Gå til innhold
Arkivverket

Hans Ingebrigtson Øvrebø - fødd i Luster 1859 - utvandra i 1879 til Vernon Co., WI, men forsvinn kort tid etter! - kvar vart det av han? - ei kjempeutfordring!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hans Ingebrigtson Øvrebø var fødd i Luster 7.12.1859.  Han var «uekte» son av Anna Olsdotter Øvrebø (1840-1889) og Ingebrigt Torbjørnson Rønnei (1833-1916):

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8401/100

 

Mori Anna gifte seg sidan med Nils Sjurson Talle (1833-1914), og dei utvandra til Amerika i 1878.  Under namni Nels og Anna Tally (eller Talley) slo dei seg ned som farmarar i Franklin township, Vernon Co., WI.  Dei fekk seks born i lag, og heile huslyden, bortsett oifråmto ugifte døtrer, som flytte til Minneapolis, MN, vart dei buande i Vernon Co., WI.

 

Sonen ho hadde frå før, Hans Ingebrigtson Øvrebø, utvandra året etter, i 1879, og me finn han att i FT1880 som farmarbeidar i Sterling township, Vernon Co., WI berre knappe ti kilometer frå mori og stefaren:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-92P5

 

Men dette er det siste me ser til Hans.  Han er tydeleg bortflytt, men utan at nærare opplysningar ligg føre.  Etterkomarar etter halvsøskeni som eg har vore i kontakt med, kan heller ikkje hjelpa meg vidare!

 

Ser me på vigselslistene frå Wisconsin og nabostatane, finn eg berre eitt alternativ som eg tykkjer passer so nokolunde:

 

~~~~~~~~~~

 

Name Hans Ingebertson
Event Type Marriage
Event Date 21 Jun 1883
Event Place Dunn, Wisconsin, United States
Gender Male
Spouse's Name Anette Solberg
Spouse's Gender Female

 

~~~~~~~~~~

 

Men dette parfolket finn eg ikkje att i folketeljingar eller andre kjelder...

 

Eg ville vorte svært so glad om Hans kunne oppsporast i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

   
   
   
   
   
   
   

 

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRB3-5L4

 

Martin Ingebretsen

Wisconsin Births and Christenings
Name Martin Ingebretsen
Gender Male
Christening Date 28 Oct 1883
Christening Place BIG ELK CREEK NORSK LUTHERSKE, WHEATON TWP, CHIPPEWA, WISCONSIN
Birth Date 14 Sep 1883
Father's Name Hans Ingebretsen
Mother's Name Annette Pedersen

 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRB3-5FP

 

Thora Helga Bertine Engebritsen

Wisconsin Births and Christenings
Name Thora Helga Bertine Engebritsen
Gender Female
Christening Date 14 Feb 1886
Christening Place BIG ELK CREEK NORSK LUTHERSKE, WHEATON TWP, CHIPPEWA, WISCONSIN
Birth Date 30 Dec 1885
Father's Name Hans Engebritsen
Mother's Name Anette

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og interessant innlegg!

 

Eg har leitt lite vetta, og her fann eg endeleg denne huslyden i FT1900 for Colfax township, Dunn Co., WI:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DRQ9-8QL

 

Hans er tydeleg avliden, men let etter seg dei to borni Martin og Tora, som båe har teke namnet til stefaren Ed Knutson!

 

Her er vigsli til Ed Knutson og Anet MADSON i Auburn, Chippewa Co., WI

 

~~~~~~~~~~

 

Name Ed Kuntson
Event Type Marriage
Event Date 26 Oct 1897
Event Place , Auburn, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Norway
Father's Name Knute Ingerbertson
Mother's Name Christie Wilgerson
Spouse's Name Anet Madson
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Birthplace Norway
Spouse's Father's Name Martin Pederson
Spouse's Mother's Name Bertha Hilgerson

 

~~~~~~~~~~

 

Men nettopp som eg la ut denne vigsli, har eg motteke med «ekspress» fart ein kopi av den originale vigsli til Hans og Annette frå 1883, og denne avslører (sjå vedlegg) at denne Hans Ingebrigtson var frå Norderhov og IKKJE er den Hans som me leiter etter!  Her er nemleg fødsli hans frå FamilySearch:

 

~~~~~~~~~~

 

Name Hans Ingebretsen
Gender Male
Birth Date 21 Jun 1860
Christening Date 23 Sep 1860
Christening Place NORDERHOV,BUSKERUD,NORWAY
Father's Name Engebret Madsen
Mother's Name Thorine Helgesdr

 

~~~~~~~~~~

 

So då er det «back to square #1»!

 

Kvar kan no «vår» Hans Ingebrigtson ha gjort av seg...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppsporing av lagnaden til Hans Ingebrigtson Øvrebø!

Hans Ingebretson marriage.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.