Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Mrs. Krestine Loland - døydde i Crawford Co., WI 28.12.1894 - kven var mann hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år utan riktig å vita korleis eg skal «gripa ho an»

 

Eg syner til dette dødsfallet registrert i West Prairie Hauge kyrkja som ligg ved West Prairie på grensa mellom Vernon og Crawford Cos., WI:

 

Mrs. Krestine Loland, døydde 28.12.1894, alder 33 år og 11 dagar, død av tuberkulose

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314963-00045?pid=1647077&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DELCAbmd%26h%3D1647077%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D2544&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true#?imageId=41742_314963-00060

 

På same kyrkjebokside finn me òg dødsfallet til bror hennar, Christian Anderson, døydde 28.6.1902, 31½ år gamal.

 

På kyrkjegarden finn me so gravlagde under same støtte:

 

Christine Loland: https://www.findagrave.com/memorial/82814838

Christian Loland: https://www.findagrave.com/memorial/82814854

 

Dødsdatoen til Christian Loland er oppgjeven på støtta til 27.6.1902, med alder 31 år, men desse var altso ikkje mann og kone, slik find-a-grave hevder.

 

Christine var fødd i Wisconsin, usikkert kvar, 17.12.1861 som «uekte» dotter av Gunnhild Jørgensdotter Aarstu frå Luster (1835-1909) som utvandra i 1861.

 

Christian var fødd i Crawford Co., WI 17.10.1871 av same Gunnhild som i mellomtidi hadde gift seg med Andrew C(hristenson) Anderson frå Luster (1843-1907).

 

FT1900 syner at Christian Anderson då i lag med ein yngre bror Elek dreiv «saloon» i La Crosse, WI:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6QJ9-Y3X

 

Den store utfordringi her er følgjande:

 

** Kven var Krestine Loland gift med, kvar budde dei, og hadde dei born?

 

Det er langt frå sikkert at dei budde i Crawford Co., WI.  Krestine hadde på den tidi fleire (halv-)søsken i North Dakota, og ogso ei faster var gift og budde i Fargo, ND.  Til det kjem det at Loland-namnet er ganske so ukjent i Vernon og Crawford Cos., WI!  Det var på den tidi heller ikkje uvanleg at unge personar som døydde eit stykke unna, ogso om dei var gifte, vart henta heim for å verta gravlagde nær heimen, særleg om foreldri framleis levde, slik tilfellet var her!

 

Eg ville sett stor pris på om nokon greier å løysa denne kjempeutfordringi og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for eit interessant innlegg!

 

Du har ganske sikkert finne den «rette» barnedåpen.  Eg dreg kjensel på fleire av fadrane, mellom anna søsteri Jørgina Jørgensdotter og stefaren Johan Hansson, som òg utvandra til Amerika i 1861!

 

Barnefaren var nok ein lustring, for etter mine begrep må svangerskapet ha teke til fleire veker FØR dei utvandra...

 

Det er jo ikkje utenkjeleg at dotteri KAN ha nytta Olson som jentenamn då ho gifte seg med Loland, men særleg sannsynleg er vel ikkje det...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne gåta!  So er det å vona at ogso «Mr.» Loland kan avslørast...

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.