Gå til innhold
Arkivverket

Tre søsken frå Marifjøra berre forsvinn på 1860-talet - minst to av dei i Amerika - og ein bror forsvinn etter han vart enkjemann i 1902 - kvar i alle verdi kan dei ha vorte av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne søskenflokken har eg hatt mykje arbeid med, d.v.s. eg har søkt «høgt og lågt» etter dei, men greier berre ikkje å finna dei att!

 

Arne Sjurson (1808-1878) og kona Ingrid Jørgensdotter (1815-1869) budde som strandsitjarar i Marifjøra i Hafslo og fekk i alt åtte born.  Dei fire som eg har «kontroll» på, var:

 

* Aamund Arneson (1837-1869), var jekteskippar og budde på Lindås, ugift.

 

* Jørgen Arneson (1843-1934), var gardbrukar og fiskar i Vågsøy, var gift og hadde sju born.

 

* Johannes Arneson (1849-1920), utvandra i 1868 til Goodhue Co., MN og 1881 vidare til Lac qui parle Co., MN.  Han tok etter kvart namnet ANDERSON, var gift og hadde fjorten born.

 

* Anna Arnesdotter (1858-1875), døydde i Marifjøra.

 

Men desse fire er det verre med:

 

** Britha Arnesdotter, fødd i Hafslo 6.5.1840, utvandra til Amerika i 1861 - lagnad ukjend.

 

** Sjur Arneson, fødd i Hafslo 9.1.1847, fekk i 1869 flytteattest til BERGEN, men eg ser ikkje noko meir til han der - kanskje utvandra han òg til Amerika?

 

** Arne Arneson, fødd i Hafslo 31.8.1852, utvandra til Amerika i 1869 - lagnad ukjend.

 

** Christian Arneson, fødd i Hafslo 3.7.1855, utvandra i 1875 til Goodhue Co., MN, men flytte nokre år etter til Eau Claire, WI der han 4.6.1885 gifte seg med Britha Andreasdotter frå Kalhagen i Luster (1858-1902).  Dei tok etter kvart òg namnet ANDERSON, og denne huslyden er ei kjempeutfordring i seg sjølv!  Her følgjer eit detaljert manuskriptutdrag:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Christian Arneson, f. 3.7.1855,

Christian Anderson utvandra til Amerika i 1875 og farma først nokre år i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn., men gifte seg i Eau Claire, Wis. 4.6.1885 med Britha Andreasdotter frå Lunden under Kalhagen i Luster, i Amerika kjend som Britta Anderson.  Ho var f. i Luster 27.3.1858, men utvandra til Amerika i 1882.  Christian var arbeidar («laborer»), og han og Britta vart buande i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis. der Britta d. 7.7.1902.  Som enkjemann skal Christian Anderson vera faren til Canada,

 

##### (what became of him?)

 

Britta og Christian fekk seks born i lag:

a. Ida Susanna Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 23.8.1885, d. i Eau Claire, Wis. 11.9.1955.  Ho gifte seg i Eau Claire Co., Wis. 4.2.1906 med Charles Edson Jordan.  Han var f. i Eau Claire Co., Wis. 2.7.1875 og d. i Eau Claire, Wis. 20.9.1962.  Charles Jordan var smed («blacksmith»), og han og Ida budde levetidi ut i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis.  Dei adopterte ein son.

b. George Albert Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 30.4.1887

 

     ##### (listed 1900)

 

c. Alfred Berthinus, kjend som Fred Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 20.8.1888

 

     ##### (listed 1900)

 

d. Edmund Thomas Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 23.4.1890,

 

     ##### (must have died prior to 1900!)

 

e. Lilly Berthea Cornelia, kjend som Cora L. Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 14.1.1892, d. i Minneapolis, Minn. 14.9.1978.  Cora gifte seg første gongen

 

     ##### (place of her 1st marriage? – Swift Current, Sask.?)

 

     14.1.1909 med Olof Emanuel, kjend som Oliver Hoberg, f. i Phelps Co., Neb. 28.9.1879.  Oliver Hoberg farma og dreiv treskemaskin («farmer and threshing machine owner and operator»).  Han og Cora budde i Swift Current, Sask.

 

     ##### (1911 census shows Moose Jaw – East Swift Current)

 

     der Oliver d. 18.3.1913, og etter mange år som enkje gifte Cora seg 25.10.1939 att i Northwood, Ia. med Thomas Thompson.  Han var f. i Hennepin Co., Minn. 21.12.1886 og d. i Minneapolis, Minn. 18.6.1958.  Thomas Thompson var køyrekar («drayman»), og han og Cora budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Cora fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

f. Agnes Elize, kjend som Elizabeth A. Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 22.2.1895, d. i Minneapolis, Minn. 11.12.1985.  Elizabeth gifte seg første gongen i Regina, Sask.

 

     ##### (date of her marriage? – about 1914!)

 

     med William Robertson,

 

     ##### (info?)

 

     Han livnærte seg som vegarbeidar («road construction worker»), og parfolket budde i Regina, Sask. der William d. kring 1920. 

 

     ##### (date and place of his death? – about 1920!)

 

     Elizabeth gifte seg so att i Regina, Sask.

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage? – about 1923!)

 

     med John Adams.  Han var f. i England

 

     ##### (place of his birth? – where in England?)

 

     1.1.1892, men utvandra i

 

     ##### (year of emigration?)

 

     til Canada.  Han d. i Minneapolis, Minn. 26.10.1957.  John var slaktar («meatcutter»), og han og Elizabeth flytte i 1925 til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der dei budde levetidi ut, men dei vart skilde i 1948.  Elizabeth fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg hadde kontakt med etterkomarar etter søsken av Britha Andreasdotter då eg først forska på denne huslyden for over 30 år sidan, og dei fortalte med den gongen at Britha og Christian berre hadde dei TRE døtrene, Ida, Cora og Elizabeth.  Dei sa òg at Christian FORSVANN då han vart enkjemann, og dei trudde han kunne vera faren til Canada der to av døtrene reiste i ung alder.

 

FT1905 for Eau Claire, WI syner Ida som ugift tenestejente, men ingen av dei andre borni er å sjå, so dei var tydeleg borte FØR 1905, men kvar??  Kvifor sønene ikkje vart nemnde av slektningane deira, er for meg eit stort mysterium.  Kanskje døydde dei alle tre i ung alder?

 

Sidan både Johannes og Christian ser ut til å ha teke namnet Anderson, vil eg ikkje sjå bort ifrå at Arne og Sjur kan ha gjort det same...

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Alfred Berthinus, kjend som Fred Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 20.8.1888

 

     ##### (listed 1900)

 

Alfred som gifter seg i 1912? https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:F3Q6-3NB

 

WWI-draft med fødselsdato 21.8.1888: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:K8QN-8BC

 

Alfred som gifter seg på nytt i 1927? https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:F33X-T9Z

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit kjempespennande og interessant innlegg!

 

Ingen tvil om at du har finne Alfred «Fred» Anderson i Montana.

 

Her ser eg Fred i FT1930 som café waiter med andre kona Olga i Great Falls, MT: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCF-35C

 

Her ser eg Fred i FT1920 som retail merchant med første kona Mae i Lewistown, MT: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRN6-99RD

 

Og her er Fred i FT1910 busett hjå mosteri Bertha Brackett i Helena, MT: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVR-X95

 

Han vart tydelig skild frå første kona si, for på ancestry finst det fleire family trees der ho er nemnd, til dømes her: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/74521514/person/180073986817/facts

 

Men han vart tydeleg òg skild frå andre kona si, for her er dødsattesten hans frå Helena, MT 27.9.1936: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-LB22-ZSR

 

Me manglar framleis detaljar om andre kona Olga f. Larson, men eller er «soga om Fred» ganske so komplett...

 

So er det spørsmål om det let seg gjera finna att George Anderson, for ikkje å gløyma far deira, Christ og dei sakna søskeni hans?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

f. Agnes Elize, kjend som Elizabeth A. Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 22.2.1895, d. i Minneapolis, Minn. 11.12.1985.  Elizabeth gifte seg første gongen i Regina, Sask.

 

     ##### (date of her marriage? – about 1914!)

 

     med William Robertson,

 

     ##### (info?)

 

     Han livnærte seg som vegarbeidar («road construction worker»), og parfolket budde i Regina, Sask. der William d. kring 1920. 

 

     ##### (date and place of his death? – about 1920!)

 

William på Find A Grave? Død 6.12.1920 i Regina, Sask.: https://www.findagrave.com/memorial/116545186

 

William med foreldrene i Ontario i 1901 (rad nr. 40): http://data2.collectionscanada.ca/1901/z/z002/jpg/z000077473.jpg

 

Elizabeth ("Lizzie") bosatt hos svigerforeldrene i Regina, Sask. i 1921? (rad nr. 40, 41 og 48): http://central.bac-lac.gc.ca/.item/?app=Census1921&op=img&id=e003221184

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg er ganske overtydd om at du har finne dei «rette» folki i Canada, men eg har ikkje lukkast i å finna ut so mykje meir om dei.  Denne Robertson-huslyden skulle jo ha vore i Ontario ogso i 1891, men eg finn dei berre ikkje...  Kanskje ættenamnet er feilskrive...?

 

Elles har eg i kveld jobba med å fylla ut dei manglande detaljane om Fred Anderson i Montana, og eg har finne det meste...  Men kanskje det kan finnast eit og anna avisskriveri kring skilsmåli til Fred?

 

Eg ser elles no at medan Ida vart buande i Wisconsin, so flytte Cora til Canada i 1908, medan Elizabeth flytte dit i 1912.  Om Fred nokon gong var i Canada, veit me ikkje.  Og George er jo framleis eit «blankt blad».  Eg har forresten blatt igjennom dødsfalli i First Lutheran church i Eau Claire, WI mellom 1890 og 1900, men finn ikkje noki gravferd for Edmund Thomas!  MEN, skrifti er til dels vanskeleg å lesa, og det er svært mange dødsfall innskrive kvart år...!

 

Kvar Christian Arneson/Anderson kan ha gjort av seg etter 1902, er framleis eit stort mysterium.  Eg hadde von om at flyttingi til borni kanskje kunne gje oss ein peikepinn, men eg ser ikkje nokon slik...

 

Elles er me like langt når det gjeld lagnadane til Britha, Sjur og Arne...

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christian Arneson, f. 3.7.1855,

Christian Anderson utvandra til Amerika i 1875 og farma først nokre år i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn., men gifte seg i Eau Claire, Wis. 4.6.1885 med Britha Andreasdotter frå Lunden under Kalhagen i Luster, i Amerika kjend som Britta Anderson.  Ho var f. i Luster 27.3.1858, men utvandra til Amerika i 1882.  Christian var arbeidar («laborer»), og han og Britta vart buande i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis. der Britta d. 7.7.1902.  Som enkjemann skal Christian Anderson vera faren til Canada,

 

##### (what became of him?)

 

Britta og Christian fekk seks born i lag:

a. Ida Susanna Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 23.8.1885, d. i Eau Claire, Wis. 11.9.1955.  Ho gifte seg i Eau Claire Co., Wis. 4.2.1906 med Charles Edson Jordan.  Han var f. i Eau Claire Co., Wis. 2.7.1875 og d. i Eau Claire, Wis. 20.9.1962.  Charles Jordan var smed («blacksmith»), og han og Ida budde levetidi ut i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis.  Dei adopterte ein son.

b. George Albert Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 30.4.1887

 

     ##### (listed 1900)

 

c. Alfred Berthinus, kjend som Fred B. Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 20.8.1888, d. i Helena, Mont. 27.9.1936.  Fred flytte i ung alder inn hjå mosteri Bertha Brackett i Helena, Mont., men gifte seg første gongen i Lewistown, Mont. 26.12.1912 med Annie May, kjend som Mae Corneil, f. i Granite Co., Mont. 25.10.1891.  Ho d.  Los Angeles, Cal. 20.3.1963, men vart skild frå Fred kring 1922.  Mae gifte seg 1.12.1924 att i Salt Lake City, Utah med Edward Harrison Henning, f. i York Co., Neb. 28.9.1895.  Han d. i Los Angeles, Cal. 13.6.1974.  Edward var frisør («barber»), lg han og Mae budde i Los Angeles, Cal.  Fred gifte seg 8.2.1927 att i Great Falls, Mont. med Olga Caroline Gibson, f. Larson, f. i Cascade Co., Mont. 19.8.1898.  Ho d.

 

     ##### (date and place of her death? - ?Cascade Co., MT July 9, 1942?)

 

     men vart skild frå Fred kring 1933.  Ho gifte seg so tredje gongen i Great Falls, Mont. 24.9.1937 med Joseph Key, kjend som Jack K. Thompson, f. i Wayne Co., W.Va. 27.9.1889.  Han d.

 

     ##### (date and place of his death? – after 1942!)

 

     Jack var vegarbeidar («road construction worker»), og han og Olga vart buande i Great Falls, Cascade Co., Mont.  Fred og første kona Mae budde i Lewistown, Fergus Co., Mont. der Fred var handelsmann («confectionary retail merchant»).  Med andre kona Olga busette Fred seg so i Great Falls, Cascade Co., Mont. der han livnærte seg som kaféarbeidar («café waiter»), medan Olga var syerske («seamstress»).  Dei vart skilde kring 1933, og Fred flytte til Helena, Lewis and Clark Co., Mont.  Han fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.  Det fekk heller ikkje Mae, men Olga hadde tre born frå første ekteskapet sitt.

d. Edmund Thomas Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 23.4.1890,

 

     ##### (must have died prior to 1900!)

 

e. Lilly Berthea Cornelia, kjend som Cora L. Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 14.1.1892, d. i Minneapolis, Minn. 14.9.1978.  Cora flytte i 1908 til Canada og gifte seg første gongen

 

     ##### (place of her 1st marriage? – Swift Current, Sask.?)

 

     14.1.1909 med Olof Emanuel, kjend som Oliver Hoberg, f. i Phelps Co., Neb. 28.9.1879.  Han flytte òg til Canada i 1908.  Oliver Hoberg farma og dreiv treskemaskin («farmer and threshing machine owner and operator»).  Han og Cora budde i Swift Current, Sask.

 

     ##### (1911 census shows Moose Jaw – East Swift Current)

 

     der Oliver d. 18.3.1913, og etter mange år som enkje gifte Cora seg 25.10.1939 att i Northwood, Ia. med Thomas Thompson, Jr.  Han var f. i Hennepin Co., Minn. 21.12.1886 og d. i Minneapolis, Minn. 18.6.1958.  Thomas Thompson var køyrekar («drayman»), og han og Cora budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Cora fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

f. Agnes Elize, kjend som Elizabeth A. Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 22.2.1895, d. i Minneapolis, Minn. 11.12.1985.  Elizabeth flytte i 1912 til Canada og gifte seg første gongen i Regina, Sask.

 

     ##### (date of her marriage? – about 1914!)

 

     med William L. Robertson, f. i

 

     ##### (born in Ontario Mar. 4, 1884 or 1878?)

 

     Han livnærte seg som vegarbeidar («road construction worker»), og parfolket budde i Regina, Sask. der William d. 6.12.1920.  Elizabeth gifte seg so att i Regina, Sask.

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage? – about 1923!)

 

     med John Adams.  Han var f. i England

 

     ##### (place of his birth? – where in England?)

 

     1.1.1892, men utvandra i

 

     ##### (year of emigration?)

 

     til Canada.  Han d. i Minneapolis, Minn. 26.10.1957.  John var slaktar («meatcutter»), og han og Elizabeth flytte i 1925 til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der dei budde levetidi ut, men dei vart skilde i 1948.  Elizabeth fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved nærare studium av ætti til Britha Andreasdotter, kone tiul Christian, ser eg at ei søster hennar i 1897 fekk ein son som ho kalla Thomas Edmund.  Eg reknar med han må vera oppkalla etter Edmund Thomnas i huslydedn tul Christikan og Briotha, og nærare leiting i kyrkjeboki for First Lutheran i Eau Claire, WI syner at ein Amund Anderson døydde i Eau Claire, WI 28.7.1893, 3 år gamal, so det er nok Edmund Thomas...

 

Elles sjekka eg òg konfirmantlistene for First Lutheran, og påfallande er det at berre den eldste dotteri Ida vart konfirmert der, og det skjedde i 1900!  Eg tolkar dette slik at medan Ida vart verande (inkl. FT1905), og sidan gifte seg i Eau Claire WI, so må Christian vera bortflytt med resten av borni kort etter at kona/mori døydde i 1902.  Hadde me berre visst kvar dei gjorde av seg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp Christian og huslyden/søskeni hans!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.