Gå til innhold
Arkivverket

Carl «Charlie» Christianson (1859-1934) - frå Ringsaker i 1882(?) til Wisconsin - opphavet hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er i kveld komen borti ein emigrant frå Ringsaker som synest ha ein noko «komplisert» ættebakgrunn, og no vonar eg at ein eller annan med lokal kunnskap kan hjelpa meg vidare?

 

Carl Christianson, i Amerika kjend som Charlie Christianson, var fødd på Ringsaker 18.10.1859.  Foreldri hans var ungkar og innerst Christian Haagenson Herbergseiget og innerstjente Agnetha Johnsdotter Sæhli (og noko eg ikkje greier å lesa) i Almenningen:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8843/86

 

Ifølgje opplysningar frå Amerika skal Charlie ha utvandra i 1882.  Han gifte seg i Vernon Co., WI 17.5.1899 med Anna Kirstina Knutson, fødd i Vernon Co., WI 14.4.1879 av foreldre frå Aurland og Luster i Sogn.

 

Er det nokon med lokal kunnskap på Ringsaker som kan hjelpa meg finna ut:

 

* På kva plass/gard er Carl Christianson oppvaksen?  Hjå mor eller far?

 

* Stemmer utvandringsåret 1882?

 

* Yrke og bustad samt opphav til far Christian Haagenson?

 

* Yrke og bustad samt opphav til mor Agnetha Johnsdotter?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Carl er på Sæhlie i 1865 og 1875

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038031011515

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052059011092

 

Her er han oppført som utflyttet til Fron i 1880

 

SAH, Ringsaker prestekontor, K/Ka/L0012: Ministerialbok nr. 12, 1879-1890, s. 334
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070110660187

 

Han som reiser i 1881 ?

 

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=52&filnamn=emikra1&gardpostnr=28749&merk=28749#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for interessante og spennande meldingar om denne huslyden.

 

Då kan me i alle fall trygt seia at Carl hadde opphavet og oppveksten sin på Sæhli på Ringsaker og at han i 1880 flytte derifrå til Fron.

 

Men eg er vel ikkje heilt overtydd om at det var han som utvandra i 1881?  Reisemålet stemmer ikkje heilt, og eg meiner det var minst ein Carl Christianson til fødd på Ringsaker på same tid...

 

Gardsnamnet der mori Agnete var fødd, har eg vanskar med å lesa, G......eiget, men mori vart jo tydeleg gift til Sæhli, so der voks nok ogso Agnete opp...

 

Men so var det faren...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja opphavet til denne guten frå Ringsaker!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Carl ble gift i Sør-Fron 17-3-1881, en av forloverene er Peter Larsen

 

SAH, Sør-Fron prestekontor, H/Ha/Haa/L0003: Ministerialbok nr. 3, 1881-1897, s. 264
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070115660062

 

Da er vel dette riktig Carl som reiser 29-3-1881 sammen med Peter Larsen

 

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=emikra1&gardpostnr=28166&merk=28166#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sønnen Kristian blir født i Sør-Fron 21-6-1881

 

SAH, Sør-Fron prestekontor, H/Ha/Haa/L0003: Ministerialbok nr. 3, 1881-1897, s. 7
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070115650676


 Mor og sønn reiser i 1882

 

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=emikra1&gardpostnr=51683&merk=51683#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tror dette kan være den riktige Christian Haagensen

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038031011089

 

Når han gifter seg med Gønner er Herbergseie nevnt (nr.28)

 

SAH, Ringsaker prestekontor, K/Ka/L0010: Ministerialbok nr. 10, 1861-1869, s. 262
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070119320055

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tror ikke detter er riktig Christian Haagensen (Haakensen) fordi: Hans f. leiermaal er 1853 og hans andre er 1859. Da kan han ikke være 21 1/2 når han giftet seg 1861,

Denne Christian du har her er f. 1840 på Tjerneeie.  Oppgitt fødested ved ekteskap er svært ofte feil, det er ikke noen Christian Haagensen f. Herbergseie.

Det er mer riktig at Christian Haagensen er f. 28.10.1828 Nordre Sætereie på Ring men ikke bevist siden det ikke er oppgitt noen alder ved de 2 uekte barna han hadde.

Endret av Hans Mhyhre
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Hans for interessante og nyttige innlegg!

 

Det må vera «vår» Carl som flytte til Fron og utvandra derifrå i 1881.  Ingen tvil, og at Carl «Charlie» Christianson hadde vore gift ein gong FØR han gifte seg med Anna Knutson i 1899 vert stadfest av:

 

FT1900 med tre born frå første ekteskap: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SWB-Q7

 

FT1905 med to born frå første ekteskap (det tredje er «laborer» lenger oppe på same side): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-695S-RVG

 

FT1910 er det sogar sagt Charlie var i TREDJE ekteskap: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYV-S7RJ

 

FT1920 er det berre nemnt dei åtte borni frå siste ekteskap: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVZ-LX9

 

FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZK-HVP

 

Her fann eg andre ekteskapet til Charlie i La Crosse, WI 20.3.1891:

 

Name Karl Christianson
Event Type Marriage
Event Date 20 Mar 1891
Event Place , La Crosse, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Norway
Father's Name Christian Haakansen
Mother's Name Annette Johnsen
Spouse's Name Marie Iversen
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Birthplace Vernon Co., Wis
Spouse's Father's Name Jens Iversen
Spouse's Mother's Name Anne M. Jacobsen

 

Då er med andre ord det eine av dei tre borni hans nemnde over frå første ekteskapet og hine to frå det andre!

 

Når det gjeld opphav og lagnad til Christian Haagenson, veit eg ikkje kva eg skal tru.  Det står Herbergseiget då Carl var fødd, men kanskje har han berre vore «innom» der som dreng?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Hans Mhyhre skrev:

Da kan han ikke være 21 1/2 når han giftet seg 1861,

Denne Christian du har her er f. 1840 på Tjerneeie.

 

Det står da vitterlig at han var 32 1/2 år i KB !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegg og for direkte melding frå Hans!

 

Etter kva eg forstår, MÅ det vera «vår» Christian Haagenson som i 1865 var husmann under Ambli på Ringsaker:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0412&kenr=014&bnr=0014&lnr=000

 

og som Hans seier, er han fødd 28.10.1828 i Nordre Sætereiget, men ved konfirmasjonen 10.10.1847 var han komen til Herbergseiget:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6013/214

 

Dei «òpne» spørsmåli her vert då følgjande:

 

** På kva plass under Herberg er Christian Haagenson oppvaksen?

 

** Kvar vart det av Christian Haagenson etter 1865?  Eg ser ikkje noko meir til korkje han eller Gønner i 1875!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 3 

Olava

 

Oslo fylke, Kristiania tukthus i Oslo, Ministerialbok nr. 4 (1865-1879), Fødte og døpte 1875-1877, Side 8
Permanent bilde-ID: kb20060830030274
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060830030274
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060830030274.jpg
 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nye spennande innlegg!

 

Då ser det ut til at du er komen på spor etter Gønner Gulbrandsdotter, og eg har nok då ein mistanke om at lagnaden til Christian Haagenson kan verta ganske so «komplisert» å følgja opp...  Kanskje me berre skal nøya oss med å fortelja kva plass han kom ifrå?  Men eg tek sjølvsagt gjerne mot fleire opplysningar om lagnaden hans, om det skulle dukka opp...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget frå fredag.

 

Jau, det ser sanneleg ut til at Christian Haagenson etter kvart vart litt av ein «globetrottar», so eg vil avgrensa meg til å seia at han var frå ein plass under Herberg.  Eg ser at i alle fall dei tre yngste søskeni hans var fødde der:

 

Ole i 1838: https://media.digitalarkivet.no/view/6013/9

 

Karen i 1842: https://media.digitalarkivet.no/view/6013/110

 

Olina i 1845: https://media.digitalarkivet.no/view/6013/129

 

Men det ser ut til at huslyuden var borte førn 1865, so kva for ein lassn under Herberg dei hadde, kan ingen i dag svara på...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kompletterng av denne biografen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.