Gå til innhold
Arkivverket

LØYST Jens Christian - døypt 18. mai 1821 i Hafslo - kvar vart det av han?


Jostein Stokke
 Del

Recommended Posts

 

«Cecilie Andersdtr Mobakken ble født i januar 1789 på plassen Mobakken under gården Mo i Hafslo. Foreldrene var Anders Nilsen (opprinnelig fra Ytre Kroken) og Martha Pedersdatter Lad. Moren døde alt i 1803, og Cecilie kom nok tidlig ut i tjeneste. I 1815 tjente hun på Talla i Luster, og i desember det året ble hun mor for første gang. Sønnen Peder ble døpt i Hafslokirken 25. desember 1815 og skrevet inn i kirkeboken som "uekte"”

 

Peders dåp nederst til høyre:

SAB, Hafslo Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1807-1821, s. 35

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050818010687

 

Ho vart utdanna som jordmor med eksamen 1820 i Oslo. Ho var først jordmor I Sogndal og Hafslo og seinere I Vik.

 

Men her er utfordringa:

Den 8. mai blei ho mor igjen og Jens Christian blei døypt I Hafslo 18. mai 1821:

SAB, Hafslo Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1807-1821, s. 120

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050818010773

 

Faren er “Jens Christian fra Christiania”.

 

Kva skjedde med Jens Christian fødd 8. mai 1821?

 

Cecilie gifta seg 6. oktober 1822 med koparslagar Ole Christensen Dahl – oppgitt fødd 1795 Dvergedal:

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 10, 1821-1838, s. 192

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070515670560

 

Her står det då at han er 30 år og ho 28.

 

Dei fekk ei rekkje born saman – dei lar vi vera denne gongen.

(Det er Peder fødd 1815 som er kona mi sin forfar).

 

Cecilie døydde 29. juli 1863 I Vik:

SAB, Vik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 8, 1846-1865, s. 344

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070306620413

 

Kanskje nokon finn ut når koparslagaren Ole C. Dahl døydde?

 

Mvh Jostein

 

Endret av Jostein Stokke
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Jostein,

 

Denne husyden er omskriven i Gards- og Ættesoga for Luster band X under gnr. 148, Mo:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Cecilia Andersdotter, døypt 29.1.1789,

Cecilia Andersdotter gjekk i 1819 og 1820 på jordmorskulen i Christiania (Oslo) og vart i 1821 tilsett som jordmor i Sogndal og Hafslo, med bustad i Sogndal.  Der gifte ho seg 6.10.1822 med Ole Christenson frå Dvergedalen i Sogndal, ein son av husmann Christen Andersson på Ekrene under Dvergedalen (1761-    ), opphavleg gardbrukarson frå Feivald i Hafslo.  Ole vart døypt i Sogndal 24.4.1795.  Cecilia var jordmor, medan Ole var kopparsmed.  Dei budde ei kort tid i Sogndalsfjøra i Sogndal, men hausten 1822 fekk Cecilia byta arbeidsstad med jordmori i Vik, og våren 1823 flytte huslyden til Vikøyri i Vik.  På same tidi ser me at dei tok ættenamnet Dahl.  Cecilia d. på Vikøyri 29.7.1863.  Ole Dahl utvandra visstnok til Amerika med sonen Anders i 1864 og kom truleg fram til Chicago, Ill., men lagnaden hans der borte er førebels ukjend.  Cecilia fekk i alt åtte born, seks frå ekteskapet med Ole Dahl og to frå før:

a. Peder Jacobson, son av Cecilia og gardbrukar Jacob Lemvig Sjurson på Talle i Luster (1770-1828), vart døypt i Hafslo 10.12.1815 og d. som arbeidar og enkjemann i Sogndalsfjøra i Sogndal 26.9.1889.  Peder flytte med mor si til Sogndal og sidan til Vik, men fór sidan attende til Sogndal der han 3.12.1840 gifte seg med Eli Endresdotter frå Sogndalsfjøra i Sogndal.  Ho var dotter av strandsitjar Endre Knutson i Sogndalsfjøra, opphavleg frå Rinde i Leikanger, og kona Astrid Olsdotter frå Vellene og f. i Sogndal 8.4.1819.  Ho d. i Sogndalsfjøra 21.8.1881.  Peder var møllar, og han og Eli budde elles som strandsitjarar i Sogndalsfjøra i Sogndal.  Dei fekk åtte born i lag.

b. Jens Christian Jensson, son av Cecilia og ein Jens Christian frå Christiania, var f. i Hafslo 8.5.1821, men d. på Vikøyri i Vik 11.1.1825.

c. Christen Olson Dahl, f. i Sogndal 10.1.1823, flytte med foreldri til Vik og sidan til Nordland.  Han gifte seg første gongen i Bø i Vesterålen 18.9.1849 med Maren Oline Olsdotter frå Ramberg i Bø, f. i Bø 17.11.1824.  Ho d. visstnok kring 1851, dato og stad ukjende, og Christen gifte seg att i Balsfjord 27.11.1856 med Martha Marie Johansdotter frå Hunstad i Bodø, f. i Bodø 12.5.1834.  Christen var skomakar, og han og andre kona Martha budde på Lundeborg i Målselv til dei i 1861 flytte attende til Vikøyri i Vik.  I 1863 utvandra dei so til Amerika, men so langt har det ikkje vore mogeleg å finna ut noko meir om lagnadane deira der borte.  Me kjenner til fem born etter Christen Dahl, eitt frå første ekteskapet og fire frå det andre.

d. Christina Olsdotter Dahl, f. i Vik 28.2.1825, d. ugift på Vikøyri i Vik 22.8.1849.

e. Anders Olson Dahl, f. i Vik 7.12.1826, gifte seg i Vik 2.1.1861 med Bergitte Sophie Hansdotter Rasmussen, f. i Vik 13.3.1836.  Dei skal ha utvandra til Amerika i 1864 og busette seg i Chicago, Cook Co., Ill., men Bergitte d. der alt kring 1867, medan Anders Dahl d. same staden kring 1869.  Dei fekk tre born i lag, som voks opp hjå farbroren Ole O. Dahl i Chicago, Ill.

f. Johannes Olson Dahl, f. i Vik 30.4.1829, flytte i 1855 som snikkar til Skien, men kom attende til Vik og flytte i staden i 1857 som snikkarsvein til Christiania der han 23.10.1862 gifte seg med Anna Olsdotter frå Utgard i Sør-Odal, f. i Odalen 1.7.1832.  Johannes Dahl dreiv snikkarverkstad, og han og Anna budde først i nedre Slottsgate og sidan i Møllergata i Christiania der Johannes d. 19.3.1872.  Anna Dahl d. som enkje i Christiania 12.8.1901.  Dei fekk seks born i lag.

g. Martinus Olson Dahl, f. i Vik 9.5.1831, d. ugift på Vikøyri i Vik 26.5.1853.

h. Ole Olson Dahl, f. i Vik 4.3.1834, utvandra til Amerika i 1856 og gifte seg i Chicago, Ill. 18.1.1868 med Martina Madsdotter frå Gudjord (Verket) i Holla, i Amerika kjend som Mary Madson.  Ho var dotter av verksarbeidar Mads Monsson på Gudjord, opphavleg frå Rising i Gjerpen, og kona Anna Thurine Andersdotter frå Porsgrunn og f. i Holla 14.2.1843, men tente ei stund i Skien før ho utvandra derifrå til Amerika i 1866.  Ole Dahl var bygningssnikkar og møbelsnikkar (”house carpenter and cabinet maker”), og han og Mary vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Mary d. 20.9.1903.  Ole Dahl d. på ein gamleheim i Chicago, Ill. 2.1.1926.  Dei fekk visstnok seks born i lag, men fostra òg opp borni etter broren Andrew Dahl.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Dette trur eg gjev deg svar på det meiste, men greier du å supplera med noko, til dømes om lagnaden til sonen Christen Olson Dahl i Amerika, ville jubelen stå i taket hjå meg!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om nokon vil leita målretta etter Christen Olson Dahl og huslyden hans i Amerika, her er dei fem borni hans:

 

* Cecilie Christine, fødd i Bø 13.6.1850


* Anna Marie, fødd i Målselv 26.10.1855 (uekte)


* Maren Christine, fødd Tromsø 18.5.1857 (dissentar)


* Olufine Cecilie, fødd Målselv 20.4.1860 (dissentar)


* Johannes Martinus, fødd i Vik 4.11.1862

 

Lukke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk takk takk.

Berre ein ting Lars:

Peder Jakobsen - eg meiner han er døypt 25. desember 1815 (og kanskje fødd 12. deember?)

16 hours ago, Jostein Stokke said:

Peders dåp nede til høgre:

SAB, Hafslo Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1807-1821, s. 35

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050818010687

 

Tar eg feil?

 

Mvh Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er glad du kunne gjera bruk av opplysningane!

 

Men eg kan ikkje tolka dåpsdatoen til noko anna enn 10.12.  Det er neste dåp på neste side som fann stad 25.12.!

 

So no vonar eg at du eller kanskje andre greier gjera noko med «hòli» i Amerika...?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

 

jeg nedstammer selv fra Peder Jacobsen (min tipp-tipp-oldefar).

 

Som en kuriositet kan det nevnes at min far, Per Strømsnes (1938 - 2008), var oppkalt etter sin bestefar Per Jakobsen Sogndalsfjæren (1875 - 1931), som igjen var oppkalt etter sin farfar, nevnte Peder Jakobsen (1815 - 1889). Artig at noen ser nærmere på denne delen av slekta.

 

Vil gjøre oppmerksom på at det er skrevet en fyldig artikkel om Cecilie Andersdatter Mobakken Dahl, første jordmor i Vik. Denne er skrevet av Elsa-Karin Svendsen (som også nedstammer direkte fra Peder). Artikkelen stod i sin tid på trykk i Pridlao, lokalhistorisk blad i Vik i Sogn.

 

Vil tro flere kan ha interesse av denne. God lesning!

 

Lenke: https://sites.google.com/site/eksvends/cecilie

 

 

/ Geir

Endret av Geir By Strømsnes
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg konstaterer at trådstartar har sagt at dette problemet er «LØYST», og det er jo forsovidt korrekt med omsyn til spørsmålet som var utgongspunktet for emnet, men eg vil likevel gjerne få henta fram problemstillingi mi frå innlegg #2 og #4.

 

Det hadde vore heilt «kjempe» om nokon greier finna att denne huslyden i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand!

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Geir - eg kjenner sjølvsagt til den teksten du har lagt  ut -  eg var litt usikker på om eg kunne leggja den ut utan samtykke. Men du har gjort det med kjeldevisning og alt som trengs.. Takk.

Peder Jakobsen (1815-1889) var kona mi sin 2 x tippoldefar - det blir vel same slektskap som du har til han.

 

Eg aksepterer at eg tok feil om Peder sin dåpsdato - det var faktisk artikkelen til Else-Karin Svendsen som slår fast dette og sjølv om eg sjekka kjelda/ kyrkjeboka, så gjorde eg same feilkoblinga.

Og eg takkar igjen.

 

Mvh Jostein

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
On 5/4/2018 at 11:35 AM, Lars E. Øyane said:

h. Ole Olson Dahl, f. i Vik 4.3.1834, utvandra til Amerika i 1856 og gifte seg i Chicago, Ill. 18.1.1868 med Martina Madsdotter frå Gudjord (Verket) i Holla, i Amerika kjend som Mary Madson.  Ho var dotter av verksarbeidar Mads Monsson på Gudjord, opphavleg frå Rising i Gjerpen, og kona Anna Thurine Andersdotter frå Porsgrunn og f. i Holla 14.2.1843, men tente ei stund i Skien før ho utvandra derifrå til Amerika i 1866.  Ole Dahl var bygningssnikkar og møbelsnikkar (”house carpenter and cabinet maker”), og han og Mary vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Mary d. 20.9.1903.  Ole Dahl d. på ein gamleheim i Chicago, Ill. 2.1.1926.  Dei fekk visstnok seks born i lag, men fostra òg opp borni etter broren Andrew Dahl.

 Desse 2 er gravlagde på Graceland Cemetery, Chicago, Cook County, Ill.

https://www.findagrave.com/memorial/196080873/ole-dahl

https://www.findagrave.com/memorial/196080788/mary-dahl

 

På same gravplassen finn eg ein Anders Dahl -  død 21. mai 1869 - det er vel kanskje broren :

https://www.findagrave.com/memorial/182770782/anders-dahl

 

Men eg finn ikkje Bergitte Sofie.

 

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.