Gå til innhold
Arkivverket

Trond Johannesson Lie - fødd kring 1754 - salmakarmeistar i Bergen - gift med Bertha Andersdotter Dahl - kvar kom dei ifrå? - Gudbrandsdalen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

For mange år sidan skreiv eg ein liten biografi om denne huslyden som til sist hamna i Luster, men eg greidde aldri å finna ut kvar dei eigentleg kom ifrå:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysnngar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under!

 

Her er dei fire barnedåpane i Bergen:

 

* Andreas Dahl 1786: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009196917

 

* Johannes Andreas 1787: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009197745

 

* Asseline Marie 1790: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009217842

 

* Lars Andreas Dahl 1791: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009218682

 

Og her er vigsli til foreldri:

 

* 1785: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000993840

 

Eg finn i farten ikkje att borgarboki for Bergen, men meiner det var der eg las at Trond skulle vera frå Gudbrandsdalen...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om opphavi til Trond og Bertha!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nyttige og interessante innlegg!

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #1 med dei nye opplysningane.

 

Elles spør eg meg kva dei på 1780-talet rekna som «Christiania stift»?  I utgongspunktet ville eg tru det var heile Austlandet, men sikker er eg ikkje...

 

FamilySearch syner i grunnen berre EIN god «kandidat» til Trond Johannesson:

 

* Trond Johannesson, døypt i Skjeberg 13.2.1757, son av Johannes Trondson og Martha Nilsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/7437/96

 

Foreldri gifte seg 11.1.1756: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002276873

 

Men er dette «vår» Trond?

 

Når det gjeld Bertha Andersdotter Dahl, finn eg ein god «kandidat» i Bergen:

 

* Berthe Andersdotter, fødd i Krosskyrkja 10.11.1760, dotter av Anders Arentzon Dahl og Ingeborg Jensdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005874664

 

Andre innførsler av yngre søsken syner at Anders Dahl var murmeistar, og borgarboki syner at han var fødd i Trondheim: http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=23&innhaldid=5&storleik=

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

Det finst og ein Thron Johannesson døypt i Lom 25/4/1756, far Johannes Bakkeberg (seinare Nistugu Slålien).

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006139880

Ser ikkje meire info om han nokon stad, men folk med tilgang til bygdebøkene for Lom kan sikkert hjelpe. 

Foreldra var Johannes Johannesson Nistugu Slålien f.ca. 1716 og Aase Olsdotter f.nordigard Bakkeberg f.ca. 1711, død 16/2/1779.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for ei spennande og interessant melding!

 

Eg har ei svært god kjensle av at du har finne den «rette» Trond Johannesson.  Lie-namnet er truleg ei avstutting av Slålien, og me ser at einaste dotteri til Trond vart døypt Asseline Marie.  Asseline kan vel godt vera ei oppkalling av Aase!?

 

Men kanskje nokon med tilgjenge til bygdebøkene for Lom kan stadfesta denne teorien?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til «oppklaring» av denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for siste innlegget med overtydande opplysnigar om denne huslyden frå Lom!  Spørsmåli om denne søskenflokken har tydelegf vore grundig drøfta før, og eg ser ingen grunn til å tvila på at opplysningane stemmer.

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt frå innlegg #1 i samsvar med dei nye opplysningane, og eg går samstundes ut ifrå at det var Bertha Andersdotter Dahl frå Bergen som vart kona til Trond:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Trond Johannesson Lie, opphavleg frå Slålien i Lom, var son av gardbrukar Johannes Johannesson i Slålien, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans? – Galde?)

 

     og kona Aase Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     og vart døypt i Lom 25.4.1756.  Han gifte seg i Domkyrkja i Bergen 13.7.1785 med Bertha Andersdotter Dahl frå Bergen.  Ho var dotter av murmeistar Anders Arntson Dahl i Bergen, opphavleg frå Trondheim, og kona Ingeborg Jensdotter

 

     ##### (eller Jansdotter? – opphavet hennar?)

 

     og var f. i Bergen 10.11.1760.

Trond Lie flytte i ung alder til Bergen der han gjekk i salmakarlære og 3.6.1784 tok borgarskap som salmakarmeistar.  Han og Bertha vart buande i Domkyrkjesokni i Bergen fram til kring 1798.

Kring 1798 flytte so Trond og Bertha Lie hit til Luster.  I 1801 var dei strandsitjarar under Øvrebø (bnr. 1), og me trur det var dei som i 1801 tok over denne plassen på Grandane 1 då Ole Torbjørnson flytte herifrå.  Elles arbeidde Trond også her som salmakar.  Bertha vart gravlagd frå Øvrebø 1.1.1816, medan Trond d. som enkjemann på Haugen 5.11.1823.  Kan henda flytte han til Haugen etter at kona fall ifrå?  Trond og Bertha fekk fire born i lag:

 1. Andreas Dahl Trondson, f. i Bergen 23.3.1786, vart gravlagd i Bergen 11.8.1786.

 2. Johannes Andreas Trondson, f. i Bergen 29.10.1787, d. i Bergen 23.1.1792.

 3. Asseline Marie Trondsdotter, f. i Bergen 30.1.1790, d. i Bergen 17.4.1790.

 4. Lars Andreas Dahl Trondson, f. i Bergen 2.9.1791, flytte til Luster med foreldri sine kring 1798, men vart gravlagd frå Øvrebø 20.10.1816, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei einaste utfordringane som no står att å løysa her, er:

 

** Opphavet til Johannes Jolhannesson i Slålien - var han frå Galde?

 

** Opphavet til Aase Olsdotter?

 

** Opphavet til Ingeborg Jensdotter/Jansdotter?

 

Men desse vert det truleg ikkje so lett å finna ut av...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.