Gå til innhold
Arkivverket

Kvar vart det av dei to brørne DYRE (1859) og THOMAS (1864) Johannessøner frå Rønnei i Luster som utvandra til Amerika i 1883 og 1884? - kan henda i North Dakota?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johannes Torkildson (1832-1914) og Ingeborg Andersdotter (1830-1901), plassfolk på Hesjebakken under Rønnei i Luster, hadde i alt fem born.  To av desse utvandra til Amerika, og slektningane i Noreg har i mange år spekulert på kvar det vart av dei i Amerika.  Eg har freista fleire gongar før (med direkte forskingsinnsats), men aldri komme nokon veg.  Kanskje er tidi no inne?

 

* Dyre Johannesson, fødd i Luster 6.6.1859, utvandra i 1883

 

* Thomas Johannesson, fødd i Luster 28.12.1864, utvandra i 1884

 

Slekti i Noreg fortel følgjande:

 

Ein av brørne skal ved eit ulukkeshende i ungdomsåri ha mist ein arm.  Elles meiner dei å ha høyrt at ein av dei to på 1920-talet vart «observert» av andre emigrantar frå Luster i Williston, Williams Co., ND.

 

Dyre-namnet vart av andre emigrantar frå dette nabolaget i Luster omsett til David i Amerika, og eg reknar med dei nytta Johnson som ættenamn...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dyre sin immigrasjon

Name: Dyer Johansen

Gender: Male

Age: 21

Birth Year:abt  1862

Vessel:Oregon

Date of Arrival: 14 May 1883

Port of Arrival: Quebec, Quebec, Canada

Port of Departure: Belfast, Ireland; Liverpool, England

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Thomas sin immigrasjon

Name:Thomas Johansson

Gender:Male

Age:19

Birth Year:abt 1865

Vessel:Oregon

Date of Arrival:14 Apr 1884

Port of Arrival:Halifax, Nova Scotia, Canada

Port of Departure:Liverpool, England

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjartleg takk til Kurt for oppsummeringi av dei to utvandringane.

 

No har me ei stadfesting av at båe brørne i alle fall kom fram til Canada, men kvar i all verdi kan dei so ha gjort av seg?

 

Eg takkar på ny for framifrå freistnadar på å lokalisera desse gutane i Amerika og krossar fingrer og tær...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tillet meg i dag å henta fram att dette emnet som har lege i «dvale» siste veka.  Eg er heilt klar over at det ikkje er noki enkel sak å finna svar på spørsmåli om lagnadane til desse brørne frå Luster, men ein dag er eg viss på at dei dukkar opp, so kvifor ikkje i dag?

 

Eg takkar på ny so mykje for framifrå bistand til å løysa denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, da får vi strekke fantasien litt, og komme med denne kandidaten fra census 1940 . I census for 1930 står han immigrert i 1885.

Name:Thomas Rainey

Age:75

Estimated Birth Year:abt 1865

Gender:Male

Race:White

Birthplace:Norway

Marital Status:Widowed

Relation to Head of House:Father-in-law

Home in 1940:Spokane, Spokane, Washington

Street:21st

House Number:421

Inferred Residence in 1935:Spokane, Spokane, Washington

Residence in 1935:Same House

Resident on farm in 1935:No

Citizenship:Naturalized

Sheet Number:8A

Occupation:Cook

Attended School or College:No

Duration of Unemployment:38

Neighbors:View others on page

Household Members:

NameAge

Glen Taylor37

Nelma R Taylor34

Glendene Taylor9

Carol Taylor7

Marilynn Taylor4

Thomas Rainey75

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her icensus for 1930. Datteren Thelma har norsk far og mor født i Wisconsin, selv er hun født i Minnesota. MEN, foreldrene til denne Thomas ser ut til å være Ole Ronnei og Martha Brekken, ifølge vielsesdataene da han gifter seg for andre gang i 1913 i Washington.

Name:Thomas Rainey

Birth Year:abt 1870

Gender:Male

Race:White

Birthplace:Norway

Marital Status:Widowed

Relation to Head of House:Father-in-law

Home in 1930:Spokane, Spokane, Washington, USA

Map of Home:View Map

Street address:E 21st Avenue

Ward of City:First

Block:1200

House Number:421

Dwelling Number:9

Family Number:9

Age at First Marriage:35

Attended School:No

Able to Read and Write:Yes

Father's Birthplace:Norway

Mother's Birthplace:Norway

Language Spoken:Norweigan

Immigration Year:1885

Naturalization:Naturalized

Able to Speak English:Yes

Occupation:Chef

Industry:Resturant

Class of Worker:Wage or salary worker

Household Members:

NameAge

Glenn Taylor26

Thelma Taylor24

Thomas Rainey60

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for nye spennande innlegg!

 

Dette såg jo svært so interessant ut, inntil eg nådde opplysningane om foreldri hans oppgjevne ved andre vigsli.  Denne vigsli fann eg òg på ancestry.com, i lag med andre kjelder som syner at Thomas helst kalla seg for Thomas O(liver) RAIMY, so dette er nok utan tvil ein heilt annan person!

 

Men ein kjem ofte ingen veg utan å gjera freistnadar, og eg takkar på ny for framifrå bistand til å finna ei løysing på denne «forsvinningsgåta» i Amerika!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, jeg synes generelt at vi burde være litt dristigere mht. å diskutere kandidater, spesielt i saker som viser seg å være vanskelige. Vi er ofte mange sitter og bruker tid og krefter på de samme kandidatene. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #12:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet om brørne Dyre og Thomas Johannessøner som forsvinn for oss i Amerika!

 

Eg fryktar for at dei kan ha skrive seg for JOHNSON i Amerika, og då er det kanskje som å leita etter den berømte «nåli», men eg er standhaftig, og ein eller annan stad må jo desse karane ha gøymt seg!

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Torkildson Rønnei, opphavleg frå Hesjebakken under Kalhagen, men oppfostra hjå Dyre Andersson i Kalhagen (bnr. 1), var f. 11.5.1832 og d. som enkjemann og legdelem hjå dotteri Johanna på Bruheim 23.1.1914.  Han gifte seg i Luster 5.5.1859 med Ingeborg Andersdotter frå Hunshammar i Hafslo.  Ho var f. i Hafslo 22.5.1830 og d. som husmannskone på Rønnei 25.11.1901.  Johannes fekk alt i 1855 skøyte på Kalhagen (bnr. 1) hjå fosterforeldri sine og budde der til han i 1866 fekk rydda den plassen som me har kalla Hesjebakken 4 under Rønnei.  Der vart parfolket så buande til dei i samband med uden store utskiftingi på Rønnei kring 1880 flytte over vegen til plassen her på Hesjebakken 7.  Me lyt her ha grunn til å undra på kvifor dei i det heile flytte på seg, for begge plassane vart etter utskiftingi liggjande under Rønnei (bnr. 5)!  Johannes og Ingeborg vart sidan buande her på Hesjebakken 7 til stova vart rivi kring 1910 og Johannes flytte inn hjå dotteri på Bruheim.  Alt kring 1914 kom det ein ny husmann på plassen, men i 1922 vart plassen utskild som Hesjebakken, Rønnei (bnr. 19), og i 1924 fekk husmannen på plassen skøyte på parsellen, så han vart sjølveigar.  For å komma attende til Johannes og Ingeborg på Hesjebakken, så fekk dei i alt fem born i lag:

 1. Anders Johannesson (1852-1930), vart husmann på Hesjebakken 1 under Rønnei.

 2. Dyre Johannesson, f. 6.6.1859,

David Johnson utvandra til Amerika i 1883

 

##### (lagnaden hans der borte?)

 

 3. Thomas Johannesson, f. 28.12.1864,

Thomas Johnson utvandra til Amerika i 1884

 

##### (lagnaden hans der borte?)

 

##### (one of the brothers, David or Thomas, supposedly lost one arm in an accident as a young man, one of them may have lived at Williston, Williams Co., ND in the 1920’s, but no proof has been found!)

 

 4. Johanna Johannesdotter (1868-1868).

 5. Johanna Johannesdotter (1869-1929), vart gift med gardbrukar Torbjørn Henrikson på Bruheim, Prestegard (bnr. 3) (1871-1929).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Far deira var fødd og oppvaksen på garden Kalhagen i Luster, og dei to gutane var fødde medan dei budde i Kalhagen, men dei har vel ikkje nytta Kalhagen som ættenamn i Amerika?

 

Det hadde vore so kjempebra om desse to brørne kunne lokaliserast i Amerika, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #13:

 

Eg har i kveld oppdaga eit family tree hjå ancestry.com som inneheld opplysningar om desse sakna brørne.  Der er dei nemnde under namni Dyre Johansen og Thomas Johansen.  Men treet er «privat» so me får ikkje tilgjenge utan å be om det.  Eg har alt sendt ein forespørsel til treeigaren, so får me sjå kva som skjer...  Den eldste broren Anders finst i treet som Anders Johannesen!!

 

Kan Dyre ha vorte til Terry?  Eg ser at ein Terry Johnson, fødd 1858, dukkar opp i FT1885 for Crookston, Polk Co., MN: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1058/images/mnsc_36-0415?treeid=&personid=&hintid=&queryId=aac276e5cd1d3b968a1aa3e090ce9fd3&usePUB=true&_phsrc=Nzx24404&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.21390015.580035780.1615160515-390650824.1612707015&pId=5157055

 

Elles ser eg ein David Johnson, fødd i Noreg 5.6.1857, som døydde ugift i Milwaukee, WI 26.11.1909 - svært interessant fødselsdato...: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/61721/images/48920_00098-00354?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx24409&_phstart=successSource&pId=141751

 

Eller kanskje nokon kjem på andre tankar?  Eg lever i voni og takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #14:

 

Eg har alt fått svar frå Amerika frå eigaren av det nemnte familietreet som nemner Dyre og Thomas.  MEN, diverre, dei inngår som ein del av ei større samling data som for ein store del byggjer på mine gamle manuskript!  So det var ikkje noko å henta...

 

Men kanskje nokon er hugen på å «vri» hjernemassen lite vetta for å freista finna dei att likevel i Amerika?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Innlegg #15:

 

Eg held framleis på med å «vri» hjernemassen i leitingi etter desse brørne i Amerika, og eg har finne noko spennande:

 

Passasjerlista frå 1883 syner at Dyre då hadde reisemål Stoughton, WI: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1263/images/IMCANQC1865_C4512-00244?treeid=&personid=&hintid=&queryId=439bb0e3aafcbb91e9efdcd1e5ab3aa3&usePUB=true&_phsrc=vEB2&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.49504868.35277458.1614277588-552999773.1576285696&_gac=1.27339086.1616874162.CjwKCAjwr_uCBhAFEiwAX8YJgRcGd2HIhSDelBqweDs4088jIjJ5yhBfZMq_IJF9v6sbb1DFM996choC6hcQAvD_BwE&pId=3654988

 

Elles veit me frå før at namnet Dyre i Amerika ofte vart endra til David, og her har me ein spennande «kandidat» i Milwaukee, WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRW5-ZQ7

Name David Johnson
Sex Male
Age 52
Death or Burial Date Nov 1909
Death or Burial Place Milwaukee, Wisconsin, United States
Death or Burial Place (Original) Milw. Med. College
Death Date 26 Nov 1909
Death Place Wauwatosa, Milwaukee, Wisconsin
Birth Date 5 Jun 1857
Birthplace Norway
Marital Status Single
Occupation Night Watch
Race White

NB: Fødselsdatoen er berre ein dag feil, og at året kan variera, kjenner me òg til frå før!

Her er han i FT1900, 40 år gamal, ugift og utvandra 1882: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6619-NNQ

Kanskje kan ein liktale («obituary») finnast for denne karen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.