number:2281869

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Hvis han flyttet til SD etter 1900, er det kanskje denne ?

State census for 1925

Name:H O Raumt

Age:70

Gender:Male

Race:White

Birth Year:1855

Birth Place:Norway

Marital Status:Widowed

Years in the State:1

Arrival date:1924

Arrival Place:South Dakota, USA

Years in the USA:52

Arrival date:1873

Arrival Place:USA

Naturalized:Yes

Religion:Lutheran

Father Birth Place:Norway

Mother Birth Place:Norway

FHL Film Number:2368858

Sheet Number:918

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Kurt for to skikkeleg spenande og utfordrande innlegg!

 

Eg har studert originalane i detalj, og eg er overtydd om at dei båe har å gjera med «vår» Hans/Henry O. Raaum!

 

* 1905-kortet er frå Milbank, Grant Co., SD, der slektningane i Albert Lea, MN meinte han skulle vera avliden.

 

* 1925-kortet er frå Sisseton, Roberts Co., SD, berre ein knapp times køyring nordvest for Milbank, SD!  (den vegen kjenner eg godt!)

 

Det er noko underleg med desse utsegnene om kor mange år han hadde vore i SD, og at han i 1925 skulle vera enkjemann, men umogeleg er det ikkje!  Kan det tenkjast at han «braut» med søsteri kring 1910 i samband med at han ville gifta seg?  Kanskje ho ikkje tykte særleg om eit ekteskap «på den kanten»?  Me veit jo kor «underlege» folk kan vera når det gjeld mellommenneskelege forhold...!

 

Einaste vegen ut av dette trur eg vil vera ein grundig analyse av folketeljingane for South Dakota, og kanskje òg Minnesota, samt vigselsregisteri etter 1905!  Berre so synd at Raaum kan stavast på sooo mange vis...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Er denne sjekket ut?

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FD8W-HY1

Henry O Raum

Minnesota Deaths and Burials, 1835-1990

Name:Henry O Raum

Gender:Male

Death Date:18 May 1938

Death Place:Ortonville, Big Stone, Minnesota

Age:83

Birth Date:1855

 

Ortonville er såvidt jeg kan se ikke veldig langt fra Milbank.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. og Sven for kjempeflotte og avklarande innlegg!  Eg er imponert!

 

Ingen tvil om at de har finne rett person, og når eg ser korleis namnet er skrive, ergrar eg meg over denne Soundex-funksjonen hjå ancestry og FamilySearch som diverre ikkje alltid tek høgd for enkle avvik i skrivemåten!!!

 

Eg vil tinga ein kopi av den originale dødsattesten, men det som hadde vore skikkeleg spennande, var å sjå ein obituary...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag motteke dødsattesten til Henry frå Ortonville, MN., men fili er lite vetta for stor, so eg får ikkje lagt ho ut...

 

Eg fann òg testamentet hans, skrive i Minneapolis, MN i 1925, men ogso dette dokumentet er for stort...

 

Uansett, ingen av dokumenti fortel oss noko særleg nytt.  Dødsattesten seier han var «locomotive engineer», so han var nok heile livet ved jarnbanen.  Han døydde på eit sjukehus i Ortonville, MN, men hadde nok ikkje butt der særleg lenge...

 

I mellomtidi har eg finne referansar til Henry ogso andre stadar:

 

* Naturalization record frå 1880-talet er utskrive i Clay Co., MN

 

* City directory 1889 nemner fireman Henry i Aberdeen, SD

 

* 1895 state census har Henry som fireman i Montevideo, Chippewa Co., MN

 

* 1918 og 1926 city directories frå Minneapolis, MN nemner Henry busett der!

 

So han har nok vore ein «vandrande» mann...

 

Det einaste eg no kunne ønskt meg, var ein obituary for Henry, om noko slikt finst?  Kan henda lyt me leita i Milbank eller Sisseton, SD?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye
Skrevet (endret)

Lars, det finnes en stor database med info om de som jobbet på jernbanen. Jeg har funnet flere bortkomne der, men har ikke brukt databasen på noen år. Tror det er rette lenken. Northern Pacific Railway Company Records.

http://archiveswest.orbiscascade.org/ark:/80444/xv68060

 

På Ancestry

https://search.ancestry.com/search/db.aspx?dbid=2157

 

Ser det er en Sam Raaum i databasen ved søk via Ancestry, men fant ikke din mann der.

 

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt for framhenting av ei spennande kjelde.

 

Eg var borti denne kjelda for ei tid attende i samband med leiting etter ein jarnbanearbeidar i North Dakota, men fann ikkje noko meir ut om vedkommande.  Då sende eg ein e-post til hovudkontoret for Northern Pacific og bad om hjelp, men fekk ei attendemelding soim sa dei ikkje kunne hjelpa meg!  Materialet var so dårleg organisert at dei ikkje kunne bruka tid på å leita...

 

Men at dette òg ligg hjå ancestry, var nytt for meg.  No har eg lagt eit bokmerke til denne søkesida som sikkert vil komma til nytte ved andre høve...

 

Men heilt komplett kan ikkje denne kjelda vera når me veit at Hans/Henry Raaum i so mange år arbeidde ved jarnbana...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.