Gå til innhold
Arkivverket

Torchild Knudson og Grete Hansdtr husmenn i Fresvik frå 1770.


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Kvar kom dei frå?

Under Husabø på Leikanger finn me ein Torchild Knudson, fødd i 1736, konfirmert i 1760 24 år gammal. I Ætteboka for Leikanger står det at Torchild døydde ung, men det må vera denne Torchild som er konfirmert i 1760.

I 1770 finn me Torchild Knudson under garden Hov i Fresvik då dottera Kari blir døypt. Men er dette karen frå Husabø?

 

Dåp til dottera Kari i 1770, far Torchild Knudson Hov og mor Grethe Hansdtr. Hov

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/175

I 1789 er han husmann under Bjørnetun.

Torchild Knudson ved Søen død 1799 76 år gammal, altså fødd 1723. Kan det vera same Torchild som me fann under husabø, då er han i tilfelle berre 63 år gammal, og stemmer dårleg med alderen i kyrkjeboka.

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/127

Folketeljing 1801 ekteskap 1796

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393002543

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/76

Kari Torchildsdtr 30 år gammal  gift på Nødskreen med Ole Nilsen

Barn: Nils 3 år og Brita 5 år.

Hos dei bur også Grethe Olsdtr, 80 år gammal. Viss dette var mor til Kari så hadde det vel stått i teljinga og ho heiter også Olsdtr i syaden for Handtr. Samtidig er vel ikkje Grethe det mest vanlege namnet her på dei tider. Slik eg les kyrkjeboka ved dåpen til Kari så er namnet på mora Grete. Grethe Olsdtr var 80 år i 1801 så då ville ho vera 50 då Kari var fødd, så litt usannsynleg viss alderen i teljinga er rett.

 

Nokon som klarer spora opp meir om dette ekteparet, kvar dei kom frå og evt fleire born?

 Dei budde då som husmenn i Fresvik iallfall mellom 1770 og til Torchild døydde i 1799.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit ikkje, Anne Marie, om du har sjekka ut denne:

 

Torkild Knutson døypt i Norum sokn, Sogndal 14.4.1726 av foreldri Knut Aamundson Uglum og Bertha Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11652/4

 

Denne Torkild gifte seg i Norum sokn 20.5.1754 med ei Margretha Henriksdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11654/35

 

Dei fekk to born i Norum sokn:

 

* Britha Torkildsdotter, døypt 30.12.1754: https://media.digitalarkivet.no/view/11654/39

 

* Eli Torkildsdotter, døypt 6.1.1757 - då er mori kalla Gretha: https://media.digitalarkivet.no/view/11654/50

 

Kanskje dukkar desse borni opp hjå deg i Fresvik?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Interessant! Eg finn ikkje Eli i Fresvik, men i 1790 er Oddmund Mikkelson Hov gift med Brita Torkjelsdtr ved Søen fødd i 1755 og døydde i 1792. Ved Søen vart brukt om husmenn og strandsitjarar under ulike gardar i Fresvik. Ser også ut som namna blir endra nokså fritt i kyrkjebøkene så Martgrethe Henriksdtr kan nok ha blitt endra til Grethe Hansdtr.

https://media.digitalarkivet.no/view/11567/198

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/5

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette ekteparet hadde også en sønn Knut døpt 23.2.1762 https://media.digitalarkivet.no/view/11566/66

 

Torchel Knutsen Aasens kone ble introdusert ved Fresvik 8.4.1762, men uten navn.

 

Her er de i ekstraskatten for Leikanger 1763, bosatt Lagmannsvik, øverst til høyre. Kona er kalt Margareta N: D: https://media.digitalarkivet.no/view/47516/240?indexing

 

Margrete er kalt "Fieren" dvs. Sogndalsfjøra da hun giftet seg. Finner ei Margrete Henriksdatter Slinde som er til alters i Sogndal 1753. Kan det være den samme?

 

Torkel Knutsen fra Husabø født 1736 er ikke nevnt i skifter etter faren og broren, og må derfor være død barnløs før 1774.

 

Endret av Terje Tandsether
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 timer siden, Terje Tandsether skrev:

Margrete er kalt "Fieren" dvs. Sogndalsfjøra da hun giftet seg. Finner ei Margrete Henriksdatter Slinde som er til alters i Sogndal 1753.

Har du link til dette?

 

I ættesoga for Leikanger finn eg under Lagmannsvik og Buene Torkjel Knudson 1723-1799 gift med Margrethe Hansdtr. Born Knut f 1762 og Kari fødd 1760. Kommentar at huslyden budde på Lagmannsås, Hov og Buene.

 

Eg finn ei truloving i 1753: https://media.digitalarkivet.no/view/11654/34

 

Barn Britha fødd 1754 og familien skreiv seg då Lunden og budde i Norum sokn

Eli 1757 fødd i Norum

Knut 1762 og då budde dei på Frønningen

Kari fødd 1770 og dei budde då i Fresvik under Hov, men under Bjørnetun i 1789. 

På 5.5.2018 den 13.05, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

i 1790 er Oddmund Mikkelson Hov gift med Brita Torkjelsdtr ved Søen fødd i 1755 og døydde i 1792

Dette kan vera dottera Brita.

 

På 4.5.2018 den 18.44, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Folketeljing 1801 ekteskap 1796

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393002543

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/76

Kari Torchildsdtr 30 år gammal  gift på Nødskreen med Ole Nilsen

Barn: Nils 3 år og Brita 5 år.

Hos dei bur også Grethe Olsdtr, 80 år gammal.

 

Kan dette vera yngste dottera Kari?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielsen er her, nederst på høyre side: https://media.digitalarkivet.no/view/11654/35

 

Margrete Henriksdatter Slinde ("ibd") til alters 1753 fins her, høyre side og høyre spalte: https://media.digitalarkivet.no/view/11654/32

 

Her er hun i 1750, venstre side, venstre spalte, da bosatt Lunden: https://media.digitalarkivet.no/view/11654/17?indexing

 

Jeg har sett i skifteregistreret for Indre Sogn (gamle Digitalarkivet) for å se om det var skifte etter noen med Henrik som fornavn eller farsnavn i Sogndal som kunne være far eller søsken til Margrete, fant ingen.

 

Jordpåkastelse 7.4.1806: Magrethe Olsdatter Sværen, 90 år https://media.digitalarkivet.no/view/11568/202

 

 

Endret av Terje Tandsether
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då kan ein vel vera rimeleg sikre på at det er dette ekteparet som enda i Frønningen og så Fresvik.

Margrete kom då frå Sogndal og faren heitte Henrik utan at me har komme vidare der. Veit heller ikkje fødselsår for Margrethe.

Minst 4 born der lagnaden er uviss. 

Eli og Knut blir borte, Brita kan ha vorte gift med Oddmund Mikkelson Hov og Kari enda kanskje på Nødskreen.

Margrethe Olsdtr Sværen er eg i tvil om kan vera rett person, både pga alder og sidan ho blir omtala som Olsdtr både i 1801 og ved jordpåkastinga? 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Med omsyn til Margretha Henriksdotter, so har eg ein mistanke om at ho kan vera fødd utanfor ekteskap, noko som kanskje kan stadfestast gjennom «utvalet» av farsnamn ho nytta opp gjennom åri.  Ein «heit» kandidat som far hennar er då Henrik Nilsson frå Gunvordalen, fødd kring 1700.  Han er kalla Hollekve då han som soldat fekk dotteri Bertha i 1727 med Kirsti Bottolfsdotter i Sogndalsfjøra:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=119956&merk=119956#ovre

 

men om dette er «din» Henrik, kan eg ikkje seia noko sikkert om.  Kanskje tingbøkene frå kring 1725 kan avsløra om denne Henrik hadde fleire born...

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.